For ei stund sidan blogga eg om at amming framstår som lite vitskapleg. No har eg faktisk amma min 11 veker gamle unge i ei uke (jupp!), og amming virker temmeleg vanvittig (og for å vere ærleg, ikkje spesielt praktisk - enno?).
Og, nei, ungen får faktisk ikkje i seg nok mat, uansett kva alle andre seier så har mamma heilt rett i at det vart for lite mat.
Men ho vert amma, det er då absolutt noko. Og mammaen har tru på at når sugeteknikken er på plass (som mammaer gjerne veit, er suging tunge greier) så blir det sikkert nok mat også. Inntil vidare må vi halde fram med flaska, etterkvart blir den opprettheldt fordi det er praktisk.
(Skulle nokon snuble over denne bloggen i jakt på informasjon om overgangen frå fullpumping til fullamming av 11 uker gamle ungar, så ta for all del kontakt. For informasjon om det er det ikkje mange som har, og det er ikkje automatisk det samme som å amme ein nyfødt eller å amme ein 11 veker gamal unge med 11 vekers die-erfaring.)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Jeg må nå le. ;) Lykke til. Jeg er sikker det blir folk av ungen uansett andelen pupp/flaske.
SvarSlett