Eg fann eit par utkast til innlegg om amming i denne bloggen i dag. Det eine tok utgangspunkt i amming for å seie noko om kor lenge det var behov for at mor skulle vere heime med barnet, det andre handla om ammepress. Ingen av dei kom lenger enn til kladde-versjonen, dog.
No er det 10 dagar sidan eg vart mor til Ada, og det viser seg at eg inntil vidare er ei av dei kvinnene som ikkje kan amme. Du veit, ei av dei som ikkje ein gong hamner innafor fraser som at "de aller fleste kan amme, unntatt kvinner som er alvorlig syke eller tar medisiner som kan være farlige for barnet".
Alle kan faktisk ikkje amme, anten det er for ein ganske kort periode, eller det er permanent. Nokon vel det sjølv, men for dei aller fleste trur eg det kjem som ei overrasking at dei ikkje kunne amme. Med å ikkje kunne amme meiner eg òg mellombels amme-problem, sidan ein aldri veit på førehand om dei er permanente eller kor lenge dei vil vare.
For min eigen del handler det om ein unge som ikkje vil suge, og om for lite mjølk. Det er ingen fysiologisk årsak til sugevanskane, tungebandet er sjekka, og ho sug veldig fint på flaske. (Og eg har fått masse råd og hjelp frå ammepoliklinikken på St. Olavs hospital, så lesaranes råd vil eg rett og slett helst ikkje ha.) Mjølkemengden min er for tida ganske lita, men eg pumper og den er stigande - så eg har tru på at det ordner seg (ei venninne fortalde at ho ikkje fekk nok mjølk til sine ungar før etter tre veker, så det er ikkje alle som har mjølkespreng etter fire dagar).
Eg fekk Ada opp på brystet då ho var født, og ho fann etterkvart puppen og etter det eg kunne sjå dia ho greitt (men dette hadde eg jo absolutt inga peiling på då, og eg må innrømme at eg moglegeins var noko omtåka òg). Neste dag hylskreik ho heile dagen, inntil ei klok jordmor fann ut at ho ikkje sugde, og tilbaud henne litt mjølk frå ein kopp. 5 ml mjølk seinare hadde vi plutseleg ein sovande og roleg unge.
Dei ville ha meg til å handmjølke, det er noko alle barselavdelingar (i prinsippet) lærer bort til barselkvinner, og den tilrådde måten å frigje mjølk frå brysta viss barnet ikkje vil die eller viss ein av andre grunnar treng ha ut mjølk. Då skal ein altså sitte med ei gryte, ei stor skål eller liknande i fanget og handmjølke brystet minst 5-6 gonger om dagen, 20 minutt om gongen. (Lesarar med (die)barn bør kunne forestille seg dette lett, andre lesarar kan eventuelt forsøke, men skuld ikkje på meg viss det er vanskeleg å sjå for seg.)
Eg hadde i grunnen veldig lite lyst til å handmjølke, så då eg heller ikkje fekk det til med noko resultat som kunne mette eit barn, spurte eg om pumping kunne vere eit alternativ. Jada, det kunne det, og fem minutt seinare hadde eg ei diger pumpe på rommet.
Etter dette fekk eg inntrykk av at alle jordmødrene og barnepleiarane hadde gitt meg opp. Det høyrer absolutt med til historia at før pumpa kom inn, altså i omtrent to dagar, hadde alle jordmødre og barnepleiere som kom på jobb vore innom rommet vårt (det er vanleg praksis på barselavdelinga/-hotellet) og delt sine tips om amming og sugeteknikk - gjerne ikkje heilt samsvarande frå person til person. Eg var ganske lei, så på sett og vis var det heilt greitt å få sleppe meir av dette når pumpa kom inn.
På den annen side var det ingen som kom med nokre råd om pumping heller. Eg fekk spørsmål då eg starta om eg ville pumpe eitt eller to bryst samtidig, og that's it. Ingenting om pumpeteknikk og kordan tømme brystet heilt, ingenting om hygiene, ingenting om forventa mengder eller kor hyppig eg burde pumpe.
Eg trur ikkje dei lot vere å seie noko om dette fordi dei ville vere slemme, eller ville fortie informasjon. Eg trur ingen av personalet hadde noko kunnskap om dette, og kanskje heller ikkje noko særleg erfaring. Eg kjenner eit par andre som òg pumpa på barsel (så den einaste er eg ikkje), men deira erfaring når det kom til informasjon er ganske lik mi eiga. Eg fekk i det minste låne ei pumpe med ein gong. Ein eg kjenner vart sendt ut til St. Olavs servicesenter sjølv for å hente pumpe då sambuaren hans trong pumpe mjølk til sonen som låg på nyfødtintensiven.
Morsmjølktillegg vart det overhode ikkje snakka om, heller ikkje då det kom fram at eg hadde lite mjølk. Det var først den dagen eg satt i hysterisk krampelatter og lo så tårene trilla (over ein ekstremt dårleg vits) medan eg pumpa, og ei jordmor plutseleg kom inn, at tillegg kom på tale. Ho var vel overbevist om at eg (endeleg?) hadde kollapsa...
(At dei ikkje serverer morsmjølkerstatning er kanskje like greitt, med tanke på kor liten kunnskap dei sannsynlegvis har både om tilbredning og oppbevaring av dette, og om mating med andre ting enn pupp generelt. Retningslinjer frå WHO og Mattilsynet seier at ein skal bruke vatn som held over 70C over pulveret (for å drepe evt bakteriar i pulveret), og aldri skal varme opp tilberedt blanding ein gong til. Personalet på barsel sa det var berre å tilberede ein stor porsjon og ha i kjøleskapet i opptil eit døgn, og varme ein passande mengde ved behov.)
Derimot var jordmødrene veldig bekymra over Adas store vektnedgong - ho hadde gått ned bekymringsverdig mykje, og dei ville ikkje høyre på mine spørsmål om korfor hennar nedgang på 7.7% (frå ei fødselsvekt godt over snittet for småpiker) var så ille når dei på barseltimen dagen før hadde sagt at viss nedgangen var over 10-12% så var det grunn til å ta affære. Eg mistenker vel at dette eine og aleine skuldast at eg faktisk hadde oversikt (noko skal ein jo ha att for å vere nerd) over alt ho fekk i seg etter at eg byrja pumpe (nei, ikkje over det som kom ut. Vi mangla vekt.), og at dei såg at det var for lite.
Ikkje ein einaste gong var det nokon som foreslo å veie henne før og etter eit måltid, som jo ville vere ein veldig enkel måte å sjå kor stort matinntaket er.
Mange har snakka om ammepress og ammepolitiet, og det er noko eg absolutt kan seie meg einig i etter opphaldet mitt på barsel. Eg er ikkje i tvil om at morsmjølk er best, og at amming er bra, men eg er veldig kritisk til at informasjonen er så einsretta, og i det negative fokuset som er på dei som ikkje ammer. Kanskje er det ikkje negativt på kvar einskild person, men det er negativt i "alle kan amme unntatt dei som er sjuke eller dopa"-tydinga, og i den generelle haldninga og ikkje minst kunnskapen om alternativ til amming.
Vi fekk omsider reise heim frå barselhotellet, eit døgn seinare enn vanleg (og eit døgn som virka gudsjammerleg langt - eg ville vere i fred, og i ettertid ser eg at det ekstra døgnet overhode ikkje gav noko som helst ekstra, sidan dei på sett og vis hadde gitt meg opp uansett), og eg sa eg kom til å pumpe og gi tillegg når eg kom heim. Då var det ingen informasjon om at det var mogleg å leige pumpe på St. Olav (kundesenteret i Forsyningssenteret, 23 kr døgnet (så det blir dyrt i lengda) - det er same type pumpe som på føde/barsel), ingen informasjon om matmengder ("legg til puppen ved behov" funker ikkje med flaskemata unge, du bør ha litt peiling både på kor mykje barnet skal ha til kvart måltid og kor ofte du bør mate for ikkje å fly på veggen i frustrasjon), ingen informasjon om tilberedning, ingen informasjon om flaskemating vs koppmating (Til orientering heller ein då mjølka inn i barnets munn med ein kopp med nebb. Om du har ei viss aning om kordan gjess blir fora for å gje best mogleg gåselever, er du inne på kordan denne formen for mating føles for ferske foreldre.). Det mest matnyttige var eit skriv med telefonnummer til sjukehusets ammepoliklinikk, der vi fekk time to dagar etterpå.
Midt i all denne frustrasjonen er ammepoliklinikken er forfriskande positivt pust. Der jobber det ei flink og fornuftig dame som ikkje berre kan det aller meste om amming og ammeteknikk, men òg har fornuft og forstand til å foreslå alternativ. Det første ho gjorde var å sjå på at Ada spytta ut puppen og ikkje ville ha den. Deretter gjekk ho og henta mjølk og tåteflaske, og kikka på at ho drakk opp innhaldet i løpet av omtrent 1 minutt. Deretter sa ho "Flaske. Mat henne for all del med flaske inntil vidare." Vi hadde alt bestemt oss for at vi skulle det, sidan nebbkoppen var for trist, men det var veldig godt at ho sa det. Enden på visa er førebels at Ada framleis ikkje liker pupp (det er mogleg ho ikkje er lesbisk), men vi skal fortsette å prøve parallelt med flaska. Ammedama nemnde eit tilfelle med ein unge som ikkje sugde før den var 6 månader, og sjølv om eg kanskje gir opp før den tid så er det iallfall godt å vite at det "aldri" er for seint.
Eit anna positivt innslag var helsestasjonen. Vi hadde venta oss heimebesøk, men fekk spørsmål om vi kunne kome dit i staden - og det kunne vi jo. Helsesøster var veldig hyggeleg, og har eit realistisk forhald til amming. Går det ikkje så går det ikkje - og det går faktisk ikkje alltid! - og å gje morsmjølkerstatning med flaske er eit heilt tilfredsstillande alternativ. Slit deg for all del ikkje ut på pumpinga, var formaninga - og kommentarar vi høyrde henne seie til andre som var innom helsestasjonen samtidig gjer at eg er overtydd om at dette ikkje berre var noko ho sa for å vere snill med meg, men noko ho meinte.
2010-03-30
2010-03-25
Flaske til barn og flaske til mor.
No har vi kjøpt inn ein stabel tåteflasker og vore på apoteket og kjøpt tåtesmokkar i riktig storleik. (Vanlege daglegvareforretningar har sjølvsagt ikkje den minste typen, det kunne jo friste spebarnsforeldre til å gi næring gjennom noko anna enn Den Heilage Morsmjølka. Sjølv ikkje bak disk og mørke skodder har dei småtåtesmokker.) Flaskene er vaska og sterilisert og står på benken, og eg henta akkurat den siste tåteflaska opp frå kjellaren samstundes som eg henta ein LENGE etterlengta Raasted Imperial Stout.
Etter eit halvt glass kjenner eg at eg har mest lyst til å drikke meg full. Skål! (Skål for Hipp!)

2010-03-23
Hipp - duften av dårleg mamma
Først av alt, Ada Marie vart født med eit svupp (som den delfinen ho var) fredag 19. mars. Ingressen eller kvadetnoheiter for bloggen er difor endra frå "nesten-mamma" til "nerde-mamma".
Snart kjem det eit innlegg om ammepolitiet og ikkje minst om mangelen på kunnskap om alternativa til brystmjølk-rett-frå-brystet, men inntil då får de nøye dykk med å få vite at økologisk Hipp morsmjølkserstatning - det naturlege valet for idealistiske tøybleie- og kompostbinge-mødre som trass alt òg kan trenge eit alternativ til morsmjølk - slett ikkje har den gode naturlege dufta av gras, blomster og blå himmel som pakningen kan tyde på. Den lukter akkurat det same som tørrmjølk, altså usedvanleg trist og leit - og det lukter like ille av det ferdigblanda produktet. Litt usikker på om dette er noko mitt barn skal måtte drikke, kjenner eg. (Evt litt usikker på om dette er noko eg ynskjer sniffe inn medan eg mater.)

2010-03-16
LDO liker ikkje NAV si formulering om "mors periode", dei heller.
I slutten av februar (eller eigentleg i starten av mars, vart det visst - sidan eg og skrivaren ikkje var heilt gode vener) sendte eg omtrent dette brevet til NAV. Noko tilbakemelding frå NAV har eg enno ikkje fått, men eg sendte kopi av brevet til Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) og i dag fekk eg tilbakemelding derfrå.
Ombodet har sendt brev til Arbeids- og velferdsdirektoratet, og er kort og godt ikkje nøgd med NAV si formulering, sidan det er eit politisk mål at foreldrepermisjonen skal fordelast meir mellom mor og far, og finn det "svært uheldig at NAV benytter ordlyden "mors periode" [...] At NAV i sine vedtak benytter formuleringen "mors periode" synes merkelig når det er tale om den perioden som er opp til foreldrene å fordele etter eget ønske".
Vidare ynskjer ombudet tilbakemelding frå NAV på om dette er standardformuleringar, og ber om at dei i såfall blir endra til å bli i tråd med dei politiske føringane som er gitt. Viss det derimot ikkje er standardformuleringar som er nytta, vil dei ha ein gjennomgang av rutinene for å unngå at denne typen formuleringar vert nytta.
Ombodet vil dessutan ha tilbakemelding frå NAV innan 2. april, eg kjem naturlegvis til å følge med på tilsvaret og poste det òg her. Eg gjer dog merksam på at det kan bli noko forseinking frå mi side sidan rykta vil ha det til at eg sannsynlegvis er noko oppteke med andre ting innan då (gudane skal vite at eg håper rykta er sanne, eg kjeder meg!), men det går jo an å følge med i LDOs postjournal (arkivID 10/408) - gi meg gjerne eit hint om nokon oppdagar svaret frå Arbeids- og velferdsdirektoratet før meg.
Ein annan potensielt interessant sak frå LDO til NAV er om at mor ikkje kan ta ut ferie medan far tek ut foreldrepengar (10/393).

2010-03-08
Gratulerer med dagen!
Det er 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. Gratulerer med dagen, alle kvinner!
Eg hadde tenkt løfte blikket litt i dag. Vekk frå den heimlege sfæren med pappaperm og foreldrepengar og kontantstøytte og kvinnelege skihopparar og hijab. Dessverre var lysten større enn energien - den slemme hjernen min er visst i ferd med å gjere meg kun dum, iallfall virker det som den har krympa og eg kom ikkje heilt i mål med innlegget eg hadde tenkt å skrive.
På global basis døyr ein halv million kvinner i barselseng, i følge ein artikkel i Dagbladet i dag.
I Sierra Leone døyr 1 av 8 kvinner ("lifetime risk") som er gravide av komplikasjonar under eller etter svangerskap og fødsel, i følge ein rapport frå Amnesty International.
1 av 8. Det er eit høgt tal. Smak litt på talet og tenk over kva det betyr for deg. Eg er ikkje sikker på kordan dette talet kan overførast til norske forhald (m.a. fordi det ikkje er lett å finne samanliknbar og god statistikk). I faktiske tal døydde minst 2100 kvinner i fødsel i Sierra Leone i 2005 (UNICEF), justert i forhald til talet fødslar (230.000 i Sierra Leone, 60.000 i Noreg) tilsvarer det ca 530 kvinner i Noreg. Det faktiske talet kvinner som døydde i samband med fødsel i Noreg i 2008 var 3, i følge SSB.
I Noreg følges alle kvinner opp gjennom svangerskapet. I følge Helsedirektoratets Retningslinjer for svangerskapskontrollen anbefalast kontrollar i veke 12, 18 (ultralyd), 24, 28, 32, 36, 38, 40 og 41 - altså oftare dess lenger ut i svangerskapet ein kjem. Sett bort frå arbeidskrafta (og ultralydundersøkinga) er ikkje kontrollen spesielt dyr eller teknisk komplisert for dei fleste. Det dreier seg stort sett om kontroll av blodtrykk og ein enkel test av urin - som avdekker om det er behov for ytterlegare oppfølging.
I tillegg foregår så godt som alle fødslar i Noreg med jordmor tilstades, anten heime eller på ein eller annan form for helseinstitusjon. Dess større sjanse for komplikasjonar hos mor eller barn, dess større grad av spesialisering er det på helseinstitusjonen det er planlagt at fødselen skal skje på.
Norske kvinner blør ikkje ihjel i ein drosje på veg til sjukehuset to dagar etter fødselen fordi morkaka ikkje løsna som den skulle.
Norske kvinner døyr ikkje av massiv organsvikt pga uoppdaga svangerskapsforgiftning.
Norske kvinner døyr ikkje av stivkrampe fordi dei har født på eit jordgolv og ingen vaska dei skikkeleg etter fødselen.
Norske kvinner døyr ikkje fordi det tar tre dagar å gå til sjukehuset.
Norske kvinner døyr ikkje fordi sjukehuset nektar starte behandling fordi dei ikkje kan betale for den.
Norske kvinner døyr ikkje fordi sjukehuset ikkje har straum, vatn eller naudsynt medisinsk utstyr til å behandle dei.
Situasjonen i Sierra Leone er ikkje unik. Den er kanskje til og med ikkje den aller verste - styresmaktene der har nemleg vedteke at dei vil satse på kvinnehelse, at gravide har rett på gratis svangerskapsomsorg, at fødande skal få naudsynt hjelp under og etter fødselen, at nyfødte skal få helsehjelp.
Her som så mange andre stader står det om pengane. Det finst ikkje pengar til dette. I Noreg betyr mangel på pengar at helseforetaket foreslår å legge ned eit lokalsjukehus eller ei fødeavdeling, som så etterfølgast av ein lang og oppheita debatt (gjerne med fakkeltog) om dette er rett, kva konsekvensar det vil få og kva lovnader politikaranae no bryt. Men innsjå det, nedlegging av eit norsk lokalsjukehus eller fødeavdeling fører rett og slett ikkje til at nokon døyr. Det fører til litt lengre reisetid for ein del pasientar, det auker sjansen for å måtte tilbringe tid i ein ambulanse (kanskje til og med føde der), det gjer det litt vanskelegare å få besøk på sjukehuset, det blir litt ukomfortabelt. Men døyr av at fødselsomsorgen blir litt meir sentralisert, det gjer vi faktisk ikkje i Noreg. (At desentralisert fødselsomsorg er eit gode vi bør behalde, ser eg ikkje bort frå - men det hadde eg ikkje tenkt diskutere no.)
I Sierra Leone er det i snitt 11 miles (ca 2 mil) til næraste helsestasjon. Dette høyrest kanskje ikkje så ille ut, det er jo mange som har det slik i Noreg også. Skilnaden er at her går vi ikkje 2 mil til fots med blødningar, høg feber, eller ei sjuk kone eller mor på båre mellom oss. Her vel vi i praksis transportmiddel etter kor dårlege vi er - er det ein rutinesjekk og vi elles er friske, kan det hende vi tar buss, ofte tar vi eigen bil, og trengs det vil vi få rekvirert drosje eller ambulanse.
I Sierra Leone gjer mangelen på pengar at det ikkje vert bygd ut helsestasjonar, det vert ikkje bygd fødeklinkikkar nok til alle som treng det (korkje i antall eller i distribusjon), det finst ikkje nok jordmødre eller legar til å følge opp alle som treng det.
Eg har 4 dagar att til min termin. Eg er ikkje det minste redd for at mangel på oppfølging før, under eller etter fødselen skal medføre fare for meg eller barnet. - At det kan vere andre ting rundt fødselen å vere redd for, får eg berre leve med :-)

2010-02-25
Nei, NAV, far tar ikkje av mors permisjon.
Kjære NAV Midtbyen.
Takk for hyggeleg brev med vedtak om foreldrepengar ved fødsel som eg mottok i dag. Vi har ei felles forståing av lengda på permisjonen og foreldrepenge-utbetalinga (sjølv om de har fjerna alle ferieperiodane eg sirleg hadde tilpassa for å få best mogleg utnytting i forhald til høgtidsdagar og liknande og berre lagt til ein passus om at ferieperiodar vil forskyve maksdato tilsvarande).
Imidlertid er ordlyden i 4. avsnitt feil i forhald til våre permisjonsynskjer. Her står det "Når far tar over mors periode 191110-231210 og 010111-030311, må mor dokumentere arbeid."
Mors periode med foreldrepengar går frå 190210 til 290710 [inkludert 7 veker ferie]. Deretter skal mor og far dele 50/50 ein periode, før far skal ha permisjon i 28 veker. Av alle desse vekene er 3 veker før termin og 6 veker etter fødselen forbeholdt mor, 10 veker er forbeholdt far (fedrekvote) og resten er fellesdelen som foreldra kan dele etter eige ynskje. Eg forstår difor ikkje kvifor de meiner "mors periode" framleis pågår hausten og vinteren 2010/2011, all den tid dette (på same måte som mors periode 240410-290710) er tatt frå fellesdelen av foreldrepengeperioden.
På NAVs websider framgår det at "Tre uker før og seks uker etter fødselen er forbeholdt mor. Ti uker er forbeholdt far (fedrekvoten/pappapermisjon). [...] Resten av stønadsukene er felles for begge foreldrene." Det blir difor feil å seie at far tar av mors periode med permisjon. Både mor og far tek den delen av permisjonen dei må ha i fylgje lovverket (for ikkje å miste permisjonstid), samt ein del av fellesdelen kvar.
Eg er klar over at regelverket dykkar seier at mor må dokumentere arbeid/utdanning under fars uttak av permisjon frå fellesdelen, og det vil sjølvsagt bli gjort (sjølv om eg finn det merkeleg at ikkje tilsvarande krav gjeld for fars aktivitet når mor tar permisjon frå fellesdelen). Eg går tilbake til jobben min etter den perioden eg har søkt permisjon frå der, slik det er naturleg å gjere når ein har avtalt noko med arbeidsgivar.
Eg klager med dette på tilsendt vedtak, og ber om å få tilsendt eit nytt med ein ordlyd som er i tråd med gjeldande regelverk.
Med venleg helsing
ein litt småirritert snart-mamma

2010-02-03
(Eks-)studentar får barn
I desse dagar er det kanskje ein del studentar som oppdagar at dei skal ha barn - med fødsel etter at studietida er over, og således etter at dei kunne fått foreldrestipend frå Lånekassa. (Lånekassa har etter mi meining websider som går NAV ein høg gong i lesbarheit og informasjonskvalitet....)
Kravet til foreldrestipend er at du har hatt rett til stipend eller lån frå Lånekassa dei siste seks månadene før fødselen/adopsjonen, og dei tel med sumaren i denne seks-månadersperioden dersom du var i utdanning på våren dersom du held fram med utdanning på hausten. Det vil seie at du må ha søkt om studieplass som du så kan søke permisjon frå. Det er kun ein av foreldra som kan få foreldrestipend til eikvar tid, og akkurat som for foreldrepengar frå NAV så er 3+6 veker reservert mor. Resten kan delast som ein vil, men det gis ikkje foreldrestipend medan den andre foreldren mottar foreldrepengar frå NAV - dette blir altså dei same reglane som viss far tar meir permisjon enn fedrekvota, då må mor ut i jobb/utdanning. Samstundes får ein både foreldrestipend og foreldrepengar viss ein har rett på begge delar.
Kva så viss du er ferdig som student i vår, og har termin utpå hausten ein gong?
NAV krev av du har jobba 6 av 10 månader før stønadsperioden din tar til (mi utheving). Mors stønadsperiode startar 3 veker før termin, så ho har ikkje mykje fleksibilitet å gå på der. Fars periode startar derimot den første dagen han tar permisjon (fedrekvote eller av fellesdelen). Byrjer han å jobbe 1. juni, har han altså rett på foreldrepengar frå 1. desember. Avvikling av lovbestemt ferie inngår i opptjeningstida, og arbeidstakar har krav på ferie-fri sjølv om han ikkje har tjent opp feriepengar for perioden. Det kan difor vere lurt å sørge for å starte i jobben før ein tar ut ferie, i staden for å ta ferien i perioden etter eksamen og før arbeidskontrakten startar. (I praksis avtaler ein då at ein startar arbeidet med ferieavvikling...)
NAV har lagd ei eiga side med informasjon om rettar ved fødsel og adopsjon retta mot far. Denne inneheld mykje nyttig, for all del. Likevel er det eit paradoks at rundskriva dei har lenka til under "Regelverk" stort sett gir minst like god, og i mange tilfelle mykje betre og klarare informasjon. Mange gode eksempel, og språket i regelverket som sådan er heller ikkje heilt utilgjengeleg.
(Dei som les om gradert uttak vil samstundes få ei enkel innføring i løysing av likningar med ein ukjend. NAVs avrundingsreglar for desimaltal bør ikkje nyttast på eksamen i andre fag enn trygderett.)

2010-01-28
Amming her og der
Eg har tenkt å skrive eit innlegg om amming etterkvart, ettersom det jo er noko eg er ekspert på. (Det var sarkastisk, men det er nettopp difor eg gjerne vil skrive om det FØR eg gjer det sjølv, så kan eg heller samanlikne det med kordan det verkeleg var etterkvart.)
Inntil vidare kan de lese dette innlegget av Brenda Wallace. Ho jobber som programvareutviklar i Wellington, New Zealand, og fekk ei dotter for 6 veker sidan. Denne veka var ho tilbake på jobb. Ho tenker ganske likt meg når det gjeld amming - det er bra, men vi bur i rike land og kan ta til oss informasjon sjølv også. Og - vi prøver og ser kordan det går.
Ho kjem òg med noko eg trur er eit veldig godt poeng: "I also very sure that the statistics on breastfeeding (and studies based on those statistics) are getting it wrong. The midwife, plunket [helsesøster] and a GP all recorded Casey as 100% breastfed, and she's not. They are very quick to write that down without asking too much - that coupled with the shame and guilt instilled in parents who use formula means they're less likely to be corrected."
Eg veit ikkje kordan slik statistikk vert samla inn i Noreg, men i den store spebarnskost-undersøkinga (Sosial og helsedirektoratet, 2003) for nokre år sidan fann SHDir ut at 99% hadde fått morsmjølk ved 1 vekes alder, og ca 95% vart fullamma. Etter 4 mnd vart 44% fullamma og 85% fekk morsmjølk. Ved 6 mnd alder vart berre 7% fullamma, medan heile 80% framleis fekk noko morsmjølk. Samstundes fekk 90% graut og 63% middagsmat. Eg synes desse tala er veldig høge for dei eldre barna i undersøkinga (særleg når rapporten seier dei ammast 4-5 gonger om dagen), men for alt eg veit kan det vere riktig. Men eg ser ikkje bort frå at sjølv her, i ei anonym spørreundersøking, svarer foreldre det dei meiner er "rett svar", kanskje ut frå eit sterkt ynskje om å gjere "det rette".

2010-01-24
Staten gir og staten tar
Noreg er eit rikt land, med mange støytteordningar til folk som av ein eller annan grunn har behov for det. Er du arbeidsledig, får du arbeidsløysetrygd. Får du barn, får du foreldrepengar, deretter barnetrygd og eventuelt kontantstøytte. Er du over 67 år, får du alderspensjon. Er du sjuk, får du sjukepengar. Er du ute av stand til å jobbe pga varig uførheit, får du uføretrygd. Og har du ikkje rett på noko av dette, får du sosialstønad til livsopphald.
(Eg er fullstendig klar over at desse støytteordningane dessverre ikkje hjelper alle som treng det, og at alle ikkje får det dei treng eller har krav på. Det er ikkje poenget med dette innlegget, så det er ikkje nødvendig å kommentere akkurat det.)
Felles for desse støytteordningane er at det i dei aller fleste tilfella vert stilt krav til den som mottar dei, også om det er ytingar ein har opptent retten til gjennom mange års arbeid. For å få motta arbeidsledigheitstrygd, må du søke arbeid. Får du pensjon, er det begrensa kor mykje du kan jobbe i tillegg. Viss du får sjukepengar, kan du ikkje samstundes gå på jobb. Om du over tid er i stand til å jobbe, har du ikkje lenger krav på uføretrygd. Har du anna inntekt, får du ikkje sosialstønad.
Dette er det få som protesterer på, sjølv om det gjerne diskuterast detaljar rundt kor mykje ein skal ha lov å prøve seg i jobb utan å miste ei trygdeyting, eller om alderspensjonistar bør ha andre grenser enn det dei føler sjølv for når dei får lov å jobbe, eller om utbetaling av sjukepengar burde avgrensast.
Det er eitt unntak frå denne ikkje-diskusjonen, og det er foreldrepengane og foreldrepermisjonen. Denne gis fullt ut til alle nybakte foreldre viss mor har jobba fulltid 6 av dei siste 10 månadene (unntak finst her også, men det var heller ikkje eit poeng med dette innlegget). I motsetnad til dei fleste andre typer stønad er dette ei yting foreldra har rett på i eit visst tal veker. Etter dette er det stopp, men perioden kan forlengast ved å ta den på deltid - så lenge totalsummen blir 46 eller 56 heile veker. Dette er ganske unikt for ordningane frå NAV, dei fleste andre ytingar er basert på at du skal få dei så lenge du treng dei, ikkje som eit fast beløp (som det i realiteten blir her).
Men her er det altså snakk om ei ganske stor yting som Staten gir til alle nybakte foreldre, og det diskuterast om korvidt det å reservere 10 av vekene ein får betalt for til far er å gripe inn i familiens rett til å bestemme over eigne liv og kva som er best for dei. Ærleg talt, her gir staten masse pengar, og så skal dei ikkje kunne sette eit einaste krav til det?
Eg synes det er heilt greitt at Staten set som krav at mor skal ha nokre av vekene, og far skal ha nokre av vekene. Det er likevel att 27/37 veker som familien kan disponere akkurat som dei vil. I tillegg har foreldra rett på 1 års ulønna permisjon frå jobben i etterkant av den lønna permisjonen viss dei ynskjer det. Her er det ingen krav til kven som skal ta den, familien bestemmer heilt sjølv. Det er jo faktisk heller ingen krav til at ein skal ta fedrekvota, men om far ikkje gjer det så mister familien den. Trist, men sånn er det. (Mors kvote står meir fast, sidan den faktisk er satt ut frå mors medisinske behov, ikkje frå barnets beste.)
Men her må òg staten ta konsekvensen av at dei sett krav, og sørge for at det dei krev faktisk følgjer den dei krev det av. Fars avsette permisjon må heilt og haldent vere fars rettigheit, uansett kor mykje mor har jobba på forhand eller om mor har jobb eller studerer. Fedrekvoten er fars del av permisjonen, og barnet har ikkje mindre godt av at far er heime viss mor av ein eller annan grunn ikkje jobbar.
Då må reglane naturlegvis endrast, slik at fedrekvoten følger fars oppteningsrett. I dag har far sjølvstendig oppteningsrett til foreldrepengar, men for å ta ut fedrekvota (som ikkje stiller krav til mors aktivitet) må mor ha rett på foreldrepengar. Elles får far "berre" rett på den felles foreldrepermisjonen, med krav til at mor jobber eller studerer samstundes.
Retten må gjelde alle fedre etter dei same reglane som gjeld for mors foreldrepengar. Det betyr at dei same trygdeordningane som mor i dag opparbeider seg rett ut frå òg må gjelde far, og far må ha rett på fedrekvote sjølv om mor mottar trygd.
I tillegg må søknadsordninga endrast. Gi far eit eige skjema som skal fyllast ut, og la han sjølv søke om fedrekvoten. I mange tilfelle, t.d. ved ei deling av fellesdelen (anten det er fulltidsuttak eller samtidig uttak på deltid) vil det vere hensiktsmessig at den andres uttak står på same skjema for oversiktens del, men det er far som skal ha fedrekvoten og det er far som må søke om den. Ærleg talt, kor mange andre støytteordningar for myndige personar er basert på andre myndiges søknad?
(Eg ser dog behovet for å koble mors og fars søknad, og her er nok mors personnummer det mest nyttige sidan barnet trass alt er enklast og sikrast knytta til det før det får sitt eige personnummer.)
Eit aber er at det ikkje berre er familiens valfridom vi snakkar om, men barnas beste. Det er eit bra argument at foreldra veit barnas beste meir enn Staten gjer, men om foreldra meiner det er veldig lite bra for barnet at far er heime (eller atdet ikkje er bra mor ikkje er heime) så kan dei jo faktisk velge å ta ulønna permisjon for å vere heime lengre. Fedrekvoten forsvinn ikkje ein gong av den grunn, den kan takast fleksibelt fram til barnet er 3 år (feks. annakvar onsdag i to år.)

2010-01-21
To sing or not to sing, that's the question.
I følge ymse babyfora er det visst lurt å synge for ungen i magen. Helst ein song ein kan halde fram å synge når ungen kjem ut. Tanken er at dette skal bli vuggesangen, trur eg. Ungen kan høyre ganske tidleg, og lærer å skille ut mors (og fars) stemme frå andre.
Så vi syng. Byssanlull og Trollmor og Bæ bæ lille lam og alskens andre barnesongar vi (ikkje heilt) hugser.
Det einaste aberet er at dette er den bombesikre måten å få ungen til å bli skikkeleg aktiv. Omtrent som ein nyfanga ørret i ein plastpose, for dei som har prøvd det. Eller som nokon med klaustrofobi innestengd i dynetrekket sitt. Med andre ord armer og bein overalt og buler over heile magen.
Dette er forsåvidt veldig kult, både å kjenne innanfrå og utanfrå, og å sjå på. Men at sangen har ein roande effekt stiller eg meg meget tvilande til.
Så då blir spørsmålet. Skal vi halde fram med dette, og risikere at alt ungen forbind med Bysanlull er leiketime, eller skal vi ta ein pause til ungen er født og satse på at aktivitetsdelen er gløymd og sangen oppfattast som roande og nattasang, eller skal vi rett og slett gi opp sangkarrierene våre og innsjå at vi korkje er kor-materiale eller har synge-for-barnet-kvalitet på røysta, og heller kjøpe ein CD?
(Eg er ikkje sikker på om dette kvalifiserer til å vere slem mamma, men eg føler iallfall at det kanskje er feil strategi viss planen var å lære ungen at sang == avslapping == sove)

2010-01-20
Moderering
Kommentarane på denne bloggen er moderert, dvs at eg godkjenner dei før dei publiserast. Som regel går dette kjapt - minutt snarare enn timar.
Viss nokon som kjenner Blogspot kan forklare meg kordan eg kan moderere kun brukarar som ikkje er innlogga nokon plass så slår eg gjerne av moderering for desse. Det er fleire autentiseringsmekanismar som kan brukast, men eg kunne tenke meg at alle får lov å kommentere utan å måtte registrere seg. Dog vil eg gjerne manuelt godkjenne dei som ikkje er registrert nokon stad. Dei einaste alternativa eg finn er moderering av alle eller ingen kommentarar, eller på innlegg som er eldre enn n dagar.

Sjølvstendig opptjeningsrett for far
Fedrekvotedebatten held fram. Også denne gongen kjem "sjølvstendig opptjeningsrett for far" inn i debatten, og nok ein gong er eg usikker på kva politikarar og/eller journalistar meiner (så eg har sendt sistnemnde ein epost og spurt).
Far har heilt sidan 2000 hatt opptjeningsrett til foreldrepengar i varierande grad. Så vidt eg hugser var det først i form av utbetaling basert på eiga løn (dei fyrste åra med fedrekvote fekk far utbetalt tilsvarande mors løn under permisjonen), deretter også uavhengig av mor - gitt at mor er ute i jobb eller utdanning. Han kan då vere heime i heile den delen av permisjonen som ikkje er forbeholdt mor, altså 37/47 veker, viss han har jobba minst 50% dei siste 6 av 10 mnd før fødselen (dette er dei same krava som for at mor skal få rett til fødselspengar).
Dette er ikkje det same som full sjølvstendig rett til fedrepermisjon, men det hjelper spesielt for familiar der mor er eller har vore student medan far har jobba.
Det hjelper ikkje viss far har vore student før fødselen, eller viss mor ikkje har jobb (det er krav om tilnærma fulltid, dvs minst 75%, elles får far mindre enn 100% permisjon/pengar) og ikkje studerer (i tillegg kan ein kombinere jobb og utdanning til fulltid). I tillegg er det ein del mottakere av trygdeytingar som fell utanfor.
Å gi far sjølvstendig oppteningsrett er i følge enkelte (no sist Merete Ranum) "fryktelig dyrt". Eg er usikker på kva som ligg i "fryktelig dyrt", det kjem iallfall an på kva ein samanlikner med.
For enkelheits skuld kan vi starte med å gi fedrekvote til menn der (barnets) mor ikkje har rett på eingonsstønad, altså ca 8900 fedre. Eg antar at dei vil ha krav på 6 G i 10 veker. Alle ytingar frå NAV er til ein viss grad basert på "folketrygdens grunnbeløp" (G), eller iallfall oppad avgrensa av ein faktor av G. 6 G tilsvarer ei årsløn på ca 437.000 kr, og eg trur det er eit for høgt anslag. Mange av dei det er snakk om er nyutdanna og relativt unge (trur eg), og vil nok ha eit lågare lønsnivå enn dette. Men eg antar likevel ei løn på 6G, dette er uansett det maksimale NAV dekker.
10 veker med ei løn på 6G tilsvarer 84090 kr, som for 8900 fedre blir ca 748 mill. Årets budsjett for foreldrepengar ser ut til å vere ca 13 mrd. Ei auke i dette på 748 millionar tilsvarer 6% ekstra. Eg synes i grunnen ikkje det er frykteleg dyrt - ikkje for å gi alle barn rett til å ha far heime i 10 veker. (No fekk eg litt Jon Blund i bakhodet :-))
Viss du no forventer at eg finansierer dette også, så greitt (eg har trass alt vore politisk aktiv ein periode av livet mitt): ta det frå kontantstøytta (post 844). Den er på totalt 1.4 mrd kroner i budsjettet for 2010, maksimalt 39600 kr i året pr barn. Halver denne, og gi alle fedre rett på fedrekvote i staden. Eg meiner denne støytta er så lita at den i realiteten ikkje bidrar til valfridom, sjølv om pengane heilt sikkert kjem godt med for dei som mottar den. Eg synes barns rett til å ha far heime i 10 veker er viktigare.
(Det er ikkje veldig prinsippielt viktig for meg å ta frå kontantstøytta. Det finst heilt sikkert mange andre postar på statsbudsjettet eg synes det er heilt i orden å ta 750 millionar frå.)
Grunnen til at eg heile tida kjem tilbake til desse 10 vekene med fedrekvote er at det er ein rettigheit som fullt og heilt tilfell far. Bruken av tida er fleksibel - så lenge mor og far til saman ikkje mottar meir enn 150% foreldrepengar for perioden, kan far ha permisjon utan at mor er i jobb eller utdanning. Det betyr at mor kan jobbe, ha ferie, ha ulønna permisjon, vere arbeidssøknade eller motta trygd. At far har rett til å ta permisjon viss mor er ute av huset er vel og bra, men det gir dessverre ikkje barnet meir tid saman med faren sin dersom mor rett og slett ikkje har ein jobb eller tar ei utdanning.
2010-01-24: Det slo meg at tala eg har brukt i dette dømet er frå 1.-3. kvartal av året. Det tyder sannsynlegvis at talet kvinner som fekk eingongsstønad i statistikken eg fann er ca 75% av årstotalen, altså at det dermed burde vere nærare 12.000 kvinner som får eingongsstønad per år. Å gje fedrekvote til mennene det er snakk om vil nok bli omlag 33% dyrare enn estimata eg gjorde. Men det er likevel godt innanfor kontantstøyttebudsjettet, viss vi skal bruke det som finansiering.
Far har heilt sidan 2000 hatt opptjeningsrett til foreldrepengar i varierande grad. Så vidt eg hugser var det først i form av utbetaling basert på eiga løn (dei fyrste åra med fedrekvote fekk far utbetalt tilsvarande mors løn under permisjonen), deretter også uavhengig av mor - gitt at mor er ute i jobb eller utdanning. Han kan då vere heime i heile den delen av permisjonen som ikkje er forbeholdt mor, altså 37/47 veker, viss han har jobba minst 50% dei siste 6 av 10 mnd før fødselen (dette er dei same krava som for at mor skal få rett til fødselspengar).
Dette er ikkje det same som full sjølvstendig rett til fedrepermisjon, men det hjelper spesielt for familiar der mor er eller har vore student medan far har jobba.
Det hjelper ikkje viss far har vore student før fødselen, eller viss mor ikkje har jobb (det er krav om tilnærma fulltid, dvs minst 75%, elles får far mindre enn 100% permisjon/pengar) og ikkje studerer (i tillegg kan ein kombinere jobb og utdanning til fulltid). I tillegg er det ein del mottakere av trygdeytingar som fell utanfor.
Å gi far sjølvstendig oppteningsrett er i følge enkelte (no sist Merete Ranum) "fryktelig dyrt". Eg er usikker på kva som ligg i "fryktelig dyrt", det kjem iallfall an på kva ein samanlikner med.
I 1.-3. kvartal 2008 var det 8900 kvinner som fekk eingonsstønad, og drøyt 40.000 som fekk foreldrepengar. I tillegg var det 31000 fedre med foreldrepengar. I følge statsbudsjettet for 2010 var det 1075 fedre (ca 3% av fedrene som fekk foreldrepengar) som tok ut foreldrepengar på sjølvstendig grunnlag i 2008. 78 prosent av desse fedrane tok ut meir enn 6 veker.
10 veker med ei løn på 6G tilsvarer 84090 kr, som for 8900 fedre blir ca 748 mill. Årets budsjett for foreldrepengar ser ut til å vere ca 13 mrd. Ei auke i dette på 748 millionar tilsvarer 6% ekstra. Eg synes i grunnen ikkje det er frykteleg dyrt - ikkje for å gi alle barn rett til å ha far heime i 10 veker. (No fekk eg litt Jon Blund i bakhodet :-))
Viss du no forventer at eg finansierer dette også, så greitt (eg har trass alt vore politisk aktiv ein periode av livet mitt): ta det frå kontantstøytta (post 844). Den er på totalt 1.4 mrd kroner i budsjettet for 2010, maksimalt 39600 kr i året pr barn. Halver denne, og gi alle fedre rett på fedrekvote i staden. Eg meiner denne støytta er så lita at den i realiteten ikkje bidrar til valfridom, sjølv om pengane heilt sikkert kjem godt med for dei som mottar den. Eg synes barns rett til å ha far heime i 10 veker er viktigare.
(Det er ikkje veldig prinsippielt viktig for meg å ta frå kontantstøytta. Det finst heilt sikkert mange andre postar på statsbudsjettet eg synes det er heilt i orden å ta 750 millionar frå.)
Grunnen til at eg heile tida kjem tilbake til desse 10 vekene med fedrekvote er at det er ein rettigheit som fullt og heilt tilfell far. Bruken av tida er fleksibel - så lenge mor og far til saman ikkje mottar meir enn 150% foreldrepengar for perioden, kan far ha permisjon utan at mor er i jobb eller utdanning. Det betyr at mor kan jobbe, ha ferie, ha ulønna permisjon, vere arbeidssøknade eller motta trygd. At far har rett til å ta permisjon viss mor er ute av huset er vel og bra, men det gir dessverre ikkje barnet meir tid saman med faren sin dersom mor rett og slett ikkje har ein jobb eller tar ei utdanning.
2010-01-24: Det slo meg at tala eg har brukt i dette dømet er frå 1.-3. kvartal av året. Det tyder sannsynlegvis at talet kvinner som fekk eingongsstønad i statistikken eg fann er ca 75% av årstotalen, altså at det dermed burde vere nærare 12.000 kvinner som får eingongsstønad per år. Å gje fedrekvote til mennene det er snakk om vil nok bli omlag 33% dyrare enn estimata eg gjorde. Men det er likevel godt innanfor kontantstøyttebudsjettet, viss vi skal bruke det som finansiering.
2010-01-19
Du som les dette synes kanskje ikkje er virkar så slem. Well, be afraid, be very afraid, *mwahhahaha*!
Ideen til namnet på bloggen kom i grunnen etter at eg tidlegare i vinter posta eit innlegg på eit eller anna forum for vordande mødre om fordelinga av foreldrepermisjonen. Dei fleste innleggsskrivarane skulle dele permisjonen med fedrekvoten til far (gjerne med litt gråt og tænders gnidsel, for far hadde så viktig jobb, arbeidsgivar så negativ eller fars løn så høg) og resten til mor (altså 10 veker til far og 36 (eller 46, viss dei tok 80% løn).
Unntaket såg ut til å vere meg og Mannen. Vi deler med 18 veker til meg og 28 til han.
Dette vart motteke med vantru av mange. Ein del syntes det var snilt av meg å gi han s mykje, eller meinte eg var heldig som hadde ein mann som ville vere heime så lenge (eg veit jo eg er heldig med Mannen, sånn generelt).
Det som tok kaka og verkeleg fekk meg til å føle meg slem var ho som spurte korfor eg ville ha barn, når eg ikkje ville vere heime med dei.
Eg vart svar skuldig. Ikkje fordi eg ikkje visste svaret, men fordi spørsmålet var så langt utanfor banen eg speler på at det føltes som bortkasta energi å løpe etter ballen.
Men dette er altså haldningar ein kan bli møtt med i 2010, dessverre trur eg ikkje denne innleggskrivaren er den einaste som meiner permisjonen er mors eineveldige rettigheit og nærast eit mål på kor høgt du elskar barna dine. Og noko av bakgrunnen for at eg meiner det er til barnas beste å "tvinge" far til barnerommet for nokre veker.

Høgres kvinneforum vedtok i helga at dei vil fjerne fedrekvoten, kan leiar i kvinneforumet Linda C. Helleland i dag melde. Argumentasjonen er at dette vil gi familien full valfridom.
Mon det. I dei tid der 16.5% (i følge adressa.no) tar meir enn obligatorisk fedrekvote og der det er behov for å avsette ein del til far er eg i tvil om kor stor valfridom det vil gi. Vil det ikkje heller gjere at vi fell tilbake på det gamle mønsteret der foreldrepermisjonen i realiteten var mors?
Mor har ein obligatorisk del på 3 veker før og 6 veker etter fødselen, men denne er primært medisinsk motivert. For å "slippe" denne må mor ha legeerklæring på at det er betre for henne å jobbe. For diskusjonen sin del trur eg det er lurt å halde iallfall dei 6 vekene etter fødselen utanfor. Den er lovpålagt, og det finst internasjonale konvensjonar det tek seg dårleg ut om Noreg bryt ved å ikkje lovfeste denne delen, kor gullbelagt den gode intensjons veg enn måtte vere.
Fedrekvote har vi hatt sidan 1993. Før dette var det nesten ingen fedre som tok permisjon utover 2 veker omsorgspermisjon ved fødselen (og den vart nok i størst grad brukt fullt ut når arbeidsgiver dekte løna, og slik er det nok i dag òg), sjølv om fedrene hadde hatt rett til permisjon sidan 1977.
I 2000 tok 9.6% av fedrene meir enn fedrekvoten (den var då 4 veker), i 2008 var andelen som tok meir auka til 14.8% (og kvoten til 6 veker) - så det går framover. Ettersom utvidinga til 10 veker kom sist sumar, er det neppe så mange fedre som har tatt ut så mykje av den enno, så det er tidleg å seie noko om kor mange som tar meir enn 10 veker.
Dessverre er det ein god del fedre som tek mindre enn fedrekvoten. I 2000 var det 21% som tok under 4 veker, i 2008 var det 20.5% som tok under 4 veker og 43.5% som tok under 6 veker. (Men mange av 2008-fedrene kan ha avtalt fleksibel permisjon med avvikling av permisjonen fram til barnet er 3 år, og altså ikkje ha tatt ut alle vekene dei har planlagt å ta enno.)
I følge statistikk frå NAV har alle dei store aukene i andelen fedre som tek ut mange veker permisjon omtrent utelukkande kome når lovendringane har kome: vi hadde 4 veker (20 dagar, som NAV tel i denne statistikken) fedrekvote fram til juli 2006, så vart den 5 veker, for så å bli 6 veker frå juli 2007. Eg trur ikkje det er kynisk av meg å hevde at det ikkje er ei haldningsendring som førte til at talet fedre som tok 6 veker permisjon gjekk frå 223 i 2006 til over 16000 i 2008. Og eg vil påstå det er rimeleg naivt å påstå at det har skjedd ei haldningsendring - eller ein haldningsrevolusjon - blant foreldre mellom 2006 og 2010 som gjer at like mange fedre automatisk vil tilbringe like mange veker med det unge avkommet sitt heilt utan ein viss form for tvang eller press.
Eg er for valfridom, og synes valfridomen er ganske stor når det gjeld foreldrepermisjonen - sjølv om det er visse føringar. Dei fleste og det meste av utvidinga av den delen som er avsatt til far har kome i form av ei forlenging av permisjonstida (unntaket er at det vart teke 2 veker frå fellesdelen ved den førre utvidinga i juli 2009, medan dei 2 andre vekene var ei forlenging av den totale permisjonstida).
I tillegg er det staten som betaler foreldrepengane (opp til 6G), og som med mange andre statlege ordningar synes eg det er heilt greitt at det vert stilt visse krav til bruken av dei. Det er trass alt ingen tvang i å ta korkje fedrekvote eller fellesdelen av permisjonen - vel du å arbeide i staden for å ha permisjon får du heller ingen pengar frå staten. Om ein familie meiner det er mykje betre at mor er heime i staden for at far er heime, kan mor ta ulønna permisjon i eit heilt år etter at den lønna permisjonen er over.

Velkomen til den slemme mammabloggen. Eigentleg er eg korkje slem eller mamma, men eg blir mamma om nokre veker, og det er nok nokre som vil oppfatte ein del av meiningane mine rundt det å bli og vere mamma som litt slemme, eller iallfall kjetterske. Dei om det.
Her er planen å skrive litt om dei slemme mamma-tankane mine, om foreldrepermisjon og foreldrepengar, fruste litt om NAV (eventuelt skryte av dei viss dei fortener det!), og generelt vrenge hovdet mitt litt.
Debatt er eg for, men sidan dette er min blogg og ikkje nettavisenes debattsider, forbeheld eg meg retten til å moderere slik eg vil. Det betyr at viss du ikkje gidd spa opp eit minimum av argumentasjon så får du ikkje publisert kommentaren din her. Synd for deg, gå og leik ein annan stad.

Abonner på:
Innlegg (Atom)