2010-12-30

Kordan gjekk det med amme-eventyret?

Det slo meg i dag at eg ikkje kan kome på (eller finne) å ha skrive noko om kordan det eigentleg gjekk med amminga av ungen. Ho ville altså ikkje ammast. Eg tilbragte difor dei neste månadene med å pumpe og gje på flaske. Funka greitt, det. Etter nesten 3 månader ombestemte ungen seg. Pupp var tingen.

Deretter fulgte ein ganske tøff månad (juni) der eg sjonglerte med amming, pumping, flaskemating med morsmjølk og erstatning, og tilhøyrande flaskevask. Amminga tok minst ein halvtime kvar gong, som regel 15-20 minutt på kvar side. Så fylte eg henne opp med flaske med utpumpa mjølk etterpå. Deretter løp eg til pumpa for å få ut resten, det tok som regel 10-15 minutt, slik at ho kunne få dette på flaske til neste måltid. Innimellom her burde ho få ny bleie og litt kos (vugging av vippestol med foten medan ein pumper funker greitt. Men det kjem mindre mjølk viss ungen ikkje er nøgd og byrjer skrike i staden.), og som ekstrabonus kunne eg drikke kaffe, spise frukost og lunsj, kome meg på butikken, ta ein klesvask eller sogar ha besøk. Å gå på besøk utgjekk stort sett - fullpumpande mødre er definitivt ikkje sosiale vesen, og det hjelper ikkje å vere halvpumpande og amme i tillegg.

Å la ungen drive sjølvregulering og få mat - anten frå flaske eller pupp - heilt når ho sjølv ville, utgjekk. Dei fyrste par vekene gjekk med til å lære seg sugeteknikk og å trene sugemusklane. Ho kunne nok ikkje få i seg nok mat til å ernære ein 3 månader gamal unge rett frå brystet i desse vekene, flaske måtte til. Sidan ho (sannsynlegvis) ikkje dia effektivt nok til å tømme brystet, vart heller ikkje produksjonen stimulert nok frå henne, så eg måtte pumpe for å oppretthalde den. For å få tid til alt - og for å kunne ha mjølk i brystet når ho faktisk skulle die frå det - var løysinga å halde oss til det same 3-timers-skjemaet som då ho kun fekk flaske: mat kvar 3. time frå i 7-tima om morran, og så sov ho frå 19 til 7, så då pumpa eg 1-2 gonger før leggetid og ein gong i løpet av natta. Den lange nattesøvnen var ein viktig grunn til dette - eg var ikkje innstilt på å miste den, og ville faktisk heller kutte ut amminga viss det trongst.

Eit par-tre veker etter at amminga starta dro vi på hytta. Det vart ein så utruleg mykje enklare tur enn det kunne vore. Vi kunne stoppe kor som helst og gi henne mat, utan tanke for bensinstasjonar, kordan vi skulle få varma flaska eller kor nedkjølt vi klarte oppbevare den utpumpa mjølka fram til den skulle brukast. Hytta har ikkje innlagt vatn eller straum, vi henter vatn og frakter i kanner frå ca 3-400m unna og har eit 12V solcelleanlegg. Ikkje den idelle staden for ein pumpe&flaske-ferie, med andre ord. Amminga hjalp ein del på dette, kan man si, sjølv om eg pumpa eit par gonger i døgnet og vi gav flaske om kvelden. Ikkje minst var det praktisk å kunne slenge ut ein pupp viss ungen våkna utanom dei faste tidene sine og ville ha mat. På dette tidspunktet hadde eg bestemt meg for å kutte ut flaskene og pumpinga etter amming, og lot henne heller die så ofte og lenge ho ville, og gav ei stor flaske MME før amming ved leggetid. Så pumpa eg på kvelden og natta.

Ho la ikkje så bra på seg då, faktisk ikkje i det heile tatt, dei neste fire vekene. Men ho virka glad og nøgd, og hadde greitt med våte bleier, så eg bestemte meg for at eg ikkje skulle bli bekymra eller la meg bekymre. Helsesøster maste ein del meir og sa at eg kunne (men ho sa ikkje måtte) gi flaske i tillegg, men eg holdt på mitt og insisterte på at ho sannsynlegvis hadde vore overfôra i starten og difor ligget på 85-percentilen i staden for på den 50., som ho etterkvart endte opp på. Eg orka ikkje styre med flasker attåt matinga og bestemte meg heller for å prøve med reine ammemåltider og ei flaske om kvelden fram til etter ferieturen (som varte til midt i juli).

Ved veiinga i slutten av juli hadde ho endeleg byrja legge på seg att, ein heilt grei gjennomsnittleg oppgang sidan forrige veiing, og eg kunne endeleg puste letta ut og konstatere at strategien min hadde fungert - eg var endeleg i stand til å amme ungen min utan å gå frå vettet.

Eit par veker seinare byrja eg jobbe att - på fulltid ei veke av slengen, så ei veke fri. Arbeidsgivaren min er generelt veldig grei, og gir 2 timar lønna ammefri om dagen. Eg brukte den til å amme om morgonen utan å måtte bruker vekkerklokke på ungen, samt til å pumpe i løpet av dagen. Ungen fekk pumpemjølka samt frysermjølk dagen etter, og inntil ho var ca 5.5 månader pumpa eg òg om kvelden som ho kunne få neste dag.

Fast føde introduserte vi rundt 4.5 månader. Det tok ei stund før ho spiste såpass mykje at det fortrengte noko særleg morsmjølk, ut frå oversikten over kva ho åt ser det ut som ho var rundt 7 månader då nedgangen i mjølkeinntaket vart markant. No er ho omtrent 9.5 månader, spiser 4 måltid fast føde og ammast minst 3 gonger om dagen. Dersom eg ikkje er heime, drikk ho som regel 150ml morsmjølk frå flaske i løpet av arbeidsdagen, er eg heime blir det pupp.

Frå ho var rundt 6 månader nattamma eg. Ja, du las rett, eg starta med det då. Det fungerte fint ei stund, det er faktisk ikkje veldig forstyrrande å stå opp og amme 15-20 minutt om natta. Det vart derimot meir forstyrrande og mindre funksjonelt då det vart 3-4 gonger om natta - og det i tillegg var ein form for bingo om ungen ville sove etter amminga eller om ho ville bærast, kosast med eller ligge i vår seng. Når heile ammestunden dreier seg om å tenke på om ho vil sovne fort etterpå, var det ikkje særleg gøy. Det endte med at eg stort sett tok henne over i vår seng, men den er ikkje stor nok for tre og ingen av oss sov særleg godt. I starten av desember var Mannen på 8.5-månaders kontroll hos helsesøster og fekk råd om nattavvenning.

Som sagt så gjort. Eg la meg på gjesterommet og fekk mi fyrste natts søvn på veldig lenge. Mannen var oppe og gav Ada smokk 3-4 gonger i løpet av natta, og med unntak av ein times tid rett etter leggetid gjekk det i grunnen veldig smertefritt. Neste natt la han seg kl 21 og våkna kl 5 - av meg som kom snikande fordi det var så kaldt på gjesterommet. Den tredje natta sov vi begge i samme seng - frå 23 til 7. Ting kan tyde på at nattamminga for ungens del var mykje kos og lite næringsbehov...

Konklusjonen no rundt nyttår er at amminga går alldeles strålande, og det er ingen grunn til å kutte den ut enno, så lenge ho framleis vil ha mjølka servert sånn.

2010-12-12

Langtidsamming her og der.

Ammehjelpens blogg Fulle mugger skriv om langtidsamming. Kva som er "lenge" er diskutabelt, i Noreg er det 46% som ammer når barnet er eit år, så gjennomsnittsbabyen blir ikkje amma så lenge - og dermed er det kanskje lenge å halde på eit år, då? Bloggaren Nicki Bradley påstår at gjennomsnittleg ammelengde på verdsbasis er 4.5 år.

Eg synes 4.5 år var lenge. Eg har ikkje mange vekttal i statistikk, men eg har nok til å vite litt om kordan ein rekner ut gjennomsnitt. Vanlegvis er det to ulike tal som brukast når lekfolk snakkar om gjennomsnitt. Aritmetisk gjennomsnitt finn ein ved å summere alle verdiane og dele på antalet verdiar, medan medianen er den midterste verdien når verdiane er sortert.

Nicki Bradley oppgir ingen kjelde for påstanda om at gjennomsnittleg ammesluttalder er 4.5 år. Visstnok finst det ingen slik kjelde - det er ingen som har undersøkt dette på verdsbasis og funne gode tal for det.

Men viss ein antar at gjennomsnittet er 4.5 år (54 månader) vil det seie at halvparten av dei ti barna må ammast i meir enn 4.5 år viss vi seier at gjennomsnittet er medianen, eller at dersom 4 av dei ammast til dei er 1 år så må dei andre 6 i snitt ammast til dei er litt over 6 år. No kan ein jo lett innvende at eg ikkje veit mykje om amming i andre delar av verda enn Europa og USA, og det stemmer forsåvidt. Men eg har aldri sett ungar som ser ut til å vere rundt 6 år bli amma i nokon som helst setting nokon plass. Dersom dette var normen i andre delar av verda, trur eg faktisk eg hadde fått det med meg - om ikkje anna anekdotisk.

I følge UNICEF blir 75% av verdas barn amma ved 1-årsalderen, og 50% når dei er to år.

Det er Asia og i-landa som drar opp dette talet. Ammestatusen i Afrika er diverre begredeleg. Større grad av amming ville hatt svært stor innverknad på barnedaudelegheiten, UNICEF meiner optimal amming av barn under to år ville ha ført til 1.4 millionar færre daudsfall blant barn under 5 år (i 2009 døydde ca 8.1 millionar barn under 5 år).

Kina er eit stort land, med omlag 1/5 av verdas befolkning. Det er imidlertid vanskeleg å finne statistikk for dette landet, og tala for dei ulike provinsane varierer veldig. Generelt kan ein seie at ammefrekvensen i Kina er låg, til tider svært låg. På 50-talet var det mellom 80 og 95% som vart amma, medan på 70- og 80-talet var det i somme provinsar så lite som 13% som nokon gong vart amma! På 90-talet auka amminga heldigvis, og i 1993 var det i Beijing 60% som fekk morsmjølk den fyrste veka og 25.8% som var amma ved 4 månader. Same år vart 94% amma i Shihezi-provinsen, 77.5% etter 6 månader (9.2% vart fullamma ved 6 månader). I fylgje UNICEF vert 15% framleis amma ved 2 årsalderen. Sidan statistikken er så dårleg og den som finst er lite representativ for landet som sådan, er Kina ofte ikkje med på verdsfemnade statistikk.

Det nest mest folkerike landet i verda er India. India er eit land med stort sett bra ammefrekvens.
46% er fullamma ved 6 månader. 88% er amma i 1 år, 66% i to år (2000). Median ammelengde i 2005 var oppgitt til over 24 månader - i Jharkhand-provinsen så lenge som 34.8 månader - nesten 3 år. (Merk at tala her er frå to ulike undersøkingar, i 2000 og 2005, så dei samsvarer ikkje heilt.)

I India vert altså halvparten av alle barn framleis amma når dei er to år. Kva fordeling det er på ammelengda veit eg ikkje, men ammekurven fram til 2 år kan tyde på at den er relativt lineær. (Skulestartalderen i India er så vidt eg veit 5 år, så de fleste er vel avvent til då.)

Her er data for dei 7 mest folkerike landa i verda:
LandFullamming ved 6 mnd1 år2 årMedian (mnd)
Kina (19%)--15%-
India (17%)46%88%66%24.8
USA (4.5%) 13.6% 22%--
Indonesia (3.45%)32.4%80%50%20.7
Brasil (2.77%)39.8%33%17% 9.4
Pakistan (2.49%)37.1%79%54.9% 18.9
Nigeria (2.3%)13.1%85.4%32.3% 18.1

6 av desse landa (unntatt Kina) utgjer ca 1/3 av verdas befolkning. Ut frå ammestatistikken for dei ulike landa blir tilsaman 84% av barna her amma til dei er minst 1 år, og omlag 55% til dei er 2 år. Median ammelengde blir 21 månader. (Alle tal er rekna ut på bakgrunn av dei landa som hadde slik statistikk.)

Eg skal ikkje påstå at desse landa er representative for heile verda. Tala varierer svært mykje mellom dei, og den einaste grunnen til å kikke på statistikk for akkurat dei var at dei var dei største, slik at eg potensielt dekka ein større del av befolkninga. Merk òg at eg ikkje har sett på talet barn i desse landa - men eg trur det ville auka ammeandelen enno meir om eg vekta i forhald til det, sidan India har ei yngre befolkning enn t.d. USA.

Derimot vil eg påstå at desse landa har større andel amming enn verdsgjennomsnittet. I fylgje UNICEF er det berre
28 utviklingsland der 50% eller meir av barn under 5 månader er fullamma (merkeleg nok inkluderer dei Kina blant desse, sjølv om Kina ikkje er med i statistikken for Asia pga manglande data.). 37% av barn under 5 månader i u-land er fullamma, men statistikken blir dratt kraftig opp av asiatiske land, som har omlag dobbelt så høg andel fullamming som vest- og Sentral-Afrika. Noko amming er det likevel mange som får til: 75% av verdas barn er amma ved 1 år, 50% ved 2 år.

Eit hyggeleg unntak i Sentral-Afrika er Rwanda: over 95% er fullamma i starten, og 80% fullammast ved 5-6 mnd alder. Samanlikna med småbarnsdaudelegheiten i nabolandet Burundi, der 10% av barna fekk morsmjølk og "anna væske" og ytterlegare 10% fekk kun vatn i tillegg til morsmjølk, kan det sjå ut som amminga i Rwanda har hatt ein effekt (toppen i 1995 for Rwanda sin del samanfell med ein veldig blodig del av konflikten mellom tutsiar og hutuar).

Omlag 15% av verdas befolkning bur i utvikla land eller i-land, og altså 85% i utviklingsland. Dersom gjennomsnittleg ammetid i i-land er 12 månader og gjennomsnittet i u-land er 61 månader, vil snittet på verdsbasis bli 4.5 år (54 månader). Dette forutset eit veldig høgt snitt i u-land, og som statistikken viser er det ikkje sannsynleg at så mange barn vert amma så lenge.

Journal of Nutrition seier at i utviklingsland, der dei relative føremonene ved optimal spebarnsernæring er størst, blir mindre enn halvparten av barn under 4 månader fullamma. Median varigheit for amming er 18 månader. På global basis er det estimert at 85% av mødrene ikkje held seg til tilrådingane om amming [ fullamming i 6 månader, amming i 2år]. I Noreg kan vi kanskje snakke om ammepress, men i dei fleste land er det snakk om auka overleving. Når vatnet ditt kjem frå ei elv 5 km unna og du må sanke ved heile dagen for å kunne koke middag, er ikkje morsmjølkerstatning eit spesielt bra alternativ for ungen din. Bur du i Noreg er det - når vi samanliknar med tilhøva for ein stor del av verdas befolkning - hipp som happ. Det skremmer meg når eg les at 50% av nyfødte i Sierra Leone faktisk får vatn i tillegg til morsmjølk. (Det er mogleg det er fordommar, men eg har ikkje stor tru på vasskvaliteten der. Eller mogleiken til å koke alt vatn i minst fem minutt.)

Men kor kjem så påstanda om at gjennomsnittleg ammelengde i verda er 4.5 år frå? Sannsynlegvis botner den i mistolking av artikkelen A Natural Age of Weaning av Katherine Dettwyler som har oversikt over naturleg avvenningsalder for ein del andre dyr enn mennesket, med forslag til kva den tilsvarande alderen for mennesket ville ha vore - basert på fødselsvekt, svangerskapslengde, vaksenvekt, levealder osv. Alderen i dei opplista artiklane varierer mellom 2.5 og 7 år - og snittet her blir omtrent 4.5 år. (Takk til the lactivist som satte meg på sporet av dette.)

"One often hears that the worldwide average age of weaning is 4.2 years, but this figure is neither accurate nor meaningful. A survey of 64 "traditional" studies done prior to the 1940s showed a median duration of breastfeeding of about 2.8 years, but with some societies breastfeeding for much shorter, and some for much longer. It is meaningless, statistically, to speak of an average age of weaning worldwide, as so many children never nurse at all, or their mothers give up in the first few days, or at six weeks when they go back to work. It is true that there are still many societies in the world where children are routinely breastfed until the age of four or five years or older, and even in the United States, some children are nursed for this long and longer. In societies where children are allowed to nurse "as long as they want" they usually self-wean, with no arguments or emotional trauma, between 3 and 4 years of age."

Så konklusjonen min er at det er ei myte av den globale gjennomsnittslengda for amming er 4.5 år, og at det ikkje finst nokon statistikk som fortel kva som faktisk er gjennomsnittleg - aritmetisk eller median - lengde på ammeperioden for verda sett under eitt. Det er ingen tvil om at det er vanleg å amme mykje lengre enn vi gjer i Noreg i store delar av verda. For folkehelsa i desse landa er det ingen tvil om at det er veldig bra - og at det er betre dess lengre fleire ammer. For mødre og barn i Noreg har det nok ganske lite å seie om ein ammer i eitt eller tre år - men ingen av delane er feil.

Edit: Etter at dette innlegget vart skrive, vart blogginnlegget eg lenka til også endra (til det betre!). Eg har difor endra litt på teksten i starten av mitt innlegg.

2010-12-03

Fedrekvote og amming

Fedrekvoten dras gjerne fram som ein  trussel mot amminga i Noreg. Det virker jo logisk at mindre tid heime for mor fører til mindre amming.

I 1993 var foreldrepermisjonen 42 veker, derav 4 veker fedrekvote og 9 veker (3 veker før termin og 6 veker etter fødsel) forbeholdt mor. Utover 2000-talet kom det gradvise auker i permisjonslengda etterkvart som fedrekvoten vart lengre, fram til vi frå 2011 har 47 veker foreldrepermisjon, med 12 veker til far. Utvidinga i 2009 var den første forlenginga av fedrekvoten som gjekk på bekostning av fellesdelen - før denne kom fars reserverte veker som ei forlenging av foreldrepengepermisjonen. Totalt er 3 veker av fedrekvoten kome frå fellesdelen (2 i 2009 og 1 i 2011), dei øvrige er forlengingar av den totale permisjonstida.

Det er gjort fleire store undersøkingar på spebarnskosthald. Dei største og breiaste i Noreg er Spedkost-undersøkingane, der mødre er spurt  om barnets kosthald på forskjellig alder. Dette er ei undersøking basert på vitskaplege metoder, bla. med anonyme spørreskjema. Det er altså ikkje helsesøster eller andre personar mor kjenner som spør, og det er heller ikkje ein intervjusituasjon (intervju er ein anerkjend vitskapleg metode, berre så det er klart). Det er difor sannsynleg at mor svarer sannferdig og ikkje føler ho må glorifisere situasjonen t.d. ved å svare positivt på spørsmål om amming sjølv om det ikkje er sant.

I Spedkost 12 måneder (2007) var det 46% som framleis amma ungen ved 1-årsalder. Sett i lys av at WHO tilrår amming i 2 år, og norske helsestyresmakter tilrår minst 1 år er dette relativt lågt. Enkelte hevdar då at det er viktig at mor får lang permisjon for å halde fram amminga.

Ser vi på 1999-utgåva av Spedkostundersøkinga var ammefrekvensen for 1-åringar 36% - den har altså auka med nesten 30% (eller 10 prosentpoeng) frå 1999 til 2007.

I 1999 var permisjonen 42 veker, derav 4 veker til far - med andre ord var 2 veker meir tilgjengelege for  mor enn i dag. Det ser altså ikkje ut til å vere nokon direkte samanheng mellom amming, ammefrekvens og ammemengde på den eine sida, og lengda på mors permisjon på den andre.

Så kva er det som får mødre til å slutte å amme?

I følge 2007-utgåva av Spedkost 12 måneder oppgav 2/3 av dei som slutta å amme før 1 år  at barnet ikkje ville (over halvparten av desse), at dei hadde for lite mjølk og at mor ikkje ynskte det lenger sjølv. I forhald til 1999-undersøkinga er grunnane dei samme, men rekkefølga er interessant nok endra. I 1999 var det omtrent like mange (36% vs 35% i 2007) som oppgav at barnet ikkje ville ammes. Den nest vanlegaste grunnen i 1999 var at man ikke ville amme lenger (21%), med "for lite melk" (9%) på tredjeplass. Desse to faktorane har bytta plass i 2007, med høvesvis 19% som har for lite mjølk og 9% som ikkje ville amme lenger. Dette kan tyde på at det no er større forventingar om at mor skal amme lenger - kall det ammepress om du vil.

Kun 6% oppgav i 2007 "mor byrjer å arbeide/studere" som viktigaste grunn til å slutte å amme (8% har dette som nest viktigaste grunn). I 1999 vart dette oppgitt som viktigaste grunn av 9% (og like mange har det som nest viktigaste grunn), så det kan kanskje tyde på at det er lettare å kombinere arbeid og amming i dag enn for ti år sidan. 28% av kvinnene i 2007-undersøkinga arbeider fulltid når barnet er 12 månader, ti prosentpoeng høgare enn fulltidsyrkesdeltakinga i 1999. Totalt var 55% i jobb eller utdanning når barnet var 12 månader i 2007, mot 48% i 1999. Før fødselen var over 90% i jobb eller utdanning i begge undersøkingane.

Det ser altså ikkje ut til å vere nokon direkte samanheng mellom lengda på den delen av permisjonen som mor kan ta og ammefrekvensen. Auka ammefrekvens kan heller ikkje forklarast med lågare yrkesdeltaking og større andel heimeverande mødre - trenden er den motsette.

Kva som så er grunnen - eller grunnane - til at fleire mødre ammer lengre, veit eg ikkje. Det kan vere at informasjonen om amming er betre, at det er meir fokus på langvarig amming. Det kan vere at forventinga om amming er sterkare enn før, det er mindre lett å gripe til flaska. Det kan vere betre aksept for amming og tiltrettelegging for amming i arbeidslivet. Eg har ikkje funne informasjon om når lønna ammefri vart avtalefesta i dei store tariffavtalene, det kan ha skjedd i denne perioden. Men eg trur iallfall ikkje at ein skal vere veldig bekymra for at ammefrekvensen skal gå ned fordi om fedrekvota blir utvida til 14 veker.

2010-11-30

Slem mamma.

Mamma sitt og drikk juleøl og skriv ammehjelperoppgåve.  Slem mamma.

I dag: vi fyller ut NAV-skjema.

Da var det på'n igjen med NAV-søknad. Denne gong er det det nye skjemaet for "Utsettelse eller gradert uttak av foreldrepenger (fleksibelt uttak) - NAV 14-16.05" som skal til pers (eventuelt er det eg som skal til pers).

Problem #1: Det finst inga rettleiing til skjemaet. Eg klarer heller ikkje finne noko rundskriv som omhandlar det nye skjemaet.

Problem #2: Fleksibelt uttak vil seie at ein tek mindre enn 100% permisjon over ein gitt tidsperiode, t.d. 25% i 4 månader i staden for 100% i éin månad. Då må ein oppgi tidsperiode og permisjonsandel. Men samstundes skal ikkje summen av arbeidstid og permisjonstid bli over 100%, så då ville det vere logisk at ein òg måtte oppgi stillingsandel i perioden sånn for å vise at ein er bevisst akkurat det? (Det er ikkje gitt at eg skal jobbe 75% sjølv om eg har 25% permisjon heller.)

På den annen side er det nok ikkje gjeve at NAV er logiske. Samtalen med dei (det går i det minste kjapt å ringe dei - dei tek telefonen etter eit par ring, og gir i det minste ja/nei-svar, sjølv om eg ikkje ville stolt på det dersom det var ein samtale som gjekk konkret på søknaden min.) var av typen "Goddag NAV!" "Økseskaft!" "Nei, hostesaft." "Hosteskaft!"

Men eg trur konklusjonen vert at eg i punkt 10 i skjemaet fyller inn permisjonsprosenten og perioden skal skal ha den, og let det vere med det. Det er mogleg det er tryggast å legge til ein kommentar om at meininga er å ha 25% permisjon i fire månader i kommentarfeltet i neste punkt også...

Eg ynskjer meg ein fleksibel permisjonskalkulator til jul.

2010-11-26

Likelønnsmeldinga

På sin siste arbeidsdag før han går ut i foreldrepermisjon la Audun Lysbakken fram Likelønnsmeldinga. Der går han inn for ei tredeling av foreldrepermisjonen, med like lang periode reservert for mor og far og ein periode til fri fordeling som i dag.

Trass i at dette ytterlegare innskrenker familiens sjølvråderett er dette ei endring eg ynskjer velkomen. Det sikrer både mødre og fedre minst tre månader heime med barnet sitt, og ikkje minst markerer det at det er både ei fedrekvote og ei  mødrekvote, i tillegg til ein fellesdel - det er ikkje fedrekvote og så resten til mor.

I tillegg går Regjeringa inn for ein time lønna ammefri inntil barnet er 1 år - diverre betalt av arbeidsgivar. Det er eit steg framover i forhald til i dag, der dette er regulert av tariffavtalar og ikkje er allmengyldig, men eg er redd for at det at arbeidsgivar skal betale vil føre til at mange blir pressa til å la vere å bruke ammefritida si. Samstundes ser eg òg dei byråkratiske problema med å la NAV refundere desse utgiftene - det dreier seg ikkje om ein veldig lang periode, den gjeld absolutt ikkje alle og det vil veldig ofte vere stor skilnad i kor mykje ammefri mor faktisk tek i den første og den siste av dei 4 månadene det i dei fleste tilfella vil vere snakk om. Eg ser med gru for meg skjemaet for å søke refusjon av desse utgiftene...

Eit ubetinga riktig forslag i meldinga er at det skal vurderast om fedre som har opptent rett til foreldrepengar skal få fedrekvote sjølv om mor ikkje har rett på foreldrepengar. Eg meiner dette er eit mykje viktigare tiltak enn utvida fedrekvote, sidan det sikrer alle barn rett til tid heime med far. Eg er spent på kva som kjem ut av denne vurderinga, om det faktisk blir noko konkret eller om det blir med praten. Regjeringa ser ut til å vil gjere mange vurderingar av kva grupper fedre som skal ha rett til dette, det ser ut som det er primært fedre der mødrene ikkje aktivt har vald å vere heime som skal prioriterast. Det er skuffande. Er det mindre viktig for eit barn å ha sin (arbeidande) far heime fordi mor ikkje har lyst til å gå ut i jobb?

2010-11-22

Amming og fast føde

Eg blir ganske oppgitt når fedrekvoten dras fram som den store stygge ulven når det gjeld mangelen på fullamming av spebarn. Sist ute var Ammehjelpens blogg Fulle mugger.
"Han er glad for at hans kone ikke hadde melk til barnet, slik at han kunne få delta på lik linje med matingen.
Ikke godt å vite om en skal le eller gråte av et slikt utsagn.  Alle er enige om at det er positivt med fedre som stiller opp og tar seg av babyene sine. Ja, staten har ordnet det slik at fedre har lovbestemt rett til 10 uker (snart 12) permisjon i forbindelse med fødsel og barseltid. Mødre har rett på 6 uker etter fødsel.  En pappa kan faktisk kreve at mor går tilbake i jobb etter 6 uker og ta hele resten av permisjonen selv…"

Ja, så kan vel far det då. Og så? Det er vel rundt 3-4000 menn kvart år som tek vesentleg meir permisjon enn fedrekvoten. Mi gjetning er at desse stort sett er fedre der mor ikkje har rett på foreldrepengar. Eg har aldri høyrd konkrete historiar om at fedre tvinger mor tilbake til jobb 6 veker etter fødsel, for den del ikkje om fedre som har tvunge barnets mor tilbake til jobb 6 veker etter fødsel heller - sjølv om eg tviler litt mindre på at den siste gruppa fedre eksisterer.

Så kan ein diskutere kva "tvang" betyr. Tvinger mor far til å jobbe fordi ho ikkje vil at han skal ha meir enn fedrekvoten? Er det faktisk "tvang" om mor skriv under på at far kan ta meir enn fedrekvoten sjølv om ho eigentleg moglegeins trur ho kan tenke seg å vere heime i 36 veker? Eg har ikkje klart å finne noko i rettskjeldene til kap 14 i Folketrygdlova om kva som skjer viss mor eller far nekter skrive under på skjemaet for foreldrepengar heller.

Eit anna element her er jo at sjølv om det moglegeins har aukande status for far å ta lengre permisjon, så er det sterke forventningar til at mor skal vere heime med ungen òg. Sjølv fekk eg spørsmål på eit gravidforum om korfor eg ville ha barn, når eg skulle ha så lite permisjon? Det er nok lett å tale med to tunger her - og ytre meiningar som passar til foraet når det passer slik.

Men tilbake til det med amming. I følge Spedkost 2008 blir 46% fullamma ved 4 månader og 9% ved 6 månader. Sett i lys av at WHO og norske helsestyresmakter anbefaler fullamming til 6 månader er dette låge tal. Tilrådingane for norske barn er òg at dei bør ammast det første leveråret. 80% får morsmjølk ved 6 månaders alder, 46% får det ved 12 månader (Spedkost - 12 måneder 2007).

Dei fleste nybakte foreldre får heftet Mat for spedbarn på helsestasjonen kort tid etter fødselen. Dette heftet går gjennom kva mat barnet bør få når - stort sett eit informativt og fint hefte (sjølv om eg synes helsepersonell-versjonen av det er meir informativt). I tillegg til å tilrå fullamming til 6 månader, står det "Fra seks måneders alder bør barnet få annen mat i tillegg til morsmelken for å dekke behovet for energi og næringsstoffer. Hvis du og barnet trives med ammingen, kan du gjerne amme utover det første leveåret. Morsmelken er verdifull for barnet også etter at det har fylt ett år." (s 13) I kapitelet om introduksjon av fast føde står det "Morsmelk gis først i måltidet for å opprettholde melkeproduksjonen frem til det tidspunkt du ønsker å trappe ned på ammingen." - og det er det einaste som står om amming etter at fullamminga er over.

Ammehjelpen har ein betre artikkel, dei nemner i det minste korfor ein skal gjere det slik.

Elles har eg ikkje klart finne noko særleg informasjon om amming av større babyar. Eg saknar informasjon om kordan ein best mogleg opprettheld mjlølkeproduksjonen, kor ofte ein treng amme, og i det heile teke kor stor del av kosthaldet morsmjølka skal utgjere. Sånn rundt 7-8 månaders alder byrjer jo ungen bli såpass medvite at ho kan gje beskjed (via fakter, grimaser og lyd) viss ho er tørst eller svolten, så ernæringsmessig går alt antakeleg greitt - ungen vil "be" om anna mat om ho ikkje er nøgd, og ferdig med det. Men kva om barnet ikkje vil drikke av flaske, må ein likevel amme i løpet av dagen? Kva om mor skal på jobb (eller for den del på sjukehuset til ein operasjon som er blitt utsett pga graviditet og amming), kan barnet klare seg utan pupp eller flaske? MÅ ein gje bryst før fast føde, eller går det an å la vere? Gjer det noko om ungen ikkje vil ha pupp til lunsj?

Slike spørsmål er det nok mange som stiller seg, og diverre er det ikkje lett å finne noko godt svar på det - det er mykje synsing, og lite viten. Eg trur diverre at mange blir så usikre at dei vel å gje MME på flaske (viss ungen vil ha flaske, då), eller kutter ut amminga heilt fordi dei blir stressa av å ikkje vite kva delamming som faktisk har noko for seg.

Dette er ikkje eit spørsmål om lengda på permisjonen for mor og far. Dette kan like gjerne oppstå når ungen er 10 månader og det har gått 46 veker av permisjonstida som etter 6 månader (så lenge ungen kun får mjølk er det sjølvsagt ei heilt anna problemstilling).

2010-11-11

Ny månad, nytt skjema

Frå 8. november må mor og far søke NAV om foreldrepengar på kvart sitt skjema. Kjempeflott! Og skjemaet er òg nytt - 6 sider med flytdiagram! Og forklaringar undervegs. Skjemaet ser kort og godt nokre hakk enklare ut enn det forrige, synes eg... Ny rapport fylgjer når vi har fylt ut den nye versjonen for å endre permisjonen nok ein gong når Ada starter i barnehage over nyttår.

2010-09-28

Den slemme mammaen møter snart barnehagen

I går fann eg ut at ei venninne med ein unge som er like gamal som Ada hadde fått barnehageplass. Vi søkte ikkje ein gong i år (her må ein søke på nytt ved nyttår uansett), mest fordi det virka ganske uoppnåeleg. Då eg sjekka rundt årsskiftet i fjor var det 3 ledige plassar for barn under 3 år - på Ranheim. (Dei som veit kor Sverresborg og Ranheim er, skjønner at ein skal vere litt desperat for å synes det er ein kjekk tur kvar morran. Dei som ikkje kjenner lokalgeografien her: det er eit stykke.)

Men no hadde nokon altså fått i går, så eg fekk lett panikk ved tanken på alt vi no gjekk glipp av og beordra Mannen til å søke om plass (han har permisjon for tida og satt på ungens fødselsnummer).

Og tidleg i formiddag kom det epost om at vi har fått barnehageplass! Meepes! Hurra!

Det er frå 1. november. Eg håper barnehagen synes det er ein fortreffeleg ide at vi betaler for full plass i nokre månader før vi byrjer bruke den fullt ut, ettersom eg synes det er for tidleg å sende henne i barnehage heilt då. Sånn rundt 1. januar hadde eg sett for meg at det hadde vore greitt å starte littegranne - så då søkte vi frå 1. desember for å ha litt å gå på. Som barselgruppevenninna mi sa, kven seier nei til mer pæng og mindre jobb? (Men det kan jo hende dei har Reglar.)

Viss nokon har hatt 9-10 månader gamle ungar i barnehage, vil eg gjerne høyre om erfaringane dykkar. (Eg vil helst ikkje høyre noko frå dei som er sjokkert over at eg tenker tanken på barnehage enno eller dei som generelt berre synes det virker tidleg, men ikkje har noko eiga erfaring.)

2010-09-06

Nytt frå NAV

Sidan sist har eg i grunnen ikkje høyrd så mykje frå NAV. Det vil seie, dei har omsider sendt meg svar på klagen eg sendte på formuleringane deira. Dette tok omlag 4 månader frå min klage vart sendt, så om same sekvensielle orden og svartid vert fulgt for andre søknader vi har sendt til NAV dei siste månadene, får vi vel svar på om vi vert innvilga fleksibel permisjon sånn rundt den tida permisjonen vår er over...

Men litt etter at Ada var født fekk eg brev frå NAV med spørsmål om kva konto eg ville ha barnetrygda inn på. Barnetrygd er omtrent den einaste ytinga frå NAV som ein ikkje treng søke om, men når ein ikkje har fått andre ytingar frå NAV direkte inn på konto (arbeidsgivaren min betaler ut sjukepengar og foreldrepengar direkte) før må ein oppgi kontonummer. Så det sendte eg dei same dag som eg fekk brev om det - eg hadde ingen skrivar, så det vart eit godt gamaldags handskrive brev på nøytralt linjeark, med underskrift nedst.

Ei veke seinare kom brevet i retur med ein gullapp med beskjed om at eg måtte sende inn kopi av legitimasjon. Jaha? Det kunne dei vel teke seg tid til å nemne i det to sider lange brevet om innvilga barnetrygd? Eller var dette ein ekstra sjekk dei gjer hos nokre få som får barnetrygd? Den handskrivne gule lappen som satt på det returnerte brevet tyder ikkje akkurat på det, men kven veit? Eg sendte no iallfall inn kopi av førarkortet mitt, saman med eit lengre brev (denne gong skrive på EDB-maskina og skrive ut ved hjelp av ein laserskrivar).

Det står altså ingenting om krav til legitimasjon i tilsagnsbrevet om barnetrygd.
Det er ikkje nemnd på NAV si side om barnetrygd.
Det er ikkje nemnd på NAV si side om vedlegg til søknad om barnetrygd (om ein ikkje får det automatisk).
Eg har ikkje funne noko henvisning til at ein må legge ved kopi av legitimasjon for å få utbetalt ytingar frå NAV.
Det er krav om at kontonummer skal oppgis skriftleg og det skal vere underskrive, men ingen krav om legitimasjon.

Eg antar det kan ha vore litt innskjerpingar i samband med avdekking av trygdesvindel blant rom-folket, og har altså ingen problem med å måtte vise legitimasjon på eit eller anna tidspunkt for å sannsynleggjere ei ein-til-ein-kobling mellom meg og ungen min og vice versa - men i såfall burde dei informere tydelegare om det, og ikkje minst nemne det i brev dei sender ut. Skal dei drive å sende alle brev med kontonummer for barnetrygd i retur er dei iallfall sikra jobb ei stund framover....

Alternativt er dette NAV sitt pinglete forsøk på å ta hemn på meg for kverulering, masing og klaging på formuleringane i breva deira. I såfall er det nesten litt søtt....

2010-09-01

På tampen av agurktida

Livat kan ein ikkje akkurat seie denne bloggen har vore i det siste, og som den hardtarbeidande Tårnfrid eg er så er det ikkje sikkert det blir masse liv utover heller. Eller kanskje det plutseleg blir det, vi får sjå. Eg føler eg burde sagt noko om Gro Nylanders siste utgytingar (eller kanskje vi heller skal kalle det reklame for neste bok sånn på tampen av agurktida), men eg vart så matt av å lese debatten at eg ikkje orka. Så mykje fjas og mas og dill. Eg føler at denne eminente Fagprat-stripa oppsummerer mykje (og forklarer ein heil del).

Eg synes ikkje mor skal tvingast til å vere heime meir enn 6 veker etter fødsel. Desse 6 vekene synes eg forsåvidt òg kunne vere frivillige, sidan det er såpass innarbeidd at mor skal vere heime med barn, men det er medisinske og ikkje sosiale grunnar til denne permisjonen. (Noreg har ikkje ratifisert ILO-konvensjonane om Maternity Protection frå korkje 1952 eller 2000, utan at eg er sikker på kvifor. Nokon som kan finne meir informasjon om dette? Eg har lest om det ein eller annan plass, og meiner det hadde med å gjere at konvensjonen var for streng på område som Noreg meinte det burde vere friare på fordi vi er eit land med godt helsevesen eller noko slikt - medan land med eit mindre utbygd helsevesen trong sterkare beskyttelse av kvinnene gjennom desse konvensjonane.)

Eg er altså veldig for fedrekvoten og for at den skal vere lengre. Eg har ingen problem med å forsvare dette standpunktet samstundes som eg ikkje vil ha større kvote permisjon for mor: det handler om haldningane i samfunnet. Argumentasjonen blir litt parallell til argumentasjonen for kvotering av kvinner til mannsdominerte yrke: det gjev betre opningar for personar med like gode faglege kvalifikasjonar som tidlegare har blitt forbigått på "slump" (eller ved hjelp av gutteklubben greis preferering av like barn). Fedrekvote gjer at fedre slepp å ta kampen med arbeidsgivar for å få lengre tid heime med barna sine. Arbeidsgivar kan rett og slett ikkje seie noko på at dei tek 10 veker, noko mange tidlegare rynka kraftig på nesen av (eller berre sa nei til) sjølv om "alle" kvinner tok "eit år" permisjon. Det låg liksom i korta at ei barnlaus kvinne i fertil alder kom til å bli mamma og vere borte eit år (ganger to eller tre) snart, dermed tok arbeidsgivar anten høgde for det ved tilsetting (gjerne òg i ansvar og oppgåver, og i løn) - eller lot vere å tilsette henne, til fordel for den mannlege søkaren. (Dette har eg vel nemnd eit par gonger før òg.)

Men nok om det. Det eg eigentleg skulle skrive her, var Nylanders historie om ei kvinne som gråtande fortel at ho vert tvunge av barnefaren til å gå tilbake til jobb før ho er klar for det blir trekt fram. For all del, eg tviler ikkje på historia - men eg veit ikkje om det dreier seg om likestilling. Både mor og far må varsle arbeidsgivar om at dei skal ha permisjon, og arbeidsgivar legg gjerne planar for kordan permisjonstida skal løysast: vikar, overføring av arbeidsoppgåver til andre, prosjekt på vent eller andre løysingar. Det er faktisk ikkje berre-berre å kome i dét ein skulle ut i permisjon (eller når ein skulle tilbake) og fortelle at planane er endra, det er to månader til eg skal ha permisjon lell. Nokre arbeidsgivarar seier hurra, men mange gjer slett ikkje det.

Arbeidsmiljølova gjev 4 vekers varslingsplikt ved fråvêr utover 12 veker, og eg vil tru at arbeidsgivar ikkje kan kreve lengre varsling dersom arbeidstakar vil ha endringar i permisjonslengda heller, så rett til endringar har nok arbeidstakar - men eg skjønner godt at ein kvier seg til det. I artikkelen framstillast det som at far hadde lagt sine planar for permisjonstida - underforstått: her skal det pussast opp/drikkast kaffe med kompisar/lesast mange bøker eller kva det no var far skulle gjere. Men kanskje var det like mykje fars arbeidsgivar som hadde lagt planar, og far som ikkje ville gjere det vanskeleg for denne? Kanskje var det ein kamp for å få forståing for den lange permisjonen sin og ikkje så lett å kome rett før tida og si at det ikkje vart slik lell? Og kanskje hadde ikkje mor vore så tydeleg på dette overfor far - men heller betrudd seg til legen sin (Nylander), slik at far trudde alt var bra? Det er nok mykje vi ikkje veit i dette dømet.

I tillegg er det veldig, veldig få fedre som tek så lang permisjon. Det var i 2009 drøyt 4100 fedre som tok meir enn 50 dagar (10 veker) permisjon. Det er dessverre ikkje publisert statistikk som fortel noko meir om fordelinga her - mi gjetning er at ein god del tek eit par veker ekstra, og veldig få tek 27 veker meir enn fedrekvoten. Sannsynlegvis er mange av dei med lange permisjonar fedre til barn der mor ikkje har rett på foreldrepengar, og der far tek (nesten) heile permisjonen medan mor studerer eller jobbar. I desse tilfella er det kanskje ikkje heilt frivillig at mor ikkje er heime lengre, men sånn er no ein gong regelverket - og livet (det er ikkje alltid gjennomførbart med lengre tid utan inntekt eller lengre opphald frå studia). Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet seier det var under 100 kvinner som tok færre enn 14 veker permisjon i 2008, og vi kan vel kanskje legge til grunn at dei fleste av desse gjorde det aldeles friviljug - iallfall i forhald til fars uttak.

2010-06-08

Amming schmamming

For ei stund sidan blogga eg om at amming framstår som lite vitskapleg. No har eg faktisk amma min 11 veker gamle unge i ei uke (jupp!), og amming virker temmeleg vanvittig (og for å vere ærleg, ikkje spesielt praktisk - enno?).

Og, nei, ungen får faktisk ikkje i seg nok mat, uansett kva alle andre seier så har mamma heilt rett i at det vart for lite mat.

Men ho vert amma, det er då absolutt noko. Og mammaen har tru på at når sugeteknikken er på plass (som mammaer gjerne veit, er suging tunge greier) så blir det sikkert nok mat også. Inntil vidare vi halde fram med flaska, etterkvart blir den opprettheldt fordi det er praktisk.

(Skulle nokon snuble over denne bloggen i jakt på informasjon om overgangen frå fullpumping til fullamming av 11 uker gamle ungar, så ta for all del kontakt. For informasjon om det er det ikkje mange som har, og det er ikkje automatisk det samme som å amme ein nyfødt eller å amme ein 11 veker gamal unge med 11 vekers die-erfaring.)

2010-05-26

Back to work!

Jupps, då er eg tilbake på jobb :-) (Ein dag i veka iallfall.) Og det er deileg! Fantastisk! Kun vaksne (iallfall fysisk) menneske på alle kantar. Ingen som hyler. Ingen som skal ha ny bleie (men ikkje veit det sjølv). Ingen som forventer at eg på telepatisk måte skal ordne mat mindre enn 30 sekund etter eller ikkje meir enn 10 minutt før svolten set inn.

At eg innimellom må sette på kaffetraktaren, kan eg leve med.

Pappa synes det er veldig fint å ha ein dag i veka heime med ungen ut juni, og ungen sjølv har naturlegvis ingenting i mot at det er han som er telepat for dagen. - I juli er det fulltids-ferie, og i august og september utvidast jobbing og heimepapping til 50%.

No ser eg fram til nye og informative brev frå NAV sidan vi endrar permisjonen undervegs. Tjohei.

2010-05-08

Oppdatert statistikk frå NAV

NAV har publisert statistikk fram til og med heile 2009, noko som har gått meg hus forbi - med publiseringsdato 2. mars kan eg vel ikkje ein gong skulde på ammeskodde eller at eg hadde det spesielt travelt heller...

Statistikken viser ei auke i talet på menn (opp 8%) som får foreldrepengar. Auka i talet  barn som vert født er på ca 2.1%. Det er altså fleire fedre som bruker retten sin til permisjon og foreldrepengar. I 2009 tok over halvparten av fedrene 6 veker permisjon, medan 17.1% tok meir enn 6 veker. Dette er litt opp frå 2008 (16.5%). Fedrekvoten er auka til 10 veker no, men berre for barn født etter 1. juli 2009. Det kan vere at auka i talet fedre som tek over 6 veker skuldast denne utvidinga, men sannsynlegvis vil ikkje denne vere synleg før i 2010 ettersom det er få som tek fedrekvote før mot slutten av den totale permisjonstida. Auka er likevel (eller nettopp difor?) veldig hyggeleg, sidan det kan tyde på at fleire menn tek av fellesdelen på permisjonen uavhengig av fedrekvota. Generelt er andelen menn med foreldrepengar aukande med alderen; dette reflekterast frå alder ved fødslar, som følger same trend.

Eg synes ikkje auka på 0.6% er imponerande nok til at eg meiner det er på tide å fjerne fedrekvota. Det er framleis veldig lite som tyder på at den jamne far, den jamne mor, den jamne familie og den jamne arbeidsgivar er budd på å si "3 månader permisjon til pappa? Jajamensann, det er no det minste du skal ta!" - utan eit ytre press i form av fedrekvote.

Alt i alt er det ikkje dei store endringane frå forrige statistikk, så endringane går vel kanskje ikkje så fort av seg sjølv som enkelte skal ha det til...

2010-05-07

Høgre vil fjerne fedrekvoten

Høgres landsmøte vedtok i dag at dei vil fjerne fedrekvoten i foreldrepermisjonen.

Det er eit trist vedtak. "Valfridom for familien" vert trekt fram som grunngjevnad. Tidlegare har dei argumentert med at omtrent alle fedre uansett tar permisjon, slik at det ikkje lenger er behov for særskild fedrekvote. Eg skreiv om dette tidlegare i år, og står framleis på det eg skreiv den gongen: det er naivt å tru at like mange fedre vil ta like mykje permisjon om det ikkje er eit element av tvang der. Det har neppe skjedd ei haldningsendring  som har gjort at nesten 70 gonger så mange fedre tok 6 veker permisjon i 2008 i forhald til i 2006. Det skjedde derimot ei regelendring.

Det kan naturlegvis ha skjedd ei haldningsendring i løpet av perioden 2008 til 2010 (statistikken går berre fram til 2008), men eg tillet meg å vere skeptisk til det. Derimot har det nok ein gong skjedd ei regelendring, denne gong i form av ei utviding frå 6 til 10 veker fedrekvote, så det forbauser meg ikkje om Høgre om eit par år nok ein gong trekk fram den plutselege haldningsendringa blant norske familiar. Eller revolusjon, som eg ville kalt det - det er kanskje ikkje eit stuereint ord i Høgrefamilien.

Eit hjartesukk til slutt: i staden for å drive å hoppe eit par steg tilbake, kan ikkje Høgre heller forbetre foreldrepermisjonsordning - og nøye seg med å jobbe for sjølvstendig oppteningsrett for far  (sjølv om eg som vanleg er veldig i tvil om kva dei meiner med dette og om dei faktisk veit at far har rett på foreldrepengar sjølv om ikkje mor har det). Dette vil gi fleire tusen barn rett til å ha far heime i 10 veker også om mor ikkje jobber eller studerer. Er ikkje dét viktigare enn å kjempe for noko som minner mistenkjeleg om ein kampanje for å få fleire mødre til å vere lengre heime?

2010-05-03

Samtale med helsesøster

I dag var vi på helsestasjonen til 6-vekers-kontroll. Alt vel, kontrollen bestått.

Ada søv frå ca 20:30 til 5-6. Då får ho mat og søv 2-3 timar til. Når vi først står opp, tar det fortvekk eit par timar frå mor er ute av senga via dusj og klær og tannpuss og Ada-vasking-og-påkledning til frukost og ikkje minst kaffe er inntatt.

Eg: dagen går jo ganske fort når vi ikkje er skikkeleg oppe før i ti-elleve-tida.
Helsesøster: så det blir ikkje nokon trilletur før tolv-ett?
Eg: Nei, det blir nok ikkje det.

Sånn kan man også si det.

2010-04-21

Amming er uvitskapleg.

Det er noko lite vitskapleg over amming, synst eg. Eit lite barn som knapt nok er i stand til å uttrykke ein bevisst tanke gjennom gråt leggast til eit bryst, og vi forventer at det skal suge i seg nok næringsrik væske derfrå til å få eit fullverdig kosthald.

Ikkje aner vi kor mykje det får i seg, ikkje aner vi om det er nok, og puppen er løysinga på alle problem, alle lydar frå barnet, den generiske universelle løysinga.

Flaskemating føles sånn sett mykje betre. Vi har full kontroll over mengden ned til milliliteren, og ungen har heilt sikkert drukke alt saman (sidan flaska er tom og det ikkje renn 120 ml ut av munnen i løpet av minuttet etterpå). Vi loggfører naturlegvis alt ho spiser [kun input, ikkje output]. Viss ho skrik, kan vi kikke på klokka og starte problemsøkinga i den eine eller den andre enden. Er det fire timar sidan forrige måltid, kan vi starte med å varme mjølk, er det to timar kan vi først dytte inn smokken (den er nesten heilt sikkert ramla ut), så kan vi sjekke om bleien treng bytting, og viss ingen av desse tinga fungerer kan vi ordne mat. Sjølvsagt med nokre justeringar for aukedøgn, men det loggfører vi jo. (Merk at vi ikkje mater og steller osv etter "skjema". Ho får mat når ho vil, men loggen gjer det enklare å gjette om det er mat eller bleie ho eigentleg vil.)

Flaskemating - for the scientific mum.

2010-04-19

Dette er keisamt.

Då eg gjekk ut i permisjon, sa eg stadig vekk at eg kjeda meg. Det var frykteleg keisamt å vere heime heile dagen, huset var veldig reint og det er framleis kaker i frysaren.

No har eg vore heime med Ada i fire veker, to av dei aleine utan Mannen. Konklusjonen etter dette er at det er keisamt. Travelt, men keisamt.

Eg fekk iallfall ikkje barn fordi spebarn er så moro. Hadde eg syntes det, ville eg blitt barnepleier i staden.

Eg kjeder meg ikkje, det er for travelt og oppstykka til det. Men det er keisamt.

Atter ein gong har far så innmari viktig jobb.

Debatten om todeling av foreldrepermisjonen har visst blussa opp i det siste. Eg toucha sikkert borti dette også i januar, iallfall skreiv eg om at det er behov for litt "tvang" og ikkje minst om at så lenge staten betaler kan staten òg stille krav til kven som tek permisjonen. Eg gjentek det gjerne, foreldra kan ta ulønna permisjon viss dei er usamd i dette, eller ikkje kan eller vil ta den permisjonen dei må for å få fullt utbytte av foreldrepengane.

Men ein ting eg lurer på er korfor så mange legg vekt på at det ikkje er alle fedre som kan ta permisjon utover dagens 10 veker (eller ikkje ein gong det)? Har ikkje mødre jobbar der dette er vanskeleg? Tenker kvinner seg meir om før dei får barn, slik at dei forsikrer seg om at dei har ein jobb der dei kan vere borte i over 9 veker? Trur kvinner at mennene deira har ein så viktig jobb at dei ikkje kan vere borte, men for deira eigen arbeidsgivar er det ikkje noko problem at dei er borte i månadsvis (aller helst dei 56 vekene dei vil ha rett til å ta sjølv)? (Eg har ikkje inntrykk av at det er økonomien som er det største problemet her heller.)

Og for ordens skuld, eg synes det er viktigare å sikre at alle barn har rett på å ha tid med far gjennom at alle fedre får rett til fedrekvote, og å auke grensa for lønsdekning frå NAV frå dagens 6G til eit tak som iallfall dekker alle "vanlege" arbeidstakarar. Deretter vil eg ha fjerna kravet om mors aktivitet for at far skal få permisjon utover fedrekvota, og generelt gjere regelverket meir likestilt, og eg vil ha garanti om barnehageplass frå når ein vanleg permisjon med 100% løn er ferdig (ikkje frå 1. august det året barnet fyller 1 år dersom det skulle vere så heldig å bli født før 31. august). Og SÅ kan vi byrje vurdere om permisjonen skal todelast eller tredelast eller noko anna.

2010-04-12

Det nyttar å klage.

Likestillings- og diskrimineringsombodet likte heller ikkje teksten i brevet eg fekk frå NAV, om at far overtek mors periode, og sendte eit brev til Arbeids- og velferdsdirektoratet om dette.

No har dei fått svar, og NAV legg seg i grunnen ganske flat:

"Arbeids- og velferdsdirektoratet er enig med ombudet at de nevnte eksemplene på omtale av den perioden med foreldrepenger som foreldrene skal dele mellom seg, er uheldig. Vi gikk i mars 2009 ut med en melding til NAV på etatens intranett om at uttrykk som at faren "får" eller "overtar" hele eller deler av "morens stønadsperiode" når det dreier seg om uttak av foreldrepengerav den felle sperioden som foreldrene kan dele mellom seg, ikke må benyttes. I tillegg er det gjort påminnelser om dette i forbindelse med kurs/opplæring på foreldrepengeområdet."

Sentralt lagde standardbrev inneheld ikkje desse uttrykksmåtane, men dei kan redigerast, t.d. når det er behov for grunngjevnad tilpassa den einskilde saka, og direktoratet meiner det er her formuleringane har kome inn.

"Direktoratet er svært lite fornøyd med at feilaktig uttrykksmåte fortsatt blir benyttet,. Vi vil derfor ta opp saken med alle de enhetene som behandler saker med foreldrepenger og be om at det blir tatt opp med alle aktuelle saksbehandlere og kundemottakere om at de må bruke uttrykksmåter som er korrekte ut fra lovbestemmelsene. I tillegg vil dette fortsatt bli tatt opp på alle samlinger og kurs der direktoratet er involvert."

(Av ein eller annan grunn ser det ikkje ut som brevet er lagt ut i postjournalen, men dokumentet kan bestillast frå LDO om du er spesielt interessert, eller du kan få det frå meg...)

No gjenstår det berre å sjå om eg får svar på klagen min til NAV ;-)

Eg oppmodar elles andre som får liknande ordlyd i sine vedtak om å klage til NAV, gjerne sentralt, og vise til brevet frå LDO og NAVs svar på dette.

2010-03-30

Ammepolitiet på ville vegar

Eg fann eit par utkast til innlegg om amming i denne bloggen i dag. Det eine tok utgangspunkt i amming for å seie noko om kor lenge det var behov for at mor skulle vere heime med barnet, det andre handla om ammepress. Ingen av dei kom lenger enn til kladde-versjonen, dog.

No er det 10 dagar sidan eg vart mor til Ada, og det viser seg at eg inntil vidare er ei av dei kvinnene som ikkje kan amme. Du veit, ei av dei som ikkje ein gong hamner innafor fraser som at "de aller fleste kan amme, unntatt kvinner som er alvorlig syke eller tar medisiner som kan være farlige for barnet".

Alle kan faktisk ikkje amme, anten det er for ein ganske kort periode, eller det er permanent. Nokon vel det sjølv, men for dei aller fleste trur eg det kjem som ei overrasking at dei ikkje kunne amme. Med å ikkje kunne amme meiner eg òg mellombels amme-problem, sidan ein aldri veit på førehand om dei er permanente eller kor lenge dei vil vare.

For min eigen del handler det om ein unge som ikkje vil suge, og om for lite mjølk. Det er ingen fysiologisk årsak til sugevanskane, tungebandet er sjekka, og ho sug veldig fint på flaske. (Og eg har fått masse råd og hjelp frå ammepoliklinikken på St. Olavs hospital, så lesaranes råd vil eg rett og slett helst ikkje ha.) Mjølkemengden min er for tida ganske lita, men eg pumper og den er stigande - så eg har tru på at det ordner seg (ei venninne fortalde at ho ikkje fekk nok mjølk til sine ungar før etter tre veker, så det er ikkje alle som har mjølkespreng etter fire dagar).

Eg fekk Ada opp på brystet då ho var født, og ho fann etterkvart puppen og etter det eg kunne sjå dia ho greitt (men dette hadde eg jo absolutt inga peiling på då, og eg må innrømme at eg moglegeins var noko omtåka òg). Neste dag hylskreik ho heile dagen, inntil ei klok jordmor fann ut at ho ikkje sugde, og tilbaud henne litt mjølk frå ein kopp. 5 ml mjølk seinare hadde vi plutseleg ein sovande og roleg unge.

Dei ville ha meg til å handmjølke, det er noko alle barselavdelingar (i prinsippet) lærer bort til barselkvinner, og den tilrådde måten å frigje mjølk frå brysta viss barnet ikkje vil die eller viss ein av andre grunnar treng ha ut mjølk. Då skal ein altså sitte med ei gryte, ei stor skål eller liknande i fanget og handmjølke brystet minst 5-6 gonger om dagen, 20 minutt om gongen. (Lesarar med (die)barn bør kunne forestille seg dette lett, andre lesarar kan eventuelt forsøke, men skuld ikkje på meg viss det er vanskeleg å sjå for seg.)

Eg hadde i grunnen veldig lite lyst til å handmjølke, så då eg heller ikkje fekk det til med noko resultat som kunne mette eit barn, spurte eg om pumping kunne vere eit alternativ. Jada, det kunne det, og fem minutt seinare hadde eg ei diger pumpe på rommet.

Etter dette fekk eg inntrykk av at alle jordmødrene og barnepleiarane hadde gitt meg opp. Det høyrer absolutt med til historia at før pumpa kom inn, altså i omtrent to dagar, hadde alle jordmødre og barnepleiere som kom på jobb vore innom rommet vårt (det er vanleg praksis på barselavdelinga/-hotellet) og delt sine tips om amming og sugeteknikk - gjerne ikkje heilt samsvarande frå person til person. Eg var ganske lei, så på sett og vis var det heilt greitt å få sleppe meir av dette når pumpa kom inn.

På den annen side var det ingen som kom med nokre råd om pumping heller. Eg fekk spørsmål då eg starta om eg ville pumpe eitt eller to bryst samtidig, og that's it. Ingenting om pumpeteknikk og kordan tømme brystet heilt, ingenting om hygiene, ingenting om forventa mengder eller kor hyppig eg burde pumpe.

Eg trur ikkje dei lot vere å seie noko om dette fordi dei ville vere slemme, eller ville fortie informasjon. Eg trur ingen av personalet hadde noko kunnskap om dette, og kanskje heller ikkje noko særleg erfaring. Eg kjenner eit par andre som òg pumpa på barsel (så den einaste er eg ikkje), men deira erfaring når det kom til informasjon er ganske lik mi eiga. Eg fekk i det minste låne ei pumpe  med ein gong. Ein eg kjenner vart sendt ut til St. Olavs servicesenter sjølv for å hente pumpe då sambuaren hans trong pumpe mjølk til sonen som låg på nyfødtintensiven.

Morsmjølktillegg vart det overhode ikkje snakka om, heller ikkje då det kom fram at eg hadde lite mjølk. Det var først den dagen eg satt i hysterisk krampelatter og lo så tårene trilla (over ein ekstremt dårleg vits) medan eg pumpa, og ei jordmor plutseleg kom inn, at tillegg kom på tale. Ho var vel overbevist om at eg (endeleg?) hadde kollapsa...

(At dei ikkje serverer morsmjølkerstatning er kanskje like greitt, med tanke på kor liten kunnskap dei sannsynlegvis har både om tilbredning og oppbevaring av dette, og om mating med andre ting enn pupp generelt. Retningslinjer frå WHO og Mattilsynet seier at ein skal bruke vatn som held over 70C over pulveret (for å drepe evt bakteriar i pulveret), og aldri skal varme opp tilberedt blanding ein gong til. Personalet på barsel sa det var berre å tilberede ein stor porsjon og ha i kjøleskapet i opptil eit døgn, og varme ein passande mengde ved behov.)

Derimot var jordmødrene veldig bekymra over Adas store vektnedgong - ho hadde gått ned bekymringsverdig mykje, og dei ville ikkje høyre på mine spørsmål om korfor hennar nedgang på 7.7% (frå ei fødselsvekt godt over snittet for småpiker) var så ille når dei på barseltimen dagen før hadde sagt at viss nedgangen var over 10-12% så var det grunn til å ta affære. Eg mistenker vel at dette eine og aleine skuldast at eg faktisk hadde oversikt (noko skal ein jo ha att for å vere nerd) over alt ho fekk i seg etter at eg byrja pumpe (nei, ikkje over det som kom ut. Vi mangla vekt.), og at dei såg at det var for lite.

Ikkje ein einaste gong var det nokon som foreslo å veie henne før og etter eit måltid, som jo ville vere ein veldig enkel måte å sjå kor stort matinntaket er.

Mange har snakka om ammepress og ammepolitiet, og det er noko eg absolutt kan seie meg einig i etter opphaldet mitt på barsel. Eg er ikkje i tvil om at morsmjølk er best, og at amming er bra, men eg er veldig kritisk til at informasjonen er så einsretta, og i det negative fokuset som er på dei som ikkje ammer. Kanskje er det ikkje negativt på kvar einskild person, men det er negativt i "alle kan amme unntatt dei som er sjuke eller dopa"-tydinga, og i den generelle haldninga og ikkje minst kunnskapen om alternativ til amming.

Vi fekk omsider reise heim frå barselhotellet, eit døgn seinare enn vanleg (og eit døgn som virka gudsjammerleg langt - eg ville vere i fred, og i ettertid ser eg at det ekstra døgnet overhode ikkje gav noko som helst ekstra, sidan dei på sett og vis hadde gitt meg opp uansett), og eg sa eg kom til å pumpe og gi tillegg når eg kom heim. Då var det ingen informasjon om at det var mogleg å leige pumpe på St. Olav (kundesenteret i Forsyningssenteret, 23 kr døgnet (så det blir dyrt i lengda) -  det er same type pumpe som på føde/barsel), ingen informasjon om matmengder ("legg til puppen ved behov" funker ikkje med flaskemata unge, du bør ha litt peiling både på kor mykje barnet skal ha til kvart måltid og kor ofte du bør mate for ikkje å fly på veggen i frustrasjon), ingen informasjon om tilberedning, ingen informasjon om flaskemating vs koppmating (Til orientering heller ein då mjølka inn i barnets munn med ein kopp med nebb. Om du har ei viss aning om kordan gjess blir fora for å gje best mogleg gåselever, er du inne på kordan denne formen for mating føles for ferske foreldre.). Det mest matnyttige var eit skriv med telefonnummer til sjukehusets ammepoliklinikk, der vi fekk time to dagar etterpå.

Midt i all denne frustrasjonen er ammepoliklinikken er forfriskande positivt pust. Der jobber det ei flink og fornuftig dame som ikkje berre kan det aller meste om amming og ammeteknikk, men òg har fornuft og forstand til å foreslå alternativ. Det første ho gjorde var å sjå på at Ada spytta ut puppen og ikkje ville ha den. Deretter gjekk ho og henta mjølk og tåteflaske, og kikka på at ho drakk opp innhaldet i løpet av omtrent 1 minutt. Deretter sa ho "Flaske. Mat henne for all del med flaske inntil vidare." Vi hadde alt bestemt oss for at vi skulle det, sidan nebbkoppen var for trist, men det var veldig godt at ho sa det. Enden på visa er førebels at Ada framleis ikkje liker pupp (det er mogleg ho ikkje er lesbisk), men vi skal fortsette å prøve parallelt med flaska. Ammedama nemnde eit tilfelle med ein unge som ikkje sugde før den var 6 månader, og sjølv om eg kanskje gir opp før den tid så er det iallfall godt å vite at det "aldri" er for seint.

Eit anna positivt innslag var helsestasjonen. Vi hadde venta oss heimebesøk, men fekk spørsmål om vi kunne kome dit i staden - og det kunne vi jo. Helsesøster var veldig hyggeleg, og har eit realistisk forhald til amming. Går det ikkje så går det ikkje - og det går faktisk ikkje alltid! - og å gje morsmjølkerstatning med flaske er eit heilt tilfredsstillande alternativ. Slit deg for all del ikkje ut på pumpinga, var formaninga - og kommentarar vi høyrde henne seie til andre som var innom helsestasjonen samtidig gjer at eg er overtydd om at dette ikkje berre var noko ho sa for å vere snill med meg, men noko ho meinte.

2010-03-25

Flaske til barn og flaske til mor.

No har vi kjøpt inn ein stabel tåteflasker og vore på apoteket og kjøpt tåtesmokkar i riktig storleik. (Vanlege daglegvareforretningar har sjølvsagt ikkje den minste typen, det kunne jo friste spebarnsforeldre til å gi næring gjennom noko anna enn Den Heilage Morsmjølka. Sjølv ikkje bak disk og mørke skodder har dei småtåtesmokker.) Flaskene er vaska og sterilisert og står på benken, og eg henta akkurat den siste tåteflaska opp frå kjellaren samstundes som eg henta ein LENGE etterlengta Raasted Imperial Stout.

Etter eit halvt glass kjenner eg at eg har mest lyst til å drikke meg full. Skål! (Skål for Hipp!)

2010-03-23

Hipp - duften av dårleg mamma

Først av alt, Ada Marie vart født med eit svupp (som den delfinen ho var) fredag 19. mars. Ingressen eller kvadetnoheiter for bloggen er difor endra frå "nesten-mamma" til "nerde-mamma".



Snart kjem det eit innlegg om ammepolitiet og ikkje minst om mangelen på kunnskap om alternativa til brystmjølk-rett-frå-brystet, men inntil då får de nøye dykk med å få vite at økologisk Hipp morsmjølkserstatning - det naturlege valet for idealistiske tøybleie- og kompostbinge-mødre som trass alt òg kan trenge eit alternativ til morsmjølk - slett ikkje har den gode naturlege dufta av gras, blomster og blå himmel som pakningen kan tyde på. Den lukter akkurat det same som tørrmjølk, altså usedvanleg trist og leit - og det lukter like ille av det ferdigblanda produktet. Litt usikker på om dette er noko mitt barn skal måtte drikke, kjenner eg. (Evt litt usikker på om dette er noko eg ynskjer sniffe inn medan eg mater.)

2010-03-16

LDO liker ikkje NAV si formulering om "mors periode", dei heller.

I slutten av februar (eller eigentleg i starten av mars, vart det visst - sidan eg og skrivaren ikkje var heilt gode vener) sendte eg omtrent dette brevet til NAV. Noko tilbakemelding frå NAV har eg enno ikkje fått, men eg sendte kopi av brevet til Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) og i dag fekk eg tilbakemelding derfrå.

Ombodet har sendt brev til Arbeids- og velferdsdirektoratet, og er kort og godt ikkje nøgd med NAV si formulering, sidan det er eit politisk mål at foreldrepermisjonen skal fordelast meir mellom mor og far, og finn det "svært uheldig at NAV benytter ordlyden "mors periode" [...] At NAV i sine vedtak benytter formuleringen "mors periode" synes merkelig når det er tale om den perioden som er opp til foreldrene å fordele etter eget ønske".

Vidare ynskjer ombudet tilbakemelding frå NAV på om dette er standardformuleringar, og ber om at dei i såfall blir endra til å bli i tråd med dei politiske føringane som er gitt. Viss det derimot ikkje er standardformuleringar som er nytta, vil dei ha ein gjennomgang av rutinene for å unngå at denne typen formuleringar vert nytta.

Ombodet vil dessutan ha tilbakemelding frå NAV innan 2. april, eg kjem naturlegvis til å følge med på tilsvaret og poste det òg her. Eg gjer dog merksam på at det kan bli noko forseinking frå mi side sidan rykta vil ha det til at eg sannsynlegvis er noko oppteke med andre ting innan då (gudane skal vite at eg håper rykta er sanne, eg kjeder meg!), men det går jo an å følge med i LDOs postjournal (arkivID 10/408) - gi meg gjerne eit hint om nokon oppdagar svaret frå Arbeids- og velferdsdirektoratet før meg.

Ein annan potensielt interessant sak frå LDO til NAV er om at mor ikkje kan ta ut ferie medan far tek ut foreldrepengar (10/393).

2010-03-08

Gratulerer med dagen!

Det er 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. Gratulerer med dagen, alle kvinner!

Eg hadde tenkt løfte blikket litt i dag. Vekk frå den heimlege sfæren med pappaperm og foreldrepengar og kontantstøytte og kvinnelege skihopparar og hijab. Dessverre var lysten større enn energien - den slemme hjernen min er visst i ferd med å gjere meg kun dum, iallfall virker det som den har krympa og eg kom ikkje heilt i mål med innlegget eg hadde tenkt å skrive.

På global basis  døyr ein halv million kvinner i barselseng, i følge ein artikkel i Dagbladet i dag.
I Sierra Leone døyr 1 av 8 kvinner ("lifetime risk") som er gravide av komplikasjonar under eller etter svangerskap og fødsel, i følge ein rapport frå Amnesty International.

1 av 8. Det er eit høgt tal. Smak litt på talet og tenk over kva det betyr for deg. Eg er ikkje sikker på kordan dette talet kan overførast til norske forhald (m.a. fordi det ikkje er lett å finne samanliknbar og god statistikk). I faktiske tal døydde minst 2100 kvinner i fødsel i Sierra Leone i 2005 (UNICEF), justert i forhald til talet fødslar (230.000 i Sierra Leone, 60.000 i Noreg) tilsvarer det ca 530 kvinner i Noreg. Det faktiske talet kvinner som døydde i samband med fødsel i Noreg i 2008 var 3, i følge SSB.

I Noreg følges alle kvinner opp gjennom svangerskapet. I følge Helsedirektoratets Retningslinjer for svangerskapskontrollen anbefalast kontrollar i veke 12, 18 (ultralyd), 24, 28, 32, 36, 38, 40 og 41 - altså oftare dess lenger ut i svangerskapet ein kjem. Sett bort frå arbeidskrafta (og ultralydundersøkinga) er ikkje kontrollen spesielt dyr eller teknisk komplisert for dei fleste. Det dreier seg stort sett om kontroll av blodtrykk og ein enkel test av urin - som avdekker om det er behov for ytterlegare oppfølging.

I tillegg foregår så godt som alle fødslar i Noreg med jordmor tilstades, anten heime eller på ein eller annan form for helseinstitusjon. Dess større sjanse for komplikasjonar hos mor eller barn, dess større grad av spesialisering er det på helseinstitusjonen det er planlagt at fødselen skal skje på.

Norske kvinner blør ikkje ihjel i ein drosje på veg til sjukehuset to dagar etter fødselen fordi morkaka ikkje løsna som den skulle.
Norske kvinner døyr ikkje av massiv organsvikt pga uoppdaga svangerskapsforgiftning.
Norske kvinner døyr ikkje av stivkrampe fordi dei har født på eit jordgolv og ingen vaska dei skikkeleg etter fødselen.
Norske kvinner døyr ikkje fordi det tar tre dagar å gå til sjukehuset.
Norske kvinner døyr ikkje fordi sjukehuset nektar starte behandling fordi dei ikkje kan betale for den.
Norske kvinner døyr ikkje fordi sjukehuset ikkje har straum, vatn eller naudsynt medisinsk utstyr til å behandle dei.

Situasjonen i Sierra Leone er ikkje unik. Den er kanskje til og med ikkje den aller verste - styresmaktene der har nemleg vedteke at dei vil satse på kvinnehelse, at gravide har rett på gratis svangerskapsomsorg, at fødande skal få naudsynt hjelp under og etter fødselen, at nyfødte skal få helsehjelp.

Her som så mange andre stader står det om pengane. Det finst ikkje pengar til dette. I Noreg betyr mangel på pengar at helseforetaket foreslår å legge ned eit lokalsjukehus eller ei fødeavdeling, som så etterfølgast av ein lang og oppheita debatt (gjerne med fakkeltog) om dette er rett, kva konsekvensar det vil få og kva lovnader politikaranae no bryt. Men innsjå det, nedlegging av eit norsk lokalsjukehus eller fødeavdeling fører rett og slett ikkje til at nokon døyr. Det fører til litt lengre reisetid for ein del pasientar, det auker sjansen for å måtte tilbringe tid i ein ambulanse (kanskje til og med føde der), det gjer det litt vanskelegare å få besøk på sjukehuset, det blir litt ukomfortabelt. Men døyr av at fødselsomsorgen blir litt meir sentralisert, det gjer vi faktisk ikkje i Noreg. (At desentralisert fødselsomsorg er eit gode vi bør behalde, ser eg ikkje bort frå - men det hadde eg ikkje tenkt diskutere no.)

I Sierra Leone er det i snitt 11 miles (ca 2 mil) til næraste helsestasjon. Dette høyrest kanskje ikkje så ille ut, det er jo mange som har det slik i Noreg også. Skilnaden er at her går vi ikkje 2 mil til fots med blødningar, høg feber, eller ei sjuk kone eller mor på båre mellom oss. Her vel vi i praksis transportmiddel etter kor dårlege vi er - er det ein rutinesjekk og vi elles er friske, kan det hende vi tar buss, ofte tar vi eigen bil, og trengs det vil vi få rekvirert drosje eller ambulanse.

I Sierra Leone gjer mangelen på pengar at det ikkje vert bygd ut helsestasjonar, det vert ikkje bygd fødeklinkikkar nok til alle som treng det (korkje i antall eller i distribusjon), det finst ikkje nok jordmødre eller legar til å følge opp alle som treng det.

Eg har 4 dagar att til min termin. Eg er ikkje det minste redd for at mangel på oppfølging før, under eller etter fødselen skal medføre fare for meg eller barnet.  - At det kan vere andre ting rundt fødselen å vere redd for, får eg berre leve med :-)

2010-02-25

Nei, NAV, far tar ikkje av mors permisjon.

Kjære NAV Midtbyen.

Takk for hyggeleg brev med vedtak om foreldrepengar ved fødsel som eg mottok i dag. Vi har ei felles forståing av lengda på permisjonen og foreldrepenge-utbetalinga (sjølv om de har fjerna alle ferieperiodane eg sirleg hadde tilpassa for å få best mogleg utnytting i forhald til høgtidsdagar og liknande og berre lagt til ein passus om at ferieperiodar vil forskyve maksdato tilsvarande).

Imidlertid er ordlyden i 4. avsnitt feil i forhald til våre permisjonsynskjer. Her står det "Når far tar over mors periode 191110-231210 og 010111-030311, må mor dokumentere arbeid."

Mors periode med foreldrepengar går frå 190210 til 290710 [inkludert 7 veker ferie]. Deretter skal mor og far dele 50/50 ein periode, før far skal ha permisjon i 28 veker. Av alle desse vekene er 3 veker før termin og 6 veker etter fødselen forbeholdt mor, 10 veker er forbeholdt far (fedrekvote) og resten er fellesdelen som foreldra kan dele etter eige ynskje. Eg forstår difor ikkje kvifor de meiner "mors periode" framleis pågår hausten og vinteren 2010/2011, all den tid dette (på same måte som mors periode 240410-290710) er tatt frå fellesdelen av foreldrepengeperioden.

På NAVs websider framgår det at "Tre uker før og seks uker etter fødselen er forbeholdt mor. Ti uker er forbeholdt far (fedrekvoten/pappapermisjon). [...] Resten av stønadsukene er felles for begge foreldrene." Det blir difor feil å seie at far tar av mors periode med permisjon. Både mor og far tek den delen av permisjonen dei må ha i fylgje lovverket (for ikkje å miste permisjonstid), samt ein del av fellesdelen kvar.

Eg er klar over at regelverket dykkar seier at mor må dokumentere arbeid/utdanning under fars uttak av permisjon frå fellesdelen, og det vil sjølvsagt bli gjort (sjølv om eg finn det merkeleg at ikkje tilsvarande krav gjeld for fars aktivitet når mor tar permisjon frå fellesdelen). Eg går tilbake til jobben min etter den perioden eg har søkt permisjon frå der, slik det er naturleg å gjere når ein har avtalt noko med arbeidsgivar.

Eg klager med dette på tilsendt vedtak, og ber om å få tilsendt eit nytt med ein ordlyd som er i tråd med gjeldande regelverk.


Med venleg helsing
ein litt småirritert snart-mamma

2010-02-03

(Eks-)studentar får barn

I desse dagar er det kanskje ein del studentar som oppdagar at dei skal ha barn - med fødsel etter at studietida er over, og således etter at dei kunne fått foreldrestipend frå Lånekassa. (Lånekassa har etter mi meining websider som går NAV ein høg gong i lesbarheit og informasjonskvalitet....)

Kravet til foreldrestipend er at du har hatt rett til stipend eller lån frå Lånekassa dei siste seks månadene før fødselen/adopsjonen, og dei tel med sumaren i denne seks-månadersperioden dersom du var i utdanning på våren dersom du held fram med utdanning på hausten. Det vil seie at du må ha søkt om studieplass som du så kan søke permisjon frå. Det er kun ein av foreldra som kan få foreldrestipend til eikvar tid, og akkurat som for foreldrepengar frå NAV så er 3+6 veker reservert mor. Resten kan delast som ein vil, men det gis ikkje foreldrestipend medan den andre foreldren mottar foreldrepengar frå NAV - dette blir altså dei same reglane som viss far tar meir permisjon enn fedrekvota, då må mor ut i jobb/utdanning. Samstundes får ein både foreldrestipend og foreldrepengar viss ein har rett på begge delar.

Kva så viss du er ferdig som student i vår, og har termin utpå hausten ein gong?
NAV krev av du har jobba 6 av 10 månader før stønadsperioden din tar til (mi utheving). Mors stønadsperiode startar 3 veker før termin, så ho har ikkje mykje fleksibilitet å gå på der. Fars periode startar derimot den første dagen han tar permisjon (fedrekvote eller av fellesdelen). Byrjer han å jobbe 1. juni, har han altså rett på foreldrepengar frå 1. desember. Avvikling av lovbestemt ferie inngår i opptjeningstida, og arbeidstakar har krav på ferie-fri sjølv om han ikkje har tjent opp feriepengar for perioden. Det kan difor vere lurt å sørge for å starte i jobben før ein tar ut ferie, i staden for å ta ferien i perioden etter eksamen og før arbeidskontrakten startar. (I praksis avtaler ein då at ein startar arbeidet med ferieavvikling...)

NAV har lagd ei eiga side med informasjon om rettar ved fødsel og adopsjon retta mot far. Denne inneheld mykje nyttig, for all del. Likevel er det eit paradoks at rundskriva dei har lenka til under "Regelverk" stort sett gir minst like god, og i mange tilfelle mykje betre og klarare informasjon. Mange gode eksempel, og språket i regelverket som sådan er heller ikkje heilt utilgjengeleg.

(Dei som les om gradert uttak vil samstundes få ei enkel innføring i løysing av likningar med ein ukjend. NAVs avrundingsreglar for desimaltal bør ikkje nyttast på eksamen i andre fag enn trygderett.)

2010-01-28

Amming her og der

Eg har tenkt å skrive eit innlegg om amming etterkvart, ettersom det jo er noko eg er ekspert på. (Det var sarkastisk, men det er nettopp difor eg gjerne vil skrive om det FØR eg gjer det sjølv, så kan eg heller samanlikne det med kordan det verkeleg var etterkvart.)

Inntil vidare kan de lese dette innlegget av Brenda Wallace. Ho jobber som programvareutviklar i Wellington, New Zealand, og fekk ei dotter for 6 veker sidan. Denne veka var ho tilbake på jobb. Ho tenker ganske likt meg når det gjeld amming - det er bra, men vi bur i rike land og kan ta til oss informasjon sjølv også. Og - vi prøver og ser kordan det går.

Ho kjem òg med noko eg trur er eit veldig godt poeng: "I also very sure that the statistics on breastfeeding (and studies based on those statistics) are getting it wrong. The midwife, plunket [helsesøster] and a GP all recorded Casey as 100% breastfed, and she's not. They are very quick to write that down without asking too much - that coupled with the shame and guilt instilled in parents who use formula means they're less likely to be corrected."

Eg veit ikkje kordan slik statistikk vert samla inn i Noreg, men i den store spebarnskost-undersøkinga (Sosial og helsedirektoratet, 2003) for nokre år sidan fann SHDir ut at 99% hadde fått morsmjølk ved 1 vekes alder, og ca 95% vart fullamma. Etter 4 mnd vart 44% fullamma og 85% fekk morsmjølk. Ved 6 mnd alder vart berre 7% fullamma, medan heile 80% framleis fekk noko morsmjølk. Samstundes fekk 90% graut og 63% middagsmat. Eg synes desse tala er veldig høge for dei eldre barna i undersøkinga (særleg når rapporten seier dei ammast 4-5 gonger om dagen), men for alt eg veit kan det vere riktig. Men eg ser ikkje bort frå at sjølv her, i ei anonym spørreundersøking, svarer foreldre det dei meiner er "rett svar", kanskje ut frå eit sterkt ynskje om å gjere "det rette".

2010-01-24

Staten gir og staten tar

Noreg er eit rikt land, med mange støytteordningar til folk som av ein eller annan grunn har behov for det. Er du arbeidsledig, får du arbeidsløysetrygd. Får du barn, får du foreldrepengar, deretter barnetrygd og eventuelt kontantstøytte. Er du over 67 år, får du alderspensjon. Er du sjuk, får du sjukepengar. Er du ute av stand til å jobbe pga varig uførheit, får du uføretrygd. Og har du ikkje rett på noko av dette, får du sosialstønad til livsopphald.

(Eg er fullstendig klar over at desse støytteordningane dessverre ikkje hjelper alle som treng det, og at alle ikkje får det dei treng eller har krav på. Det er ikkje poenget med dette innlegget, så det er ikkje nødvendig å kommentere akkurat det.)

Felles for desse støytteordningane er at det i dei aller fleste tilfella vert stilt krav til den som mottar dei, også om det er ytingar ein har opptent retten til gjennom mange års arbeid. For å få motta arbeidsledigheitstrygd, må du søke arbeid. Får du pensjon, er det begrensa kor mykje du kan jobbe i tillegg. Viss du får sjukepengar, kan du ikkje samstundes gå på jobb. Om du over tid er i stand til å jobbe, har du ikkje lenger krav på uføretrygd. Har du anna inntekt, får du ikkje sosialstønad.

Dette er det få som protesterer på, sjølv om det gjerne diskuterast detaljar rundt kor mykje ein skal ha lov å prøve seg i jobb utan å miste ei trygdeyting, eller om alderspensjonistar bør ha andre grenser enn det dei føler sjølv for når dei får lov å jobbe, eller om utbetaling av sjukepengar burde avgrensast.

Det er eitt unntak frå denne ikkje-diskusjonen, og det er foreldrepengane og foreldrepermisjonen. Denne gis fullt ut til alle nybakte foreldre viss mor har jobba fulltid 6 av dei siste 10 månadene (unntak finst her også, men det var heller ikkje eit poeng med dette innlegget). I motsetnad til dei fleste andre typer stønad er dette ei yting foreldra har rett på i eit visst tal veker. Etter dette er det stopp, men perioden kan forlengast ved å ta den på deltid - så lenge totalsummen blir 46 eller 56 heile veker. Dette er ganske unikt for ordningane frå NAV, dei fleste andre ytingar er basert på at du skal få dei så lenge du treng dei, ikkje som eit fast beløp (som det i realiteten blir her).

Men her er det altså snakk om ei ganske stor yting som Staten gir til alle nybakte foreldre, og det diskuterast om korvidt det å reservere 10 av vekene ein får betalt for til far er å gripe inn i familiens rett til å bestemme over eigne liv og kva som er best for dei. Ærleg talt, her gir staten masse pengar, og så skal dei ikkje kunne sette eit einaste krav til det?

Eg synes det er heilt greitt at Staten set som krav at mor skal ha nokre av vekene, og far skal ha nokre av vekene. Det er likevel att 27/37 veker som familien kan disponere akkurat som dei vil. I tillegg har foreldra rett på 1 års ulønna permisjon frå jobben i etterkant av den lønna permisjonen viss dei ynskjer det. Her er det ingen krav til kven som skal ta den, familien bestemmer heilt sjølv. Det er jo faktisk heller ingen krav til at ein skal ta fedrekvota, men om far ikkje gjer det så mister familien den. Trist, men sånn er det. (Mors kvote står meir fast, sidan den faktisk er satt ut frå mors medisinske behov, ikkje frå barnets beste.)

Men her må òg staten ta konsekvensen av at dei sett krav, og sørge for at det dei krev faktisk følgjer den dei krev det av. Fars avsette permisjon må heilt og haldent vere fars rettigheit, uansett kor mykje mor har jobba på forhand eller om mor har jobb eller studerer. Fedrekvoten er fars del av permisjonen, og barnet har ikkje mindre godt av at far er heime viss mor av ein eller annan grunn ikkje jobbar.

Då må reglane naturlegvis endrast, slik at fedrekvoten følger fars oppteningsrett. I dag har far sjølvstendig oppteningsrett til foreldrepengar, men for å ta ut fedrekvota (som ikkje stiller krav til mors aktivitet) må mor ha rett på foreldrepengar. Elles får far "berre" rett på den felles foreldrepermisjonen, med krav til at mor jobber eller studerer samstundes.

Retten må gjelde alle fedre etter dei same reglane som gjeld for mors foreldrepengar. Det betyr at dei same trygdeordningane som mor i dag opparbeider seg rett ut frå òg må gjelde far, og far må ha rett på fedrekvote sjølv om mor mottar trygd.

I tillegg må søknadsordninga endrast. Gi far eit eige skjema som skal fyllast ut, og la han sjølv søke om fedrekvoten. I mange tilfelle, t.d. ved ei deling av fellesdelen (anten det er fulltidsuttak eller samtidig uttak på deltid) vil det vere hensiktsmessig at den andres uttak står på same skjema for oversiktens del, men det er far som skal ha fedrekvoten og det er far som må søke om den. Ærleg talt, kor mange andre støytteordningar for myndige personar er basert på andre myndiges søknad?

(Eg ser dog behovet for å koble mors og fars søknad, og her er nok mors personnummer det mest nyttige sidan barnet trass alt er enklast og sikrast knytta til det før det får sitt eige personnummer.)

Eit aber er at det ikkje berre er familiens valfridom vi snakkar om, men barnas beste. Det er eit bra argument at foreldra veit barnas beste meir enn Staten gjer, men om foreldra meiner det er veldig lite bra for barnet at far er heime (eller atdet ikkje er bra mor ikkje er heime) så kan dei jo faktisk velge å ta ulønna permisjon for  å vere heime lengre. Fedrekvoten forsvinn ikkje ein gong av den grunn, den kan takast fleksibelt fram til barnet er 3 år (feks. annakvar onsdag i to år.)

2010-01-21

To sing or not to sing, that's the question.

I følge ymse babyfora er det visst lurt å synge for ungen i magen. Helst ein song ein kan halde fram å synge når ungen kjem ut. Tanken er at dette skal bli vuggesangen, trur eg. Ungen kan høyre ganske tidleg, og lærer å skille ut mors (og fars) stemme frå andre.

Så vi syng. Byssanlull og Trollmor og Bæ bæ lille lam og alskens andre barnesongar vi (ikkje heilt) hugser.

Det einaste aberet er at dette er den bombesikre måten å få ungen til å bli skikkeleg aktiv. Omtrent som ein nyfanga ørret i ein plastpose, for dei som har prøvd det. Eller som nokon med klaustrofobi innestengd i dynetrekket sitt. Med andre ord armer og bein overalt og buler over heile magen.

Dette er forsåvidt veldig kult, både å kjenne innanfrå og utanfrå, og å sjå på. Men at sangen har ein roande effekt stiller eg meg meget tvilande til.

Så då blir spørsmålet. Skal vi halde fram med dette, og risikere at alt ungen forbind med Bysanlull er leiketime, eller skal vi ta ein pause til ungen er født og satse på at aktivitetsdelen er gløymd og sangen oppfattast som roande og nattasang, eller skal vi rett og slett gi opp sangkarrierene våre og innsjå at vi korkje er kor-materiale eller har synge-for-barnet-kvalitet på røysta, og heller kjøpe ein CD?

(Eg er ikkje sikker på om dette kvalifiserer til å vere slem mamma, men eg føler iallfall at det kanskje er feil strategi viss planen var å lære ungen at sang == avslapping == sove)

2010-01-20

Moderering

Kommentarane på denne bloggen er moderert, dvs at eg godkjenner dei før dei publiserast. Som regel går dette kjapt - minutt snarare enn timar.

Viss nokon som kjenner Blogspot kan forklare meg kordan eg kan moderere kun brukarar som ikkje er innlogga nokon plass  så slår eg gjerne av moderering for desse. Det er fleire autentiseringsmekanismar som kan brukast, men eg kunne tenke meg at alle får lov å kommentere utan  å måtte registrere seg. Dog vil eg gjerne manuelt godkjenne dei som ikkje er registrert nokon stad. Dei einaste alternativa eg finn er moderering av alle eller ingen kommentarar, eller på innlegg som er eldre enn n dagar.

Sjølvstendig opptjeningsrett for far

Fedrekvotedebatten held fram. Også denne gongen kjem "sjølvstendig opptjeningsrett for far"  inn i debatten, og nok ein gong er eg usikker på kva politikarar og/eller journalistar meiner (så eg har sendt sistnemnde ein epost og spurt).

Far har heilt sidan 2000 hatt opptjeningsrett til foreldrepengar i varierande grad. Så vidt eg hugser var det først i form av utbetaling basert på eiga løn (dei fyrste åra med fedrekvote fekk far utbetalt tilsvarande mors løn under permisjonen), deretter også uavhengig av mor - gitt at mor er ute i jobb eller utdanning. Han kan då vere heime i heile den delen av permisjonen som ikkje er forbeholdt mor, altså 37/47 veker, viss han har jobba minst 50% dei siste 6 av 10 mnd før fødselen (dette er dei same krava som for at mor skal få rett til fødselspengar).
Dette er ikkje det same som full sjølvstendig rett til fedrepermisjon, men det hjelper spesielt for familiar der mor er eller har vore student medan far har jobba.

Det hjelper ikkje viss far har vore student før fødselen, eller viss mor ikkje har jobb (det er krav om tilnærma fulltid, dvs minst 75%, elles får far mindre enn 100% permisjon/pengar) og ikkje studerer (i tillegg kan ein kombinere jobb og utdanning til fulltid). I tillegg er det ein del mottakere av trygdeytingar som fell utanfor.

Å gi far sjølvstendig oppteningsrett er i følge enkelte (no sist Merete Ranum) "fryktelig dyrt". Eg er usikker på kva som ligg i "fryktelig dyrt", det kjem iallfall an på kva ein samanlikner med.

I 1.-3. kvartal 2008 var det 8900 kvinner som fekk eingonsstønad, og drøyt 40.000 som fekk  foreldrepengar. I tillegg var det 31000 fedre med foreldrepengar. I følge statsbudsjettet for 2010 var det 1075 fedre (ca 3% av fedrene som fekk foreldrepengar) som tok ut foreldrepengar på sjølvstendig grunnlag i 2008. 78 prosent av desse fedrane tok ut meir enn 6 veker.

For enkelheits skuld kan vi starte med å gi fedrekvote til menn der (barnets) mor ikkje har rett på eingonsstønad, altså ca 8900 fedre. Eg antar at dei vil ha krav på 6 G i 10 veker. Alle ytingar frå NAV er til ein viss grad basert på "folketrygdens grunnbeløp" (G), eller iallfall oppad avgrensa av ein faktor av G. 6 G tilsvarer ei årsløn på ca 437.000 kr, og eg trur det er eit for høgt anslag. Mange av dei det er snakk om er nyutdanna og relativt unge (trur eg), og vil nok ha eit lågare lønsnivå enn dette. Men eg antar likevel ei løn på 6G, dette er uansett det maksimale NAV dekker.

10 veker med ei løn på 6G tilsvarer 84090 kr, som for 8900 fedre blir ca 748 mill. Årets budsjett for foreldrepengar ser ut til å vere ca 13 mrd. Ei auke i dette på 748 millionar tilsvarer 6% ekstra. Eg synes i grunnen ikkje det er frykteleg dyrt - ikkje for å gi alle barn rett til å ha far heime i 10 veker. (No fekk eg litt Jon Blund i bakhodet :-))

Viss du no forventer at eg finansierer dette også, så greitt (eg har trass alt vore politisk aktiv ein periode av livet mitt): ta det frå kontantstøytta (post 844). Den er på totalt 1.4 mrd kroner i budsjettet for 2010, maksimalt 39600 kr i året pr barn. Halver denne, og gi alle fedre rett på fedrekvote i staden. Eg meiner denne støytta er så lita at den i realiteten ikkje bidrar til valfridom, sjølv om pengane heilt sikkert kjem godt med for dei som mottar den. Eg synes barns rett til å ha far heime i 10 veker er viktigare.

(Det er ikkje veldig prinsippielt viktig for meg å ta frå kontantstøytta. Det finst heilt sikkert mange andre postar på statsbudsjettet eg synes det er heilt i orden å ta 750 millionar frå.)

Grunnen til at eg heile tida kjem tilbake til desse 10 vekene med fedrekvote er at det er ein rettigheit som fullt og heilt tilfell far. Bruken av tida er fleksibel - så lenge mor og far til saman ikkje mottar meir enn 150% foreldrepengar for perioden, kan far ha permisjon utan at mor er i jobb eller utdanning. Det betyr at mor kan jobbe, ha ferie, ha ulønna permisjon, vere arbeidssøknade eller motta trygd. At far har rett til å ta permisjon viss mor er ute av huset er vel og bra, men det gir dessverre ikkje barnet meir tid saman med faren sin dersom mor rett og slett ikkje har ein jobb eller tar ei utdanning.

2010-01-24: Det slo meg at tala eg har brukt i dette dømet er frå 1.-3. kvartal av året. Det tyder sannsynlegvis at talet kvinner som fekk eingongsstønad i statistikken eg fann er ca 75% av årstotalen, altså at det dermed burde vere nærare 12.000 kvinner som får eingongsstønad per år. Å gje fedrekvote til mennene det er snakk om vil nok bli omlag 33% dyrare enn estimata eg gjorde. Men det er likevel godt innanfor kontantstøyttebudsjettet, viss vi skal bruke det som finansiering.

2010-01-19

Du som les dette synes kanskje ikkje er virkar så slem. Well, be afraid, be very afraid, *mwahhahaha*!

Ideen til namnet på bloggen kom i grunnen etter at eg tidlegare i vinter posta eit innlegg på eit eller anna forum for vordande mødre om fordelinga av foreldrepermisjonen. Dei fleste innleggsskrivarane skulle dele permisjonen med fedrekvoten til far (gjerne med litt gråt og tænders gnidsel, for far hadde så viktig jobb, arbeidsgivar så negativ eller fars løn så høg) og resten til mor (altså 10 veker til far og 36 (eller 46, viss dei tok 80% løn).

Unntaket såg ut til å vere meg og Mannen. Vi deler med 18 veker til meg og 28 til han.

Dette vart motteke med vantru av mange. Ein del syntes det var snilt av meg å gi han s mykje, eller meinte eg var heldig som hadde ein mann som ville vere heime så lenge (eg veit jo eg er heldig med Mannen, sånn generelt).

Det som tok kaka og verkeleg fekk meg til å føle meg slem var ho som spurte korfor eg ville ha barn, når eg ikkje ville vere heime med dei.

Eg vart svar skuldig. Ikkje fordi eg ikkje visste svaret, men fordi spørsmålet var så langt utanfor banen eg speler på at det føltes som bortkasta energi å løpe etter ballen.

Men dette er altså haldningar ein kan bli møtt med  i 2010, dessverre trur eg ikkje denne innleggskrivaren er den einaste som meiner permisjonen er mors eineveldige rettigheit og nærast eit mål på kor høgt du elskar barna dine. Og noko av bakgrunnen for at eg meiner det er til barnas beste å "tvinge" far til barnerommet for nokre veker.