Viser innlegg med etiketten permisjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten permisjon. Vis alle innlegg

2013-02-06

Truer fedrene amminga?

Gro Nylander er ute og uttaler seg om foreldrepermisjonen, og meiner fedrekvoten truer amminga. Joacim Lund i Aftenposten meiner ho ikkje lenger snakker ammingas sak - det er eg usamd i, men eg er òg usamd i det ho seier om foreldrepermisjonen.

For det første er det altså ikkje sånn at auka fedrekvote har ført til tilsvarande mindre permisjon tilgjengeleg for mor. Av dei 14 vekene fedrekvota er er det 3 som er teke frå fellesdelen, dei andre 11 er nye veker. I tillegg har vi vi fått tredelt permisjon, som betyr at mor og far har like lang kvote (14 veker, pluss 3 veker til mor før fødsel - så mor har 17 veker) og så kan resten (19 eller 29 veker) delast som foreldra vil. Inntil 2012 var mors permisjon 3 veker før fødsel og 6 veker etter, så dette er eit styrking av mors rettar. Defaulten for permisjonsfordelinga er forøvrig framleis på mor: inntil far har sendt inn sin søknad (evt søkt om utsetting) så løper permisjonen for mor inntil det gjenstår 14 veker (altså fedrekvoten).

For det andre er det - med den statistikken som er tilgjengeleg i dag (undersøkingar frå 2007/2008 er så vidt eg veit dei nyaste) - ikkje mogleg å sjå nokon samanheng mellom auka fedrekvote og lågare ammefrekvens. Tvert om, i perioden frå 1996 til 2009 auka ammefrekvensen ved alle aldre (feks. frå 36% til 36% ved 12 månaders alder) samstundes som fedrekvoten auka frå 4 til 10 veker. Eg har skrive meir om dette her.

Den siste undersøkinga av spedbarnskosthald (herunder amming) i Noreg er frå 2007/2008, og der var det 6% som oppgav "mor begynte å arbeide/studere" som viktigste grunn til å slutte å amme. "Barnet ville ikke" oppgis av 35%, og "for lite melk" av 19% (alt dette før 12 mnd). Og tala blir ikkje betre for dei som er spurt om korfor dei slutta å amme før 6 mnd: 37% hadde for lite mjølk, 15% meinte barnet ikkje vlle meir - og 1% byrja jobbe/studere.

Eg er naturlegvis veldig, veldig, veldig samd med Gro Nylander i at barselomsorgen må styrkast, og av den grunn er eg vanvittig mykje meir bekymra over at godt over halvparten av dei som slutter å amme før 6 mnd meiner dei har lite mjølk eller at barnet ikkje ville ammast meir. Dette er rett og slett problem mange burde fått kvalifisert hjelp med! Som ammehjelper har eg fått MANGE spørsmål frå kvinner som seier dei har lite mjølk eller at barnet ikkje vil die, og i veldig mange tilfelle finst det råd. Ja, det kan vere strevsamt for mor, og eg har ingen problem med å forstå kvinner som bestemmer seg for at nok er nok, den innsatsen dei må legge ned for å fortsette amminga er for stor, så dei slutter - det er heilt i orden! Poenget er at kvinnene må få tilbod om god hjelp med slike problem, og det er det altfor mange som ikkje får i dag.

Det er så mange mistydingar, så mange dårlege "hjelpere" (herunder både barsel, helsesøstre, venninner og svigermødre) der ute - er det riktig at så mykje fokus skal vere på kvinner som gir opp amminga fordi dei går ut i jobb, uavhengig av kor frivillig eller ufrivillig det er? Er det meir politisk korrekt å angripe fedrekvoten og deling av foreldrepermisjonen enn å stille spørsmål ved kunnskapen om amming hos helsepersonell, om oppfølging av barselkvinnene, om det er ein samanheng mellom innsparingar og føderush på sjukehusa og det at kvinner slutter å amme?

Eg har vore ammehjelper eit par år no, og eg har fått nokre spørsmål om kordan det skal gå med amminga når mor byrjer jobbe, det skal eg på ingen måte underslå. Eg har imidlertid fått langt fleire spørsmål om lite mjølk, om mjølkespreng, om barn med sugeproblem og brystvegring, om uoppdaga stramme tungebånd og skeive nakker. Det er etter mi meining der problema ligg, desse mødrene sitt ikkje og bekymrer seg for kva dei skal gjere når permisjonen er slutt om 7-8 månader, det er ikkje derfor dei opplever at "barnet vil ikkje die" eller meiner dei har for lite mjølk. Og desse problema burde ikkje vere VÅRE; det er ikkje frivillige som svarer på telefon og epost i ledige stunder som skulle hjulpe desse mødrene.

Det er sjølvsagt mogleg å ha to tankar i hovudet på ein gong, og meine at både dårleg barselomsorg og fedrekvote truer amminga. Men for meg er gapet mellom desse to tinga så stort at det å koble fedrekvoten til ein eventuell ammenedgang blir ganske bagatellmessig i forhald til den dårlege hjelpa mange kvinner får i dei sårbare vekene etter fødsel.

2012-06-15

NAV, annet bind, annen akt.

Forleden dag fekk eg svar på søknaden min om foreldrepengar.

Tru det eller ei, men NAV har faktisk klart å gjere det (nesten) riktig. Dei har rett oppstartdato, ingen kommentarar til at arbeidsgivar ettersendte inntektsopplysningar (eg antar dette kan tyde på at eg har ein kompetent arbeidsgivar som klarer ettersende det dei seier dei skal ettersende) og dei har klart utsette permisjonen min med litt meir enn 5 veker ferie, slik eg optimistisk førte opp etter ei litt kryptisk formulering om at man automatisk kunne søke om utsetjing av permisjonen ved å føre opp ferie i feltet (som var litt i strid med formuleringa i ymse rettleiingar om at permisjonen kun kan utsetjast med lovbestemt ferie, dvs 4 veker og 1 dag).

Dei klarte også å ikkje referere til at far skal ha "mors del av permisjonen", korkje i mitt vedtak eller i informasjonsbrevet til far - det står pent og pynteleg "fellesdelen" og liknande. Absolutt eit framsteg, sjølv om eg avventer med jubelen til Mannen har fått sitt vedtak.

Det dei naturlegvis ikkje har klart er å innvilge meg foreldrepengar for den perioden eg ba om det, dvs fram til slutten av november (eller ut året med ferie-forlenginga). Resten skal jo Mannen ha, så det prøvde eg meg på å forklare at eg ikkje skulle ha. Det ignorerte dei, dog var ikkje dette så veldig overraskande - det er sånn regelverket deira er, og det er nok barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet som er rette instans for å endre på dette.

Det betyr ikkje at eg synes det er greitt, derimot så betyr det at det nok kjem eit innlegg frå meg snart om kordan mor ikkje treng ta standpunkt til permisjonslengde i det heile teke og kordan dette kan påvirke uttaket og fordelinga av permisjonen.

2012-04-15

Fedrepermisjon som streikesak

Fellesforbundet og Norsk Industri har i dag vorte samde om ny tariffavtale i "frontfagoppgjeret" - den første runden med lønsforhandlingar på våren, den avtalen som blir spydspiss for krava i avtalane for dei andre forbunda. Eg synes det er veldig, veldig fint at eit av krava i dette oppgjeret var to vekers lønna permisjon til fedre etter mors fødsel. Likestillinga har faktisk kome eit godt stykke når eit såpass mannsdominert fagforbund som Fellesforbundet er villige til å gå til streik for dette.

Lønna permisjon til far (eg trur forøvrig at retten også gjeld for "en annen som bistår moren" i lovteksten) etter fødsel betyr at det ikkje er pengar det står på når familien skal vurdere om far kan vere heime etter fødselen. Retten til permisjon har vore der i mange år, men retten til løn har vore tariffbestemt og så langt berre gjeldt i det offentlege samt i ein del avtalar innan det private. Mange har teke ut ferie eller avspasering i denne perioden, eller teke permisjon utan løn, og på den måten fått til å vere heime med mor og barn. No vil mange fleire få denne retten - bra!

Det er viktig av mange grunnar. Det er for dei fleste ein tilstand av totalt kaos rett etter fødselen - overgangen frå to til tre (eller meir) er slett ikkje smidig alltid, og er ein alt tre eller fleire så blir det ikkje nødvendigvis enklare å få ein til av den grunn. Mor er i mange tilfelle såpass nedkøyrd fysisk og psykisk etter fødselen at det er på kanten å vere aleine heime med barnet. Terskelen for å kontakte lege for sjukemelding slik at far kan vere heime er nok høg for mange. Amminga er som regel ikkje særleg veletablert enno, og god støytte frå far er veldig viktig også der.

Kva vert kravet neste gong, tru? Fedrekvote uavhengig av mors rett til permisjon? Meir enn 6G som maks-grense for refusjon frå NAV? Betalt ammefri i alle bransjar? Skiftordningar som legg til rette for fortsatt amming? Ja takk, alle fire?

2010-05-26

Back to work!

Jupps, då er eg tilbake på jobb :-) (Ein dag i veka iallfall.) Og det er deileg! Fantastisk! Kun vaksne (iallfall fysisk) menneske på alle kantar. Ingen som hyler. Ingen som skal ha ny bleie (men ikkje veit det sjølv). Ingen som forventer at eg på telepatisk måte skal ordne mat mindre enn 30 sekund etter eller ikkje meir enn 10 minutt før svolten set inn.

At eg innimellom må sette på kaffetraktaren, kan eg leve med.

Pappa synes det er veldig fint å ha ein dag i veka heime med ungen ut juni, og ungen sjølv har naturlegvis ingenting i mot at det er han som er telepat for dagen. - I juli er det fulltids-ferie, og i august og september utvidast jobbing og heimepapping til 50%.

No ser eg fram til nye og informative brev frå NAV sidan vi endrar permisjonen undervegs. Tjohei.

2010-04-19

Dette er keisamt.

Då eg gjekk ut i permisjon, sa eg stadig vekk at eg kjeda meg. Det var frykteleg keisamt å vere heime heile dagen, huset var veldig reint og det er framleis kaker i frysaren.

No har eg vore heime med Ada i fire veker, to av dei aleine utan Mannen. Konklusjonen etter dette er at det er keisamt. Travelt, men keisamt.

Eg fekk iallfall ikkje barn fordi spebarn er så moro. Hadde eg syntes det, ville eg blitt barnepleier i staden.

Eg kjeder meg ikkje, det er for travelt og oppstykka til det. Men det er keisamt.