Viser innlegg med etiketten likestilling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten likestilling. Vis alle innlegg

2013-04-17

Praktisk gjennomføring av ammefri

Retten til ammefri er stadfesta i Arbeidsmiljøloven §12-8: Kvinne som ammer sitt barn kan kreve den fri hun av den grunn trenger. Fritiden kan for eksempel tas ut i minst en halv time to ganger daglig eller som redusert arbeidstid med inntil én time hver dag. (Setninga om kordan ammefri kan tas ut er eit eksempel, ikkje ein regel.)

Det er viktig å merke seg at ammefri etter Arbeidsmiljølova er utan løn. Det er ingen tidsavgrensingar for uttak av ammefri, korkje per dag eller i forhald til barnets alder.

Ca. 60% av arbeidstakarane jobber i verksemder der det er inngått tariffavtaler som gir betalt ammefri. Dette gjeld bla. i all offentleg verksemd som ligg under hovudtariffavtale for staten, fylkeskommunane og kommunane (inkludert Oslo kommune), og i mange av tariffavtalane for det private. I det offentlege er det 2 timar betalt ammefri så lenge ein ammar, andre stader kan det vere mindre tid pr dag og det kan vere ei aldersgrense. Sjekk personalhandbok/-reglement eller liknande der du jobber for å finne ut kva som gjeld for deg.

Arbeidsgivar krev av og til dokumentasjon på at du ammar, dette kan du få frå helsesøster eller lege.



Ammefri i helsevesenet.

I løpet av 2013 blir ei endring til Arbeidsmiljølova som gir betalt ammefri til alle vedteke. Det blir då 1 time betalt ammefri pr dag dersom arbeidsdagen varer meir enn 7 timar.

I tillegg til Arbeidsmiljølova er Likestillingslovas §3 relevant. Den seier at Direkte eller indirekte forskjellsbehandling av kvinner og menn er ikke tillatt. Med direkte forskjellsbehandling menes handlinger som [...] setter en kvinne i en dårligere stilling enn hun ellers ville ha vært på grunn av graviditet eller fødsel, eller setter en kvinne eller en mann i en dårligere stilling enn vedkommende ellers ville ha vært på grunn av utnyttelse av permisjonsrettigheter som er forbeholdt mor eller far. Å ikkje stille passande rom til disposisjon for amming eller pumping er døme på slik diskriminering, ettersom det medfører at ei ammande kvinne ikkje både kan jobbe og fortsette å amme.

Men ein ting er retten til ammefri, ein anna er å faktisk få til den praktiske gjennomføringa. Det er det dessverre mange som har problem med, og mange gir nok opp amminga, eller trapper kraftig ned på den, fordi dei ikkje får til gode ordningar på jobb.

Retten til ammefri er absolutt. Arbeidsgivar kan ikkje nekte deg det, heller ikkje med henvisning til at det medfører store ulemper for dei om du treng fri. Du har rett på den fritida du treng for å amme ditt barn - altså på dei tidspunkt og av den lengda du treng for å faktisk få gjort det. Eventuelt innleige av ekstra personell for å sikre bemanninga er arbeidsgivars ansvar. Du skal ikkje tape økonomisk på å feks. få færre kvelds- eller nattevakter for at arbeidagivar skal få ein kabal til å gå opp.

Korkje arbeidsmiljølova eller likestillingslova er spesielt konkrete eller tydelege på dette. Men både Arbeidstilsynet og Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) har uttalt seg om ammefri.

LDO har i brev til meg (sak 13/782) sagt at "dersom arbeidsgiver ikke tilrettelegger for at ansatte skal kunne amme eller pumpe, vil dette kunne være i strid med forbudet mot direkte diskriminering i likestillingsloven § 3 annet ledd. [...] Det er ganske klart at det etter likestillingsloven kan stilles krav om at arbeidsgiver skal tilrettelegge slik at de ansatte skal kunne amme og pumpe på en tilfredsstillende måte. Det er imidlertid uklart hvilke konkrete tiltak arbeidsgiver må gjennomføre for at en slik tilretteleggingsplikt skal være i tråd med likestillingsloven. Det kan for eksempel mest sannsynlig ikke kreves at arbeidsgiver skal sørge for et eget rom kun til amming og pumping. Det må imidlertid etter likestillingsloven kunne stilles krav om at arbeidsgiver sørger for å ha tilgjengelig et egnet rom, uten innsyn og som man kan låse, for å kunne amme og pumpe."

Dei har også behandla ein sak i Likestillings- og diskrimineringsnemnda der ein lege vart nekta å bytte turnusteneste pga. amming og vart forsinka i studiet på grunn av dette, og konkluderte då med at dette var diskriminerande, ettersom ho vart satt i ein dårlegare stilling pga graviditet/amming.

Arbeidsmiljølova er det altså Arbeidstilsynet som "passer på". Dette gjeld også §12-8 om ammefri, og tilsynet har faktisk lagd ein eigen rettleiar om Arbeidstakere som er gravide, nylig har født eller ammer – risikovurdering og iverksetting av tiltak.

Dei skriv at "tilgang til egnede fasiliteter, på eller nær arbeidsstedet, hvor mødre kan amme eller pumpe seg for å lagre melk til amming, kan lette ammingen for arbeidende kvinner og dermed beskytte helsen til både mor og barn i betydelig grad.

Det er godtgjort at amming kan bidra til å beskytte moren mot kreft og barnet mot visse sykdommer i spedbarns-alderen. Hindringer for amming på arbeidsplassen kan påvirke helsen til både mor og barn i betydelig grad."
(Vakre ord for ein ammehjelper!)

Rettleiaren inneheld konkrete tiltak som arbeidsgivar er pliktig å gjennomføre dersom tilsette har behov for det for å kunne amme/pumpe på jobb.

— tilgang til et privat rom der moren kan amme eller pumpe ut morsmelk,
— bruk av sikre, rene kjøleskap for lagring av morsmelk og muligheter for å vaske, sterilisere og lagre beholdere,
— frihet til å pumpe ut morsmelk eller amme uten tap av lønn eller ytelser og uten frykt for sanksjoner.


I desember 2012 behandla tvisteløsningnemnda til Arbeidstilsynet ein sak der ei kvinne ba om ammefri (og nedsett arbeidstid). Saken kan virke kompleks, og nemnda er splitta i svaret sitt, men når det gjeld ammefri er dei klinkande klare:

"Ammefri
[...]
Loven setter ingen øvre grense for den tidsperioden kvinnen kan kreve daglig fri for å amme sitt barn. Utover at kvinnen faktisk må amme, oppstilles heller ingen betingende vilkår for retten til fri. Nemnda kan derfor ikke se at arbeidsgiver har grunnlag for å avslå As søknad om ammefri."


Med andre ord seier dei at kvinner som ammar har rett på ammefri, og arbeidsgivar kan ikkje avslå eit ynskje om ammefri, så lenge kvinna faktisk ammar.

Arbeidstilsynet kan kontaktast dersom ein treng hjelp til å få arbeidsgivar til å gjennomføre nødvendige tiltak for å kunne ta ammefri. Likestillings- og diskrimineringsombodet kan svare på om ordningar på arbeidsplassen er diskriminerande.

Ammehjelpen har ein artikkel om kordan kombinere amming og jobb.

Dessverre er det framleis sånn at kvinner må kjempe for å få ammefri. Retten er på vår side - ammar du så kan ikkje arbeidsgivar nekte deg ammefri. Mange arbeidsgivarar vil dessverre forsøke å stikke kjepper i hjula ved å insinuere at ein ikkje har rett på ammefri fordi barnet er for gamalt, be om ekstra dokumentasjon osv. Når alt dette så er levert får ein så høyre at arbeidet blir så tungt eller travelt for dei som ikkje har ammefri, at det blir ein vanskeleg situasjon osv. Dette er hersketeknikkar! Kvinner som ammar har rett på ammefri, så enkelt er det.

2012-04-30

Gullkorn frå barnehagen (igjen).

"Spesielt de største guttene er på ivrig leiting etter mark – som de samler i bøtter og på spader. [...] Og de største jentene er ivrige i leiken der de er både baby, mor, far og bestemor"

Quiz: Er sitatet henta frå Egners lesebøker anno 1952 eller frå barnehagens nyheitsbrev anno 2012?

Dessverre er svaret et desse to sitata er henta frå beskrivelser av barnas kvardag i ein kommunal norsk barnehage anno 2012, gjenfortald i eit månadsbrev til foreldra.

Trufaste lesarar hugser kanskje at vi har hatt våre opplevingar med barnehagen tidlegare også... Den gong orsaka dei seg med at vi måtte ha misforstått, og det var jo ikkje SÅNN meint. Munnleg kommunikasjon er vanskeleg, så vi lot det vel ligge den gong.

Denne gongen er det imidlertid skrive svart på kvitt i barnehagens månadsbrev, så det er litt verre for dei å kome seg unna med at det ikkje var slik meint, eller at dei ikkje er medvite det. For akkurat det at dei påpeiker at det er ein kjønnsskilnad er for meg eit veldig tydeleg teikn på at dei er medvitne at det er ein skilnad!

Å vere medviten at ein faktisk ser ein kjønnsskilnad kan vere ein fin ting, det. Men det forutset jo at dei ikkje berre er medvitne at det er ein skilnad, men òg at dei bør gjere noko med det! For det er faktisk ikkje slik at det er naturleg at 3 år gamle gutar er opptekne av meitemark medan jentene i same årskull naturlegvis er opptekne av dokke- og familieleik. Og det er iallfall ikkje slik at dette er ei kjønnsdeling pedagogisk tilsette i ein barnehage bør legge opp til!

Eg saknar refleksjonar over kvifor det er slik, og ein plan for kva dei vil gjere framover. Rett nok nemner dei i planen sin at dei ser at barna er fascinerte over alle insekta og vårteikna som dukker opp, at dei vil ha fokus på det framover - men vil fokuset framleis vere på at dei eldste gutane skal grave mark med spadene og bøttene sine, og ta det med slik at dei yngste barna (og kanskje dei travle dokke-rolleleikande 3-årige jentene, viss dei klarer rive seg laus) kan få kome og sjå?

Det er sikkert naivt av meg å tru at eg kan demme opp for prinsessetyranniet i samfunnet, men eg ynskjer iallfall gjere mitt både på heimefronten og elles. Eg prøver å ikkje kjøpe rosa klær til Ungen, men viktigare enn fargen: eg unngår å kjøpe jålete og overpynta klær som ikkje kan brukast i vanleg, vilter leik, som kan henge seg fast eller som gjer det umogleg å leike slik at ein kan henge seg fast og som er så overpynta at både foreldre og barn blir redde for å skitne dei til. Vil ho gå i rosa solbriller, skal ho få lov til det (solbriller er solbriller), men brannfarleg prinsessesumarkjole i tyll som må haldast minst 3 meter unna grillen heile sumaren? Not so much.

I barnehagen så er det mitt ynskje som forelder, som brukar av barnehagen, at barnehagen ikkje skal forsterke stereotypiane i samfunnet elles. Det er eit paradoks at vi i Noreg i dag har den same kjønnsdelte arbeidsmarknaden som vi hadde for 20 år sidan, at det er eit stort lønsgap mellom kvinner og menn, at omtrent alle likestillingsframsteg har kome gjennom lovendringar, ikkje friviljuge tiltak.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har foreslått å bruke ein kvart million på likestillingstiltak i barehagane. Talspersonen nemner mellom anna språk som ein av måtane jenter og gutar blir behandla ulikt på. Motstanda mot framlegget kjem mellom anna frå Framstegspartiet: Med få ord, så er dette ein veldig gamaldags likestillingskamp. Til gutar seier du at «du er tøft kledd», medan jenter er «fint» kledd. Det tykkjer eg er heilt greitt. For jenter kler seg fint og gutar kler seg tøft. Slik skal det vere, seier han.

Ja, sånn skal det vere! Gutar er tøffe, jenter er fint kledt. Guten har ein personlegheit, jenta er pent utstyrt. Dette minner vel eigentleg litt om karakteristikkar eg har høyrd tidlegare...

Kunnskapsdepartementet har lagd ei rekke temahefter til rammeplanen for barnehagane, blant anna eit hefte som går på likestilling i det pedagogiske arbeidet. Forfattaren av dette heftet skriv i forordet at "vi ofte ubevisst reproduserer ulike forventninger til jenter og gutter i barnehagen."

Heftet er lagd for bruk i personalgruppa i barnehagen, til diskusjon og refleksjon over eigne roller. Det inneheld òg mange nyttige tips og refleksjonar for foreldre, som trass alt (framleis!) er dei viktigaste rollemodellane for eigne barn. Kva roller er det vi gir barna våre, kva roller har vi og tek vi sjølv? Som rollemodellar er jo kjønn ein del av det, spesielt når kjønnsrollene blir forsterka i barnehagen. Kanskje må vi som foreldre gjere ting som vi eigentleg ikkje liker eller som ikkje fell oss så veldig naturleg - som å skifte dekk eller plukke meitemark i blomsterbedet, rett og slett for å vise at dette er noko både mamma og pappa kan gjere? Og kva fortel det eigentleg barnet om fordeling av arbeidsoppgåver når mor kjøper trillebår til ungen og far er den som monterer den saman? (Prøv for all del gjerne, det kan godt hende barnet legg noko heilt anna i det enn det du (og eg) gjer!)

Eit av temaene i heftet er kjønnsstereotypiar og barnehagens ansvar i forhald til dette: "Hvis vi skal nå de likestillingspolitiske målene som samfunnet etterstreber, og begge kjønn skal få varierte utfordringer og like mye oppmerksomhet, er det en viktig oppgave for personalet å ikke reprodusere de tradisjonelle kjønnsrolleforventningene til jenter og gutter. Jenter og gutter er mye mer enn de forventningene vi har til dem i kraft av deres biologiske kjønn. Synet på barnet i barnehagen omhandler barns rett til å bli sett og anerkjent som samfunnsmedlemmer på linje med de voksne." (s. 11)

Barn er komplekse vesen, ikkje berre som jenter og gutar, men òg som andre roller dei er, blir eller får. "Personalet må i større grad får tak i mangfoldet og de ulike posisjonene jentene og guttene får og tar i barnehagen. Det kreves kompetanse som ikke er fastlåst i spesielle forestillinger om hva som er normalt. Det finnes mange måter å være normal på, og dagen og morgendagens barnehage trenger voksne som evner å se og reflektere over barnas komplekse liv i en kompleks verden." (s. 28)

Likestilling handler om å likestille individa, å sjå alle barna som einskildståande og unike individ. Ei jente er ikkje stille fordi ho er jente, ein gutt er ikkje bråkete fordi han er gutt - dei er det fordi dei er dei dei er.

2012-04-15

Fedrepermisjon som streikesak

Fellesforbundet og Norsk Industri har i dag vorte samde om ny tariffavtale i "frontfagoppgjeret" - den første runden med lønsforhandlingar på våren, den avtalen som blir spydspiss for krava i avtalane for dei andre forbunda. Eg synes det er veldig, veldig fint at eit av krava i dette oppgjeret var to vekers lønna permisjon til fedre etter mors fødsel. Likestillinga har faktisk kome eit godt stykke når eit såpass mannsdominert fagforbund som Fellesforbundet er villige til å gå til streik for dette.

Lønna permisjon til far (eg trur forøvrig at retten også gjeld for "en annen som bistår moren" i lovteksten) etter fødsel betyr at det ikkje er pengar det står på når familien skal vurdere om far kan vere heime etter fødselen. Retten til permisjon har vore der i mange år, men retten til løn har vore tariffbestemt og så langt berre gjeldt i det offentlege samt i ein del avtalar innan det private. Mange har teke ut ferie eller avspasering i denne perioden, eller teke permisjon utan løn, og på den måten fått til å vere heime med mor og barn. No vil mange fleire få denne retten - bra!

Det er viktig av mange grunnar. Det er for dei fleste ein tilstand av totalt kaos rett etter fødselen - overgangen frå to til tre (eller meir) er slett ikkje smidig alltid, og er ein alt tre eller fleire så blir det ikkje nødvendigvis enklare å få ein til av den grunn. Mor er i mange tilfelle såpass nedkøyrd fysisk og psykisk etter fødselen at det er på kanten å vere aleine heime med barnet. Terskelen for å kontakte lege for sjukemelding slik at far kan vere heime er nok høg for mange. Amminga er som regel ikkje særleg veletablert enno, og god støytte frå far er veldig viktig også der.

Kva vert kravet neste gong, tru? Fedrekvote uavhengig av mors rett til permisjon? Meir enn 6G som maks-grense for refusjon frå NAV? Betalt ammefri i alle bransjar? Skiftordningar som legg til rette for fortsatt amming? Ja takk, alle fire?

2012-03-08

Gratulerer med dagen!

I dag er det 8. mars, den internasjonale kvinnedagen, og eg skriv nok eit ammeinnlegg (lett inspirert av faren til ei jente i Ungens barnehage som gratulerte meg med dagen då vi møttes i porten - takk!). For som så mykje anna så handlar også amming om feminisme.

Fjorårets debatt om mors rett til å velge flaske framfor amming slik at far kan overta mating og tidleg permisjon får kanskje mange til å tru at amming står i motsetnad til feminisme - at amming handler om å tjore mor fast til sofaen (kjøkkenbenken er stort sett ein sub-optimal plass for amming, det er viktig å sitte avslappa og ha god støytte for rygg, armar og ikkje minst barnet når ein ammer) slik at ho held seg heime med barnet.

Amming handlar om feminisme fordi:

Amming krev samfunnsendringar for å betre kvinners posisjon og levekår.

Kvinner må ha tru på sin evne til å produsere nok mjølk, og ikkje la seg påvirke av kommersielle produsentar av morsmjølkerstatningar og barnemat som forsøker så tvil om kvaliteten på mjølka, om mødre kan produsere nok mjølk til å ernære barnet sitt, om morsmjølka inneheld nok næring. I delar av verda må dei rett nok skrive på pakken at morsmjølk er det beste for barnet, mens i andre land blir det sett på som unormalt og nesten uansvaleg om du ikkje vil ha med posen med masse gratisprøvar på MME heim frå barsel. For kva om du sitt der og har for lite mjølk når du kjem heim?

I tillegg handler dette om at mødre må få den maten og næringsstoffene dei treng under amming, og tid til å amme. Ammande treng meir mat enn andre kvinner, fordi dei skal ernære eit barn i tillegg til seg sjølv. Dei treng også tid og tilrettelegging til å kunne gi barnet mat, ved behov gjennom heile døgnet. I mange samfunn kan dette fint kombinerast med arbeidet dersom ein legg til rette for det - det er vanleg å ha med ammebarn både på jordbruksarbeid og husarbeid.

Amming må anerkjennast som produktivt arbeid, ikkje som ei mors plikt. Dette betyr at det må leggast til rette for at mødre kan amme sjølv om dei jobber - i form av tilrettelagte arbeidsoppgåver, foreldrepermisjon og ammefri. Amming (og svangerskap og fødsel) skal aldri vere grunn til å seie opp nokon frå jobben, det må uansett leggast til rette for at mødre kan gå tilbake til jobben og arbeidsoppgåvene sine når dei ynskjer det. Dette er ein kostnad samfunnet rett og slett må ta for å oppretthalde produksjonen og reproduksjonen.

Rettane i arbeidslivet jobber bla. International Labour Organization (ILO) for i FN-systemet (sjå t.d. denne rapporten). Noreg ligg foran på mange område, men når det gjeld amming er vi faktisk ikkje blant dei beste i klassen sidan norsk arbeidsliv ikkje har rettigheitsfesta betalt ammefri til alle kvinner. Det er avtalt i tariffavtaler som omfattar ca 2/3 av arbeidstakarane


Amming viser at kvinner har styrke i sin eigen kropp

Vellukka amming gjer mødre (og barn) mindre avhengige av legar og av storindustrien. Barn som vert amma har større sjanse til å overleve dei første åra av sine liv, og har færre infeksjonssjukdommar bla. i luftvegar og i mage/tarm. (Ein del referansar kan du finne i dette innlegget.) I mange land er morsmjølkerstatning svært dyrt i forhald til vanlege lønningar. Sjølv om kvinner som ammer treng litt meir mat, er det på langt nær like dyrt som å kjøpe MME - det er ikkje uvanleg at eit spebarns behov for MME kostar meir enn ei dagsløn for ein arbeidar i delar av Afrika eller Asia. Dette går sjølvsagt utover heile resten av familien - både når det gjeld mat, skulegong og medisinske utgifter - og ofte kan ikkje familien kjøpe nok MME til å dekke babyens behov fullt ut, med underernæring, feilernæring eller sjukdom som følge.


Amming utfordrer synet på kvinnebryst som eit seksuelt objekt

Mykje av den moderne kvinnekampen, spesielt i Vesten, har dreidd seg om retten til eigen kropp, retten til å kle seg som ein vil og retten til å vise så mykje av kroppen som ein vil. Valdtektsdebatten i noreg dei siste åra har handla mykje om kordan kvinner skal kle seg og om det kan eller bør vere grenser for det. Samtidig bruker media kropp for det det tydelegvis er verdt - kan tabloidene sette eit bilete av ein tynn kvinnekropp med mest mogleg hud som forsidefoto så gjer dei det. Fordi det sel aviser, ikkje fordi fotoredaktøren er ein gamal gris.

På Facebook finst det mange grupper fulle av kvinner (og jenter) som viser mest mogleg kropp og bryst innafor rammene der. Derimot er ammebilete i mykje mindre grad lov. Facebook påstår rett nok at det er lov, men gong på gong kan vi lese historiar om kvinner som har fått sletta bilete der dei ammer ungen sin, eller som har fått åtvaring frå Facebook om dette. Det same skjer for mange som ammer offentleg. Men det er faktisk ikkje slik at vi ammer utanfor husets fire veggar fordi vi absolutt vil eller for å vise oss mest mogleg - det er for å gi barnet vårt mat. Og det er ikkje alle barn som aksepterer å bli amma under eit varmt og mørkt teppe der dei ikkje kan sjå mors ansikt. Sjølvsagt kan både mor og barn krype inn under teppet, men var det ikkje for å vere diskret at vi skulle dekke oss til? (Om det plager deg at eg viser 20 cm^2 med nakent bryst så kan du gjerne sjå ein annan veg.)

Alt dette er område som kvinnerørsla i Noreg og mange andre land har snakka om i årevis. Kvinnerørsla besto også av ammeaktivistar - og eg antar grunnleggarane av Ammehjelpen heller ikkje blir fornærma om eg kaller dei feministar :) Dei seinare åra har mykje av den synlege kvinnekampen dreidd seg om ting som er fjernt frå amming, men eg tviler på at eg hadde blitt kasta ut av toget om eg stilte med Ungen og eit banner om min rett til å vise puppen offentleg - sjølv om eg hadde hamna rett bak parolane mot strippeklubbar eller mot Pro-senteret. (No blir det dessverre ikkje noko tog på oss i år, og iallfall blir eg ikkje å bære Ungen medan eg ammer henne i toget. Ouch.)

Gratulerer med dagen, alle kvinner!



Amming borte frå kjøkkenbenken, med Unge som er litt for stor til å ammast i 8. mars-tog.

2011-10-24

Amming og jobbing - det evige ordskiftet

NRK2 har hatt debatt om amming - med dei erfarne ammarane Audun Lysbakken (SV) og Knut Hareide (KrF), flankert av Gro Nylander og Elisabeth Skarsbø Moen.

Debatten dreidde fort inn på amming og jobb. Lysbakken har (i følge Dagbladet, eg har ikkje lese boka hans) skrive at "mors mulighet til å komme raskt tilbake i jobb" er ein grunn til å slutte å amme. Hareide meiner "barneministeren prioriterer produksjon, karriere og arbeidsliv foran barnas beste".

Men korfor blir dette eit spørsmål om amming og jobb? Det er tydeleg at desse mennene ikkje har erfaring med det. Kvinner som vel - for det er for dei aller fleste eit reelt val - å gå tilbake til jobb få månader etter fødselen vil i dei fleste tilfelle fortsette å amme sjølv om dei jobbar (dersom dei amma når dei byrja jobbe, vel å merke). Desse kvinnene har jobbar det er mogleg å kombinere med amming, dei har fridom til å ta ammefri, dei har fleksibilitet til å planlegge arbeidsdagen, -veka og -månaden sin. Det er ikkje denne gruppa som slutter å amme fordi dei går tilbake til jobb. Tvert om, dei tilhøyrer sannsynlegvis den gruppa kvinner som ammer lengst.


Om det er for mykje ammepress er ein eigen diskusjon. Om storkapitalens morsmjølkssubstitutt er like god ernæring som morsmjølk i Noreg er ein annan, og ein tredje er korvidt familien skal få velge heilt fritt kordan det offentleg finansierte godet foreldrepermisjon skal fordelast. Men ingen av dei diskusjonane har noko med korvidt ammande mødre kan gå tilbake til jobb 3 månader etter fødselen, eller korvidt jobbande mødre kan amme. For det kan dei. Begge delar.

2011-10-13

Meir om dokker og lego

Denne barnehageveka har vore litt kort (planleggingsdagar), så vi har ikkje fått samla så mange erfaringar med personalet og dets hang til dokker. Men på måndag var det eg som henta, og trass i at eg hadde hissa meg skikkeleg opp på tur heim og spelt gjennom ein haug scenario i hovudet på bussen, pingla eg nok litt ut. Eg traff den same personen som Mannen hadde snakka med på fredag, og ho stadfesta at Ungen hadde byrja leike med dokker. Ho sa at dei hadde teke henne med bort til dokkekroken og at ho dei fyrste gongene ikkje hadde virka interessert, men så hadde ho plutseleg "teke poenget".

Det var vel fleire ting eg burde spurt om her. Ein ting var om dei pleide ta med ALLE barna til dokkekroken, og om Per og Pål som er på same alder som Ungen også endeleg har byrja med dokkeleik. Eg kunne også fulgt opp med spørsmål om Espens foreldre ville fått beskjed om at Espen endeleg hadde byrja leike med bilar dersom han tidlegare kun hadde villa leike med dokker. Men eg pingla altså ut. Beklager, de som satt klar med popcornet.

(Ein grunn til at eg pingla ut var at den tilsette heller burde bry seg om å lære Lise sjølvforsvar, ettersom ho (eller dokka ho leikte med) as we spoke vart angripe av Espen med ein plastkniv. Neste gong skal eg ta ansvar som fredsskapar sjølv.) (Eg mekler ikkje altså.)

Men det er lyspunkt også. På onsdag var det Mannen som henta, og han kunne etterpå fortelle masse om Ungens leik på lego-rommet, gjenfortald i fargerike ordelag av ein (annan) tilsett i barnehagen.

Om eit par veker skal vi på foreldresamtale med den fyrst omtalde barnehagetilsette. Vi gler oss.

2011-10-07

"Endeleg leiker Ungen med dokker!"

I dag var det Mannen som henta Ungen i barnehagen. Under samtalen med førskulelæraren der fortalde ho gledesstrålande at Ungen endeleg hadde byrja leike med dokker! Dei hadde prøvd å få henne til det lenge, men ho ville ikkje, men i dag, i dag hadde ho endeleg gjort det!

Mannen vart perpleks og visste ikkje heilt kva han skulle seie, og følte dessutan at han kokte litt innvendig (vanlegvis er han veldig roleg og avbalansert) - han kjende vel på seg at dette ikkje var ein "endeleg leiker 18-måndringen din med dokker", men ein "endeleg leiker jenta med dokker".

Altså, vi har ingenting imot at Ungen leiker med dokker. Både rolleleik og omsorgsleiker er naturlege og viktige leikar for småbarn. Men at nokon skal prøve å presse jenta inn i ein kjønnsstereotypisk rolle viss ho heller vil leike med bilar og traktorar, det skal eg ha meg fråbede.

Ærleg talt hadde eg ikkje trudd dei ville fortelle oss at dei prøver få henne til å leike med dokker og "jenteleiker" to dagar etter ein aldri så liten raudstrømpetirade om barnehagens fargeprosjekt på foreldremøte. Og på måndag er det Mamma som skal hente...