2012-02-23

Amming under graviditeten

For ei stund sidan skreiv eg eit innlegg om amming og graviditet. Bakgrunnen for det var eigentleg at eg ville skrive om mine eigne erfaringar rundt amming og graviditet, men så vart det så langt.... gamle lesarar vil sikkert påstå at det ikkje er noko nytt ;)

Eg er altså gravid, sånn rundt 23 veker på veg no. Det første teiknet på graviditeten, mindre enn to veker etter befruktninga og på eit tidspunkt der det enno var litt tidleg å ta ein graviditetstest på påliteleg resultat, var at eg fekk vanvittig ømme bryst. Eg trudde ein dag eller to det var brystbetennelse på gong (eg må legge til at eg aldri har hatt det, så eg veit ikkje kordan det eigentleg kjennast ut), og "tvang" Ungen til å die "heile tida", sidan hyppig tømming er den beste behandlinga for dei fleste byrjande brystbetennelser (eg kunne ha lest artikkelen litt nøyare då vondten starta, i staden for panisk å tenke "jeeez, brystbetennelse! AMME!!", for eg hadde ikkje så mange andre symptom enn at det var ømt/vondt...menmen.)

Uansett, etter eit par dagar fann eg ut at det kanskje kunne vere noko anna enn brystbetennelse, og tok ein graviditetstest... som var positiv.

Med lett skrekkblanda fryd fann eg fort ut at eg skulle fortsette å amme - eg har ingen historikk som skulle tilseie at eg ikkje burde amme under svangerskapet, og både eg og Ungen ville gjerne fortsette.

Dei første vekene var det rett og slett vondt, og eg beit tidvis tennene saman og lurte på kva søren eg holdt på med. Heldigvis var det vondast dei første 10-15 sekunda av ammestunda, så innan eg hadde bestemt meg for å koble frå og kutte ut var det ikkje lenger vondt, og Ungen fekk fortsette. Det var også ømt når eg ikkje amma - dvs dei andre 23.5 timane i døgnet, så det å komme borti noko var tidvis smertefullt. Rundt veke 12 gav smertene og ømheiten seg heldigvis, både under amming og elles.

Då eg var rundt 18 veker på veg fekk eg råmjølk i brysta, og mjølkeproduksjonen min gjekk samtidig ned. Grunnen til at eg kan tidfeste dette såpass nøyaktig (og relativt tidleg) er at diemønsteret til Ungen plutseleg endra seg - frå å ville die 3-5 minutt på kvar side vil ho no gjerne ligge 10-15 minutt. I tillegg opplever ho den laksative effekten av råmjølk - ein av funksjonane til råmjølk er å tømme tarmen raskast mogleg for barnebek (mekonium), som er bæsjen barnet lag(r)er i tarmen under svangerskapet (av avfallsstoff frå fostervatn som er svelga). Over natta fekk ho ganske laus mage - det som får meg til å tru på råmjølksvirkninga i staden for barnehagevirus er at då eg nokre dagar etter var bortreist slik at ho ikkje amma på halvanna døgn så fekk ho heilt normal mage igjen, for så å bli laus igjen då eg kom tilbake og ho gjenopptok amminga. (Eg ser òg at mjølka er blitt gul og tjukkare, den minner om vaniljesaus.)

Amming gjer at ein får litt større behov for næring enn elles, og det same gjer graviditet. Begge delar samtidig gir difor dobbelt så stort behov. Det er likevel ikkje snakk om enorme mengdar mat som må til - ved fullamming er det eit par skiver brød og to glas mjølk, og omtrent det same på slutten av svangerskapet. For min del har eg ingen problem med å få i meg tilstrekkeleg næring til både mjølkeproduksjon, svangerskap og drift av meg sjølv, og eg har dessutan litt å gå på...

Planen no er å fortsette å amme Ungen fram til fødselen, og så amme begge to når Nyungen kjem. Tandemamming vil seie at ein ammer to (eller fleire!) barn samtidig, dvs i samme ammeperiode. Nokre let barna die samtidig, andre ammer ein om gongen. Det vanlegaste er nok at den yngste får mjølk først, mens for enkelte kan det vere gode grunnar for å la den eldste die først og dermed la den minste få den feitaste mjølka først. Eg veit ikkje kordan vi kjem til å gjere det reint praktisk, og eg veit jo heller ikkje om Ungen framleis er interessert i å amme meir når ho får ein lillebror. Det er imidlertid mange som seier det er ein bra måte å unngå eller minske søskensjalusi på, og mange ungar som nyleg er avvente vil ofte byrje med bryst att fordi dei er litt sjalu på lillesøsken som får den gode mjølka der. Ungen er for tida litt oppteken av at ho og beibien skal ha ein pupp kvar, det er jo eit godt utgangspunkt (så får vi heller sjå kordan det går når ho innser at Nyungen får spise av begge puppane!).

Eit spørsmål som kom opp då eg diskuterte amming med agronom-broren min var behovet for sining. Eg har diskutert dette med nokre agronomar som også er ammehjelpere, og konklusjonen er at sjølv om det kan vere greitt med ein pause i amminga før neste ammerunde, så er det for menneskeleg laktasjon ikkje eigentleg naudsynt. For kua sin del handlar det òg om at den skal produsere mjølk til meir enn ein kalv - den skal som regel vere mjølkeku - medan menneskemora skal produsere mjølk til eitt menneske, ikkje for kommersiell mjølkeproduksjon i lang tid.

No er det mogleg at Ungen bestemmer oss for at det blir pause i amminga i vekene før fødselen, men om ho ikkje gjer det så satser eg på at det går fint, og at eg klarer lage næringsrik og fin mjølk til nok ein krabat. Alle prosessane rundt mjølkeproduksjonen som startast etter fødselen vil uansett gå som normalt, at eg alt ammer betyr berre at eg enno produserer moden mjølk (og no også råmjølk). Etter fødselen av morkaka vil hormonproduksjonen blir brutalt endra fordi svangerskapet er over, og mjølkeproduksjonen blir "reboota".