2010-09-28

Den slemme mammaen møter snart barnehagen

I går fann eg ut at ei venninne med ein unge som er like gamal som Ada hadde fått barnehageplass. Vi søkte ikkje ein gong i år (her må ein søke på nytt ved nyttår uansett), mest fordi det virka ganske uoppnåeleg. Då eg sjekka rundt årsskiftet i fjor var det 3 ledige plassar for barn under 3 år - på Ranheim. (Dei som veit kor Sverresborg og Ranheim er, skjønner at ein skal vere litt desperat for å synes det er ein kjekk tur kvar morran. Dei som ikkje kjenner lokalgeografien her: det er eit stykke.)

Men no hadde nokon altså fått i går, så eg fekk lett panikk ved tanken på alt vi no gjekk glipp av og beordra Mannen til å søke om plass (han har permisjon for tida og satt på ungens fødselsnummer).

Og tidleg i formiddag kom det epost om at vi har fått barnehageplass! Meepes! Hurra!

Det er frå 1. november. Eg håper barnehagen synes det er ein fortreffeleg ide at vi betaler for full plass i nokre månader før vi byrjer bruke den fullt ut, ettersom eg synes det er for tidleg å sende henne i barnehage heilt då. Sånn rundt 1. januar hadde eg sett for meg at det hadde vore greitt å starte littegranne - så då søkte vi frå 1. desember for å ha litt å gå på. Som barselgruppevenninna mi sa, kven seier nei til mer pæng og mindre jobb? (Men det kan jo hende dei har Reglar.)

Viss nokon har hatt 9-10 månader gamle ungar i barnehage, vil eg gjerne høyre om erfaringane dykkar. (Eg vil helst ikkje høyre noko frå dei som er sjokkert over at eg tenker tanken på barnehage enno eller dei som generelt berre synes det virker tidleg, men ikkje har noko eiga erfaring.)

3 kommentarer:

  1. Jeg har gått i barnehage fra seksmånedersdagen min, og jeg har virkelig gode erfaringer. Nært og varmt forhold har jeg til begge foreldrene mine, også. Snart er jeg tretti, og jeg vil påstå at det har blitt folk av meg. Men du tenkte kanskje på foreldreperspektivet? Og kanskje jeg bare er et løvetannbarn? Flertallsformen av "anekdote" er jo ikke "bevis". ;) Lykke til til alle tre

    SvarSlett
  2. Hedda begynte i barnehagen da hun var 6,5 måned. Så langt har det gått helt strålende...

    SvarSlett
  3. Jeanine: eg trur ein viktig skilnad mellom Noreg og mange andre land er at i Noreg er det ikkje vanleg med så små/unge barnehageborn, og barnehagen er dermed ikkje tilpassa det. Ada vil definitivt vere veldig yngst. Eg aner i grunnen ikkje kva dei (så) små gjer i barnehagen, men antar det halve året frå 6 til 12 månader utgjer veldig mykje.

    Elles syntes barnehagen det var heilt i orden at vi betalte frå 1. november utan å bruke plassen før neste år. Sannsynlegvis blir det sånn cirka 50% barnehage på henne frå nyttår og i 4-5 mnd framover, og eg trur ulempa ved å starte såpass tidleg vert oppveid av at ho får korte dagar over ein lengre periode i staden for full plass frå mars.

    SvarSlett