2012-11-22

Blod er synd, mjølk er lov?

I dag lurer vi på: Korfor kan Jehovas Vitner amme (og die) når dei ikkje kan gi blod?

Jehovas Vitner (JV) kan ikkje motta blodoverføring, noko som innimellom medfører avisoppslag og ein del diskusjon. Forbodet mot blod er ikkje meir absolutt enn at der dei meiner det ikkje finst gode alternativ til heilblod eller blodkomponentane dei ikkje vil ha (så vidt eg har skjønt dreier dette seg om plasma, raude blodlegemer, kvite blodlegemer og blodplater) så er det greitt lell, dersom mottaker (JV) har samvit til det (Gud er tydelegvis ikkje heilt allmektig).

Derimot finst det etter det eg har funne ut ikkje noko tilsvarande forbod mot morsmjølk. I morsmjølk (eller i all mjølk, antar eg) er det kvite blodlegemer, ein komponent dei vanlegvis ikkje vil ta i mot. (I tillegg er det ein del stoff som står på kanskje-lista, feks. antistoff.)

Voffor gör dom på detta viset?

Dei er kanskje plagsame der dei går rundt med Vakttårnet sitt, men spesielt søkbare og lettleste er dei ikkje!

Den teologiske grunnen er delvis basert på Apostlanes gjerningar (bla. Apg 15,20) og delvis på Det gamle testamentet (3 Mos 17,13). JV meiner all bruk av blod er forbode, ikkje berre å spise blodmat, og ettersom det ikkje er spesifisert kva type blod det er snakk om så går dei ut frå at det gjeld alle vesens blod. I tillegg er det også viktig å "la blodet renne ut og dekke det til med støv", det er ikkje mogleg å samle opp blodet og bruke det til noko etter at det er tappa ut av dyret. Det er altså ikkje det at blodet kjem frå framande som gjer at dei ikkje aksepterer blodoverføring, men at det er blod i det heile teke, blod som per definisjon skulle ha rent ut på bakken og vorte dekka med støv. Organdonasjon aksepterast forøvrig av mange JV.

Noko av argumentasjonen eg finn skal imøtegå at det er skilnad på blod som mat og blod som kroppsvæske. Det meiner JV ikkje det er. Dei samanlikner det med næring, som ein kan få som vanleg mat eller intravenøst, eller at det ikkje er ok å få alkohol intravenøst viss legen seier man ikkje skal drikke. Så spørsmålet om korfor det er ok å få kvite blodlegemer som mat i morsmjølk, og ikkje som blod er jo interessant!

Det meste av argumentasjon eg klarte å finne er dog av helsemessig art. Det er tydeleg at dette er ein type argumentasjon det er lettare å få gjennomslag for, så den blir brukt for alt den er verdt. JV meiner det er farleg å få blodoverføring når det finst alternativ. Det står mykje der, og eg er ikkje lege så eg har lite grunnlag for å seie om det heng på greip eller ikkje. Men eg synes iallfall teologien blir litt utvanna i alle saltvannsoppløysingane ;)

Det er altså ikkje lov å tappe ut eige blod for bruk til blodoverføring, for blodet skal ikkje brukast etter at det har kome ut av kroppen. Men hjerte-lungemaskiner som sirkulerer blodet under hjerteoperasjon er lov, så lenge det kun er pasientens blod i den, og det er lukka sirkulasjon med kroppen.

Sånn sett er det kanskje lov å amme (kanskje er det ein eller annan symbiose mellom mor og barn etter fødselen som gjer at mjølka ikje reknast som å ha forlatt mors kropp), men ikkje gi pumpemjølk? Og korfor i all verda er det lov å drikke kumjølk - blodlegemene i den forsvinn vel ikkje berre fordi den er frå ei ku og er pasteurisert? Burde ikkje JV-barn eigentleg flaskast opp på soya-baserte morsmjølkerstatningar?

Eigentleg vart eg ikkje så mykje klokare på korfor morsmjølk er lov, men interessant nok fekk eg mange treff på "morsmelk" på JVs nettstad: masse notiser om positive verknader ved amming og morsmjølk ser ut til å vere trykt i bladene deira.

Eg vurderer no å lide meg gjennom ein samtale med JV om morsmjølk viss dei kjem att hit. Det pleier kome to godt vaksne menn innimellom som går pent sin veg når eg seier mannen min er ute og at eg difor ikkje vil sleppe dei inn ;) Men neste gong skal dei få pupp!

2012-09-14

På tide å ratifisere ILO-konvensjon 183, Noreg!

Noreg er verdas beste land for mødre å bu i, men Noreg er likevel ikkje blant dei 25 landa som har ratifisert ILO-konvensjon 183 om mødrevern.

Dette skuldast at vi ikkje har hatt betalt ammefri, men no når dette er i ferd med å bli vedteke trur eg ikkje det er andre hindringar for å ratifisere konvensjonen: minst 14 veker betalt svangerskapspermisjon, rett på fri dersom arbeidsplassen er farleg for gravide eller fosteret, helsekontroller og altså betalt ammefri.

2012-08-08

Lovendringsframlegg om betalt ammefri på høyring

Stortingsmelding 6 (2010–2011) Likestilling for likelønn vart 12. april 2011 samrøystes vedteke i Stortinget.

Stortingsmeldinga tar blant anna opp retten til betalt ammefri. Ammefri har alle arbeidstakarar rett på, men betalt ammefri er eit gode for mykje færre: omlag 65% av arbeidstakarane har betalt ammefri.

Det var tre ulike løysingar for dette som vart drøft i meldinga: ammefri dekka av folketrygda (NAV), av arbeidsgivar gjennom lovpålegg eller av arbeidsgivar gjennom avtaler. I dag er det ei delt løysing ved at retten til ammefri er slått fast i Arbeidsmiljølovens (AML) §12-8, medan lønnskompensasjon for dette gis gjennom avtalar i arbeidslivet (tariffavtalar). I det offentlege er det 2 timar ammefri til dei som treng det, medan i det private varierer det om ein har rett på betalt ammefri, og kor mykje og kor lenge. Ialt har omlag 95% av dei som er dekka av tariffavtaler rett på betalt ammefri, og i privat sektor omfattar dette ca halvparten av arbeidstakarane.

På grunn av dei høge administrative kostnadene ved å la NAV administrere ei ordning med betalt ammefri valde regjeringa i stortingsmeldinga å gå inn for at arbeidsgiver skal betale for dette, gjennom ei lovpålagt ordning som dermed vil gjelde samtlege arbeidstakere.

For eit par månader sidan sendte barne-, familie- og likestillingsdepartementet ut ei høyring med forslag til lovendring om dette.

Endringa vil seie at AML utvidast med eit avsnitt om retten til lønna ammefri. Retten til løn er avgrensa til 1 time pr dag inntil barnet er 1 år, men det er framleis rett til å ta så lang ammefri ein treng så lenge som ein treng det, slik dagens §12-8 opnar for. I tillegg er dei klare på at dette er meint som ei minimumsløysing, og andre ordningar som er til gunst for arbeidstakar kan gis ved avtale - som i dag. Dermed er det ingen grunn til å tru at tariffavtalane vil bli vesentleg endra pga dette. Det blir jo akkurat som med den femte ferieveka - veldig mange har avtale om denne, sjølv om ferielova berre seier 4 veker og 1 dag ferie.

Konkret så består forslaget i at mødre som jobbar fulltidsdag får rett til 1 time betalt ammefri per dag, medan kvinner som jobbar tilnærma fulltidsdag får rett til 0.5 timar ammefri. Kva som er ein fulltidsdag vert drøfta ganske inngåande, og forslaget ender på at dette er 7.5 timar inkludert "Ordinære pauser i arbeidsdagen som matpause (med eller uten lønn) eller andre vanlige, korte pauser på arbeidsplassen [...]. Det samme gjelder korte situasjonsbetingete nedkortinger av arbeidstiden, som for eksempel lege- eller tannlegebesøk eller akutt sykefravær." I tillegg skal ammefritid reknast med, sidan det skal takast utgangspunkt i arbeidstida før ammefri.

Dermed er det teke omsyn til det faktiske fråveret som arbeidsdagen medfører, noko som er meir fornuftig enn å berre rekne lønna arbeidstid - som ikkje nødvendigvis er tida ein er forventa å opphalde seg på eller nær arbeidsplassen.

Kvinner som jobbar "tilnærma fulltid", dvs 7 timar kvar dag etter definisjonen over, har rett på ein halv time ammefri. Her er grensa satt ved 7 timar for å sikre at dei ikkje ender opp med lengre netto arbeidstid enn kvinner som jobbar litt lengre dag og dermed får fri.

Ein ting det ikkje er teke omsyn til er dei som har vesentleg lengre skift/arbeidsdagar enn 7.5 timar, anten dette skuldast at skiftordninga er sånn eller at ein jobbar doble eller forlenga vakter, eller overtid. Framlegget nemner såvidt dette, men meiner det skal løysast ved avtaler mellom partane i arbeidslivet.

At ammefri blir ein lønna rettigheit synes eg er bra. Det gjer at det iallfall ikkje er pengane det står på for den einskilde arbeidstakar.

Dessverre er det nok slik at endringa i loven ikkje nødvendigvis gjer det lettare å faktisk ta ut ammefri, sjølv om ein no slepp å tape løn på det. At kvinner får tilrettelagt arbeidsdagen til å ta lengre pausar eller forkorte dagen i endane er vanskeleg mange stader. På veldig mange arbeidsplassar er dette det eg vil kalle ein kunstig vanskelegheit. Det er som oftast ikkje vanskeleg å la nokon jobbe ein time mindre per dag - planlagt og regelbunde. Same arbeidsgivar må takle at ein tilsett er hos lege eller fysioterapeut på dagtid innimellom, eller at nokon blir sjuke eller får sjuke barn på kort varsel. Då burde dei òg klare å legge til rette for at ein del kvinner får ein time mindre arbeidstid om dagen.

Andre stader er det eit reelt problem å legge til rette for ammefri å grunn av arbeidets karakter - alle trengs på jobb heile tida, og sjølv det å ta spisepause er ein komplisert kabal å få til å gå opp, i tillegg til at arbeidsdagen ikkje enkelt kan gjerast kortare pga. behov for feks. rapportering. Men også på desse arbeidsplassane har dei tilsette rett til ammefri - arbeidsgivar må anten sørge for at det vert mogleg, eller så må dei unntas frå dette i AML (slik offshore-arbeidarar er). Sistnemnde trur eg det er lite sannsynleg at vil få gjennomslag....

Det er nokre punkt i lovframlegget eg synes burde vore annleis.

Forslaget avgrenser lønna ammefri til barnet er eitt år. Det er ikkje noko avgrensing av ammefri-rettigheiten som alt finst, den gjeld altså så lenge ein har behov for det uansett alder på barnet. Avgrensinga er gjort fordi dei rekner med at få har behov for ammefri utover eitt år, sidan barnet som regel er amma mindre då og det er lettare å tilpasse det til arbeidsdagen. Eg synes likevel at det ikkje burde vere noko avgrensing her, sidan det er ein del som treng ammefri lenger, og det ikkje alltid er sånn at barnet automatisk vil ha pupp kun morgon, ettermiddag og kveld når det fyller eitt år. Det er jo heller ikkje slik at alle som ammer har ein 8-16-jobb. Viss barnet er i barnehage og ein sjølv jobbar ettermiddag, kveld eller natt så kan det rett og slett bli vanskeleg å oppretthalde amminga utan tilrettelegging i form av ammefri.

Ein annan grunn til avgrensinga til eitt år er nok også at norske myndigheitar tilrår amming i 1 år "eller lengre", noko som er kortare er WHO si tilråding om "two years or beyond". Dei norske tilrådingane er under revisjon, og det blir spanande å sjå om dei endrer denne tilrådinga og om det i såfall også vil eller bør få konsekvensar for lønna ammefri.

Eg synes ikkje behovet for ammefri ved lengre vakter utelukkande skal overlatast til avtalar mellom partane. Eit alternativ ville vere å seie at den betalte ammefritida auker med feks. ein halv time for kvar halve "normalarbeidstid" (3.75 timar) ein jobbar i tillegg, slik at eit 12-timars skift vil gje 1.5 timar betalt ammefri. Det vil ikkje dekke opp det fulle behovet for ammefri for alle, spesielt ikkje dersom det dreier seg om pålagte ekstravakter som kan kome med kort varsel og som medfører at ein ikkje rekk eller kan tilpasse "heimelivet" til dei, men det vil iallfall hjelpe litt.

Det andre som burde ha vore teke med i utrekninga akkurat her er reisetid. Det er sjølvsagt vanskeleg å rekne på, men det er heilt klart ein vesentleg del av arbeidsdagen, kanskje i større grad når ein ammer enn elles. Det er greitt å bu 45 minutt frå jobben til vanleg, men når dette medfører halvanna time ekstra tid borte frå die-barnet så speler det plutseleg ein større rolle. Eg meiner ikkje at reisetida skal vere betalt, men det burde vore teke omsyn til den i utrekninga av arbeidsdagens lengde. Å forvente at ein arbeidstakar skal flytte nærare jobben for ein ammeperiode på 3-4 månader er litt drøyt, og likedan er det vel dei færraste som flytter lenger bort frå jobben for å utløyse retten til ammefri heller...

I likelønnsmeldinga konkluderte departementet med at det var greiast om arbeidsgivar betalte lønna ammefri, fordi det vart for stor overhead om NAV skulle organisere det. Etter nokre rundar med foreldrepengesøknader er det ikkje vanskeleg å vere samd i dette. Ideelt sett så burde kanskje folketrygda dekke dette, men sidan det vil vere snakk om ei ordning som dekker relativt få og som bør vere fleksibel er eg ganske sikker på at det ikkje burde gå inn under NAV... Det er òg slik at mange utvidingar av eksisterande velferdsordningar blir dekka av arbeidsgivar, det siste dømet er at betalt pappaperm etter fødselen (2 veker velferdspermisjon, må ikkje forvekslast med fedrekvoten) kom inn i tariffavtalen for Fellesforbundet ved det siste lønsoppgjeret, sjølv om det opprinneleg var eit krav frå arbeidsgivarsida om at staten skulle dekke (delar av) dette.

Fleksibiliteten i ammefri er viktig fordi behovet endrer seg fort, og det er òg mange som ikkje ammer fram til barnet er eitt år. Viss ordninga faktisk skal dekke ammefri og ikkje vere ein generell fritime for småbarnsforeldre er det viktig at den er fleksibel nok til å dekke både mors og arbeidsgivars behov - slik at mor får den fritida ho treng, men samstundes slik at ho lett kan "sleppe" å få ammefri når det ikkje lenger er behov for det. Eg ser for meg ein lang rekke søknader til NAV for å justere behovet for ammefri, etterfulgt av krav om tilbakebetaling for dei 20 timane med ammefri ein urettmessig fekk pengar for før ein slutta å amme då barnet var 11 månader. Overfor arbeidsgivar er det trass alt snakk om same lønna uansett, så justeringa frå ammefri til vanleg jobb burde vere forhaldsvis enkel.

I dag er det slik at alle kvinner som ammar har rett på ammefri. Likevel er det vanleg å måtte søke om fri hos arbeidsgivar, og ofte med dokumentasjon på at ein fortsatt ammar. At helsesøster eller lege skal måtte dokumentere fortsatt amming er unødig byråkrati - det er dei færraste av desse som krev noko anna enn at mor seier ho ammer, og då kan mor like gjerne seie det til arbeidsgivar.

Søknad om ammefri blir noko litt anna, idet mange arbeidsplassar har standardskjema som skal fyllast ut for alle typar fråver, anten det er lønna eller ulønna, tariff- eller lovfesta. Søknaden SKAL uansett innvilgast når det gjeld ammefri, det er ein lovfesta rettigheit så arbeidsgivar kan ikkje avslå den. Men dokumentasjon frå lege/helsesøster på fortsatt amming bør bort.

Eit problem som vert påpeikt i høyringa er at ingen veit kor mykje dette vil koste. Det finst ingen statistikk over kor mange som tek ut ammefri i dag eller kor lenge/mkje dei gjer dette, og om dei får løn eller ikkje for ammefritida. Kostnadene i framlegget frå departementet er basert på dagens ammeandel for barn mellom ca 8-9 og 12 månader, og at mor tek ammefri i omlag 3-4 månader. Departementet ber høyringsinstansane spesielt om å uttale seg om dei økonomiske konsekvensane. I tillegg gjetter eg på at i det minste arbeidsgivarsida vil kome med oversikt over kor mykje dette kostar i løpet av eit par år.

Mitt håper at betalt ammefri for alle vil gjere at fleire held fram å amme etter at dei byrjer å jobbe igjen. I følge Spedkost-undersøkinga (2007 er det 6% av dei som sluttar å amme før 12 månader som oppgir jobb som viktigaste årsak (8% har dette som nest viktigaste grunn), så det er absolutt ikkje slik at alle norske babyar vil bli amma i tråd med anbefalingane fordi om det blir enklare å amme i arbeidstida. Vonleg vil nokre av desse halde fram å amme litt lenger. Dessverre er det slik at betalt ammefri ikkje gjer at det er gjennomførbart å bruke ordninga. Det har vore lovfesta i mange år, slik at ingen har kunna nektast fri, men likevel er det mange bransjar der ammefri i seg sjølv blir sett på som ugjennomførbart. Dette gjeld spesielt i yrker med krav til tilstadevering gjennom arbeidsdagen - då meiner eg ikkje arbeidstakarens generelle plikt til å vere på jobb, men stillingar der liv og helse er i fare dersom arbeidstakaren ikkje er der. Helsevesenet er eit område der det stadig er vanskeleg å få bruke ammefri-retten, andre er innan barnehage og skule. Å endre haldningane her - både hos arbeidstakarane som må tørre å be om ammefri, og hos arbeidsgivar, som aktivt må legge til rette for det - er nok eit mykje viktigare felt enn betalt ammefri.

Eg vil gjerne høyre dine erfaringar med ammefri - anten du er arbeidstakar, arbeidsgivar, kollega eller noko heilt anna.

2012-07-09

Krav frå Staten

Du veit du har sittet pal foran PCen litt for lenge når du har lest så mange kommentarar på nettavisene at det er heilt naturleg å si til Mannen at vi har fått brev frå den sosialistiske feministstaten med beskjed om at vi er tvunge til å finne eit namn til Toern.

Alternativet (altså det som ikkje krev planleging i form av nedlasting, opptaksplanlegging eller berre det å finne ein fornuftig serie å sjå på) er å sjå dokusåper. Og det føles strengt tatt berre marginalt meir utfordrande for hjernecellene.

Og sånn går no dagan...

2012-06-28

Amming, Take Two.

Med over to års ammeerfaring har det føltes litt rart å av og til måtte seie at "amming av spedbarn, nei, det har eg inga erfaring med". Teoretisk har eg nok kunnskapen inne, eg kan "alt" om såre brystknoppar, urolege barn om kvelden, blokkamming, lite mjølk og andre ting som nybakte mødre stiller flest spørsmål om. Men eigen praksis? Nei. Ungen ville ikkje ha bryst før ho var 3 månader, og på det stadiet har dei fleste på eit eller anna vis kome over dei aller fleste spedbarns-ammeutfordringane sine.

Så då Toern meldte sin ankomst for ei drøy veke sidan hadde eg som ballast ikkje berre store mengder teoretisk kunnskap, ganske mykje erfaring i form av andres erfaringar, utfordringar og problem, og eit breidt korps av ammehjelpere om eg skulle lure på noko, men også mogleiken til å starte med amming av spedbarn for aller første gong. Ein interessant kombinasjon, synes eg!

Det aller første som slo meg etter å ha pressa ungen ut og gjort oss klar til å amme var at dette krev tålmodigheit!

Etter at eg fekk han opp på brystet etter fødselen brukte han omlag ein time på å finne puppen sjølv for fyrste gong. Då lot eg han fyrst ligge oppå brystkassa mi, deretter la eg meg på sida med han mage-mot-mage. Eg har store bryst som vert litt, øh, flate når eg ligg på ryggen, så det var ikkje så lett å navigere seg rett fram til dei, trur eg, og det var vanskeleg for meg å sjå han også. Men når eg låg på sida hadde eg god kontroll over både han og meg, og kunne legge til rette med å forme brystknoppane litt for han når han nærma seg, slik at han fekk lettare tak.

Eg gav uttrykk til jordmor og barnepleier for at eg ville greie dette på eiga hand, så eg fekk inga rettleiing eller hjelp til å gjere dette "rett". Som andregongsfødande og ikkje minst som ammehjelper synes eg dette var heilt greitt. Verre var det at eg heller ikkje forrige gong fekk noko hjelp til dette, utover at eg fekk Ungen opp på brystet og (så vidt eg hugser) fekk beskjed om at det var berre å ta den tida vi trong, så ville ho finne brystet. Eg tviler på at tålmodet holdt til ein times orientering på mors bryst, så eg trur nok ho fekk litt hjelp av eg undervegs. Kor mykje dette hadde å seie for utfallet er umogleg å seie, så eg spekulerer ikkje meir over det no. Gjort er gjort og amminga kom no på plass etterkvart.

Det er viktig å vere klar over at den første amminga kan ta tid, mykje lengre tid enn du trur, og dess lengre tid det tek, dess viktigare er det nok å ikkje la seg stresse. La barnet bruke den tida det vil, og spør jordmor om råd viss du er usikker på om du eller barnet ligg "rett" eller liknande. Ikkje "hjelp" barnet for mykje fram til målet.

Etter at han først var kobla på, sugde han seg fast og vart liggande. Først etter to timar slapp han taket slik at barnepleieren (som var innom for tredje gong) kunne få veid og målt han. Løvemamma passa på :) (Nokon ville kanskje oppfatta det som masing når dei for tredje gong kom inn og lurte på om dei kunne få veie og måle, men eg ignorerte det berre...)

Vi slumra oss begge gjennom natta, og neste morgon var det til for ny ammestund. Denne gongen tok det 20 minutt før han ville ta tak.

For to år sidan hadde eg vore drive til vanvidd etter 5 minutt. Denne gongen følte eg ikkje ein einaste gong at skuldrene nærma seg øyrene eller at sveitten pipla fram. Eg var roleg og forsøkte hjelpe han til å ta tak (med store brystknoppar er det greitt med litt "skvising" for å hjelpe ein liten munn å få godt tak), men elles styrte eg lite.

Mykje av grunnen til at det tok så lang tid før han tok tak var nok at eg såg tidlege signal på svolt - kaving, lett klynking, han byrja sutte på fingrene og virka generelt litt søkande. Han skreik ikkje, og virka slettes ikkje "skrubbsvolten-gi-meg-mat-no-straks". Kanskje er det ikkje sånn vi trur at ein svolten unge ser ut, slik at det er lett å tolke det å bruke lang tid på tilkoblinga som manglande interesse?

Å bruke lang tid på tilkoblinga kan vere eit teikn på at du les svoltsignala til barnet ditt "rett" og tilbyr brystet i god tid før det eigentleg veit at det vil ha mat.

Dessverre har Toern akkurat som søstra litt liten munn, så det var vanskeleg å få optimalt sugetak med mine store brystknoppar. Babyen skal ikkje sutte på tuppen av brystknoppen, men ha heile brystknoppen og delar av areola (det brune) inni munnen. Dette krev at barnet gapar ganske høgt. Eg slurva med dette den første natta og dagen, og det fekk eg (bokstaveleg talt) svi for den neste veka.

Pass på korrekt sugetak frå første time.
















Ganske bra sugetak.

Det tek framleis ofte lang tid å koble han på. rett nok er det ikkje snakk om 20 minutt, men 5-10 minutt er ikkje uvanleg, særleg om natta og kvelden. På dagtid er det litt meir som på film - schmokk, rett på.

Og amming tek altså tid. Mykje tid. Toern vil som regel die 30-60 minutt eller lengre før han slepp taket. Som regel sovnar han i matfatet, men held fram å ha eit godt sugetak med aktiv diing (nokre sugetak før han svelger). Hittil i dag (han er 9 dagar og klokka er straks 15) har eg amma i minst 5 timar (og det er nok snart tid for ei ny økt medan middagen står i omnen, han har snart sove i 2 timar no). Eg rekner med minst like mange timar til før midnatt. Men til gjengjeld for ei halvanna times ammeøkt i senga fram mot midnatt får eg nok sove opp mot 5 timar før han vil ha mat igjen, så det er verdt det :) Dessutan bryr eg meg ikkje så hardt om augekontakt med mitt slumrande diebarn (eg er jo den slemme mammaen ;)), så eg får nokre timar med TV, PC og ein stabel bøker på nattbordet.

Alt dette er ein overgang frå to-åringens 3-minutt-på-ein-god-dag-økter - ho vil forresten gjerne die litt lengre no når det tydelegvis er meir mjølk der...

 
 Ganske tilfreds unge.


2012-06-15

NAV, annet bind, annen akt.

Forleden dag fekk eg svar på søknaden min om foreldrepengar.

Tru det eller ei, men NAV har faktisk klart å gjere det (nesten) riktig. Dei har rett oppstartdato, ingen kommentarar til at arbeidsgivar ettersendte inntektsopplysningar (eg antar dette kan tyde på at eg har ein kompetent arbeidsgivar som klarer ettersende det dei seier dei skal ettersende) og dei har klart utsette permisjonen min med litt meir enn 5 veker ferie, slik eg optimistisk førte opp etter ei litt kryptisk formulering om at man automatisk kunne søke om utsetjing av permisjonen ved å føre opp ferie i feltet (som var litt i strid med formuleringa i ymse rettleiingar om at permisjonen kun kan utsetjast med lovbestemt ferie, dvs 4 veker og 1 dag).

Dei klarte også å ikkje referere til at far skal ha "mors del av permisjonen", korkje i mitt vedtak eller i informasjonsbrevet til far - det står pent og pynteleg "fellesdelen" og liknande. Absolutt eit framsteg, sjølv om eg avventer med jubelen til Mannen har fått sitt vedtak.

Det dei naturlegvis ikkje har klart er å innvilge meg foreldrepengar for den perioden eg ba om det, dvs fram til slutten av november (eller ut året med ferie-forlenginga). Resten skal jo Mannen ha, så det prøvde eg meg på å forklare at eg ikkje skulle ha. Det ignorerte dei, dog var ikkje dette så veldig overraskande - det er sånn regelverket deira er, og det er nok barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet som er rette instans for å endre på dette.

Det betyr ikkje at eg synes det er greitt, derimot så betyr det at det nok kjem eit innlegg frå meg snart om kordan mor ikkje treng ta standpunkt til permisjonslengde i det heile teke og kordan dette kan påvirke uttaket og fordelinga av permisjonen.

2012-05-28

Meir om langtidsamming frå eit antropologisk perspektiv

No vart det plutseleg to innlegg på ein kveld etter lang tids tørke, eigentleg hadde eg tenkt å utsette publiseringa av dette nokon dagar. Men så såg eg at Ammehjelpen på sine facebook-sider påstår at gjennomsnittleg ammelengde på verdsbasis er 4.2 år - og sidan det er feil feil feil så måtte dette ut i dag. Slapp av, då vert det nok dobbelt så lang bloggtørke framover i staden.

Eg har jo tidlegare blogga om langtidsamming, etter at eg såg påstander om at gjennomsnittleg alder for avvenning er ca 4.5 år. For å gje nye (late) lesarar eit samandrag: gjennomsnittleg ammeavvenningsalder er ikkje 4.5 år, men dersom ein ser på utviklingstrekk hos pattedyr så KAN ein samanlikne og seie at biologisk burde avvenning hos menneskebarn skje ein gong mellom 2.5 og 7 år. I mange land og kulturar er det vanleg å amme mykje lengre enn i Noreg (og ikkje minst i USA), og eit vekta gjennomsnitt av nokre av dei største landa og ammefrekvensen der kan nok dra alderen for ammeslutt opp mot 1.5-2 år.

Nyleg kom eg over eit blogginnlegg av same Katherine Dettwyler (som er antropolog og har skrive mykje om amming, blant anna ein artikkel eg bruker i det andre innlegget om langtidsamming), om Worldwide average age of weaning, der ho tek opp problematikken rundt akkurat denne statistikken. Først av alt reagerer også ho på påstanda om at gjennomsnittleg ammeavvenningsalder er 4.2 år, og viser til at det berre finst anekdotiske, avgrensa eller rett og slett dårlege kjelder for den.

Ho viser til ein del interessante problem rundt kva metodikk forsking på eit globalt gjennomsnitt skal vere basert på, blant anna er det ein del kulturar det er gjort meir forsking på enn andre - det finst mange sosialantropologiske studier frå matriakalske landsbyar på kysten av Portugal (så vidt eg hugser frå ex.fac.), men forhaldsvis få frå kinesiske storbyar, som i global statistisk samanheng burde ha blitt vekta høgare. Kultur virker definitivt inn - ho bruker USA som døme, og trekker fram blant anna medisinske intervensjonar av mange slag som påvirker amminga, og spør om ein kanskje burde holdt alle som gir opp eller aldri initierer amming i løpet av dei første 6 vekene (som ho ser på som "tilvenningsfasen", tida for å etablere god amming for både mor og barn) utanfor ammestatistikkar? Det hadde iallfall vore interessant å sjå kordan tala då hadde blitt påvirka, sidan det er ein ganske stor andel kvinner i industrialiserte land som ikkje ammer etter 6 veker (eller i det heile teke).

Konklusjonen hennar er at det ikkje gir meining å snakke om globale gjennomsnitt for amming. Derimot kan det vere meiningsfullt å snakke om kordan ammeslutt er distribuert i ulike kulturar, altså kordan kurven ser ut. Eg synes iallfall definitivt det er interessant å sjå kor kulturelt påvirka amming er, kor mykje av det rundt amming som bestemmast av kulturen vi befinn oss i.

Og konklusjonen - alt i innleiinga - er altså at det ikkje er grunnlag for å hevde at det finst ein global avvenningsalder på 4.2 år. Eller for å seie det med Katherine Dettwylers eigne ord: "The 4.2 year figure cited by Ruth Lawrence is clearly not valid, regardless of how useful people have found it for justifying extended breastfeeding. The 2.8 year figure cited in my work represents the median age (not the mean) for a cross-cultural sample of 64 traditional societies prior to the mid-20th century, not a current world-wide average."

Når har ein amma for lenge?

Mange har sikkert fått med seg dei siste par vekenes diskusjon rundt langtidsamming, som starta med The Time sin artikkel om "attachment parenting" (tilknyttingsomsorg), illustrert med ei forside som også i Noreg ville vore rangert som kontroversiell.

Denne helga fulgte Bergens Tidende opp med ein reportasje om langtidamming, med intervu og flotte bilete av mødre med barn i 2-3 års-alderen. (Dessverre held kommentarane på artikkelen stort sett same kvalitet som kommentarane i nettaviser generelt, så eg har ikkje orka lese for å sjå om det finst gullkorn der.)

Sjølv om eg ikkje trudde det då eg vart gravid eller (ikkje) starta å amme, så synes eg no det er heilt naturleg og greitt å amme lenge etter den anbefalte minimumsalderen for amming i Noreg (og frå WHO si side). Amming blir ikkje unyttig straks "aldersgrensa" er passert, og ikkje er det helseskadeleg å fortsette heller - så på same måte som at eg ikkje kaster spagettien om den har passert "best før"-datoen med god margin så held eg fram med amminga. Og eg har i grunnen trua på at morsmjølk gir ungen min meir balansert og nyttig næring enn spagetti gjer, sjølv om kanskje spagetti står for ein større del av næringsinntaket hennar....

Det blir for meg veldig kunstig å sette ei bastant grense for når ammeslutt skal skje. Først og framst, kva skal denne grensa vere basert på? Forsking? I såfall må nokon gjennomføre nokre større forskingsprosjekt først... Det finst mykje forsking på effekten amming generelt, det meste med barn opp til 3 eller 6 månader. Fram mot 1 år finst det mykje mindre, mellom 1 og 2 år finst det nokre få studier, og over 2 år finst det så vidt eg har funne ingenting. Grunnen til det er nok enkel: det er få i kulturar der det er mogleg å gjennomføre kontrollerte studier over så lang tid som ammer så lenge. I Noreg er det ca 4% (dvs rundt 2400 av eit årskull) som ammer ved 2-årsalder, etter dette finst det ingen statistikk.

Det finst altså ingen eller i beste fall svært lite relevant forsking om dette, anten ein ser på fysiske eller psykiske effektar, eller heilt andre ting. Kritikken eg har sett mot langtidsamming er stort sett anten retta mot ein uspesifisert alder der barnet er "for gammelt" (eller for stort), at det ikkje er nokon helseeffekt av amming så lenge (så korfor gidde?), at barnet blir for nært knytta til mor, og kanskje psykisk skada for livet, at mor gjer dette for sin eigen del, eller at det er ekkelt.

Kva som er "for stort" eller "for gammelt" veit eg ikkje heilt. Nokon nemner å kunne sitte sjølv - vel, mitt barn insisterte på å stå i fanget vårt (jada, med støytte) sidan ho var 2 mnd. Eg burde kanskje aldri byrja å amme då? Andre synes barnet er for stort når det ser for stort ut - utan at det er så veldig klart definert heller. Atter andre når barnet har fått tenner - nokre barn får første tann ved 2-3 mpnadersalderen, skal dei starte på kotelett-gnaging då? Og andre set grensa ved at barnet kan be om eller finne fram brystet sjølv. Her er det igjen nokre barn som er veldig tidleg ute med å løfte opp genseren - intelligens eller dumskap? Og for min eigen del så har eg ein Unge som snakka i 2-3 ord lange setningar frå ho var rundt 15 mnd - skulle eg ha avvent henne då, medan sonen til ei eg kjenner, som er 2 månader eldre enn Ungen og nettopp har lært å koble saman ord framleis kan ammast nesten eit år lengre?

Helseeffekt, anten den er fysisk eller psykisk og negativ eller positivt, finst det altså stort sett inga forsking på, og det går ikkje an å basere seg på fråveret av forsking, iallfall ikkje når det finst erfaring gjennom årtusen som tyder på at amming til barnet er fleire år gamalt går heilt fint. Det er ingenting som tyder på at det var vanleg å avvenne spesielt tidleg i tidlegare kulturar, sjølv om auka industrialisering og pengeøkonomi absolutt gjorde sitt for å korte ned på amminga. Det var behov for mors arbeidskraft, og for mange var det til dømes billegare å leige inn ei amme til å gi barnet mat enn å amme sjølv. Innafor adelskapet var det gjerne om å gjere å få flest mogleg barn, og då hjalp det med korte intervall mellom fødslane - ergo ingen eller kort amming der også.

Når det gjeld egoisme så vil eg starte med å nemne at eg overhode ikkje fekk Ungen for hennar eigen del. Det var ikkje ei genuin tru på at akkurat dette barnet skulle få det så fantastisk godt som gjorde at vi valde å ha sex akkurat den kvelden og at akkurat den sædcella traff egget - og så vidare. Ungen er rett og slett eit produkt av foreldras egoisme - vi fann ut at vi hadde lyst på barn, enkelt og greitt. På same måte er amming i godt over to år naturlegvis eit produkt også av mors vilje - hadde eg ikkje villa amme og syntes det var greitt å amme så hadde eg då for all del kutta ut for lenge sidan.

Og ekkelt? Det er mykje som er ekkelt, men eg vil ikkje forby det for det, og så lenge det berre er ekkelt utan nokon annan grunn til å vere mot det så vil eg faktisk avstå frå å meine noko om ein annan person sine handlingar også. Røyking er ekkelt, helseskadeleg og det plager andre - ergo er eg veldig for røykelova. Snus er ekkelt og helseskadeleg, men utover det reint estetiske og så lenge snusaren tar med seg klysene sine synes eg ikkje det skal vere forbode. (Derimot bør det vere høge bøter for å forsøple med snusklyser. Eller tyggisar.) Og sæggebukser med rørleggersprekk og rosa boxer under er både ekkelt og stygt, men her klarer eg ikkje finne andre gode argument enn min eigen alder og estetiske sans, så det går under "klær er trass alt klær". Eller "me vett det, men me liga det ikkje", som indremisjonsmannen sa om Jesus som gjorde vatn til vin. Og forøvrig synes eg ikkje amming av "store" barn er ekkelt heller.

Men uvant, det er det. Heile greia med amming er i grunnen uvant for dei fleste som ikkje har barn sjølv. Eg hadde tatt på éin gravidmage og så vidt eg hugsar aldri sett amming i RL (bortsett frå ei bilete av mora mi som ammer broren min) då eg sjølv vart gravid. Amming av "større barn", kva no det var, var totalt ukjend. Dei fleste som ammer barn over året i vårt samfunn gjer dette utanfor det offentlege rom - barnet er i barnehage, foreldra på jobb, og amming er som oftast noko som skjer heime, nokre få gonger om dagen. Om det er forhaldsvis fleire heimeverande som langtidsammer i forhald til utearbeidane, veit eg ikkje - dei fleste eg veit av som ammer "eldre barn" jobber (men så kjenner eg jo flest arbeidande mødre også).

Alt dette fører uansett til at det er veldig sjeldent å sjå 2-åringar som blir amma, så når vi ser det så blir det svært framand for oss. Det bryt med biletet av det nusselege spedbarnet i rosa eller lyseblå blondar som ligg så pent i mors armer med eit halvt skjult bryst i munnen. Ein halvmeter baby på fire kilo kan ammast litt diskret og skjult vendt mot veggen eller under eit sjal om ein ynskjer det, det går rett og slett ikkje med ein munnrapp og nyskjerrig to-åring på knappe meteren. Så då let nok dei fleste vere å gjere akkurat dét. Og nettopp difor er reportasjar av den typen som BT hadde så viktige, med dei flotte bileta, med Tatjana og Julija på framsida, med bilete av taleføre barn (og mødre!) - det viser oss eit anna bilete av amming enn dei bittesmå babyane som stort sett er dei som er med på dei vanlege ammebileta.

Just for the record: eg ammer framleis. Sjølv om Ungen i kveld - i all sin taleførheit - sa at "magen til mamma har ikke plass til puppeputa". Og dette er absolutt noko eg ikkje hadde trudd eg kom til å gjere om du fortalde meg det for 2-3 år sidan :-)

2012-05-15

NAV, annet bind, første akt.

Eg skal fylle ut søknad om foreldrepengar (NAV 14-05.09). Det er eit nytt og fancy skjema sidan sist eg fylte det ut (i 2010), denne gong organisert som flytskjema. Rett nok er det neppe designa av nokon som aspirerer for ein siv.ing.-grad i datateknikk, men vi kan late som det er ein viss flyt i det.

Så eg fyller ut namn&nummer på meg og far, og starter på sjølve skjemaet. Flyten 1-2-3-4-7-8-9-12-13 går fint og nokonlunde utraumatisk.

I punkt 14 fyller eg ut når permisjonen startar (i mitt tilfelle 3 veker før termin).

Så blir eg forvirra. Midt i datoen for permisjonsstart står det ei pil om at eg skal gå til 19. Samtidig byrjer spørsmåla frå 15 til 18 å bli meir fedre-sentrerte, så eg føler ikkje at det er "mine" spørsmål. Rask skumlesing viser dog at eg må legge fram dokumentasjon på at eg skal tilbake i jobb etter permisjonen min, eller som arbeidsgiver sa forrige gong då dei måtte stadfeste at eg skulle jobbe: "Du følger arbeidskontrakten din. Dette er jo idiotisk."

Så eg går til punkt 19, der det er plass for inntektsopplysningar, i punkt 20 kan eg skrive inn ferie.

Men det er ingen plass der for å skrive inn lengda på mors permisjon. Dei antar tydelegvis framleis at mor skal ha mors del pluss heile fellesdelen av permisjonen. Eg bør vel rekvirere døgnmåling av blodtrykket mitt til den dagen eg får svar frå NAV, sannsynlegvis med beskjed om at når far tar av mors permisjon så må mor hugse å levere dokumentasjon....

("Mødrekvoten" er p.t. på 3 veker før og 6 veker etter fødselen (med visse modifikasjonar for prosjekttapere som ikkje klarer halde deadline), men det er visst fleirtal for å utvide den til 12 veker slik at den blir like lang som fedrekvoten. Eg håper dog det ikkje skjer før Toern blir født. Ikkje fordi eg er mot endringa, for den synes eg er heilt grei, men fordi alle endringar i foreldrepengar pleier trå i kraft 1. juli og då hadde eg ikkje tenkt vere gravid...) (Men eg trur ikkje mødrekvoten blir utvida før i 2013, det er litt vel seint å endre det no (dvs før Stortinget tar ferie i midten av juni). På den annen side, vi snakkar om NAV.)

Eg føler på meg at NAV og eg også denne gong kan ha eit hjarteleg godt forhald.

2012-04-30

Gullkorn frå barnehagen (igjen).

"Spesielt de største guttene er på ivrig leiting etter mark – som de samler i bøtter og på spader. [...] Og de største jentene er ivrige i leiken der de er både baby, mor, far og bestemor"

Quiz: Er sitatet henta frå Egners lesebøker anno 1952 eller frå barnehagens nyheitsbrev anno 2012?

Dessverre er svaret et desse to sitata er henta frå beskrivelser av barnas kvardag i ein kommunal norsk barnehage anno 2012, gjenfortald i eit månadsbrev til foreldra.

Trufaste lesarar hugser kanskje at vi har hatt våre opplevingar med barnehagen tidlegare også... Den gong orsaka dei seg med at vi måtte ha misforstått, og det var jo ikkje SÅNN meint. Munnleg kommunikasjon er vanskeleg, så vi lot det vel ligge den gong.

Denne gongen er det imidlertid skrive svart på kvitt i barnehagens månadsbrev, så det er litt verre for dei å kome seg unna med at det ikkje var slik meint, eller at dei ikkje er medvite det. For akkurat det at dei påpeiker at det er ein kjønnsskilnad er for meg eit veldig tydeleg teikn på at dei er medvitne at det er ein skilnad!

Å vere medviten at ein faktisk ser ein kjønnsskilnad kan vere ein fin ting, det. Men det forutset jo at dei ikkje berre er medvitne at det er ein skilnad, men òg at dei bør gjere noko med det! For det er faktisk ikkje slik at det er naturleg at 3 år gamle gutar er opptekne av meitemark medan jentene i same årskull naturlegvis er opptekne av dokke- og familieleik. Og det er iallfall ikkje slik at dette er ei kjønnsdeling pedagogisk tilsette i ein barnehage bør legge opp til!

Eg saknar refleksjonar over kvifor det er slik, og ein plan for kva dei vil gjere framover. Rett nok nemner dei i planen sin at dei ser at barna er fascinerte over alle insekta og vårteikna som dukker opp, at dei vil ha fokus på det framover - men vil fokuset framleis vere på at dei eldste gutane skal grave mark med spadene og bøttene sine, og ta det med slik at dei yngste barna (og kanskje dei travle dokke-rolleleikande 3-årige jentene, viss dei klarer rive seg laus) kan få kome og sjå?

Det er sikkert naivt av meg å tru at eg kan demme opp for prinsessetyranniet i samfunnet, men eg ynskjer iallfall gjere mitt både på heimefronten og elles. Eg prøver å ikkje kjøpe rosa klær til Ungen, men viktigare enn fargen: eg unngår å kjøpe jålete og overpynta klær som ikkje kan brukast i vanleg, vilter leik, som kan henge seg fast eller som gjer det umogleg å leike slik at ein kan henge seg fast og som er så overpynta at både foreldre og barn blir redde for å skitne dei til. Vil ho gå i rosa solbriller, skal ho få lov til det (solbriller er solbriller), men brannfarleg prinsessesumarkjole i tyll som må haldast minst 3 meter unna grillen heile sumaren? Not so much.

I barnehagen så er det mitt ynskje som forelder, som brukar av barnehagen, at barnehagen ikkje skal forsterke stereotypiane i samfunnet elles. Det er eit paradoks at vi i Noreg i dag har den same kjønnsdelte arbeidsmarknaden som vi hadde for 20 år sidan, at det er eit stort lønsgap mellom kvinner og menn, at omtrent alle likestillingsframsteg har kome gjennom lovendringar, ikkje friviljuge tiltak.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har foreslått å bruke ein kvart million på likestillingstiltak i barehagane. Talspersonen nemner mellom anna språk som ein av måtane jenter og gutar blir behandla ulikt på. Motstanda mot framlegget kjem mellom anna frå Framstegspartiet: Med få ord, så er dette ein veldig gamaldags likestillingskamp. Til gutar seier du at «du er tøft kledd», medan jenter er «fint» kledd. Det tykkjer eg er heilt greitt. For jenter kler seg fint og gutar kler seg tøft. Slik skal det vere, seier han.

Ja, sånn skal det vere! Gutar er tøffe, jenter er fint kledt. Guten har ein personlegheit, jenta er pent utstyrt. Dette minner vel eigentleg litt om karakteristikkar eg har høyrd tidlegare...

Kunnskapsdepartementet har lagd ei rekke temahefter til rammeplanen for barnehagane, blant anna eit hefte som går på likestilling i det pedagogiske arbeidet. Forfattaren av dette heftet skriv i forordet at "vi ofte ubevisst reproduserer ulike forventninger til jenter og gutter i barnehagen."

Heftet er lagd for bruk i personalgruppa i barnehagen, til diskusjon og refleksjon over eigne roller. Det inneheld òg mange nyttige tips og refleksjonar for foreldre, som trass alt (framleis!) er dei viktigaste rollemodellane for eigne barn. Kva roller er det vi gir barna våre, kva roller har vi og tek vi sjølv? Som rollemodellar er jo kjønn ein del av det, spesielt når kjønnsrollene blir forsterka i barnehagen. Kanskje må vi som foreldre gjere ting som vi eigentleg ikkje liker eller som ikkje fell oss så veldig naturleg - som å skifte dekk eller plukke meitemark i blomsterbedet, rett og slett for å vise at dette er noko både mamma og pappa kan gjere? Og kva fortel det eigentleg barnet om fordeling av arbeidsoppgåver når mor kjøper trillebår til ungen og far er den som monterer den saman? (Prøv for all del gjerne, det kan godt hende barnet legg noko heilt anna i det enn det du (og eg) gjer!)

Eit av temaene i heftet er kjønnsstereotypiar og barnehagens ansvar i forhald til dette: "Hvis vi skal nå de likestillingspolitiske målene som samfunnet etterstreber, og begge kjønn skal få varierte utfordringer og like mye oppmerksomhet, er det en viktig oppgave for personalet å ikke reprodusere de tradisjonelle kjønnsrolleforventningene til jenter og gutter. Jenter og gutter er mye mer enn de forventningene vi har til dem i kraft av deres biologiske kjønn. Synet på barnet i barnehagen omhandler barns rett til å bli sett og anerkjent som samfunnsmedlemmer på linje med de voksne." (s. 11)

Barn er komplekse vesen, ikkje berre som jenter og gutar, men òg som andre roller dei er, blir eller får. "Personalet må i større grad får tak i mangfoldet og de ulike posisjonene jentene og guttene får og tar i barnehagen. Det kreves kompetanse som ikke er fastlåst i spesielle forestillinger om hva som er normalt. Det finnes mange måter å være normal på, og dagen og morgendagens barnehage trenger voksne som evner å se og reflektere over barnas komplekse liv i en kompleks verden." (s. 28)

Likestilling handler om å likestille individa, å sjå alle barna som einskildståande og unike individ. Ei jente er ikkje stille fordi ho er jente, ein gutt er ikkje bråkete fordi han er gutt - dei er det fordi dei er dei dei er.

2012-04-15

Fedrepermisjon som streikesak

Fellesforbundet og Norsk Industri har i dag vorte samde om ny tariffavtale i "frontfagoppgjeret" - den første runden med lønsforhandlingar på våren, den avtalen som blir spydspiss for krava i avtalane for dei andre forbunda. Eg synes det er veldig, veldig fint at eit av krava i dette oppgjeret var to vekers lønna permisjon til fedre etter mors fødsel. Likestillinga har faktisk kome eit godt stykke når eit såpass mannsdominert fagforbund som Fellesforbundet er villige til å gå til streik for dette.

Lønna permisjon til far (eg trur forøvrig at retten også gjeld for "en annen som bistår moren" i lovteksten) etter fødsel betyr at det ikkje er pengar det står på når familien skal vurdere om far kan vere heime etter fødselen. Retten til permisjon har vore der i mange år, men retten til løn har vore tariffbestemt og så langt berre gjeldt i det offentlege samt i ein del avtalar innan det private. Mange har teke ut ferie eller avspasering i denne perioden, eller teke permisjon utan løn, og på den måten fått til å vere heime med mor og barn. No vil mange fleire få denne retten - bra!

Det er viktig av mange grunnar. Det er for dei fleste ein tilstand av totalt kaos rett etter fødselen - overgangen frå to til tre (eller meir) er slett ikkje smidig alltid, og er ein alt tre eller fleire så blir det ikkje nødvendigvis enklare å få ein til av den grunn. Mor er i mange tilfelle såpass nedkøyrd fysisk og psykisk etter fødselen at det er på kanten å vere aleine heime med barnet. Terskelen for å kontakte lege for sjukemelding slik at far kan vere heime er nok høg for mange. Amminga er som regel ikkje særleg veletablert enno, og god støytte frå far er veldig viktig også der.

Kva vert kravet neste gong, tru? Fedrekvote uavhengig av mors rett til permisjon? Meir enn 6G som maks-grense for refusjon frå NAV? Betalt ammefri i alle bransjar? Skiftordningar som legg til rette for fortsatt amming? Ja takk, alle fire?

2012-03-16

Barnet i bokheimen

Pia spør om vi les for barna våre og om dei har tilgang på bøker. Ja, det gjer vi!

Ungen elsker bøker, og vi les alltid ei bok før sengetid (før var det fleire, men vi har flytta litt av "leggetida" frå sjølve leggeritualet til tida "mellom middag og leggerituale") - og som regel eit par-tre andre bøker etter middag. For tida har ho vel ein drøy halvmeter med bøker på stua og litt mindre på soverommet. Planen er å flytte soveromsbøkene til ei litt større hylle der og også ha ei "billedlist" til bøker over senga (ho får straks ny seng med lampe over, sprinkelsenglesing var litt vanskeleg pga lyset), medan stuebøkene etterkvart skal inn på biblioteket vårt vegg-i-vegg med stua. Det kan vere greitt å ha dei litt utanfor lillebrors rekkevidde når han kjem (og blir litt større), tenker eg. Vi har ca 3-4000 bøker på biblioteket, burde nok ha rydda litt i dei, men skal iallfall rydde nok til at ho får sine eigne hyller der.

Elles liker ho Teknisk Ukeblad, der er det ofte fine bilete av vindmøller, tog, anleggsmaskiner og andre store maskiner. Ho har sjølvsagt full kontroll på kva maskinene heiter, og liker å lese det høgt for dokkene sine - altså fortelle dei kva maskiner det er og slikt. Bokstaven "sin" - A - peiker ho òg ut, både for dokkene og oss andre, og i bøker, på butikkskilt og tilfeldige objekt med bokstavar på.

Biblioteket er vi ofte på, det liker ho godt. Det blir fort ein time eller meir med lesing i barneavdelinga før vi tek med oss ei handfull bøker ho (eller eg) likte spesielt godt. Eg prøver å få lånt nokre bøker til meg sjølv også, men aberet er at vaksenavdelinga er i 2. etasje. Det er litt slitsamt å vere der med ein 2-åring som helst vil løpe ned marmortrappa til barneavdelinga i 1. att... mammaer får visst ikkje låne bøker!

Vi har aldri vore plaga av at bøkene blir øydelagt, eg kan ikkje hugse at ho nokon gong har forsøkt rive sund bøker. Då ho var rundt året vart bøkene skjøve rundt på golvet, så mange av dei har slitemerker på permane, men elles er vi strenge på at det ikkje er lov å teikne i dei, og sider med revner (det hender ho bladde litt ivrig då ho var litt yngre, og ei revne blir fort ei lengre revne) blir fort reparert. Eg synes det var litt ekkelt å låne biblioteksbøker då ho var yngre, for mange av dei såg litt tygde ut, men no går det greitt - dei færraste bøker retta mot 3-åringar har bitemerker.

I det siste har ho i større grad byrja lese bøker på eiga hand, så vi har store forhåpningar til billedlista over den nye senga hennar. Kanskje det får henne til å halde seg i senga sjølv om ho kan klatre ut av den? Elles gjer jo sjølvstendig boklesing at det blir litt lettare å få lagd middag, rydda litt eller rett og slett satt seg ned i ein stol og slappa av ein augneblink.

2012-03-14

Det som går inn, kjem ikkje alltid ut att.

Det burde ikkje kome som noko overrasking på dei som kjenner meg (eller for den del dei som ikkje eigentleg kjenner meg, men som les dei lange blogg-innlegga mine) at eg liker bøker. Mange bøker, og dei skal vere mine. Eg kan gjerne låne på biblioteket eller av andre, altså, men når eg først har kjøpt eller fått ei bok så ser eg ingen grunn til å kvitte meg med den. Den skal inn i bokhylla, så dei har vi ganske mange av, med ditto mange bøker i. Tipper vi har rundt 4000 bøker no, dei aller fleste er samla på "biblioteket" ved stua. Biblioteket skulle dog ha vore strukturert og rydda litt, og kanskje burde vi ha avhenda nokre bøker - men kordan gjer ein det då? Med unntak av ein pose med bøker frå ein eller annan "damebokklubb" eg meldte meg inn i pga. gratis velkomstbøker ein gong på midten av 90-talet er eg faktisk ikkje i stand til å kaste bøker. Eg kan til naud gje dei vidare til Frelsesarméen, men alle er merka med namnet mitt og eg liker ikkje heilt tanken på at dei skal ende i ein bruktbutikk. Kva vil folk som ser i dei tenke om meg, kva var feil med denne boka?

Så då hoper dei seg opp, då, og vi burde lære oss å snekre lure bokhyller slik at kroker og krinkler kan utnyttast. Der er vi ikkje så gode i dag. Takhøgda vår (altså den fysiske) er ikkje enorm, men ein del plassar kunne nok ei hylle oppunder taket ha gjort seg. Eg kunne òg tenke meg ei "skrytehylle" i stua, det er litt rart at den er nesten fri for bøker, synes eg. Dessutan hadde det vore kjekt å putte bøkene vi les i stua i ei hylle når vi ikkje les i dei - Ungen gir ofte pappas bøker om brygging og ølsortar litt hardare medfart enn han sjølv gjer.

Når eg tenker meg om så er det kanskje eit par kategoriar bøker eg kan klare å skilje meg ad frå. Det eine er skulebøker frå studietida mi, feks. pensum til ca 30 vekttal matematikk på NTNU siste halvedel av 90-talet. Eg har ikkje på langt nær 30 vekttal matematikk, og sjansen for at eg skulle ynskje å få det synk nærast frå dag til dag. Samstundes kan det jo hende at Ungen vil lese i desse bøkene om nokre år? Så nei, dei blir nok ikkje kasta. Men viss nokon kan peike meg i retning av nokon som samlar inn gamle (og kurante) pensumbøker for å donere til fattigare studentar eller universitetsbibliotek så er eg veldig åpen for det. Viss ikkje blir dei nok verande her litt til.

Den andre kategorien bøker er frå omlag same tidsepoke: utdaterte databøker. Joda, nokre av dei er artige å ha, men det er rett og slett grenser for kor mykje humor og moro eg ser i halvannan meter med "Dummies", "xxx in 10 days" og liknande høgverdig og nyttig litteratur om tema eg anten kan godt no, eller ikkje kjem til å sette meg inn i. Iallfall kjem eg ikkje til å bruke bøker for dummies, og eg kjem ikkje til å bruke 10 dagar på det. Og heller ikkje bøker frå like etter OL. På Lillehammer altså. Og desse bøkene trur eg faktisk eg kan klare å kaste. Anten kaste dei eller legge dei i ein kasse som nokon kan få kome og hente viss dei vil ha dei. Ut av huset skal dei iallfall.

Så då kanskje vi får tre hyller ledige. Det monner kanskje litt i forhald til dei seks kassene med bøker vi fann innerst på eit lager for to år sidan og som framleis står i ein krok på biblioteket og venter på utpakking.

2012-03-08

Gratulerer med dagen!

I dag er det 8. mars, den internasjonale kvinnedagen, og eg skriv nok eit ammeinnlegg (lett inspirert av faren til ei jente i Ungens barnehage som gratulerte meg med dagen då vi møttes i porten - takk!). For som så mykje anna så handlar også amming om feminisme.

Fjorårets debatt om mors rett til å velge flaske framfor amming slik at far kan overta mating og tidleg permisjon får kanskje mange til å tru at amming står i motsetnad til feminisme - at amming handler om å tjore mor fast til sofaen (kjøkkenbenken er stort sett ein sub-optimal plass for amming, det er viktig å sitte avslappa og ha god støytte for rygg, armar og ikkje minst barnet når ein ammer) slik at ho held seg heime med barnet.

Amming handlar om feminisme fordi:

Amming krev samfunnsendringar for å betre kvinners posisjon og levekår.

Kvinner må ha tru på sin evne til å produsere nok mjølk, og ikkje la seg påvirke av kommersielle produsentar av morsmjølkerstatningar og barnemat som forsøker så tvil om kvaliteten på mjølka, om mødre kan produsere nok mjølk til å ernære barnet sitt, om morsmjølka inneheld nok næring. I delar av verda må dei rett nok skrive på pakken at morsmjølk er det beste for barnet, mens i andre land blir det sett på som unormalt og nesten uansvaleg om du ikkje vil ha med posen med masse gratisprøvar på MME heim frå barsel. For kva om du sitt der og har for lite mjølk når du kjem heim?

I tillegg handler dette om at mødre må få den maten og næringsstoffene dei treng under amming, og tid til å amme. Ammande treng meir mat enn andre kvinner, fordi dei skal ernære eit barn i tillegg til seg sjølv. Dei treng også tid og tilrettelegging til å kunne gi barnet mat, ved behov gjennom heile døgnet. I mange samfunn kan dette fint kombinerast med arbeidet dersom ein legg til rette for det - det er vanleg å ha med ammebarn både på jordbruksarbeid og husarbeid.

Amming må anerkjennast som produktivt arbeid, ikkje som ei mors plikt. Dette betyr at det må leggast til rette for at mødre kan amme sjølv om dei jobber - i form av tilrettelagte arbeidsoppgåver, foreldrepermisjon og ammefri. Amming (og svangerskap og fødsel) skal aldri vere grunn til å seie opp nokon frå jobben, det må uansett leggast til rette for at mødre kan gå tilbake til jobben og arbeidsoppgåvene sine når dei ynskjer det. Dette er ein kostnad samfunnet rett og slett må ta for å oppretthalde produksjonen og reproduksjonen.

Rettane i arbeidslivet jobber bla. International Labour Organization (ILO) for i FN-systemet (sjå t.d. denne rapporten). Noreg ligg foran på mange område, men når det gjeld amming er vi faktisk ikkje blant dei beste i klassen sidan norsk arbeidsliv ikkje har rettigheitsfesta betalt ammefri til alle kvinner. Det er avtalt i tariffavtaler som omfattar ca 2/3 av arbeidstakarane


Amming viser at kvinner har styrke i sin eigen kropp

Vellukka amming gjer mødre (og barn) mindre avhengige av legar og av storindustrien. Barn som vert amma har større sjanse til å overleve dei første åra av sine liv, og har færre infeksjonssjukdommar bla. i luftvegar og i mage/tarm. (Ein del referansar kan du finne i dette innlegget.) I mange land er morsmjølkerstatning svært dyrt i forhald til vanlege lønningar. Sjølv om kvinner som ammer treng litt meir mat, er det på langt nær like dyrt som å kjøpe MME - det er ikkje uvanleg at eit spebarns behov for MME kostar meir enn ei dagsløn for ein arbeidar i delar av Afrika eller Asia. Dette går sjølvsagt utover heile resten av familien - både når det gjeld mat, skulegong og medisinske utgifter - og ofte kan ikkje familien kjøpe nok MME til å dekke babyens behov fullt ut, med underernæring, feilernæring eller sjukdom som følge.


Amming utfordrer synet på kvinnebryst som eit seksuelt objekt

Mykje av den moderne kvinnekampen, spesielt i Vesten, har dreidd seg om retten til eigen kropp, retten til å kle seg som ein vil og retten til å vise så mykje av kroppen som ein vil. Valdtektsdebatten i noreg dei siste åra har handla mykje om kordan kvinner skal kle seg og om det kan eller bør vere grenser for det. Samtidig bruker media kropp for det det tydelegvis er verdt - kan tabloidene sette eit bilete av ein tynn kvinnekropp med mest mogleg hud som forsidefoto så gjer dei det. Fordi det sel aviser, ikkje fordi fotoredaktøren er ein gamal gris.

På Facebook finst det mange grupper fulle av kvinner (og jenter) som viser mest mogleg kropp og bryst innafor rammene der. Derimot er ammebilete i mykje mindre grad lov. Facebook påstår rett nok at det er lov, men gong på gong kan vi lese historiar om kvinner som har fått sletta bilete der dei ammer ungen sin, eller som har fått åtvaring frå Facebook om dette. Det same skjer for mange som ammer offentleg. Men det er faktisk ikkje slik at vi ammer utanfor husets fire veggar fordi vi absolutt vil eller for å vise oss mest mogleg - det er for å gi barnet vårt mat. Og det er ikkje alle barn som aksepterer å bli amma under eit varmt og mørkt teppe der dei ikkje kan sjå mors ansikt. Sjølvsagt kan både mor og barn krype inn under teppet, men var det ikkje for å vere diskret at vi skulle dekke oss til? (Om det plager deg at eg viser 20 cm^2 med nakent bryst så kan du gjerne sjå ein annan veg.)

Alt dette er område som kvinnerørsla i Noreg og mange andre land har snakka om i årevis. Kvinnerørsla besto også av ammeaktivistar - og eg antar grunnleggarane av Ammehjelpen heller ikkje blir fornærma om eg kaller dei feministar :) Dei seinare åra har mykje av den synlege kvinnekampen dreidd seg om ting som er fjernt frå amming, men eg tviler på at eg hadde blitt kasta ut av toget om eg stilte med Ungen og eit banner om min rett til å vise puppen offentleg - sjølv om eg hadde hamna rett bak parolane mot strippeklubbar eller mot Pro-senteret. (No blir det dessverre ikkje noko tog på oss i år, og iallfall blir eg ikkje å bære Ungen medan eg ammer henne i toget. Ouch.)

Gratulerer med dagen, alle kvinner!



Amming borte frå kjøkkenbenken, med Unge som er litt for stor til å ammast i 8. mars-tog.

2012-02-23

Amming under graviditeten

For ei stund sidan skreiv eg eit innlegg om amming og graviditet. Bakgrunnen for det var eigentleg at eg ville skrive om mine eigne erfaringar rundt amming og graviditet, men så vart det så langt.... gamle lesarar vil sikkert påstå at det ikkje er noko nytt ;)

Eg er altså gravid, sånn rundt 23 veker på veg no. Det første teiknet på graviditeten, mindre enn to veker etter befruktninga og på eit tidspunkt der det enno var litt tidleg å ta ein graviditetstest på påliteleg resultat, var at eg fekk vanvittig ømme bryst. Eg trudde ein dag eller to det var brystbetennelse på gong (eg må legge til at eg aldri har hatt det, så eg veit ikkje kordan det eigentleg kjennast ut), og "tvang" Ungen til å die "heile tida", sidan hyppig tømming er den beste behandlinga for dei fleste byrjande brystbetennelser (eg kunne ha lest artikkelen litt nøyare då vondten starta, i staden for panisk å tenke "jeeez, brystbetennelse! AMME!!", for eg hadde ikkje så mange andre symptom enn at det var ømt/vondt...menmen.)

Uansett, etter eit par dagar fann eg ut at det kanskje kunne vere noko anna enn brystbetennelse, og tok ein graviditetstest... som var positiv.

Med lett skrekkblanda fryd fann eg fort ut at eg skulle fortsette å amme - eg har ingen historikk som skulle tilseie at eg ikkje burde amme under svangerskapet, og både eg og Ungen ville gjerne fortsette.

Dei første vekene var det rett og slett vondt, og eg beit tidvis tennene saman og lurte på kva søren eg holdt på med. Heldigvis var det vondast dei første 10-15 sekunda av ammestunda, så innan eg hadde bestemt meg for å koble frå og kutte ut var det ikkje lenger vondt, og Ungen fekk fortsette. Det var også ømt når eg ikkje amma - dvs dei andre 23.5 timane i døgnet, så det å komme borti noko var tidvis smertefullt. Rundt veke 12 gav smertene og ømheiten seg heldigvis, både under amming og elles.

Då eg var rundt 18 veker på veg fekk eg råmjølk i brysta, og mjølkeproduksjonen min gjekk samtidig ned. Grunnen til at eg kan tidfeste dette såpass nøyaktig (og relativt tidleg) er at diemønsteret til Ungen plutseleg endra seg - frå å ville die 3-5 minutt på kvar side vil ho no gjerne ligge 10-15 minutt. I tillegg opplever ho den laksative effekten av råmjølk - ein av funksjonane til råmjølk er å tømme tarmen raskast mogleg for barnebek (mekonium), som er bæsjen barnet lag(r)er i tarmen under svangerskapet (av avfallsstoff frå fostervatn som er svelga). Over natta fekk ho ganske laus mage - det som får meg til å tru på råmjølksvirkninga i staden for barnehagevirus er at då eg nokre dagar etter var bortreist slik at ho ikkje amma på halvanna døgn så fekk ho heilt normal mage igjen, for så å bli laus igjen då eg kom tilbake og ho gjenopptok amminga. (Eg ser òg at mjølka er blitt gul og tjukkare, den minner om vaniljesaus.)

Amming gjer at ein får litt større behov for næring enn elles, og det same gjer graviditet. Begge delar samtidig gir difor dobbelt så stort behov. Det er likevel ikkje snakk om enorme mengdar mat som må til - ved fullamming er det eit par skiver brød og to glas mjølk, og omtrent det same på slutten av svangerskapet. For min del har eg ingen problem med å få i meg tilstrekkeleg næring til både mjølkeproduksjon, svangerskap og drift av meg sjølv, og eg har dessutan litt å gå på...

Planen no er å fortsette å amme Ungen fram til fødselen, og så amme begge to når Nyungen kjem. Tandemamming vil seie at ein ammer to (eller fleire!) barn samtidig, dvs i samme ammeperiode. Nokre let barna die samtidig, andre ammer ein om gongen. Det vanlegaste er nok at den yngste får mjølk først, mens for enkelte kan det vere gode grunnar for å la den eldste die først og dermed la den minste få den feitaste mjølka først. Eg veit ikkje kordan vi kjem til å gjere det reint praktisk, og eg veit jo heller ikkje om Ungen framleis er interessert i å amme meir når ho får ein lillebror. Det er imidlertid mange som seier det er ein bra måte å unngå eller minske søskensjalusi på, og mange ungar som nyleg er avvente vil ofte byrje med bryst att fordi dei er litt sjalu på lillesøsken som får den gode mjølka der. Ungen er for tida litt oppteken av at ho og beibien skal ha ein pupp kvar, det er jo eit godt utgangspunkt (så får vi heller sjå kordan det går når ho innser at Nyungen får spise av begge puppane!).

Eit spørsmål som kom opp då eg diskuterte amming med agronom-broren min var behovet for sining. Eg har diskutert dette med nokre agronomar som også er ammehjelpere, og konklusjonen er at sjølv om det kan vere greitt med ein pause i amminga før neste ammerunde, så er det for menneskeleg laktasjon ikkje eigentleg naudsynt. For kua sin del handlar det òg om at den skal produsere mjølk til meir enn ein kalv - den skal som regel vere mjølkeku - medan menneskemora skal produsere mjølk til eitt menneske, ikkje for kommersiell mjølkeproduksjon i lang tid.

No er det mogleg at Ungen bestemmer oss for at det blir pause i amminga i vekene før fødselen, men om ho ikkje gjer det så satser eg på at det går fint, og at eg klarer lage næringsrik og fin mjølk til nok ein krabat. Alle prosessane rundt mjølkeproduksjonen som startast etter fødselen vil uansett gå som normalt, at eg alt ammer betyr berre at eg enno produserer moden mjølk (og no også råmjølk). Etter fødselen av morkaka vil hormonproduksjonen blir brutalt endra fordi svangerskapet er over, og mjølkeproduksjonen blir "reboota".

2012-01-26

Amming og graviditet

Som antyda i det siste innlegget mitt skal Ungen få eit søsken i løpet av året, nærare bestemt rundt juli. Nybabyen er av type XY (så lite blyg at sjølv mor, som elles ikkje ser skilnad på ein kylling og eit menneske på dette stadiet, kunne sjå det) og har alt han skal ha av utvekster og innvortes opplegg. Iallfall det som kan observerast cirka no.

Det nesten alle automatisk går ut frå når dei får høyre dette er at eg ikkje lenger ammer Ungen. Men det gjer eg, vettu! Med alt slitet i starten skal eg iallfall ikkje vere den som bestemmer at det er slutt no, tenker den litt sta mammaen. Og med ein unge som synes pupp er ålreit så går det i grunnen av seg sjølv eit par gonger om dagen, og skulle mor føle for å ikkje vere heime på eit passande tidspunkt så går det bra det også.

Mange ser nok for seg at amming under graviditet ikkje går an rett og slett fordi amming er prevensjon. Eller så byrjer dei tvile på om amming faktisk fungerer som prevensjon. Her er det viktig å skille mellom, eh, pupp og mens, eller noko slikt.

LAM - laktasjons-amenorremetoden er den naturlege infertiliteten etter ein fødsel. Den skuldast at amming gjer at nivået av prolaktin forblir relativt høgt i kroppen, noko som ikkje berre gjer at mjølk blir produsert, men også at eggløysinga utsettast fordi utskillinga av follikel-stimulerande hormon (FSH) og GnRH blir hemma. Dermed får ein ikkje eggløysing. Korrekt brukt har metoden har ein sikkerheit på 98-99.5% - som faktisk er sikrare enn typisk bruk av både p-piller og minipiller.

Den høge sikkerheiten skuldast at metoden er enkel: hyppig fullamming. Den fungerer altså kun så lenge barnet blir fullamma, barnet må ikkje få noko anna utanom brystmjølk (ikkje vatn, MME, graut, og heller ikkje morsmjølk på flaske - pumping stimulerer dessverre ikkje prolaktinproduksjonen like bra), og amming må skje over heile døgnet inkludert om natta. Mor må heller ikkje ha hatt noko blødning utover renselsa etter fødselen. I tillegg er den ansett som trygg berre dei første 6 månadene etter fødselen. Dess lengre ein går utan menstruasjon, jo større sjansen er for at det skjer ei eggløysing før den.

Utan at eg veit det sikkert (det er jo også vanskeleg å finne ut) så vil eg tru at dei fleste som har brukt amming som prevensjon og blitt gravide har gjort det "feil" (eg har forøvrig samme fordom overfor folk som blir gravide når dei bruker hormonell prevensjon....). Typiske "feil" vil vere at barnet har sove gjennom éi natt (over 6 timar) - ergo ingen nattamming - eller at barnet har fått eitt måltid med flaske ein eller annan gong. Dette hugser ein gjerne ikkje når ein ein månad eller to etterpå finn ut at ein er gravid....på same måte som at ein insisterer på at minipillene alltid var tatt klokka 7:30 før ein dro på jobb. Unntatt den søndagen etter festen, då vart visst klokka nærare 18 før ein hugsa det....

(Eit viktig poeng her er også at effektiviteten av prevensjon målast på gruppenivå, ikkje individnivå. 99% sikker betyr ikkje at du som les dette har 1% sjanse for å bli gravid, men at dersom 1000 av mine lesarar bruker den så vil 10 av dei blir gravide av ein eller annan grunn, medan den beskytter dei andre 990 100%.)

Problemet med LAM er også at ein ikkje veit før etterpå at ein har hatt eggløysing. Heldigvis er det mange som får første mens etter fødselen utan å ha eggløysing først (særleg blant dei som får blødning før 6 månader har gått, og blødninga gir då eit hint om at det kan vere lurt å bruke noko anna for å hindre graviditet), og ganske mange får ikkje "funksjonell eggløysing" før etter fleire sykler. Men ved å bryte eitt av vilkåra for LAM som effektiv prevensjon éin gong kan ein altså få eggløysing sjølv om ein held fram å fullamme hyppig i tida etterpå - det er dessverre ikkje slik at ein kan seie "ups" og så prøve gjere det godt att etterpå.

Altså: bruker du amming som prevensjon etter fødselen, så vit kordan det fungerer, og sørg for at du gjer det på den måten. Gjer du ikkje det: bruk noko anna (gjerne kondom eller noko anna ikkje-hormonelt, sidan alle hormonelle preventiver kan påvirke mjølkeproduksjon og mjølkesmak).

LAM er ein svært viktig prevensjonsmetode i u-land, der det å ha godt opphald mellom graviditetar og fødsler er bra for mors helse, for barnas helse og for befolkningsutviklinga og alt knytta til det. Ved å fullamme vil kvinner få minst 15 månader mellom fødslane sine, og i praksis (for heile befolkninga under eitt) meir sidan effektiviteten gradvis går ned frå 99% etter 6 månader. Kvinner som ikkje ammer får ofte eggløysing 3-4 veker etter fødselen, og kan dermed blir gravide mykje raskare.

I mitt tilfelle vart eg altså gravid lenge etter at LAM er ein effektiv prevensjon, rundt 18 månader etter fødselen viss eg ikkje tel heilt feil. Eg amma då to-tre gonger om dagen, hadde fått att mensen og innimellom var det dagar der Ungen knappast ville ha bryst i det heile teke. Finn tre feil i forhald til korrekt bruk av LAM...:-)

Nokre har problem med å bli gravide, og opplever at amming for dei fungerer som effektiv prevensjon lenge etter 6 månader. Dette er innafor dei naturlege variasjonane, og dersom ein ynskjer blir gravid, men ikkje får det til så raskt som ein ynskjer så kan det vere lurt å kutte litt ned på amminga slik at det blir litt lengre opphald over døgnet.

Når ein først er gravid så har eg ikkje funne forsking som tyder på at amming auker risikoen for spontanabort i nokon del av svangerskapet. Kvinner som tidlegare har hatt fleire spontanabortar eller naturleg (ikkje igangsett) for-tidleg fødsel kan bli råda til å slutte å amme. Under utdrivinga av mjølk skillast det ut oxytocin, som blant anna får glatt muskulatur som musklane rundt mjølkekjertlane og livmora til å trekke seg saman (det gis kunstig dersom ein blør mykje etter fødselen). Hos dei fleste har ikkje dette noko tyding, men bidrar heller til "treninga" før fødselen (noko det same som kynnere, vil eg tru), mens hos nokre få kan det føre til at fødselen sett i gong. Dersom du ikkje har nokon slik "historikk", er det ingenting som tyder på at amming under svangerskapet er farleg. (Merk at åtvaringane i såfall ikkje berre gjeld amming, men også orgasmar, som gir livmorsamantrekkingar på same måte.)

Mot slutten av svangerskapet kan mange kjenne kynnere blant anna under amming, og dersom desse ikkje gir seg kort tid etter amminga så bør ein diskutere med jordmor om ein bør fortsette å amme. Stimulering av brystknoppane er eit kjerringråd mange bruker for å få i gang fødselen, og amming har den same effekten. Men korkje brystknopp-stimulering eller amming "virker" med mindre kroppen er på kanten til å vere fødeklar. I samråd med lege/jordmor kan ein del bli råda til å ikkje amme under graviditeten fordi dei har eit spesielt risikofullt svangerskap. Får du slike råd av helsepersonell så spør korfor, og følg for all del rådet. Men for friske gravide er det ingen grunn til å lytte til "råd" frå venninner og gravidforum om å kutte ut amming under graviditet.