2016-03-08

Korfor feire kvinnedagen?

(Aaaaand...she is back!)


Susanne Kaluza gir 12 gode grunnar (og eit par bonusgrunnar) til å feire kvinnedagen.

Kvinnedagen handlar ikkje om at kvinner skal ha ein dag fri med oppvartning og middagen på bordet. Den handlar om korfor nokon trur kvinner har behov for eller vil ha ein dag med oppvarting og middagen på bordet.

Den handlar også om at viss vi løfter blikket frå studier av navlelo og appelsinhud så er det kvinner andre stader i verda som har mykje større behov for ein dag med fokus på kvinners rettigheitar. Men viss det viktigaste i livet er navlelo, appelsinhud og eige ego så er det kanskje ikkje så lett å forstå at det går an å bry seg om den uretten som ikkje rammer oss sjølv.

Og så handlar den internasjonale kvinnedagen om alt det mellom oppvartningsforventning og rettigheitar for kvinner i andre land. Om lik løn for arbeid av lik verdi. Om deltid som i dei fleste tilfelle passer best for familien når det er kvinna som går ned i stilling, for han har høgare løn enn henne eller ho har ein jobb det er enklare å jobbe deltid i. Om kvinner som ikkje får ammefri fordi det er så vanskeleg for dei andre på jobben. Om vald i nære forhald. Om frykten for å gå aleine heim i mørket. Om retten til å bruke lårkorte skjørt, også i mørket når ein har drukke ein øl for mykje. Om retten til å drikke ein øl for mykje. Om retten til å ytre seg i kommentarfelt og i diskusjonar utan å få beskjed om at ein fortener å bli valdteken. Om kvinners evne til å skrive dikt. Om andelen kvinner som tek høgare utdanning. Om kordan kvinner vel utdanning og spesialisering. Om å stille krav. Og om alt det andre som OGSÅ gjeld menn, men som vi AKKURAT I DAG kan fokusere på for kvinner, og reflektere litt over om det ER nokon skilnad på kordan dette gjeld kvinner og menn, og korfor er det slik?