2012-06-28

Amming, Take Two.

Med over to års ammeerfaring har det føltes litt rart å av og til måtte seie at "amming av spedbarn, nei, det har eg inga erfaring med". Teoretisk har eg nok kunnskapen inne, eg kan "alt" om såre brystknoppar, urolege barn om kvelden, blokkamming, lite mjølk og andre ting som nybakte mødre stiller flest spørsmål om. Men eigen praksis? Nei. Ungen ville ikkje ha bryst før ho var 3 månader, og på det stadiet har dei fleste på eit eller anna vis kome over dei aller fleste spedbarns-ammeutfordringane sine.

Så då Toern meldte sin ankomst for ei drøy veke sidan hadde eg som ballast ikkje berre store mengder teoretisk kunnskap, ganske mykje erfaring i form av andres erfaringar, utfordringar og problem, og eit breidt korps av ammehjelpere om eg skulle lure på noko, men også mogleiken til å starte med amming av spedbarn for aller første gong. Ein interessant kombinasjon, synes eg!

Det aller første som slo meg etter å ha pressa ungen ut og gjort oss klar til å amme var at dette krev tålmodigheit!

Etter at eg fekk han opp på brystet etter fødselen brukte han omlag ein time på å finne puppen sjølv for fyrste gong. Då lot eg han fyrst ligge oppå brystkassa mi, deretter la eg meg på sida med han mage-mot-mage. Eg har store bryst som vert litt, øh, flate når eg ligg på ryggen, så det var ikkje så lett å navigere seg rett fram til dei, trur eg, og det var vanskeleg for meg å sjå han også. Men når eg låg på sida hadde eg god kontroll over både han og meg, og kunne legge til rette med å forme brystknoppane litt for han når han nærma seg, slik at han fekk lettare tak.

Eg gav uttrykk til jordmor og barnepleier for at eg ville greie dette på eiga hand, så eg fekk inga rettleiing eller hjelp til å gjere dette "rett". Som andregongsfødande og ikkje minst som ammehjelper synes eg dette var heilt greitt. Verre var det at eg heller ikkje forrige gong fekk noko hjelp til dette, utover at eg fekk Ungen opp på brystet og (så vidt eg hugser) fekk beskjed om at det var berre å ta den tida vi trong, så ville ho finne brystet. Eg tviler på at tålmodet holdt til ein times orientering på mors bryst, så eg trur nok ho fekk litt hjelp av eg undervegs. Kor mykje dette hadde å seie for utfallet er umogleg å seie, så eg spekulerer ikkje meir over det no. Gjort er gjort og amminga kom no på plass etterkvart.

Det er viktig å vere klar over at den første amminga kan ta tid, mykje lengre tid enn du trur, og dess lengre tid det tek, dess viktigare er det nok å ikkje la seg stresse. La barnet bruke den tida det vil, og spør jordmor om råd viss du er usikker på om du eller barnet ligg "rett" eller liknande. Ikkje "hjelp" barnet for mykje fram til målet.

Etter at han først var kobla på, sugde han seg fast og vart liggande. Først etter to timar slapp han taket slik at barnepleieren (som var innom for tredje gong) kunne få veid og målt han. Løvemamma passa på :) (Nokon ville kanskje oppfatta det som masing når dei for tredje gong kom inn og lurte på om dei kunne få veie og måle, men eg ignorerte det berre...)

Vi slumra oss begge gjennom natta, og neste morgon var det til for ny ammestund. Denne gongen tok det 20 minutt før han ville ta tak.

For to år sidan hadde eg vore drive til vanvidd etter 5 minutt. Denne gongen følte eg ikkje ein einaste gong at skuldrene nærma seg øyrene eller at sveitten pipla fram. Eg var roleg og forsøkte hjelpe han til å ta tak (med store brystknoppar er det greitt med litt "skvising" for å hjelpe ein liten munn å få godt tak), men elles styrte eg lite.

Mykje av grunnen til at det tok så lang tid før han tok tak var nok at eg såg tidlege signal på svolt - kaving, lett klynking, han byrja sutte på fingrene og virka generelt litt søkande. Han skreik ikkje, og virka slettes ikkje "skrubbsvolten-gi-meg-mat-no-straks". Kanskje er det ikkje sånn vi trur at ein svolten unge ser ut, slik at det er lett å tolke det å bruke lang tid på tilkoblinga som manglande interesse?

Å bruke lang tid på tilkoblinga kan vere eit teikn på at du les svoltsignala til barnet ditt "rett" og tilbyr brystet i god tid før det eigentleg veit at det vil ha mat.

Dessverre har Toern akkurat som søstra litt liten munn, så det var vanskeleg å få optimalt sugetak med mine store brystknoppar. Babyen skal ikkje sutte på tuppen av brystknoppen, men ha heile brystknoppen og delar av areola (det brune) inni munnen. Dette krev at barnet gapar ganske høgt. Eg slurva med dette den første natta og dagen, og det fekk eg (bokstaveleg talt) svi for den neste veka.

Pass på korrekt sugetak frå første time.
















Ganske bra sugetak.

Det tek framleis ofte lang tid å koble han på. rett nok er det ikkje snakk om 20 minutt, men 5-10 minutt er ikkje uvanleg, særleg om natta og kvelden. På dagtid er det litt meir som på film - schmokk, rett på.

Og amming tek altså tid. Mykje tid. Toern vil som regel die 30-60 minutt eller lengre før han slepp taket. Som regel sovnar han i matfatet, men held fram å ha eit godt sugetak med aktiv diing (nokre sugetak før han svelger). Hittil i dag (han er 9 dagar og klokka er straks 15) har eg amma i minst 5 timar (og det er nok snart tid for ei ny økt medan middagen står i omnen, han har snart sove i 2 timar no). Eg rekner med minst like mange timar til før midnatt. Men til gjengjeld for ei halvanna times ammeøkt i senga fram mot midnatt får eg nok sove opp mot 5 timar før han vil ha mat igjen, så det er verdt det :) Dessutan bryr eg meg ikkje så hardt om augekontakt med mitt slumrande diebarn (eg er jo den slemme mammaen ;)), så eg får nokre timar med TV, PC og ein stabel bøker på nattbordet.

Alt dette er ein overgang frå to-åringens 3-minutt-på-ein-god-dag-økter - ho vil forresten gjerne die litt lengre no når det tydelegvis er meir mjølk der...

 
 Ganske tilfreds unge.


2012-06-15

NAV, annet bind, annen akt.

Forleden dag fekk eg svar på søknaden min om foreldrepengar.

Tru det eller ei, men NAV har faktisk klart å gjere det (nesten) riktig. Dei har rett oppstartdato, ingen kommentarar til at arbeidsgivar ettersendte inntektsopplysningar (eg antar dette kan tyde på at eg har ein kompetent arbeidsgivar som klarer ettersende det dei seier dei skal ettersende) og dei har klart utsette permisjonen min med litt meir enn 5 veker ferie, slik eg optimistisk førte opp etter ei litt kryptisk formulering om at man automatisk kunne søke om utsetjing av permisjonen ved å føre opp ferie i feltet (som var litt i strid med formuleringa i ymse rettleiingar om at permisjonen kun kan utsetjast med lovbestemt ferie, dvs 4 veker og 1 dag).

Dei klarte også å ikkje referere til at far skal ha "mors del av permisjonen", korkje i mitt vedtak eller i informasjonsbrevet til far - det står pent og pynteleg "fellesdelen" og liknande. Absolutt eit framsteg, sjølv om eg avventer med jubelen til Mannen har fått sitt vedtak.

Det dei naturlegvis ikkje har klart er å innvilge meg foreldrepengar for den perioden eg ba om det, dvs fram til slutten av november (eller ut året med ferie-forlenginga). Resten skal jo Mannen ha, så det prøvde eg meg på å forklare at eg ikkje skulle ha. Det ignorerte dei, dog var ikkje dette så veldig overraskande - det er sånn regelverket deira er, og det er nok barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet som er rette instans for å endre på dette.

Det betyr ikkje at eg synes det er greitt, derimot så betyr det at det nok kjem eit innlegg frå meg snart om kordan mor ikkje treng ta standpunkt til permisjonslengde i det heile teke og kordan dette kan påvirke uttaket og fordelinga av permisjonen.

2012-05-28

Meir om langtidsamming frå eit antropologisk perspektiv

No vart det plutseleg to innlegg på ein kveld etter lang tids tørke, eigentleg hadde eg tenkt å utsette publiseringa av dette nokon dagar. Men så såg eg at Ammehjelpen på sine facebook-sider påstår at gjennomsnittleg ammelengde på verdsbasis er 4.2 år - og sidan det er feil feil feil så måtte dette ut i dag. Slapp av, då vert det nok dobbelt så lang bloggtørke framover i staden.

Eg har jo tidlegare blogga om langtidsamming, etter at eg såg påstander om at gjennomsnittleg alder for avvenning er ca 4.5 år. For å gje nye (late) lesarar eit samandrag: gjennomsnittleg ammeavvenningsalder er ikkje 4.5 år, men dersom ein ser på utviklingstrekk hos pattedyr så KAN ein samanlikne og seie at biologisk burde avvenning hos menneskebarn skje ein gong mellom 2.5 og 7 år. I mange land og kulturar er det vanleg å amme mykje lengre enn i Noreg (og ikkje minst i USA), og eit vekta gjennomsnitt av nokre av dei største landa og ammefrekvensen der kan nok dra alderen for ammeslutt opp mot 1.5-2 år.

Nyleg kom eg over eit blogginnlegg av same Katherine Dettwyler (som er antropolog og har skrive mykje om amming, blant anna ein artikkel eg bruker i det andre innlegget om langtidsamming), om Worldwide average age of weaning, der ho tek opp problematikken rundt akkurat denne statistikken. Først av alt reagerer også ho på påstanda om at gjennomsnittleg ammeavvenningsalder er 4.2 år, og viser til at det berre finst anekdotiske, avgrensa eller rett og slett dårlege kjelder for den.

Ho viser til ein del interessante problem rundt kva metodikk forsking på eit globalt gjennomsnitt skal vere basert på, blant anna er det ein del kulturar det er gjort meir forsking på enn andre - det finst mange sosialantropologiske studier frå matriakalske landsbyar på kysten av Portugal (så vidt eg hugser frå ex.fac.), men forhaldsvis få frå kinesiske storbyar, som i global statistisk samanheng burde ha blitt vekta høgare. Kultur virker definitivt inn - ho bruker USA som døme, og trekker fram blant anna medisinske intervensjonar av mange slag som påvirker amminga, og spør om ein kanskje burde holdt alle som gir opp eller aldri initierer amming i løpet av dei første 6 vekene (som ho ser på som "tilvenningsfasen", tida for å etablere god amming for både mor og barn) utanfor ammestatistikkar? Det hadde iallfall vore interessant å sjå kordan tala då hadde blitt påvirka, sidan det er ein ganske stor andel kvinner i industrialiserte land som ikkje ammer etter 6 veker (eller i det heile teke).

Konklusjonen hennar er at det ikkje gir meining å snakke om globale gjennomsnitt for amming. Derimot kan det vere meiningsfullt å snakke om kordan ammeslutt er distribuert i ulike kulturar, altså kordan kurven ser ut. Eg synes iallfall definitivt det er interessant å sjå kor kulturelt påvirka amming er, kor mykje av det rundt amming som bestemmast av kulturen vi befinn oss i.

Og konklusjonen - alt i innleiinga - er altså at det ikkje er grunnlag for å hevde at det finst ein global avvenningsalder på 4.2 år. Eller for å seie det med Katherine Dettwylers eigne ord: "The 4.2 year figure cited by Ruth Lawrence is clearly not valid, regardless of how useful people have found it for justifying extended breastfeeding. The 2.8 year figure cited in my work represents the median age (not the mean) for a cross-cultural sample of 64 traditional societies prior to the mid-20th century, not a current world-wide average."

Når har ein amma for lenge?

Mange har sikkert fått med seg dei siste par vekenes diskusjon rundt langtidsamming, som starta med The Time sin artikkel om "attachment parenting" (tilknyttingsomsorg), illustrert med ei forside som også i Noreg ville vore rangert som kontroversiell.

Denne helga fulgte Bergens Tidende opp med ein reportasje om langtidamming, med intervu og flotte bilete av mødre med barn i 2-3 års-alderen. (Dessverre held kommentarane på artikkelen stort sett same kvalitet som kommentarane i nettaviser generelt, så eg har ikkje orka lese for å sjå om det finst gullkorn der.)

Sjølv om eg ikkje trudde det då eg vart gravid eller (ikkje) starta å amme, så synes eg no det er heilt naturleg og greitt å amme lenge etter den anbefalte minimumsalderen for amming i Noreg (og frå WHO si side). Amming blir ikkje unyttig straks "aldersgrensa" er passert, og ikkje er det helseskadeleg å fortsette heller - så på same måte som at eg ikkje kaster spagettien om den har passert "best før"-datoen med god margin så held eg fram med amminga. Og eg har i grunnen trua på at morsmjølk gir ungen min meir balansert og nyttig næring enn spagetti gjer, sjølv om kanskje spagetti står for ein større del av næringsinntaket hennar....

Det blir for meg veldig kunstig å sette ei bastant grense for når ammeslutt skal skje. Først og framst, kva skal denne grensa vere basert på? Forsking? I såfall må nokon gjennomføre nokre større forskingsprosjekt først... Det finst mykje forsking på effekten amming generelt, det meste med barn opp til 3 eller 6 månader. Fram mot 1 år finst det mykje mindre, mellom 1 og 2 år finst det nokre få studier, og over 2 år finst det så vidt eg har funne ingenting. Grunnen til det er nok enkel: det er få i kulturar der det er mogleg å gjennomføre kontrollerte studier over så lang tid som ammer så lenge. I Noreg er det ca 4% (dvs rundt 2400 av eit årskull) som ammer ved 2-årsalder, etter dette finst det ingen statistikk.

Det finst altså ingen eller i beste fall svært lite relevant forsking om dette, anten ein ser på fysiske eller psykiske effektar, eller heilt andre ting. Kritikken eg har sett mot langtidsamming er stort sett anten retta mot ein uspesifisert alder der barnet er "for gammelt" (eller for stort), at det ikkje er nokon helseeffekt av amming så lenge (så korfor gidde?), at barnet blir for nært knytta til mor, og kanskje psykisk skada for livet, at mor gjer dette for sin eigen del, eller at det er ekkelt.

Kva som er "for stort" eller "for gammelt" veit eg ikkje heilt. Nokon nemner å kunne sitte sjølv - vel, mitt barn insisterte på å stå i fanget vårt (jada, med støytte) sidan ho var 2 mnd. Eg burde kanskje aldri byrja å amme då? Andre synes barnet er for stort når det ser for stort ut - utan at det er så veldig klart definert heller. Atter andre når barnet har fått tenner - nokre barn får første tann ved 2-3 mpnadersalderen, skal dei starte på kotelett-gnaging då? Og andre set grensa ved at barnet kan be om eller finne fram brystet sjølv. Her er det igjen nokre barn som er veldig tidleg ute med å løfte opp genseren - intelligens eller dumskap? Og for min eigen del så har eg ein Unge som snakka i 2-3 ord lange setningar frå ho var rundt 15 mnd - skulle eg ha avvent henne då, medan sonen til ei eg kjenner, som er 2 månader eldre enn Ungen og nettopp har lært å koble saman ord framleis kan ammast nesten eit år lengre?

Helseeffekt, anten den er fysisk eller psykisk og negativ eller positivt, finst det altså stort sett inga forsking på, og det går ikkje an å basere seg på fråveret av forsking, iallfall ikkje når det finst erfaring gjennom årtusen som tyder på at amming til barnet er fleire år gamalt går heilt fint. Det er ingenting som tyder på at det var vanleg å avvenne spesielt tidleg i tidlegare kulturar, sjølv om auka industrialisering og pengeøkonomi absolutt gjorde sitt for å korte ned på amminga. Det var behov for mors arbeidskraft, og for mange var det til dømes billegare å leige inn ei amme til å gi barnet mat enn å amme sjølv. Innafor adelskapet var det gjerne om å gjere å få flest mogleg barn, og då hjalp det med korte intervall mellom fødslane - ergo ingen eller kort amming der også.

Når det gjeld egoisme så vil eg starte med å nemne at eg overhode ikkje fekk Ungen for hennar eigen del. Det var ikkje ei genuin tru på at akkurat dette barnet skulle få det så fantastisk godt som gjorde at vi valde å ha sex akkurat den kvelden og at akkurat den sædcella traff egget - og så vidare. Ungen er rett og slett eit produkt av foreldras egoisme - vi fann ut at vi hadde lyst på barn, enkelt og greitt. På same måte er amming i godt over to år naturlegvis eit produkt også av mors vilje - hadde eg ikkje villa amme og syntes det var greitt å amme så hadde eg då for all del kutta ut for lenge sidan.

Og ekkelt? Det er mykje som er ekkelt, men eg vil ikkje forby det for det, og så lenge det berre er ekkelt utan nokon annan grunn til å vere mot det så vil eg faktisk avstå frå å meine noko om ein annan person sine handlingar også. Røyking er ekkelt, helseskadeleg og det plager andre - ergo er eg veldig for røykelova. Snus er ekkelt og helseskadeleg, men utover det reint estetiske og så lenge snusaren tar med seg klysene sine synes eg ikkje det skal vere forbode. (Derimot bør det vere høge bøter for å forsøple med snusklyser. Eller tyggisar.) Og sæggebukser med rørleggersprekk og rosa boxer under er både ekkelt og stygt, men her klarer eg ikkje finne andre gode argument enn min eigen alder og estetiske sans, så det går under "klær er trass alt klær". Eller "me vett det, men me liga det ikkje", som indremisjonsmannen sa om Jesus som gjorde vatn til vin. Og forøvrig synes eg ikkje amming av "store" barn er ekkelt heller.

Men uvant, det er det. Heile greia med amming er i grunnen uvant for dei fleste som ikkje har barn sjølv. Eg hadde tatt på éin gravidmage og så vidt eg hugsar aldri sett amming i RL (bortsett frå ei bilete av mora mi som ammer broren min) då eg sjølv vart gravid. Amming av "større barn", kva no det var, var totalt ukjend. Dei fleste som ammer barn over året i vårt samfunn gjer dette utanfor det offentlege rom - barnet er i barnehage, foreldra på jobb, og amming er som oftast noko som skjer heime, nokre få gonger om dagen. Om det er forhaldsvis fleire heimeverande som langtidsammer i forhald til utearbeidane, veit eg ikkje - dei fleste eg veit av som ammer "eldre barn" jobber (men så kjenner eg jo flest arbeidande mødre også).

Alt dette fører uansett til at det er veldig sjeldent å sjå 2-åringar som blir amma, så når vi ser det så blir det svært framand for oss. Det bryt med biletet av det nusselege spedbarnet i rosa eller lyseblå blondar som ligg så pent i mors armer med eit halvt skjult bryst i munnen. Ein halvmeter baby på fire kilo kan ammast litt diskret og skjult vendt mot veggen eller under eit sjal om ein ynskjer det, det går rett og slett ikkje med ein munnrapp og nyskjerrig to-åring på knappe meteren. Så då let nok dei fleste vere å gjere akkurat dét. Og nettopp difor er reportasjar av den typen som BT hadde så viktige, med dei flotte bileta, med Tatjana og Julija på framsida, med bilete av taleføre barn (og mødre!) - det viser oss eit anna bilete av amming enn dei bittesmå babyane som stort sett er dei som er med på dei vanlege ammebileta.

Just for the record: eg ammer framleis. Sjølv om Ungen i kveld - i all sin taleførheit - sa at "magen til mamma har ikke plass til puppeputa". Og dette er absolutt noko eg ikkje hadde trudd eg kom til å gjere om du fortalde meg det for 2-3 år sidan :-)

2012-05-15

NAV, annet bind, første akt.

Eg skal fylle ut søknad om foreldrepengar (NAV 14-05.09). Det er eit nytt og fancy skjema sidan sist eg fylte det ut (i 2010), denne gong organisert som flytskjema. Rett nok er det neppe designa av nokon som aspirerer for ein siv.ing.-grad i datateknikk, men vi kan late som det er ein viss flyt i det.

Så eg fyller ut namn&nummer på meg og far, og starter på sjølve skjemaet. Flyten 1-2-3-4-7-8-9-12-13 går fint og nokonlunde utraumatisk.

I punkt 14 fyller eg ut når permisjonen startar (i mitt tilfelle 3 veker før termin).

Så blir eg forvirra. Midt i datoen for permisjonsstart står det ei pil om at eg skal gå til 19. Samtidig byrjer spørsmåla frå 15 til 18 å bli meir fedre-sentrerte, så eg føler ikkje at det er "mine" spørsmål. Rask skumlesing viser dog at eg må legge fram dokumentasjon på at eg skal tilbake i jobb etter permisjonen min, eller som arbeidsgiver sa forrige gong då dei måtte stadfeste at eg skulle jobbe: "Du følger arbeidskontrakten din. Dette er jo idiotisk."

Så eg går til punkt 19, der det er plass for inntektsopplysningar, i punkt 20 kan eg skrive inn ferie.

Men det er ingen plass der for å skrive inn lengda på mors permisjon. Dei antar tydelegvis framleis at mor skal ha mors del pluss heile fellesdelen av permisjonen. Eg bør vel rekvirere døgnmåling av blodtrykket mitt til den dagen eg får svar frå NAV, sannsynlegvis med beskjed om at når far tar av mors permisjon så må mor hugse å levere dokumentasjon....

("Mødrekvoten" er p.t. på 3 veker før og 6 veker etter fødselen (med visse modifikasjonar for prosjekttapere som ikkje klarer halde deadline), men det er visst fleirtal for å utvide den til 12 veker slik at den blir like lang som fedrekvoten. Eg håper dog det ikkje skjer før Toern blir født. Ikkje fordi eg er mot endringa, for den synes eg er heilt grei, men fordi alle endringar i foreldrepengar pleier trå i kraft 1. juli og då hadde eg ikkje tenkt vere gravid...) (Men eg trur ikkje mødrekvoten blir utvida før i 2013, det er litt vel seint å endre det no (dvs før Stortinget tar ferie i midten av juni). På den annen side, vi snakkar om NAV.)

Eg føler på meg at NAV og eg også denne gong kan ha eit hjarteleg godt forhald.

2012-04-30

Gullkorn frå barnehagen (igjen).

"Spesielt de største guttene er på ivrig leiting etter mark – som de samler i bøtter og på spader. [...] Og de største jentene er ivrige i leiken der de er både baby, mor, far og bestemor"

Quiz: Er sitatet henta frå Egners lesebøker anno 1952 eller frå barnehagens nyheitsbrev anno 2012?

Dessverre er svaret et desse to sitata er henta frå beskrivelser av barnas kvardag i ein kommunal norsk barnehage anno 2012, gjenfortald i eit månadsbrev til foreldra.

Trufaste lesarar hugser kanskje at vi har hatt våre opplevingar med barnehagen tidlegare også... Den gong orsaka dei seg med at vi måtte ha misforstått, og det var jo ikkje SÅNN meint. Munnleg kommunikasjon er vanskeleg, så vi lot det vel ligge den gong.

Denne gongen er det imidlertid skrive svart på kvitt i barnehagens månadsbrev, så det er litt verre for dei å kome seg unna med at det ikkje var slik meint, eller at dei ikkje er medvite det. For akkurat det at dei påpeiker at det er ein kjønnsskilnad er for meg eit veldig tydeleg teikn på at dei er medvitne at det er ein skilnad!

Å vere medviten at ein faktisk ser ein kjønnsskilnad kan vere ein fin ting, det. Men det forutset jo at dei ikkje berre er medvitne at det er ein skilnad, men òg at dei bør gjere noko med det! For det er faktisk ikkje slik at det er naturleg at 3 år gamle gutar er opptekne av meitemark medan jentene i same årskull naturlegvis er opptekne av dokke- og familieleik. Og det er iallfall ikkje slik at dette er ei kjønnsdeling pedagogisk tilsette i ein barnehage bør legge opp til!

Eg saknar refleksjonar over kvifor det er slik, og ein plan for kva dei vil gjere framover. Rett nok nemner dei i planen sin at dei ser at barna er fascinerte over alle insekta og vårteikna som dukker opp, at dei vil ha fokus på det framover - men vil fokuset framleis vere på at dei eldste gutane skal grave mark med spadene og bøttene sine, og ta det med slik at dei yngste barna (og kanskje dei travle dokke-rolleleikande 3-årige jentene, viss dei klarer rive seg laus) kan få kome og sjå?

Det er sikkert naivt av meg å tru at eg kan demme opp for prinsessetyranniet i samfunnet, men eg ynskjer iallfall gjere mitt både på heimefronten og elles. Eg prøver å ikkje kjøpe rosa klær til Ungen, men viktigare enn fargen: eg unngår å kjøpe jålete og overpynta klær som ikkje kan brukast i vanleg, vilter leik, som kan henge seg fast eller som gjer det umogleg å leike slik at ein kan henge seg fast og som er så overpynta at både foreldre og barn blir redde for å skitne dei til. Vil ho gå i rosa solbriller, skal ho få lov til det (solbriller er solbriller), men brannfarleg prinsessesumarkjole i tyll som må haldast minst 3 meter unna grillen heile sumaren? Not so much.

I barnehagen så er det mitt ynskje som forelder, som brukar av barnehagen, at barnehagen ikkje skal forsterke stereotypiane i samfunnet elles. Det er eit paradoks at vi i Noreg i dag har den same kjønnsdelte arbeidsmarknaden som vi hadde for 20 år sidan, at det er eit stort lønsgap mellom kvinner og menn, at omtrent alle likestillingsframsteg har kome gjennom lovendringar, ikkje friviljuge tiltak.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har foreslått å bruke ein kvart million på likestillingstiltak i barehagane. Talspersonen nemner mellom anna språk som ein av måtane jenter og gutar blir behandla ulikt på. Motstanda mot framlegget kjem mellom anna frå Framstegspartiet: Med få ord, så er dette ein veldig gamaldags likestillingskamp. Til gutar seier du at «du er tøft kledd», medan jenter er «fint» kledd. Det tykkjer eg er heilt greitt. For jenter kler seg fint og gutar kler seg tøft. Slik skal det vere, seier han.

Ja, sånn skal det vere! Gutar er tøffe, jenter er fint kledt. Guten har ein personlegheit, jenta er pent utstyrt. Dette minner vel eigentleg litt om karakteristikkar eg har høyrd tidlegare...

Kunnskapsdepartementet har lagd ei rekke temahefter til rammeplanen for barnehagane, blant anna eit hefte som går på likestilling i det pedagogiske arbeidet. Forfattaren av dette heftet skriv i forordet at "vi ofte ubevisst reproduserer ulike forventninger til jenter og gutter i barnehagen."

Heftet er lagd for bruk i personalgruppa i barnehagen, til diskusjon og refleksjon over eigne roller. Det inneheld òg mange nyttige tips og refleksjonar for foreldre, som trass alt (framleis!) er dei viktigaste rollemodellane for eigne barn. Kva roller er det vi gir barna våre, kva roller har vi og tek vi sjølv? Som rollemodellar er jo kjønn ein del av det, spesielt når kjønnsrollene blir forsterka i barnehagen. Kanskje må vi som foreldre gjere ting som vi eigentleg ikkje liker eller som ikkje fell oss så veldig naturleg - som å skifte dekk eller plukke meitemark i blomsterbedet, rett og slett for å vise at dette er noko både mamma og pappa kan gjere? Og kva fortel det eigentleg barnet om fordeling av arbeidsoppgåver når mor kjøper trillebår til ungen og far er den som monterer den saman? (Prøv for all del gjerne, det kan godt hende barnet legg noko heilt anna i det enn det du (og eg) gjer!)

Eit av temaene i heftet er kjønnsstereotypiar og barnehagens ansvar i forhald til dette: "Hvis vi skal nå de likestillingspolitiske målene som samfunnet etterstreber, og begge kjønn skal få varierte utfordringer og like mye oppmerksomhet, er det en viktig oppgave for personalet å ikke reprodusere de tradisjonelle kjønnsrolleforventningene til jenter og gutter. Jenter og gutter er mye mer enn de forventningene vi har til dem i kraft av deres biologiske kjønn. Synet på barnet i barnehagen omhandler barns rett til å bli sett og anerkjent som samfunnsmedlemmer på linje med de voksne." (s. 11)

Barn er komplekse vesen, ikkje berre som jenter og gutar, men òg som andre roller dei er, blir eller får. "Personalet må i større grad får tak i mangfoldet og de ulike posisjonene jentene og guttene får og tar i barnehagen. Det kreves kompetanse som ikke er fastlåst i spesielle forestillinger om hva som er normalt. Det finnes mange måter å være normal på, og dagen og morgendagens barnehage trenger voksne som evner å se og reflektere over barnas komplekse liv i en kompleks verden." (s. 28)

Likestilling handler om å likestille individa, å sjå alle barna som einskildståande og unike individ. Ei jente er ikkje stille fordi ho er jente, ein gutt er ikkje bråkete fordi han er gutt - dei er det fordi dei er dei dei er.

2012-04-15

Fedrepermisjon som streikesak

Fellesforbundet og Norsk Industri har i dag vorte samde om ny tariffavtale i "frontfagoppgjeret" - den første runden med lønsforhandlingar på våren, den avtalen som blir spydspiss for krava i avtalane for dei andre forbunda. Eg synes det er veldig, veldig fint at eit av krava i dette oppgjeret var to vekers lønna permisjon til fedre etter mors fødsel. Likestillinga har faktisk kome eit godt stykke når eit såpass mannsdominert fagforbund som Fellesforbundet er villige til å gå til streik for dette.

Lønna permisjon til far (eg trur forøvrig at retten også gjeld for "en annen som bistår moren" i lovteksten) etter fødsel betyr at det ikkje er pengar det står på når familien skal vurdere om far kan vere heime etter fødselen. Retten til permisjon har vore der i mange år, men retten til løn har vore tariffbestemt og så langt berre gjeldt i det offentlege samt i ein del avtalar innan det private. Mange har teke ut ferie eller avspasering i denne perioden, eller teke permisjon utan løn, og på den måten fått til å vere heime med mor og barn. No vil mange fleire få denne retten - bra!

Det er viktig av mange grunnar. Det er for dei fleste ein tilstand av totalt kaos rett etter fødselen - overgangen frå to til tre (eller meir) er slett ikkje smidig alltid, og er ein alt tre eller fleire så blir det ikkje nødvendigvis enklare å få ein til av den grunn. Mor er i mange tilfelle såpass nedkøyrd fysisk og psykisk etter fødselen at det er på kanten å vere aleine heime med barnet. Terskelen for å kontakte lege for sjukemelding slik at far kan vere heime er nok høg for mange. Amminga er som regel ikkje særleg veletablert enno, og god støytte frå far er veldig viktig også der.

Kva vert kravet neste gong, tru? Fedrekvote uavhengig av mors rett til permisjon? Meir enn 6G som maks-grense for refusjon frå NAV? Betalt ammefri i alle bransjar? Skiftordningar som legg til rette for fortsatt amming? Ja takk, alle fire?

2012-03-16

Barnet i bokheimen

Pia spør om vi les for barna våre og om dei har tilgang på bøker. Ja, det gjer vi!

Ungen elsker bøker, og vi les alltid ei bok før sengetid (før var det fleire, men vi har flytta litt av "leggetida" frå sjølve leggeritualet til tida "mellom middag og leggerituale") - og som regel eit par-tre andre bøker etter middag. For tida har ho vel ein drøy halvmeter med bøker på stua og litt mindre på soverommet. Planen er å flytte soveromsbøkene til ei litt større hylle der og også ha ei "billedlist" til bøker over senga (ho får straks ny seng med lampe over, sprinkelsenglesing var litt vanskeleg pga lyset), medan stuebøkene etterkvart skal inn på biblioteket vårt vegg-i-vegg med stua. Det kan vere greitt å ha dei litt utanfor lillebrors rekkevidde når han kjem (og blir litt større), tenker eg. Vi har ca 3-4000 bøker på biblioteket, burde nok ha rydda litt i dei, men skal iallfall rydde nok til at ho får sine eigne hyller der.

Elles liker ho Teknisk Ukeblad, der er det ofte fine bilete av vindmøller, tog, anleggsmaskiner og andre store maskiner. Ho har sjølvsagt full kontroll på kva maskinene heiter, og liker å lese det høgt for dokkene sine - altså fortelle dei kva maskiner det er og slikt. Bokstaven "sin" - A - peiker ho òg ut, både for dokkene og oss andre, og i bøker, på butikkskilt og tilfeldige objekt med bokstavar på.

Biblioteket er vi ofte på, det liker ho godt. Det blir fort ein time eller meir med lesing i barneavdelinga før vi tek med oss ei handfull bøker ho (eller eg) likte spesielt godt. Eg prøver å få lånt nokre bøker til meg sjølv også, men aberet er at vaksenavdelinga er i 2. etasje. Det er litt slitsamt å vere der med ein 2-åring som helst vil løpe ned marmortrappa til barneavdelinga i 1. att... mammaer får visst ikkje låne bøker!

Vi har aldri vore plaga av at bøkene blir øydelagt, eg kan ikkje hugse at ho nokon gong har forsøkt rive sund bøker. Då ho var rundt året vart bøkene skjøve rundt på golvet, så mange av dei har slitemerker på permane, men elles er vi strenge på at det ikkje er lov å teikne i dei, og sider med revner (det hender ho bladde litt ivrig då ho var litt yngre, og ei revne blir fort ei lengre revne) blir fort reparert. Eg synes det var litt ekkelt å låne biblioteksbøker då ho var yngre, for mange av dei såg litt tygde ut, men no går det greitt - dei færraste bøker retta mot 3-åringar har bitemerker.

I det siste har ho i større grad byrja lese bøker på eiga hand, så vi har store forhåpningar til billedlista over den nye senga hennar. Kanskje det får henne til å halde seg i senga sjølv om ho kan klatre ut av den? Elles gjer jo sjølvstendig boklesing at det blir litt lettare å få lagd middag, rydda litt eller rett og slett satt seg ned i ein stol og slappa av ein augneblink.

2012-03-14

Det som går inn, kjem ikkje alltid ut att.

Det burde ikkje kome som noko overrasking på dei som kjenner meg (eller for den del dei som ikkje eigentleg kjenner meg, men som les dei lange blogg-innlegga mine) at eg liker bøker. Mange bøker, og dei skal vere mine. Eg kan gjerne låne på biblioteket eller av andre, altså, men når eg først har kjøpt eller fått ei bok så ser eg ingen grunn til å kvitte meg med den. Den skal inn i bokhylla, så dei har vi ganske mange av, med ditto mange bøker i. Tipper vi har rundt 4000 bøker no, dei aller fleste er samla på "biblioteket" ved stua. Biblioteket skulle dog ha vore strukturert og rydda litt, og kanskje burde vi ha avhenda nokre bøker - men kordan gjer ein det då? Med unntak av ein pose med bøker frå ein eller annan "damebokklubb" eg meldte meg inn i pga. gratis velkomstbøker ein gong på midten av 90-talet er eg faktisk ikkje i stand til å kaste bøker. Eg kan til naud gje dei vidare til Frelsesarméen, men alle er merka med namnet mitt og eg liker ikkje heilt tanken på at dei skal ende i ein bruktbutikk. Kva vil folk som ser i dei tenke om meg, kva var feil med denne boka?

Så då hoper dei seg opp, då, og vi burde lære oss å snekre lure bokhyller slik at kroker og krinkler kan utnyttast. Der er vi ikkje så gode i dag. Takhøgda vår (altså den fysiske) er ikkje enorm, men ein del plassar kunne nok ei hylle oppunder taket ha gjort seg. Eg kunne òg tenke meg ei "skrytehylle" i stua, det er litt rart at den er nesten fri for bøker, synes eg. Dessutan hadde det vore kjekt å putte bøkene vi les i stua i ei hylle når vi ikkje les i dei - Ungen gir ofte pappas bøker om brygging og ølsortar litt hardare medfart enn han sjølv gjer.

Når eg tenker meg om så er det kanskje eit par kategoriar bøker eg kan klare å skilje meg ad frå. Det eine er skulebøker frå studietida mi, feks. pensum til ca 30 vekttal matematikk på NTNU siste halvedel av 90-talet. Eg har ikkje på langt nær 30 vekttal matematikk, og sjansen for at eg skulle ynskje å få det synk nærast frå dag til dag. Samstundes kan det jo hende at Ungen vil lese i desse bøkene om nokre år? Så nei, dei blir nok ikkje kasta. Men viss nokon kan peike meg i retning av nokon som samlar inn gamle (og kurante) pensumbøker for å donere til fattigare studentar eller universitetsbibliotek så er eg veldig åpen for det. Viss ikkje blir dei nok verande her litt til.

Den andre kategorien bøker er frå omlag same tidsepoke: utdaterte databøker. Joda, nokre av dei er artige å ha, men det er rett og slett grenser for kor mykje humor og moro eg ser i halvannan meter med "Dummies", "xxx in 10 days" og liknande høgverdig og nyttig litteratur om tema eg anten kan godt no, eller ikkje kjem til å sette meg inn i. Iallfall kjem eg ikkje til å bruke bøker for dummies, og eg kjem ikkje til å bruke 10 dagar på det. Og heller ikkje bøker frå like etter OL. På Lillehammer altså. Og desse bøkene trur eg faktisk eg kan klare å kaste. Anten kaste dei eller legge dei i ein kasse som nokon kan få kome og hente viss dei vil ha dei. Ut av huset skal dei iallfall.

Så då kanskje vi får tre hyller ledige. Det monner kanskje litt i forhald til dei seks kassene med bøker vi fann innerst på eit lager for to år sidan og som framleis står i ein krok på biblioteket og venter på utpakking.

2012-03-08

Gratulerer med dagen!

I dag er det 8. mars, den internasjonale kvinnedagen, og eg skriv nok eit ammeinnlegg (lett inspirert av faren til ei jente i Ungens barnehage som gratulerte meg med dagen då vi møttes i porten - takk!). For som så mykje anna så handlar også amming om feminisme.

Fjorårets debatt om mors rett til å velge flaske framfor amming slik at far kan overta mating og tidleg permisjon får kanskje mange til å tru at amming står i motsetnad til feminisme - at amming handler om å tjore mor fast til sofaen (kjøkkenbenken er stort sett ein sub-optimal plass for amming, det er viktig å sitte avslappa og ha god støytte for rygg, armar og ikkje minst barnet når ein ammer) slik at ho held seg heime med barnet.

Amming handlar om feminisme fordi:

Amming krev samfunnsendringar for å betre kvinners posisjon og levekår.

Kvinner må ha tru på sin evne til å produsere nok mjølk, og ikkje la seg påvirke av kommersielle produsentar av morsmjølkerstatningar og barnemat som forsøker så tvil om kvaliteten på mjølka, om mødre kan produsere nok mjølk til å ernære barnet sitt, om morsmjølka inneheld nok næring. I delar av verda må dei rett nok skrive på pakken at morsmjølk er det beste for barnet, mens i andre land blir det sett på som unormalt og nesten uansvaleg om du ikkje vil ha med posen med masse gratisprøvar på MME heim frå barsel. For kva om du sitt der og har for lite mjølk når du kjem heim?

I tillegg handler dette om at mødre må få den maten og næringsstoffene dei treng under amming, og tid til å amme. Ammande treng meir mat enn andre kvinner, fordi dei skal ernære eit barn i tillegg til seg sjølv. Dei treng også tid og tilrettelegging til å kunne gi barnet mat, ved behov gjennom heile døgnet. I mange samfunn kan dette fint kombinerast med arbeidet dersom ein legg til rette for det - det er vanleg å ha med ammebarn både på jordbruksarbeid og husarbeid.

Amming må anerkjennast som produktivt arbeid, ikkje som ei mors plikt. Dette betyr at det må leggast til rette for at mødre kan amme sjølv om dei jobber - i form av tilrettelagte arbeidsoppgåver, foreldrepermisjon og ammefri. Amming (og svangerskap og fødsel) skal aldri vere grunn til å seie opp nokon frå jobben, det må uansett leggast til rette for at mødre kan gå tilbake til jobben og arbeidsoppgåvene sine når dei ynskjer det. Dette er ein kostnad samfunnet rett og slett må ta for å oppretthalde produksjonen og reproduksjonen.

Rettane i arbeidslivet jobber bla. International Labour Organization (ILO) for i FN-systemet (sjå t.d. denne rapporten). Noreg ligg foran på mange område, men når det gjeld amming er vi faktisk ikkje blant dei beste i klassen sidan norsk arbeidsliv ikkje har rettigheitsfesta betalt ammefri til alle kvinner. Det er avtalt i tariffavtaler som omfattar ca 2/3 av arbeidstakarane


Amming viser at kvinner har styrke i sin eigen kropp

Vellukka amming gjer mødre (og barn) mindre avhengige av legar og av storindustrien. Barn som vert amma har større sjanse til å overleve dei første åra av sine liv, og har færre infeksjonssjukdommar bla. i luftvegar og i mage/tarm. (Ein del referansar kan du finne i dette innlegget.) I mange land er morsmjølkerstatning svært dyrt i forhald til vanlege lønningar. Sjølv om kvinner som ammer treng litt meir mat, er det på langt nær like dyrt som å kjøpe MME - det er ikkje uvanleg at eit spebarns behov for MME kostar meir enn ei dagsløn for ein arbeidar i delar av Afrika eller Asia. Dette går sjølvsagt utover heile resten av familien - både når det gjeld mat, skulegong og medisinske utgifter - og ofte kan ikkje familien kjøpe nok MME til å dekke babyens behov fullt ut, med underernæring, feilernæring eller sjukdom som følge.


Amming utfordrer synet på kvinnebryst som eit seksuelt objekt

Mykje av den moderne kvinnekampen, spesielt i Vesten, har dreidd seg om retten til eigen kropp, retten til å kle seg som ein vil og retten til å vise så mykje av kroppen som ein vil. Valdtektsdebatten i noreg dei siste åra har handla mykje om kordan kvinner skal kle seg og om det kan eller bør vere grenser for det. Samtidig bruker media kropp for det det tydelegvis er verdt - kan tabloidene sette eit bilete av ein tynn kvinnekropp med mest mogleg hud som forsidefoto så gjer dei det. Fordi det sel aviser, ikkje fordi fotoredaktøren er ein gamal gris.

På Facebook finst det mange grupper fulle av kvinner (og jenter) som viser mest mogleg kropp og bryst innafor rammene der. Derimot er ammebilete i mykje mindre grad lov. Facebook påstår rett nok at det er lov, men gong på gong kan vi lese historiar om kvinner som har fått sletta bilete der dei ammer ungen sin, eller som har fått åtvaring frå Facebook om dette. Det same skjer for mange som ammer offentleg. Men det er faktisk ikkje slik at vi ammer utanfor husets fire veggar fordi vi absolutt vil eller for å vise oss mest mogleg - det er for å gi barnet vårt mat. Og det er ikkje alle barn som aksepterer å bli amma under eit varmt og mørkt teppe der dei ikkje kan sjå mors ansikt. Sjølvsagt kan både mor og barn krype inn under teppet, men var det ikkje for å vere diskret at vi skulle dekke oss til? (Om det plager deg at eg viser 20 cm^2 med nakent bryst så kan du gjerne sjå ein annan veg.)

Alt dette er område som kvinnerørsla i Noreg og mange andre land har snakka om i årevis. Kvinnerørsla besto også av ammeaktivistar - og eg antar grunnleggarane av Ammehjelpen heller ikkje blir fornærma om eg kaller dei feministar :) Dei seinare åra har mykje av den synlege kvinnekampen dreidd seg om ting som er fjernt frå amming, men eg tviler på at eg hadde blitt kasta ut av toget om eg stilte med Ungen og eit banner om min rett til å vise puppen offentleg - sjølv om eg hadde hamna rett bak parolane mot strippeklubbar eller mot Pro-senteret. (No blir det dessverre ikkje noko tog på oss i år, og iallfall blir eg ikkje å bære Ungen medan eg ammer henne i toget. Ouch.)

Gratulerer med dagen, alle kvinner!



Amming borte frå kjøkkenbenken, med Unge som er litt for stor til å ammast i 8. mars-tog.

2012-02-23

Amming under graviditeten

For ei stund sidan skreiv eg eit innlegg om amming og graviditet. Bakgrunnen for det var eigentleg at eg ville skrive om mine eigne erfaringar rundt amming og graviditet, men så vart det så langt.... gamle lesarar vil sikkert påstå at det ikkje er noko nytt ;)

Eg er altså gravid, sånn rundt 23 veker på veg no. Det første teiknet på graviditeten, mindre enn to veker etter befruktninga og på eit tidspunkt der det enno var litt tidleg å ta ein graviditetstest på påliteleg resultat, var at eg fekk vanvittig ømme bryst. Eg trudde ein dag eller to det var brystbetennelse på gong (eg må legge til at eg aldri har hatt det, så eg veit ikkje kordan det eigentleg kjennast ut), og "tvang" Ungen til å die "heile tida", sidan hyppig tømming er den beste behandlinga for dei fleste byrjande brystbetennelser (eg kunne ha lest artikkelen litt nøyare då vondten starta, i staden for panisk å tenke "jeeez, brystbetennelse! AMME!!", for eg hadde ikkje så mange andre symptom enn at det var ømt/vondt...menmen.)

Uansett, etter eit par dagar fann eg ut at det kanskje kunne vere noko anna enn brystbetennelse, og tok ein graviditetstest... som var positiv.

Med lett skrekkblanda fryd fann eg fort ut at eg skulle fortsette å amme - eg har ingen historikk som skulle tilseie at eg ikkje burde amme under svangerskapet, og både eg og Ungen ville gjerne fortsette.

Dei første vekene var det rett og slett vondt, og eg beit tidvis tennene saman og lurte på kva søren eg holdt på med. Heldigvis var det vondast dei første 10-15 sekunda av ammestunda, så innan eg hadde bestemt meg for å koble frå og kutte ut var det ikkje lenger vondt, og Ungen fekk fortsette. Det var også ømt når eg ikkje amma - dvs dei andre 23.5 timane i døgnet, så det å komme borti noko var tidvis smertefullt. Rundt veke 12 gav smertene og ømheiten seg heldigvis, både under amming og elles.

Då eg var rundt 18 veker på veg fekk eg råmjølk i brysta, og mjølkeproduksjonen min gjekk samtidig ned. Grunnen til at eg kan tidfeste dette såpass nøyaktig (og relativt tidleg) er at diemønsteret til Ungen plutseleg endra seg - frå å ville die 3-5 minutt på kvar side vil ho no gjerne ligge 10-15 minutt. I tillegg opplever ho den laksative effekten av råmjølk - ein av funksjonane til råmjølk er å tømme tarmen raskast mogleg for barnebek (mekonium), som er bæsjen barnet lag(r)er i tarmen under svangerskapet (av avfallsstoff frå fostervatn som er svelga). Over natta fekk ho ganske laus mage - det som får meg til å tru på råmjølksvirkninga i staden for barnehagevirus er at då eg nokre dagar etter var bortreist slik at ho ikkje amma på halvanna døgn så fekk ho heilt normal mage igjen, for så å bli laus igjen då eg kom tilbake og ho gjenopptok amminga. (Eg ser òg at mjølka er blitt gul og tjukkare, den minner om vaniljesaus.)

Amming gjer at ein får litt større behov for næring enn elles, og det same gjer graviditet. Begge delar samtidig gir difor dobbelt så stort behov. Det er likevel ikkje snakk om enorme mengdar mat som må til - ved fullamming er det eit par skiver brød og to glas mjølk, og omtrent det same på slutten av svangerskapet. For min del har eg ingen problem med å få i meg tilstrekkeleg næring til både mjølkeproduksjon, svangerskap og drift av meg sjølv, og eg har dessutan litt å gå på...

Planen no er å fortsette å amme Ungen fram til fødselen, og så amme begge to når Nyungen kjem. Tandemamming vil seie at ein ammer to (eller fleire!) barn samtidig, dvs i samme ammeperiode. Nokre let barna die samtidig, andre ammer ein om gongen. Det vanlegaste er nok at den yngste får mjølk først, mens for enkelte kan det vere gode grunnar for å la den eldste die først og dermed la den minste få den feitaste mjølka først. Eg veit ikkje kordan vi kjem til å gjere det reint praktisk, og eg veit jo heller ikkje om Ungen framleis er interessert i å amme meir når ho får ein lillebror. Det er imidlertid mange som seier det er ein bra måte å unngå eller minske søskensjalusi på, og mange ungar som nyleg er avvente vil ofte byrje med bryst att fordi dei er litt sjalu på lillesøsken som får den gode mjølka der. Ungen er for tida litt oppteken av at ho og beibien skal ha ein pupp kvar, det er jo eit godt utgangspunkt (så får vi heller sjå kordan det går når ho innser at Nyungen får spise av begge puppane!).

Eit spørsmål som kom opp då eg diskuterte amming med agronom-broren min var behovet for sining. Eg har diskutert dette med nokre agronomar som også er ammehjelpere, og konklusjonen er at sjølv om det kan vere greitt med ein pause i amminga før neste ammerunde, så er det for menneskeleg laktasjon ikkje eigentleg naudsynt. For kua sin del handlar det òg om at den skal produsere mjølk til meir enn ein kalv - den skal som regel vere mjølkeku - medan menneskemora skal produsere mjølk til eitt menneske, ikkje for kommersiell mjølkeproduksjon i lang tid.

No er det mogleg at Ungen bestemmer oss for at det blir pause i amminga i vekene før fødselen, men om ho ikkje gjer det så satser eg på at det går fint, og at eg klarer lage næringsrik og fin mjølk til nok ein krabat. Alle prosessane rundt mjølkeproduksjonen som startast etter fødselen vil uansett gå som normalt, at eg alt ammer betyr berre at eg enno produserer moden mjølk (og no også råmjølk). Etter fødselen av morkaka vil hormonproduksjonen blir brutalt endra fordi svangerskapet er over, og mjølkeproduksjonen blir "reboota".

2012-01-26

Amming og graviditet

Som antyda i det siste innlegget mitt skal Ungen få eit søsken i løpet av året, nærare bestemt rundt juli. Nybabyen er av type XY (så lite blyg at sjølv mor, som elles ikkje ser skilnad på ein kylling og eit menneske på dette stadiet, kunne sjå det) og har alt han skal ha av utvekster og innvortes opplegg. Iallfall det som kan observerast cirka no.

Det nesten alle automatisk går ut frå når dei får høyre dette er at eg ikkje lenger ammer Ungen. Men det gjer eg, vettu! Med alt slitet i starten skal eg iallfall ikkje vere den som bestemmer at det er slutt no, tenker den litt sta mammaen. Og med ein unge som synes pupp er ålreit så går det i grunnen av seg sjølv eit par gonger om dagen, og skulle mor føle for å ikkje vere heime på eit passande tidspunkt så går det bra det også.

Mange ser nok for seg at amming under graviditet ikkje går an rett og slett fordi amming er prevensjon. Eller så byrjer dei tvile på om amming faktisk fungerer som prevensjon. Her er det viktig å skille mellom, eh, pupp og mens, eller noko slikt.

LAM - laktasjons-amenorremetoden er den naturlege infertiliteten etter ein fødsel. Den skuldast at amming gjer at nivået av prolaktin forblir relativt høgt i kroppen, noko som ikkje berre gjer at mjølk blir produsert, men også at eggløysinga utsettast fordi utskillinga av follikel-stimulerande hormon (FSH) og GnRH blir hemma. Dermed får ein ikkje eggløysing. Korrekt brukt har metoden har ein sikkerheit på 98-99.5% - som faktisk er sikrare enn typisk bruk av både p-piller og minipiller.

Den høge sikkerheiten skuldast at metoden er enkel: hyppig fullamming. Den fungerer altså kun så lenge barnet blir fullamma, barnet må ikkje få noko anna utanom brystmjølk (ikkje vatn, MME, graut, og heller ikkje morsmjølk på flaske - pumping stimulerer dessverre ikkje prolaktinproduksjonen like bra), og amming må skje over heile døgnet inkludert om natta. Mor må heller ikkje ha hatt noko blødning utover renselsa etter fødselen. I tillegg er den ansett som trygg berre dei første 6 månadene etter fødselen. Dess lengre ein går utan menstruasjon, jo større sjansen er for at det skjer ei eggløysing før den.

Utan at eg veit det sikkert (det er jo også vanskeleg å finne ut) så vil eg tru at dei fleste som har brukt amming som prevensjon og blitt gravide har gjort det "feil" (eg har forøvrig samme fordom overfor folk som blir gravide når dei bruker hormonell prevensjon....). Typiske "feil" vil vere at barnet har sove gjennom éi natt (over 6 timar) - ergo ingen nattamming - eller at barnet har fått eitt måltid med flaske ein eller annan gong. Dette hugser ein gjerne ikkje når ein ein månad eller to etterpå finn ut at ein er gravid....på same måte som at ein insisterer på at minipillene alltid var tatt klokka 7:30 før ein dro på jobb. Unntatt den søndagen etter festen, då vart visst klokka nærare 18 før ein hugsa det....

(Eit viktig poeng her er også at effektiviteten av prevensjon målast på gruppenivå, ikkje individnivå. 99% sikker betyr ikkje at du som les dette har 1% sjanse for å bli gravid, men at dersom 1000 av mine lesarar bruker den så vil 10 av dei blir gravide av ein eller annan grunn, medan den beskytter dei andre 990 100%.)

Problemet med LAM er også at ein ikkje veit før etterpå at ein har hatt eggløysing. Heldigvis er det mange som får første mens etter fødselen utan å ha eggløysing først (særleg blant dei som får blødning før 6 månader har gått, og blødninga gir då eit hint om at det kan vere lurt å bruke noko anna for å hindre graviditet), og ganske mange får ikkje "funksjonell eggløysing" før etter fleire sykler. Men ved å bryte eitt av vilkåra for LAM som effektiv prevensjon éin gong kan ein altså få eggløysing sjølv om ein held fram å fullamme hyppig i tida etterpå - det er dessverre ikkje slik at ein kan seie "ups" og så prøve gjere det godt att etterpå.

Altså: bruker du amming som prevensjon etter fødselen, så vit kordan det fungerer, og sørg for at du gjer det på den måten. Gjer du ikkje det: bruk noko anna (gjerne kondom eller noko anna ikkje-hormonelt, sidan alle hormonelle preventiver kan påvirke mjølkeproduksjon og mjølkesmak).

LAM er ein svært viktig prevensjonsmetode i u-land, der det å ha godt opphald mellom graviditetar og fødsler er bra for mors helse, for barnas helse og for befolkningsutviklinga og alt knytta til det. Ved å fullamme vil kvinner få minst 15 månader mellom fødslane sine, og i praksis (for heile befolkninga under eitt) meir sidan effektiviteten gradvis går ned frå 99% etter 6 månader. Kvinner som ikkje ammer får ofte eggløysing 3-4 veker etter fødselen, og kan dermed blir gravide mykje raskare.

I mitt tilfelle vart eg altså gravid lenge etter at LAM er ein effektiv prevensjon, rundt 18 månader etter fødselen viss eg ikkje tel heilt feil. Eg amma då to-tre gonger om dagen, hadde fått att mensen og innimellom var det dagar der Ungen knappast ville ha bryst i det heile teke. Finn tre feil i forhald til korrekt bruk av LAM...:-)

Nokre har problem med å bli gravide, og opplever at amming for dei fungerer som effektiv prevensjon lenge etter 6 månader. Dette er innafor dei naturlege variasjonane, og dersom ein ynskjer blir gravid, men ikkje får det til så raskt som ein ynskjer så kan det vere lurt å kutte litt ned på amminga slik at det blir litt lengre opphald over døgnet.

Når ein først er gravid så har eg ikkje funne forsking som tyder på at amming auker risikoen for spontanabort i nokon del av svangerskapet. Kvinner som tidlegare har hatt fleire spontanabortar eller naturleg (ikkje igangsett) for-tidleg fødsel kan bli råda til å slutte å amme. Under utdrivinga av mjølk skillast det ut oxytocin, som blant anna får glatt muskulatur som musklane rundt mjølkekjertlane og livmora til å trekke seg saman (det gis kunstig dersom ein blør mykje etter fødselen). Hos dei fleste har ikkje dette noko tyding, men bidrar heller til "treninga" før fødselen (noko det same som kynnere, vil eg tru), mens hos nokre få kan det føre til at fødselen sett i gong. Dersom du ikkje har nokon slik "historikk", er det ingenting som tyder på at amming under svangerskapet er farleg. (Merk at åtvaringane i såfall ikkje berre gjeld amming, men også orgasmar, som gir livmorsamantrekkingar på same måte.)

Mot slutten av svangerskapet kan mange kjenne kynnere blant anna under amming, og dersom desse ikkje gir seg kort tid etter amminga så bør ein diskutere med jordmor om ein bør fortsette å amme. Stimulering av brystknoppane er eit kjerringråd mange bruker for å få i gang fødselen, og amming har den same effekten. Men korkje brystknopp-stimulering eller amming "virker" med mindre kroppen er på kanten til å vere fødeklar. I samråd med lege/jordmor kan ein del bli råda til å ikkje amme under graviditeten fordi dei har eit spesielt risikofullt svangerskap. Får du slike råd av helsepersonell så spør korfor, og følg for all del rådet. Men for friske gravide er det ingen grunn til å lytte til "råd" frå venninner og gravidforum om å kutte ut amming under graviditet.

2011-12-12

Min siste time

I dag brukte eg min siste time med fleksibelt uttak av foreldrepermisjon.

I samband med det vil eg gjerne rette ein takk til arbeidsgivaren min for aksept for mykje fleksibilitet, ikkje minst til personalavdelinga som minst seks gonger har hjulpe meg med endring av søknadsskjema med tilhøyrande vedlegg og stadfestingar.

Eg vil òg takke NAV for mange rundar med korrespondanse og mange hyggelege telefonsamtaler. (I motsetnad til mange andre har eg faktisk ikkje noko personleg å klage på. Eg (dvs jobben) har (etter det eg kjenner til) fått det rette beløpet frå dei, og utover nokre rundar med uklarheitar og dårleg ordbruk har dei trass alt klart å behandle søknadene mine korrekt.

No avslutter vi denne runden med samarbeid, og eg gjer meg klar til om nokre månader å starte ein ny runde med nye søknadsskjema, nye reglar og nye veker med permisjon.

Eg mistenkjer at denne bloggen ikkje forblir heilt daud det neste halvåret (eller året) heller.

2011-10-24

Amming og jobbing - det evige ordskiftet

NRK2 har hatt debatt om amming - med dei erfarne ammarane Audun Lysbakken (SV) og Knut Hareide (KrF), flankert av Gro Nylander og Elisabeth Skarsbø Moen.

Debatten dreidde fort inn på amming og jobb. Lysbakken har (i følge Dagbladet, eg har ikkje lese boka hans) skrive at "mors mulighet til å komme raskt tilbake i jobb" er ein grunn til å slutte å amme. Hareide meiner "barneministeren prioriterer produksjon, karriere og arbeidsliv foran barnas beste".

Men korfor blir dette eit spørsmål om amming og jobb? Det er tydeleg at desse mennene ikkje har erfaring med det. Kvinner som vel - for det er for dei aller fleste eit reelt val - å gå tilbake til jobb få månader etter fødselen vil i dei fleste tilfelle fortsette å amme sjølv om dei jobbar (dersom dei amma når dei byrja jobbe, vel å merke). Desse kvinnene har jobbar det er mogleg å kombinere med amming, dei har fridom til å ta ammefri, dei har fleksibilitet til å planlegge arbeidsdagen, -veka og -månaden sin. Det er ikkje denne gruppa som slutter å amme fordi dei går tilbake til jobb. Tvert om, dei tilhøyrer sannsynlegvis den gruppa kvinner som ammer lengst.


Om det er for mykje ammepress er ein eigen diskusjon. Om storkapitalens morsmjølkssubstitutt er like god ernæring som morsmjølk i Noreg er ein annan, og ein tredje er korvidt familien skal få velge heilt fritt kordan det offentleg finansierte godet foreldrepermisjon skal fordelast. Men ingen av dei diskusjonane har noko med korvidt ammande mødre kan gå tilbake til jobb 3 månader etter fødselen, eller korvidt jobbande mødre kan amme. For det kan dei. Begge delar.

2011-10-13

Meir om dokker og lego

Denne barnehageveka har vore litt kort (planleggingsdagar), så vi har ikkje fått samla så mange erfaringar med personalet og dets hang til dokker. Men på måndag var det eg som henta, og trass i at eg hadde hissa meg skikkeleg opp på tur heim og spelt gjennom ein haug scenario i hovudet på bussen, pingla eg nok litt ut. Eg traff den same personen som Mannen hadde snakka med på fredag, og ho stadfesta at Ungen hadde byrja leike med dokker. Ho sa at dei hadde teke henne med bort til dokkekroken og at ho dei fyrste gongene ikkje hadde virka interessert, men så hadde ho plutseleg "teke poenget".

Det var vel fleire ting eg burde spurt om her. Ein ting var om dei pleide ta med ALLE barna til dokkekroken, og om Per og Pål som er på same alder som Ungen også endeleg har byrja med dokkeleik. Eg kunne også fulgt opp med spørsmål om Espens foreldre ville fått beskjed om at Espen endeleg hadde byrja leike med bilar dersom han tidlegare kun hadde villa leike med dokker. Men eg pingla altså ut. Beklager, de som satt klar med popcornet.

(Ein grunn til at eg pingla ut var at den tilsette heller burde bry seg om å lære Lise sjølvforsvar, ettersom ho (eller dokka ho leikte med) as we spoke vart angripe av Espen med ein plastkniv. Neste gong skal eg ta ansvar som fredsskapar sjølv.) (Eg mekler ikkje altså.)

Men det er lyspunkt også. På onsdag var det Mannen som henta, og han kunne etterpå fortelle masse om Ungens leik på lego-rommet, gjenfortald i fargerike ordelag av ein (annan) tilsett i barnehagen.

Om eit par veker skal vi på foreldresamtale med den fyrst omtalde barnehagetilsette. Vi gler oss.

2011-10-07

"Endeleg leiker Ungen med dokker!"

I dag var det Mannen som henta Ungen i barnehagen. Under samtalen med førskulelæraren der fortalde ho gledesstrålande at Ungen endeleg hadde byrja leike med dokker! Dei hadde prøvd å få henne til det lenge, men ho ville ikkje, men i dag, i dag hadde ho endeleg gjort det!

Mannen vart perpleks og visste ikkje heilt kva han skulle seie, og følte dessutan at han kokte litt innvendig (vanlegvis er han veldig roleg og avbalansert) - han kjende vel på seg at dette ikkje var ein "endeleg leiker 18-måndringen din med dokker", men ein "endeleg leiker jenta med dokker".

Altså, vi har ingenting imot at Ungen leiker med dokker. Både rolleleik og omsorgsleiker er naturlege og viktige leikar for småbarn. Men at nokon skal prøve å presse jenta inn i ein kjønnsstereotypisk rolle viss ho heller vil leike med bilar og traktorar, det skal eg ha meg fråbede.

Ærleg talt hadde eg ikkje trudd dei ville fortelle oss at dei prøver få henne til å leike med dokker og "jenteleiker" to dagar etter ein aldri så liten raudstrømpetirade om barnehagens fargeprosjekt på foreldremøte. Og på måndag er det Mamma som skal hente...

2011-04-28

Arbeidsmiljølova om ammefri - klar og tydeleg?

I ein diskusjon nyleg var det nokon som nemnde at Arbeidsmiljølova er litt uklar på dette med retten til ammefri, og vedkomande tolka lovas §12-8 som at ei kunne ta så mykje ammefri ein trong dersom ein reiste til og frå barnet for å amme eller fekk det bragt til seg, men at det var avgrensa til 1 time pr dag om ein tok ammefri i form av avkorta dag.

§12-8 seier Kvinne som ammer sitt barn kan kreve den fri hun av den grunn trenger. Fritiden kan for eksempel tas ut i minst en halv time to ganger daglig eller som redusert arbeidstid med inntil én time hver dag. 

Vanlegvis kan ein visst vise til forarbeida til loven, i dette tilfellet NOU 2004:5, for å sjå kva som faktisk er intensjonen til ein lovparagraf, og forarbeida vert så vidt eg veit òg rekna som rettskjelder i domstolane, dvs at domstolen vil bruke forarbeida (som er ei administrativ utgreiing til lovgjevarane) til å avgjere skuld og straff.

Når det gjeld §12-8 er dette derimot litt vanskeleg. I forarbeida (der loven er omtalt som §11-8, det vart tydelegvis lagt til noko tidlegare i lova som dytta resten utover) står det "Bestemmelsen i sjette ledd om ammefri erstatter arbeidsmiljøloven § 33 og skal fortolkes på samme måte."

Arbeidsmiljølovens (eller Lov om arbeidervern, som den heitte) er oppheva, men sa  i §33 "Kvinne som ammer sitt barn kan kreve den fritid hun av den grunn trenger og minst 1/2 time 2 ganger daglig, eller hun kan kreve arbeidstida redusert med inntil 1 time pr. dag." - altså akkurat det same, om du ser bort frå grammatikken.

Forarbeida til denne lova har eg ikkje klart å finne, dei finst sannsynlegvis ikkje på nett ettersom dei kom rundt 1976 (som rett nok er etter at internett kom, men...).

Problemet her er andre del av leddet. I første del står det at ein kan den fritida ein har behov for, og ferdig med det (skulle man tru). Så kjem dei med konkrete døme på kordan ein kan ta ut fritida (det er i seg sjølv litt sært å gjere i ein lov, synes eg, det høyrer vel meir heime i ei forskrift?), og her spriker døma litt: det første seier minst 30 minutt to gonger om dagen (men altså gjerne meir, så lenge ein ikkje tek kortare pausar enn 30 minutt), medan det siste dømet spesifiserer at arbeidstida kan reduserast med inntil 1 time pr dag.

Akkura kva dei meiner er jo ikkje så greitt å forstå, ei gjetting kan jo vere at dersom mor reiser heim til kvar amming eller får barnet bragt til seg, så ho bruke minst ein halv time kvar gong og kan då gjenta dette så mange gonger ho vil. Dersom mor derimot kjem seint eller går tidleg, kan ho ikkje gjere dette meir enn 1 time pr dag.
 

Er det kanskje nokon som kan hjelpe meg med forarbeida til 1977-lova om arbeidervern? :-)




(Arbeidsmiljølova inneheld minstekravet til ammefri, og ein tariffavtale som omtaler ammefri vil (normalt) overstyre lova (eg seier "normalt", ettersom arbeidsmiljølova (sannsynlegvis) vil gjelde att dersom tariffavtalen avgrenser retten til ulønna fri).)

2011-03-01

Retten til ammefri

I følge Arbeidsmiljølovens §12-4 har kvinner som ammer rett på fri ein time om dagen til amming. Diverre er det ikkje lovfesta at dette er med løn, men i det offentlege er det tariffesta to timar lønna ammefri, og det er òg mange private verksemder som gir ammefri med løn. Min eigen arbeidsplass (privat) gir to timar betalt ammefri. Ammefri kan brukast til å amme barnet på jobb (eller reise heim og gjere det), til å pumpe eller til å forkorte arbeidsdagen. Ammehjelpen har òg ein oversikt over retten til ammefri.

Av 2,3 millionar lønstakarar i Noreg er det omlag 800.000 i offentleg sektor og ca 1,5 millionar i privat sektor. Alle i offentleg sektor har ordningar med betalt ammefri, medan dette gjeld ca 45% i privat sektor. Totalt vil dette seie at omlag 65% av arbeidstakarane arbeider i verksemder med betalt ammefri, og sidan mange av desse er kvinnedominerte vil det seie at ein enno større andel kvinner faktisk har betalt ammefri. Det er verdt å merke seg at verksemda som regel må vere del av ein tariffavtale for at dette skal vere gjeldande. Eit viktig punkt er at det innan hotell- og restaurantbransjen og reiseliv ikkje er inngått tariffavtaler som gir rett til betalt ammefri. (Alle tal i dette avsnittet kjem frå Høring om rett til under omsorgspermisjon ved fødsel, adopsjon og under ammefri.,s. 13 ff)

Mange synes det er vanskeleg å få brukt ammepausen. Ofte synast det "umogleg" å kombinere med jobben, eller kolleger og sjef er vanskelege. Det er heilt sikkert ein del typar jobbar der det er vanskeleg å kome seint, gå tidleg eller ta ein halvtime pause midt på dagen. Men ofte handlar det om tilrettelegging, om at arbeidsgjevar, arbeidstakar og kolleger tilpassar seg - og at ein tør seie frå kva ein ynskjer og korfor. Det føles kanskje litt intimt å fortelle sjefen at du skal tilbringe ein halvtime med å pumpe mjølk, men det må faktisk til viss du skal få gjort det. Du kan (som regel) ikkje forvente at du skal kunne snike deg unna ein time om dagen heilt utan å fortelle kva du driv på med.

Men kanskje viktigast av alt - og dette er det lett å gløymde der ein sitt i barseltåka og tenker skrekkscenario om ammepausen om eit halvt år: For dei fleste er det ikkje snakk om ein lang periode med tilrettelegging. Let's face it, det er ikkje snakk om fullamming av to-åringar her. I følge Spedkost - 12 måneder 2007 ammer 46% når barnet er 1 år. I snitt amma kvinnene 3,5 gonger om dagen då.

Avhengig av når ein går tilbake til jobb, er det for det fleste sannsynlegvis snakk om ammefri i 2-4 månader. I tillegg er det gjerne ikkje snakk om så lange pausar heller. Ungen er som regel oppe omtrent når mor skal på jobb, så det går greitt å amme før ho går, og kanskje kome ein halvtimes tid seinare på jobb. Kanskje vil ein gå litt tidlegare for å rekke ettermiddagsamminga, eller kanskje bruke ein halvtime på å pumpe (mjølka kan forøvrig brukast i graut også, så det er ikkje bortkasta sjølv om ungen ikkje vil ha flaske eller (tut)kopp med mjølk).

Og barnet endrer seg fort. Den eine veke kan det insistere på bryst til alle måltider, den neste er det plutseleg nok med frokost og kvelds. Arbeidsgivar treng iallfall ikkje vere bekymra for at det skal vere behov for ammefri fram til skulestart! Kanskje må du heller kome litt småbeskjemma og si at all planlegginga var til ingen nytte - no har ungen bestemt seg for at kveldspupp får vere nok, så du treng ingen ammefri lell...

Dette kan ein òg forklare kolleger. Det er kanskje tungvindt med ammefri, men det er trass alt snakk om ein avgrensa periode - og viss alternativet er at ein ikkje er på jobb, er det vel greiare å vere der ein time mindre enn vanleg?

Jada, det er heilt klart yrke og arbeidsplassar der det er svært vanskeleg å kombinere arbeid og ammefri, men sjølv der det er vanskeleg, er det ikkje umogleg. Kordan det går å vere gravid i bedrifta gir vel eit ganske bra bilete av kordan det går å ha ammefri - dei færraste klarer å yte 100% når dei nærmer seg slutten av ein graviditet, særleg ikkje viss dei jobber i ei verksemd der det av praktiske grunnar er "umogleg" å ha ammefri. Ser ein at dette kjem til å bli veldig vanskeleg så går det faktisk an å planlegge litt - t.d. ta permisjon med 80% løn og vere heime i 46 veker (og 10 veker til far); med ferie i tillegg blir dette nesten eit år og det er plutseleg mindre sannsynleg med amming fleire gonger i løpet av arbeidsdagen når ein er tilbake på jobb.

Og sjølv om det kanskje er tungvindt at ein skal ha ammefri - er det ikkje andre delar av småbarnslivet som er MEIR tungvindt for arbeidsgivar og kolleger? 1-2 timar kortare arbeidstid eller pause på avtalte tidspunkt i løpet av dagen er det trass alt mogleg å planlegge rundt - kva skjer når arbeidstakaren ringer og seier du er heime med sjukt barnehagebarn (sjølv barn som ammast blir sjuke...) eller har fått omgangssjuke sjølv? Ein sender jo ikkje sjuke barn i barnehagen fordi det er tungvindt for arbeidsgiver at mor eller far er heime med det...

Noreg har ei av verdas aller beste ordningar for ammefri, der ein stor andel av arbeidstakarane får lønna ammefri i minst eit år. Men det hjelper ikkje med gode ordningar viss vi ikkje tør bruke dei. Det blir for veikt å ikkje ta den fritida du har rett på til å amme fordi det er så synd på kollegene dine, fordi sjefen er dum eller fordi du ikkje tør be om ammefri. "De e itjnå som kjæm tå sæ sjøl", sang Vømmøl spellemannslagi si tid, og dette gjeld retten din til å amme eller gi morsmjølk til ungen din også.

2011-01-16

Den slemme mammaen har blitt ammehjelper!

Jaja, då har eg blitt godkjend som ammehjelper hos Ammehjelpen. Kven skulle trudd det for 8-9 månader sidan? :-) (Då var eg ikkje ein gong kvalifisert. Kravet er at ein må ha amma, og det hadde eg ikkje då.) Men som nokon sa på eit forum - det er eit fåtal som har ein heilt uproblematisk ammestart, og det er sjelden dei som blir ammehjelpere.

Men korfor gjer eg dette? Motivasjonen min er vel todelt. Det eine er at eg ivrer for at alle som VIL amme skal få den hjelpa dei treng til det. I løpet av det siste året har eg sett veldig mange som ser ut til å ha god kunnskap om amming og barseltid, men så dukker det plutseleg opp eit hôl, dei snubler i det og så er det slutt på amminga. Eg skulle ynskje fleire av dei hadde fått hjelp når dei trong det, og håper å kunne bidra med mitt. I tillegg har eg erfaring med pumping som eg håper å få brukt, og ikkje minst har eg etablert amming av "eldre" (11 veker) barn, eit emne eg aldri klarte å finne noko informasjon om då eg trong det.

Den andre delen av motivasjonen min er den akademiske. Eg las mykje om amming før og etter fødselen, litteratur over heile spekteret frå enkle brosjyrer til artiklar i medisinske tidsskrift. Eg hadde nok kunnskap over gjennomsnittet då Ada vart født, og i månadene etterpå fekk enno meir kunnskap og kunne vel nesten gå for å vere litt nerdete. Som akademikar vil eg gjerne ha papir på at eg kan dette, så då passa det jo fint å bli ammehjelper :-) ("Papirkravet" er ikkje veldig høgt, men eg har iallfall vist at eg har gode kunnskaper om amming og ammerettleiing.)

Så om du skulle lure på noko om amming, eller kjenne nokon som lurer på noko, så er det berre å ta kontakt. Og skulle eg bli for valdsam i min iver etter å fremje amming så er det lov å seie frå. Det er trass alt ikkje politihøgskulen eg har tatt.

2010-12-30

Kordan gjekk det med amme-eventyret?

Det slo meg i dag at eg ikkje kan kome på (eller finne) å ha skrive noko om kordan det eigentleg gjekk med amminga av ungen. Ho ville altså ikkje ammast. Eg tilbragte difor dei neste månadene med å pumpe og gje på flaske. Funka greitt, det. Etter nesten 3 månader ombestemte ungen seg. Pupp var tingen.

Deretter fulgte ein ganske tøff månad (juni) der eg sjonglerte med amming, pumping, flaskemating med morsmjølk og erstatning, og tilhøyrande flaskevask. Amminga tok minst ein halvtime kvar gong, som regel 15-20 minutt på kvar side. Så fylte eg henne opp med flaske med utpumpa mjølk etterpå. Deretter løp eg til pumpa for å få ut resten, det tok som regel 10-15 minutt, slik at ho kunne få dette på flaske til neste måltid. Innimellom her burde ho få ny bleie og litt kos (vugging av vippestol med foten medan ein pumper funker greitt. Men det kjem mindre mjølk viss ungen ikkje er nøgd og byrjer skrike i staden.), og som ekstrabonus kunne eg drikke kaffe, spise frukost og lunsj, kome meg på butikken, ta ein klesvask eller sogar ha besøk. Å gå på besøk utgjekk stort sett - fullpumpande mødre er definitivt ikkje sosiale vesen, og det hjelper ikkje å vere halvpumpande og amme i tillegg.

Å la ungen drive sjølvregulering og få mat - anten frå flaske eller pupp - heilt når ho sjølv ville, utgjekk. Dei fyrste par vekene gjekk med til å lære seg sugeteknikk og å trene sugemusklane. Ho kunne nok ikkje få i seg nok mat til å ernære ein 3 månader gamal unge rett frå brystet i desse vekene, flaske måtte til. Sidan ho (sannsynlegvis) ikkje dia effektivt nok til å tømme brystet, vart heller ikkje produksjonen stimulert nok frå henne, så eg måtte pumpe for å oppretthalde den. For å få tid til alt - og for å kunne ha mjølk i brystet når ho faktisk skulle die frå det - var løysinga å halde oss til det same 3-timers-skjemaet som då ho kun fekk flaske: mat kvar 3. time frå i 7-tima om morran, og så sov ho frå 19 til 7, så då pumpa eg 1-2 gonger før leggetid og ein gong i løpet av natta. Den lange nattesøvnen var ein viktig grunn til dette - eg var ikkje innstilt på å miste den, og ville faktisk heller kutte ut amminga viss det trongst.

Eit par-tre veker etter at amminga starta dro vi på hytta. Det vart ein så utruleg mykje enklare tur enn det kunne vore. Vi kunne stoppe kor som helst og gi henne mat, utan tanke for bensinstasjonar, kordan vi skulle få varma flaska eller kor nedkjølt vi klarte oppbevare den utpumpa mjølka fram til den skulle brukast. Hytta har ikkje innlagt vatn eller straum, vi henter vatn og frakter i kanner frå ca 3-400m unna og har eit 12V solcelleanlegg. Ikkje den idelle staden for ein pumpe&flaske-ferie, med andre ord. Amminga hjalp ein del på dette, kan man si, sjølv om eg pumpa eit par gonger i døgnet og vi gav flaske om kvelden. Ikkje minst var det praktisk å kunne slenge ut ein pupp viss ungen våkna utanom dei faste tidene sine og ville ha mat. På dette tidspunktet hadde eg bestemt meg for å kutte ut flaskene og pumpinga etter amming, og lot henne heller die så ofte og lenge ho ville, og gav ei stor flaske MME før amming ved leggetid. Så pumpa eg på kvelden og natta.

Ho la ikkje så bra på seg då, faktisk ikkje i det heile tatt, dei neste fire vekene. Men ho virka glad og nøgd, og hadde greitt med våte bleier, så eg bestemte meg for at eg ikkje skulle bli bekymra eller la meg bekymre. Helsesøster maste ein del meir og sa at eg kunne (men ho sa ikkje måtte) gi flaske i tillegg, men eg holdt på mitt og insisterte på at ho sannsynlegvis hadde vore overfôra i starten og difor ligget på 85-percentilen i staden for på den 50., som ho etterkvart endte opp på. Eg orka ikkje styre med flasker attåt matinga og bestemte meg heller for å prøve med reine ammemåltider og ei flaske om kvelden fram til etter ferieturen (som varte til midt i juli).

Ved veiinga i slutten av juli hadde ho endeleg byrja legge på seg att, ein heilt grei gjennomsnittleg oppgang sidan forrige veiing, og eg kunne endeleg puste letta ut og konstatere at strategien min hadde fungert - eg var endeleg i stand til å amme ungen min utan å gå frå vettet.

Eit par veker seinare byrja eg jobbe att - på fulltid ei veke av slengen, så ei veke fri. Arbeidsgivaren min er generelt veldig grei, og gir 2 timar lønna ammefri om dagen. Eg brukte den til å amme om morgonen utan å måtte bruker vekkerklokke på ungen, samt til å pumpe i løpet av dagen. Ungen fekk pumpemjølka samt frysermjølk dagen etter, og inntil ho var ca 5.5 månader pumpa eg òg om kvelden som ho kunne få neste dag.

Fast føde introduserte vi rundt 4.5 månader. Det tok ei stund før ho spiste såpass mykje at det fortrengte noko særleg morsmjølk, ut frå oversikten over kva ho åt ser det ut som ho var rundt 7 månader då nedgangen i mjølkeinntaket vart markant. No er ho omtrent 9.5 månader, spiser 4 måltid fast føde og ammast minst 3 gonger om dagen. Dersom eg ikkje er heime, drikk ho som regel 150ml morsmjølk frå flaske i løpet av arbeidsdagen, er eg heime blir det pupp.

Frå ho var rundt 6 månader nattamma eg. Ja, du las rett, eg starta med det då. Det fungerte fint ei stund, det er faktisk ikkje veldig forstyrrande å stå opp og amme 15-20 minutt om natta. Det vart derimot meir forstyrrande og mindre funksjonelt då det vart 3-4 gonger om natta - og det i tillegg var ein form for bingo om ungen ville sove etter amminga eller om ho ville bærast, kosast med eller ligge i vår seng. Når heile ammestunden dreier seg om å tenke på om ho vil sovne fort etterpå, var det ikkje særleg gøy. Det endte med at eg stort sett tok henne over i vår seng, men den er ikkje stor nok for tre og ingen av oss sov særleg godt. I starten av desember var Mannen på 8.5-månaders kontroll hos helsesøster og fekk råd om nattavvenning.

Som sagt så gjort. Eg la meg på gjesterommet og fekk mi fyrste natts søvn på veldig lenge. Mannen var oppe og gav Ada smokk 3-4 gonger i løpet av natta, og med unntak av ein times tid rett etter leggetid gjekk det i grunnen veldig smertefritt. Neste natt la han seg kl 21 og våkna kl 5 - av meg som kom snikande fordi det var så kaldt på gjesterommet. Den tredje natta sov vi begge i samme seng - frå 23 til 7. Ting kan tyde på at nattamminga for ungens del var mykje kos og lite næringsbehov...

Konklusjonen no rundt nyttår er at amminga går alldeles strålande, og det er ingen grunn til å kutte den ut enno, så lenge ho framleis vil ha mjølka servert sånn.