2010-04-21

Amming er uvitskapleg.

Det er noko lite vitskapleg over amming, synst eg. Eit lite barn som knapt nok er i stand til å uttrykke ein bevisst tanke gjennom gråt leggast til eit bryst, og vi forventer at det skal suge i seg nok næringsrik væske derfrå til å få eit fullverdig kosthald.

Ikkje aner vi kor mykje det får i seg, ikkje aner vi om det er nok, og puppen er løysinga på alle problem, alle lydar frå barnet, den generiske universelle løysinga.

Flaskemating føles sånn sett mykje betre. Vi har full kontroll over mengden ned til milliliteren, og ungen har heilt sikkert drukke alt saman (sidan flaska er tom og det ikkje renn 120 ml ut av munnen i løpet av minuttet etterpå). Vi loggfører naturlegvis alt ho spiser [kun input, ikkje output]. Viss ho skrik, kan vi kikke på klokka og starte problemsøkinga i den eine eller den andre enden. Er det fire timar sidan forrige måltid, kan vi starte med å varme mjølk, er det to timar kan vi først dytte inn smokken (den er nesten heilt sikkert ramla ut), så kan vi sjekke om bleien treng bytting, og viss ingen av desse tinga fungerer kan vi ordne mat. Sjølvsagt med nokre justeringar for aukedøgn, men det loggfører vi jo. (Merk at vi ikkje mater og steller osv etter "skjema". Ho får mat når ho vil, men loggen gjer det enklare å gjette om det er mat eller bleie ho eigentleg vil.)

Flaskemating - for the scientific mum.

6 kommentarer:

  1. ad "vi forventer at det skal suge i seg nok næringsrik væske". Vel, erfaringen de siste 150 millioner år eller noe tyder på at det funker greit i praksis ;-)

    SvarSlett
  2. Med en ingeniør og en sykepleier som foreldre, samt en unge på seks uker som får pumpemelk på flaske så føres det skjema her i huset også. Det er sånn sett betryggende å vite hvor mye berta tar til seg. Men haddde gjerne byttet det ut mned en unge som likte pupp. Ikke minst fordi da ville far sluppet å stå opp midt på natten og gi flaske mens mor pumpet seg. Det som er frustrerende er at på helsestasjon og lignende er det ikke uten videre lett å få respons på spørsmål om inntak. Hvor mye pr. måltid og pr. døgn bør hun få? (Ja, hun får det hun vil, men likevel) Hvor fort bør det gå for å unngå luft og gulp osv. Slik er ikke lett å få gode svar på. Til gjengjeld spørres vi om antall våte bleier, som jo er rimelig uinteressant så lenge de kommer på løpende bånd og vi har oversikt over inntaket uansett.

    SvarSlett
  3. JK: eg har tru på at amming er mindre stressande for både mor og far, ja. Ikkje at eg VEIT det, men eg TRUR ikkje man MÅ bli lysvåken av amming feks. Har høyrd det gjerne gjerast i senga og mørket og sånn. Ikkje på badet med neonlysrøyr og vasking av pumpestæsj etterpå.

    Ang mengde og slikt: påvirk ungen til å ville ha det de vil gi ;-) Sleipt, javel, men når du trass alt veit kor mykje ungen "vil" ha i løpet av døgnet så fordel det på eit antall måltid som *de* synst er passe, ikkje det ho ville fått om ho småsugde på puppen annakvar time. Vår unge får omtrent aldri "fersk" mjølk, men mjølk vi har i kjøleskapet for å få store nok porsjonar. Overskot/backlog går i fryseren.

    Ho får p.t. 5x140 ml morsmjølk på dagen (i dag var det 0530, 0830, 1145, 1515 og 1830), og så 140 ml morsmjølk pluss så mykje morsmjølkerstatning som ho orker ha i seg (totalt...øh...240 ml. Det høyrest brutalt ut, eg veit.) rett før leggetid. Då søv (og då meiner eg søv, ikkje opp for å få mat og bleie og sånn) frå 2030 til 0530. Ho vart 5 veker i går. Vår helsesøster syntes dette var heilt i orden, ho (ungen, ikkje helsesøster...) er ikkje spesielt småvokst og ho føles ikkje slapp om morran (eller i løpet av dagen), som kunne vore symptom på for lågt blodsukker.

    Mantraet er at dei kan få så mykje morsmjølk dei vil (den er jo hellig!), grensa på ein liter erstatning om dagen er pga belastninga på nyrene. Men det er veldig frustrerande å aldri få noko antydning om kva som er "normalt". Kanskje vi nerdar burde legge inn mjølkemengdene ungene har i seg i ein database så vi kan publisere litt gjennomsnittsverdiar? :-)

    SvarSlett
  4. Viss nokon reagerer på kveldsmatmengde og sovetid: det er altså "godkjend" av helsepersonell (ikkje berre helsesøster), og for meg er valet anten at ungen søv heile natta, og at eg dermed orker stå opp og pumpe to gonger i løpet av natta - då får eg nok mjølk til at ho kan få morsmjølk unntatt den kveldsflaska. Eller så kan ho våkne og ville ha mat om natta, men då orker eg ikkje i tillegg pumpe, så då blir halvanna måltid med morsmjølk erstatta med MME. Så då blir det iallfall MME om kvelden uansett, med mindre eg skal vere så masochistisk at eg gir MME på dagen og sparer morsmjølka til kvelden slik at eg MÅ opp om natta.

    Då gir den slemme mammaen MME om kvelden og pumper om natta. Sånn er det med den saken. Enno iallfall.

    SvarSlett
  5. Husker da vi fikk førstemann at jeg tenkte det var rimelig sært at han skulle leve _av_ meg. Men de har jo allerede gjort det i ni måneder.

    Da minsten ble født så lå han på nyfødtintensiven første uka og fikk mat gjennom sonde ett par ganger. Etter jeg amma ham sugde de maten opp av magen på ham igjen, antar for å se hvor mye det var, så tok de bort lufta og spylte det ned igjen. Hender jeg savna akkurat luft-biten. Tenk så greit om man bare kunne trekt opp den fordømrade lufta som sitter og lurer nedi magen og plager dem :)

    Ellers så er det ganske vanlig å gi MME på kvelden. Ungene har en tendens til å ville ha mer melk på kvelden, samtidig som produksjonen går litt ned på kvelden så vidt jeg husker. Greia var vel at man får mer tykkere melk på kvelden, og mindre tørstedrikk, og det dermed føles ut som at det er mindre melk - mens det da egentlig er mer mettendes for ungene.

    Men uansett, vil bare si at jeg er imponert over at du i det hele tatt orker pumpinga. Vet ikke om jeg hadde gjort det eller om jeg bare hadde pøkt på med MME for alle penga.

    SvarSlett
  6. citten: heile morskake- og puppegreia er ganske sært, og det blir berre særare dess meir eg tenker på det.

    Oppsuging for å måle mengde høyrdest tungvindt ut, det ville då vere mykje enklare å berre veie han? Men det var vel ein grunn, da - fjerning av luft var vitterlegen smart.

    Har pumpa i 5 veker no, synes det går bra. Eg synes det er mindre stress å pumpe enn å stresse med amming, kanskje ikkje så overraskande for dei som kjenner meg (det er noko med touchy-feely-biten der), men det er jo heilt klart det vanskelegaste alternativet samanlikna med 100% amming eller 100% mme....

    SvarSlett