2010-01-19

Høgres kvinneforum vedtok i helga at dei vil fjerne fedrekvoten, kan leiar i kvinneforumet Linda C. Helleland i dag melde. Argumentasjonen er at dette vil gi familien full valfridom.

Mon det. I dei tid der 16.5% (i følge adressa.no) tar meir enn obligatorisk fedrekvote og der det er behov for å avsette ein del til far er eg i tvil om kor stor valfridom det vil gi.  Vil det ikkje heller gjere at vi fell tilbake på det gamle mønsteret der foreldrepermisjonen i realiteten var mors?

Mor har ein obligatorisk del på 3 veker før og 6 veker etter fødselen, men denne er primært medisinsk motivert. For å "slippe" denne må mor ha legeerklæring på at det er betre for henne å jobbe. For diskusjonen sin del trur eg det er lurt å halde iallfall dei 6 vekene etter fødselen utanfor. Den er lovpålagt, og det finst internasjonale konvensjonar det tek seg dårleg ut om Noreg bryt ved å ikkje lovfeste denne delen, kor gullbelagt den gode intensjons veg enn måtte vere.

Fedrekvote har vi hatt sidan 1993. Før dette var det nesten ingen fedre som tok permisjon utover 2 veker omsorgspermisjon ved fødselen (og den vart nok i størst grad brukt fullt ut når arbeidsgiver dekte løna, og slik er det nok i dag òg), sjølv om fedrene hadde hatt rett til permisjon sidan 1977.

I 2000 tok  9.6% av fedrene meir enn fedrekvoten  (den var då 4 veker), i 2008 var andelen som tok meir auka til 14.8% (og kvoten til 6 veker) - så det går framover. Ettersom utvidinga til 10 veker kom sist sumar, er det neppe så mange fedre som har tatt ut så mykje av den enno, så det er tidleg å seie noko om kor mange som tar meir enn 10 veker.

Dessverre er det ein god del fedre som tek mindre enn fedrekvoten. I 2000 var det 21% som tok under 4 veker, i 2008 var det 20.5% som tok under 4 veker og 43.5% som tok under 6 veker. (Men mange av 2008-fedrene kan ha avtalt fleksibel permisjon med avvikling av permisjonen fram til barnet er 3 år, og altså ikkje ha tatt ut alle vekene dei har planlagt å ta enno.)

I følge statistikk frå NAV har alle dei store aukene i andelen fedre som tek ut mange veker permisjon omtrent utelukkande kome når lovendringane har kome: vi hadde 4 veker (20 dagar, som NAV tel i denne statistikken) fedrekvote fram til juli 2006, så vart den 5 veker, for så å bli 6 veker frå juli 2007. Eg trur ikkje det er kynisk av meg å hevde at det ikkje er ei haldningsendring som førte til at talet fedre som tok 6 veker permisjon gjekk frå 223 i 2006 til over 16000 i 2008. Og eg vil påstå det er rimeleg naivt å påstå at det har skjedd ei haldningsendring - eller ein haldningsrevolusjon - blant foreldre mellom 2006 og 2010 som gjer at like mange fedre automatisk vil tilbringe like mange veker med det unge avkommet sitt heilt utan ein viss form for tvang eller press.


Eg er for valfridom, og synes valfridomen er ganske stor når det gjeld foreldrepermisjonen - sjølv om det er visse føringar. Dei fleste og det meste av utvidinga av den delen som er avsatt til far har kome i form av ei forlenging av permisjonstida (unntaket er at det vart teke 2 veker frå fellesdelen ved den førre utvidinga i juli 2009, medan dei 2 andre vekene var ei forlenging av den totale permisjonstida).

I tillegg er det staten som betaler foreldrepengane (opp til 6G), og som med mange andre statlege ordningar synes eg det er heilt greitt at det vert stilt visse krav til bruken av dei. Det er trass alt ingen tvang i å ta korkje fedrekvote eller fellesdelen av permisjonen - vel du å arbeide i staden for å ha permisjon får du heller ingen pengar frå staten. Om ein familie meiner det er mykje betre at mor er heime i staden for at far er heime, kan mor ta ulønna permisjon i eit heilt år etter at den lønna permisjonen er over.

1 kommentar:

  1. Jeg synes også du skal skrive om hvordan dette påvirker hvor (lite) attraktive unge kvinner er på jobbmarkedet - der det finnes et mannlig, kvalifisert alternativ...

    Keep up the good work!

    SvarSlett