2012-05-15

NAV, annet bind, første akt.

Eg skal fylle ut søknad om foreldrepengar (NAV 14-05.09). Det er eit nytt og fancy skjema sidan sist eg fylte det ut (i 2010), denne gong organisert som flytskjema. Rett nok er det neppe designa av nokon som aspirerer for ein siv.ing.-grad i datateknikk, men vi kan late som det er ein viss flyt i det.

Så eg fyller ut namn&nummer på meg og far, og starter på sjølve skjemaet. Flyten 1-2-3-4-7-8-9-12-13 går fint og nokonlunde utraumatisk.

I punkt 14 fyller eg ut når permisjonen startar (i mitt tilfelle 3 veker før termin).

Så blir eg forvirra. Midt i datoen for permisjonsstart står det ei pil om at eg skal gå til 19. Samtidig byrjer spørsmåla frå 15 til 18 å bli meir fedre-sentrerte, så eg føler ikkje at det er "mine" spørsmål. Rask skumlesing viser dog at eg må legge fram dokumentasjon på at eg skal tilbake i jobb etter permisjonen min, eller som arbeidsgiver sa forrige gong då dei måtte stadfeste at eg skulle jobbe: "Du følger arbeidskontrakten din. Dette er jo idiotisk."

Så eg går til punkt 19, der det er plass for inntektsopplysningar, i punkt 20 kan eg skrive inn ferie.

Men det er ingen plass der for å skrive inn lengda på mors permisjon. Dei antar tydelegvis framleis at mor skal ha mors del pluss heile fellesdelen av permisjonen. Eg bør vel rekvirere døgnmåling av blodtrykket mitt til den dagen eg får svar frå NAV, sannsynlegvis med beskjed om at når far tar av mors permisjon så må mor hugse å levere dokumentasjon....

("Mødrekvoten" er p.t. på 3 veker før og 6 veker etter fødselen (med visse modifikasjonar for prosjekttapere som ikkje klarer halde deadline), men det er visst fleirtal for å utvide den til 12 veker slik at den blir like lang som fedrekvoten. Eg håper dog det ikkje skjer før Toern blir født. Ikkje fordi eg er mot endringa, for den synes eg er heilt grei, men fordi alle endringar i foreldrepengar pleier trå i kraft 1. juli og då hadde eg ikkje tenkt vere gravid...) (Men eg trur ikkje mødrekvoten blir utvida før i 2013, det er litt vel seint å endre det no (dvs før Stortinget tar ferie i midten av juni). På den annen side, vi snakkar om NAV.)

Eg føler på meg at NAV og eg også denne gong kan ha eit hjarteleg godt forhald.

2 kommentarer:

  1. Å, himmel. Eg har akkurat sendt mail til min arbeidsgivar og bedt om dokumentasjon på at eg faktisk er i arbeid når far skal ta av "min" permisjon. Kjente puls og adrenalin steig faretruande, noko dei alltid gjer når eg beveger meg inn i NAV-land.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg kjenner eg synes det er litt nedverdigande at *eg* skal be arbeidsgivaren min om stadfesting på at eg faktisk skal tilbake på jobb (som avtalt) når Mannen skal bruke av fellesperioden, medan han ikkje treng noko slik stadfesting på at han er i aktivitet når eg skal ha av fellesdelen.

      Slett