2012-04-30

Gullkorn frå barnehagen (igjen).

"Spesielt de største guttene er på ivrig leiting etter mark – som de samler i bøtter og på spader. [...] Og de største jentene er ivrige i leiken der de er både baby, mor, far og bestemor"

Quiz: Er sitatet henta frå Egners lesebøker anno 1952 eller frå barnehagens nyheitsbrev anno 2012?

Dessverre er svaret et desse to sitata er henta frå beskrivelser av barnas kvardag i ein kommunal norsk barnehage anno 2012, gjenfortald i eit månadsbrev til foreldra.

Trufaste lesarar hugser kanskje at vi har hatt våre opplevingar med barnehagen tidlegare også... Den gong orsaka dei seg med at vi måtte ha misforstått, og det var jo ikkje SÅNN meint. Munnleg kommunikasjon er vanskeleg, så vi lot det vel ligge den gong.

Denne gongen er det imidlertid skrive svart på kvitt i barnehagens månadsbrev, så det er litt verre for dei å kome seg unna med at det ikkje var slik meint, eller at dei ikkje er medvite det. For akkurat det at dei påpeiker at det er ein kjønnsskilnad er for meg eit veldig tydeleg teikn på at dei er medvitne at det er ein skilnad!

Å vere medviten at ein faktisk ser ein kjønnsskilnad kan vere ein fin ting, det. Men det forutset jo at dei ikkje berre er medvitne at det er ein skilnad, men òg at dei bør gjere noko med det! For det er faktisk ikkje slik at det er naturleg at 3 år gamle gutar er opptekne av meitemark medan jentene i same årskull naturlegvis er opptekne av dokke- og familieleik. Og det er iallfall ikkje slik at dette er ei kjønnsdeling pedagogisk tilsette i ein barnehage bør legge opp til!

Eg saknar refleksjonar over kvifor det er slik, og ein plan for kva dei vil gjere framover. Rett nok nemner dei i planen sin at dei ser at barna er fascinerte over alle insekta og vårteikna som dukker opp, at dei vil ha fokus på det framover - men vil fokuset framleis vere på at dei eldste gutane skal grave mark med spadene og bøttene sine, og ta det med slik at dei yngste barna (og kanskje dei travle dokke-rolleleikande 3-årige jentene, viss dei klarer rive seg laus) kan få kome og sjå?

Det er sikkert naivt av meg å tru at eg kan demme opp for prinsessetyranniet i samfunnet, men eg ynskjer iallfall gjere mitt både på heimefronten og elles. Eg prøver å ikkje kjøpe rosa klær til Ungen, men viktigare enn fargen: eg unngår å kjøpe jålete og overpynta klær som ikkje kan brukast i vanleg, vilter leik, som kan henge seg fast eller som gjer det umogleg å leike slik at ein kan henge seg fast og som er så overpynta at både foreldre og barn blir redde for å skitne dei til. Vil ho gå i rosa solbriller, skal ho få lov til det (solbriller er solbriller), men brannfarleg prinsessesumarkjole i tyll som må haldast minst 3 meter unna grillen heile sumaren? Not so much.

I barnehagen så er det mitt ynskje som forelder, som brukar av barnehagen, at barnehagen ikkje skal forsterke stereotypiane i samfunnet elles. Det er eit paradoks at vi i Noreg i dag har den same kjønnsdelte arbeidsmarknaden som vi hadde for 20 år sidan, at det er eit stort lønsgap mellom kvinner og menn, at omtrent alle likestillingsframsteg har kome gjennom lovendringar, ikkje friviljuge tiltak.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har foreslått å bruke ein kvart million på likestillingstiltak i barehagane. Talspersonen nemner mellom anna språk som ein av måtane jenter og gutar blir behandla ulikt på. Motstanda mot framlegget kjem mellom anna frå Framstegspartiet: Med få ord, så er dette ein veldig gamaldags likestillingskamp. Til gutar seier du at «du er tøft kledd», medan jenter er «fint» kledd. Det tykkjer eg er heilt greitt. For jenter kler seg fint og gutar kler seg tøft. Slik skal det vere, seier han.

Ja, sånn skal det vere! Gutar er tøffe, jenter er fint kledt. Guten har ein personlegheit, jenta er pent utstyrt. Dette minner vel eigentleg litt om karakteristikkar eg har høyrd tidlegare...

Kunnskapsdepartementet har lagd ei rekke temahefter til rammeplanen for barnehagane, blant anna eit hefte som går på likestilling i det pedagogiske arbeidet. Forfattaren av dette heftet skriv i forordet at "vi ofte ubevisst reproduserer ulike forventninger til jenter og gutter i barnehagen."

Heftet er lagd for bruk i personalgruppa i barnehagen, til diskusjon og refleksjon over eigne roller. Det inneheld òg mange nyttige tips og refleksjonar for foreldre, som trass alt (framleis!) er dei viktigaste rollemodellane for eigne barn. Kva roller er det vi gir barna våre, kva roller har vi og tek vi sjølv? Som rollemodellar er jo kjønn ein del av det, spesielt når kjønnsrollene blir forsterka i barnehagen. Kanskje må vi som foreldre gjere ting som vi eigentleg ikkje liker eller som ikkje fell oss så veldig naturleg - som å skifte dekk eller plukke meitemark i blomsterbedet, rett og slett for å vise at dette er noko både mamma og pappa kan gjere? Og kva fortel det eigentleg barnet om fordeling av arbeidsoppgåver når mor kjøper trillebår til ungen og far er den som monterer den saman? (Prøv for all del gjerne, det kan godt hende barnet legg noko heilt anna i det enn det du (og eg) gjer!)

Eit av temaene i heftet er kjønnsstereotypiar og barnehagens ansvar i forhald til dette: "Hvis vi skal nå de likestillingspolitiske målene som samfunnet etterstreber, og begge kjønn skal få varierte utfordringer og like mye oppmerksomhet, er det en viktig oppgave for personalet å ikke reprodusere de tradisjonelle kjønnsrolleforventningene til jenter og gutter. Jenter og gutter er mye mer enn de forventningene vi har til dem i kraft av deres biologiske kjønn. Synet på barnet i barnehagen omhandler barns rett til å bli sett og anerkjent som samfunnsmedlemmer på linje med de voksne." (s. 11)

Barn er komplekse vesen, ikkje berre som jenter og gutar, men òg som andre roller dei er, blir eller får. "Personalet må i større grad får tak i mangfoldet og de ulike posisjonene jentene og guttene får og tar i barnehagen. Det kreves kompetanse som ikke er fastlåst i spesielle forestillinger om hva som er normalt. Det finnes mange måter å være normal på, og dagen og morgendagens barnehage trenger voksne som evner å se og reflektere over barnas komplekse liv i en kompleks verden." (s. 28)

Likestilling handler om å likestille individa, å sjå alle barna som einskildståande og unike individ. Ei jente er ikkje stille fordi ho er jente, ein gutt er ikkje bråkete fordi han er gutt - dei er det fordi dei er dei dei er.

2012-04-15

Fedrepermisjon som streikesak

Fellesforbundet og Norsk Industri har i dag vorte samde om ny tariffavtale i "frontfagoppgjeret" - den første runden med lønsforhandlingar på våren, den avtalen som blir spydspiss for krava i avtalane for dei andre forbunda. Eg synes det er veldig, veldig fint at eit av krava i dette oppgjeret var to vekers lønna permisjon til fedre etter mors fødsel. Likestillinga har faktisk kome eit godt stykke når eit såpass mannsdominert fagforbund som Fellesforbundet er villige til å gå til streik for dette.

Lønna permisjon til far (eg trur forøvrig at retten også gjeld for "en annen som bistår moren" i lovteksten) etter fødsel betyr at det ikkje er pengar det står på når familien skal vurdere om far kan vere heime etter fødselen. Retten til permisjon har vore der i mange år, men retten til løn har vore tariffbestemt og så langt berre gjeldt i det offentlege samt i ein del avtalar innan det private. Mange har teke ut ferie eller avspasering i denne perioden, eller teke permisjon utan løn, og på den måten fått til å vere heime med mor og barn. No vil mange fleire få denne retten - bra!

Det er viktig av mange grunnar. Det er for dei fleste ein tilstand av totalt kaos rett etter fødselen - overgangen frå to til tre (eller meir) er slett ikkje smidig alltid, og er ein alt tre eller fleire så blir det ikkje nødvendigvis enklare å få ein til av den grunn. Mor er i mange tilfelle såpass nedkøyrd fysisk og psykisk etter fødselen at det er på kanten å vere aleine heime med barnet. Terskelen for å kontakte lege for sjukemelding slik at far kan vere heime er nok høg for mange. Amminga er som regel ikkje særleg veletablert enno, og god støytte frå far er veldig viktig også der.

Kva vert kravet neste gong, tru? Fedrekvote uavhengig av mors rett til permisjon? Meir enn 6G som maks-grense for refusjon frå NAV? Betalt ammefri i alle bransjar? Skiftordningar som legg til rette for fortsatt amming? Ja takk, alle fire?

2012-03-16

Barnet i bokheimen

Pia spør om vi les for barna våre og om dei har tilgang på bøker. Ja, det gjer vi!

Ungen elsker bøker, og vi les alltid ei bok før sengetid (før var det fleire, men vi har flytta litt av "leggetida" frå sjølve leggeritualet til tida "mellom middag og leggerituale") - og som regel eit par-tre andre bøker etter middag. For tida har ho vel ein drøy halvmeter med bøker på stua og litt mindre på soverommet. Planen er å flytte soveromsbøkene til ei litt større hylle der og også ha ei "billedlist" til bøker over senga (ho får straks ny seng med lampe over, sprinkelsenglesing var litt vanskeleg pga lyset), medan stuebøkene etterkvart skal inn på biblioteket vårt vegg-i-vegg med stua. Det kan vere greitt å ha dei litt utanfor lillebrors rekkevidde når han kjem (og blir litt større), tenker eg. Vi har ca 3-4000 bøker på biblioteket, burde nok ha rydda litt i dei, men skal iallfall rydde nok til at ho får sine eigne hyller der.

Elles liker ho Teknisk Ukeblad, der er det ofte fine bilete av vindmøller, tog, anleggsmaskiner og andre store maskiner. Ho har sjølvsagt full kontroll på kva maskinene heiter, og liker å lese det høgt for dokkene sine - altså fortelle dei kva maskiner det er og slikt. Bokstaven "sin" - A - peiker ho òg ut, både for dokkene og oss andre, og i bøker, på butikkskilt og tilfeldige objekt med bokstavar på.

Biblioteket er vi ofte på, det liker ho godt. Det blir fort ein time eller meir med lesing i barneavdelinga før vi tek med oss ei handfull bøker ho (eller eg) likte spesielt godt. Eg prøver å få lånt nokre bøker til meg sjølv også, men aberet er at vaksenavdelinga er i 2. etasje. Det er litt slitsamt å vere der med ein 2-åring som helst vil løpe ned marmortrappa til barneavdelinga i 1. att... mammaer får visst ikkje låne bøker!

Vi har aldri vore plaga av at bøkene blir øydelagt, eg kan ikkje hugse at ho nokon gong har forsøkt rive sund bøker. Då ho var rundt året vart bøkene skjøve rundt på golvet, så mange av dei har slitemerker på permane, men elles er vi strenge på at det ikkje er lov å teikne i dei, og sider med revner (det hender ho bladde litt ivrig då ho var litt yngre, og ei revne blir fort ei lengre revne) blir fort reparert. Eg synes det var litt ekkelt å låne biblioteksbøker då ho var yngre, for mange av dei såg litt tygde ut, men no går det greitt - dei færraste bøker retta mot 3-åringar har bitemerker.

I det siste har ho i større grad byrja lese bøker på eiga hand, så vi har store forhåpningar til billedlista over den nye senga hennar. Kanskje det får henne til å halde seg i senga sjølv om ho kan klatre ut av den? Elles gjer jo sjølvstendig boklesing at det blir litt lettare å få lagd middag, rydda litt eller rett og slett satt seg ned i ein stol og slappa av ein augneblink.

2012-03-14

Det som går inn, kjem ikkje alltid ut att.

Det burde ikkje kome som noko overrasking på dei som kjenner meg (eller for den del dei som ikkje eigentleg kjenner meg, men som les dei lange blogg-innlegga mine) at eg liker bøker. Mange bøker, og dei skal vere mine. Eg kan gjerne låne på biblioteket eller av andre, altså, men når eg først har kjøpt eller fått ei bok så ser eg ingen grunn til å kvitte meg med den. Den skal inn i bokhylla, så dei har vi ganske mange av, med ditto mange bøker i. Tipper vi har rundt 4000 bøker no, dei aller fleste er samla på "biblioteket" ved stua. Biblioteket skulle dog ha vore strukturert og rydda litt, og kanskje burde vi ha avhenda nokre bøker - men kordan gjer ein det då? Med unntak av ein pose med bøker frå ein eller annan "damebokklubb" eg meldte meg inn i pga. gratis velkomstbøker ein gong på midten av 90-talet er eg faktisk ikkje i stand til å kaste bøker. Eg kan til naud gje dei vidare til Frelsesarméen, men alle er merka med namnet mitt og eg liker ikkje heilt tanken på at dei skal ende i ein bruktbutikk. Kva vil folk som ser i dei tenke om meg, kva var feil med denne boka?

Så då hoper dei seg opp, då, og vi burde lære oss å snekre lure bokhyller slik at kroker og krinkler kan utnyttast. Der er vi ikkje så gode i dag. Takhøgda vår (altså den fysiske) er ikkje enorm, men ein del plassar kunne nok ei hylle oppunder taket ha gjort seg. Eg kunne òg tenke meg ei "skrytehylle" i stua, det er litt rart at den er nesten fri for bøker, synes eg. Dessutan hadde det vore kjekt å putte bøkene vi les i stua i ei hylle når vi ikkje les i dei - Ungen gir ofte pappas bøker om brygging og ølsortar litt hardare medfart enn han sjølv gjer.

Når eg tenker meg om så er det kanskje eit par kategoriar bøker eg kan klare å skilje meg ad frå. Det eine er skulebøker frå studietida mi, feks. pensum til ca 30 vekttal matematikk på NTNU siste halvedel av 90-talet. Eg har ikkje på langt nær 30 vekttal matematikk, og sjansen for at eg skulle ynskje å få det synk nærast frå dag til dag. Samstundes kan det jo hende at Ungen vil lese i desse bøkene om nokre år? Så nei, dei blir nok ikkje kasta. Men viss nokon kan peike meg i retning av nokon som samlar inn gamle (og kurante) pensumbøker for å donere til fattigare studentar eller universitetsbibliotek så er eg veldig åpen for det. Viss ikkje blir dei nok verande her litt til.

Den andre kategorien bøker er frå omlag same tidsepoke: utdaterte databøker. Joda, nokre av dei er artige å ha, men det er rett og slett grenser for kor mykje humor og moro eg ser i halvannan meter med "Dummies", "xxx in 10 days" og liknande høgverdig og nyttig litteratur om tema eg anten kan godt no, eller ikkje kjem til å sette meg inn i. Iallfall kjem eg ikkje til å bruke bøker for dummies, og eg kjem ikkje til å bruke 10 dagar på det. Og heller ikkje bøker frå like etter OL. På Lillehammer altså. Og desse bøkene trur eg faktisk eg kan klare å kaste. Anten kaste dei eller legge dei i ein kasse som nokon kan få kome og hente viss dei vil ha dei. Ut av huset skal dei iallfall.

Så då kanskje vi får tre hyller ledige. Det monner kanskje litt i forhald til dei seks kassene med bøker vi fann innerst på eit lager for to år sidan og som framleis står i ein krok på biblioteket og venter på utpakking.

2012-03-08

Gratulerer med dagen!

I dag er det 8. mars, den internasjonale kvinnedagen, og eg skriv nok eit ammeinnlegg (lett inspirert av faren til ei jente i Ungens barnehage som gratulerte meg med dagen då vi møttes i porten - takk!). For som så mykje anna så handlar også amming om feminisme.

Fjorårets debatt om mors rett til å velge flaske framfor amming slik at far kan overta mating og tidleg permisjon får kanskje mange til å tru at amming står i motsetnad til feminisme - at amming handler om å tjore mor fast til sofaen (kjøkkenbenken er stort sett ein sub-optimal plass for amming, det er viktig å sitte avslappa og ha god støytte for rygg, armar og ikkje minst barnet når ein ammer) slik at ho held seg heime med barnet.

Amming handlar om feminisme fordi:

Amming krev samfunnsendringar for å betre kvinners posisjon og levekår.

Kvinner må ha tru på sin evne til å produsere nok mjølk, og ikkje la seg påvirke av kommersielle produsentar av morsmjølkerstatningar og barnemat som forsøker så tvil om kvaliteten på mjølka, om mødre kan produsere nok mjølk til å ernære barnet sitt, om morsmjølka inneheld nok næring. I delar av verda må dei rett nok skrive på pakken at morsmjølk er det beste for barnet, mens i andre land blir det sett på som unormalt og nesten uansvaleg om du ikkje vil ha med posen med masse gratisprøvar på MME heim frå barsel. For kva om du sitt der og har for lite mjølk når du kjem heim?

I tillegg handler dette om at mødre må få den maten og næringsstoffene dei treng under amming, og tid til å amme. Ammande treng meir mat enn andre kvinner, fordi dei skal ernære eit barn i tillegg til seg sjølv. Dei treng også tid og tilrettelegging til å kunne gi barnet mat, ved behov gjennom heile døgnet. I mange samfunn kan dette fint kombinerast med arbeidet dersom ein legg til rette for det - det er vanleg å ha med ammebarn både på jordbruksarbeid og husarbeid.

Amming må anerkjennast som produktivt arbeid, ikkje som ei mors plikt. Dette betyr at det må leggast til rette for at mødre kan amme sjølv om dei jobber - i form av tilrettelagte arbeidsoppgåver, foreldrepermisjon og ammefri. Amming (og svangerskap og fødsel) skal aldri vere grunn til å seie opp nokon frå jobben, det må uansett leggast til rette for at mødre kan gå tilbake til jobben og arbeidsoppgåvene sine når dei ynskjer det. Dette er ein kostnad samfunnet rett og slett må ta for å oppretthalde produksjonen og reproduksjonen.

Rettane i arbeidslivet jobber bla. International Labour Organization (ILO) for i FN-systemet (sjå t.d. denne rapporten). Noreg ligg foran på mange område, men når det gjeld amming er vi faktisk ikkje blant dei beste i klassen sidan norsk arbeidsliv ikkje har rettigheitsfesta betalt ammefri til alle kvinner. Det er avtalt i tariffavtaler som omfattar ca 2/3 av arbeidstakarane


Amming viser at kvinner har styrke i sin eigen kropp

Vellukka amming gjer mødre (og barn) mindre avhengige av legar og av storindustrien. Barn som vert amma har større sjanse til å overleve dei første åra av sine liv, og har færre infeksjonssjukdommar bla. i luftvegar og i mage/tarm. (Ein del referansar kan du finne i dette innlegget.) I mange land er morsmjølkerstatning svært dyrt i forhald til vanlege lønningar. Sjølv om kvinner som ammer treng litt meir mat, er det på langt nær like dyrt som å kjøpe MME - det er ikkje uvanleg at eit spebarns behov for MME kostar meir enn ei dagsløn for ein arbeidar i delar av Afrika eller Asia. Dette går sjølvsagt utover heile resten av familien - både når det gjeld mat, skulegong og medisinske utgifter - og ofte kan ikkje familien kjøpe nok MME til å dekke babyens behov fullt ut, med underernæring, feilernæring eller sjukdom som følge.


Amming utfordrer synet på kvinnebryst som eit seksuelt objekt

Mykje av den moderne kvinnekampen, spesielt i Vesten, har dreidd seg om retten til eigen kropp, retten til å kle seg som ein vil og retten til å vise så mykje av kroppen som ein vil. Valdtektsdebatten i noreg dei siste åra har handla mykje om kordan kvinner skal kle seg og om det kan eller bør vere grenser for det. Samtidig bruker media kropp for det det tydelegvis er verdt - kan tabloidene sette eit bilete av ein tynn kvinnekropp med mest mogleg hud som forsidefoto så gjer dei det. Fordi det sel aviser, ikkje fordi fotoredaktøren er ein gamal gris.

På Facebook finst det mange grupper fulle av kvinner (og jenter) som viser mest mogleg kropp og bryst innafor rammene der. Derimot er ammebilete i mykje mindre grad lov. Facebook påstår rett nok at det er lov, men gong på gong kan vi lese historiar om kvinner som har fått sletta bilete der dei ammer ungen sin, eller som har fått åtvaring frå Facebook om dette. Det same skjer for mange som ammer offentleg. Men det er faktisk ikkje slik at vi ammer utanfor husets fire veggar fordi vi absolutt vil eller for å vise oss mest mogleg - det er for å gi barnet vårt mat. Og det er ikkje alle barn som aksepterer å bli amma under eit varmt og mørkt teppe der dei ikkje kan sjå mors ansikt. Sjølvsagt kan både mor og barn krype inn under teppet, men var det ikkje for å vere diskret at vi skulle dekke oss til? (Om det plager deg at eg viser 20 cm^2 med nakent bryst så kan du gjerne sjå ein annan veg.)

Alt dette er område som kvinnerørsla i Noreg og mange andre land har snakka om i årevis. Kvinnerørsla besto også av ammeaktivistar - og eg antar grunnleggarane av Ammehjelpen heller ikkje blir fornærma om eg kaller dei feministar :) Dei seinare åra har mykje av den synlege kvinnekampen dreidd seg om ting som er fjernt frå amming, men eg tviler på at eg hadde blitt kasta ut av toget om eg stilte med Ungen og eit banner om min rett til å vise puppen offentleg - sjølv om eg hadde hamna rett bak parolane mot strippeklubbar eller mot Pro-senteret. (No blir det dessverre ikkje noko tog på oss i år, og iallfall blir eg ikkje å bære Ungen medan eg ammer henne i toget. Ouch.)

Gratulerer med dagen, alle kvinner!



Amming borte frå kjøkkenbenken, med Unge som er litt for stor til å ammast i 8. mars-tog.

2012-02-23

Amming under graviditeten

For ei stund sidan skreiv eg eit innlegg om amming og graviditet. Bakgrunnen for det var eigentleg at eg ville skrive om mine eigne erfaringar rundt amming og graviditet, men så vart det så langt.... gamle lesarar vil sikkert påstå at det ikkje er noko nytt ;)

Eg er altså gravid, sånn rundt 23 veker på veg no. Det første teiknet på graviditeten, mindre enn to veker etter befruktninga og på eit tidspunkt der det enno var litt tidleg å ta ein graviditetstest på påliteleg resultat, var at eg fekk vanvittig ømme bryst. Eg trudde ein dag eller to det var brystbetennelse på gong (eg må legge til at eg aldri har hatt det, så eg veit ikkje kordan det eigentleg kjennast ut), og "tvang" Ungen til å die "heile tida", sidan hyppig tømming er den beste behandlinga for dei fleste byrjande brystbetennelser (eg kunne ha lest artikkelen litt nøyare då vondten starta, i staden for panisk å tenke "jeeez, brystbetennelse! AMME!!", for eg hadde ikkje så mange andre symptom enn at det var ømt/vondt...menmen.)

Uansett, etter eit par dagar fann eg ut at det kanskje kunne vere noko anna enn brystbetennelse, og tok ein graviditetstest... som var positiv.

Med lett skrekkblanda fryd fann eg fort ut at eg skulle fortsette å amme - eg har ingen historikk som skulle tilseie at eg ikkje burde amme under svangerskapet, og både eg og Ungen ville gjerne fortsette.

Dei første vekene var det rett og slett vondt, og eg beit tidvis tennene saman og lurte på kva søren eg holdt på med. Heldigvis var det vondast dei første 10-15 sekunda av ammestunda, så innan eg hadde bestemt meg for å koble frå og kutte ut var det ikkje lenger vondt, og Ungen fekk fortsette. Det var også ømt når eg ikkje amma - dvs dei andre 23.5 timane i døgnet, så det å komme borti noko var tidvis smertefullt. Rundt veke 12 gav smertene og ømheiten seg heldigvis, både under amming og elles.

Då eg var rundt 18 veker på veg fekk eg råmjølk i brysta, og mjølkeproduksjonen min gjekk samtidig ned. Grunnen til at eg kan tidfeste dette såpass nøyaktig (og relativt tidleg) er at diemønsteret til Ungen plutseleg endra seg - frå å ville die 3-5 minutt på kvar side vil ho no gjerne ligge 10-15 minutt. I tillegg opplever ho den laksative effekten av råmjølk - ein av funksjonane til råmjølk er å tømme tarmen raskast mogleg for barnebek (mekonium), som er bæsjen barnet lag(r)er i tarmen under svangerskapet (av avfallsstoff frå fostervatn som er svelga). Over natta fekk ho ganske laus mage - det som får meg til å tru på råmjølksvirkninga i staden for barnehagevirus er at då eg nokre dagar etter var bortreist slik at ho ikkje amma på halvanna døgn så fekk ho heilt normal mage igjen, for så å bli laus igjen då eg kom tilbake og ho gjenopptok amminga. (Eg ser òg at mjølka er blitt gul og tjukkare, den minner om vaniljesaus.)

Amming gjer at ein får litt større behov for næring enn elles, og det same gjer graviditet. Begge delar samtidig gir difor dobbelt så stort behov. Det er likevel ikkje snakk om enorme mengdar mat som må til - ved fullamming er det eit par skiver brød og to glas mjølk, og omtrent det same på slutten av svangerskapet. For min del har eg ingen problem med å få i meg tilstrekkeleg næring til både mjølkeproduksjon, svangerskap og drift av meg sjølv, og eg har dessutan litt å gå på...

Planen no er å fortsette å amme Ungen fram til fødselen, og så amme begge to når Nyungen kjem. Tandemamming vil seie at ein ammer to (eller fleire!) barn samtidig, dvs i samme ammeperiode. Nokre let barna die samtidig, andre ammer ein om gongen. Det vanlegaste er nok at den yngste får mjølk først, mens for enkelte kan det vere gode grunnar for å la den eldste die først og dermed la den minste få den feitaste mjølka først. Eg veit ikkje kordan vi kjem til å gjere det reint praktisk, og eg veit jo heller ikkje om Ungen framleis er interessert i å amme meir når ho får ein lillebror. Det er imidlertid mange som seier det er ein bra måte å unngå eller minske søskensjalusi på, og mange ungar som nyleg er avvente vil ofte byrje med bryst att fordi dei er litt sjalu på lillesøsken som får den gode mjølka der. Ungen er for tida litt oppteken av at ho og beibien skal ha ein pupp kvar, det er jo eit godt utgangspunkt (så får vi heller sjå kordan det går når ho innser at Nyungen får spise av begge puppane!).

Eit spørsmål som kom opp då eg diskuterte amming med agronom-broren min var behovet for sining. Eg har diskutert dette med nokre agronomar som også er ammehjelpere, og konklusjonen er at sjølv om det kan vere greitt med ein pause i amminga før neste ammerunde, så er det for menneskeleg laktasjon ikkje eigentleg naudsynt. For kua sin del handlar det òg om at den skal produsere mjølk til meir enn ein kalv - den skal som regel vere mjølkeku - medan menneskemora skal produsere mjølk til eitt menneske, ikkje for kommersiell mjølkeproduksjon i lang tid.

No er det mogleg at Ungen bestemmer oss for at det blir pause i amminga i vekene før fødselen, men om ho ikkje gjer det så satser eg på at det går fint, og at eg klarer lage næringsrik og fin mjølk til nok ein krabat. Alle prosessane rundt mjølkeproduksjonen som startast etter fødselen vil uansett gå som normalt, at eg alt ammer betyr berre at eg enno produserer moden mjølk (og no også råmjølk). Etter fødselen av morkaka vil hormonproduksjonen blir brutalt endra fordi svangerskapet er over, og mjølkeproduksjonen blir "reboota".

2012-01-26

Amming og graviditet

Som antyda i det siste innlegget mitt skal Ungen få eit søsken i løpet av året, nærare bestemt rundt juli. Nybabyen er av type XY (så lite blyg at sjølv mor, som elles ikkje ser skilnad på ein kylling og eit menneske på dette stadiet, kunne sjå det) og har alt han skal ha av utvekster og innvortes opplegg. Iallfall det som kan observerast cirka no.

Det nesten alle automatisk går ut frå når dei får høyre dette er at eg ikkje lenger ammer Ungen. Men det gjer eg, vettu! Med alt slitet i starten skal eg iallfall ikkje vere den som bestemmer at det er slutt no, tenker den litt sta mammaen. Og med ein unge som synes pupp er ålreit så går det i grunnen av seg sjølv eit par gonger om dagen, og skulle mor føle for å ikkje vere heime på eit passande tidspunkt så går det bra det også.

Mange ser nok for seg at amming under graviditet ikkje går an rett og slett fordi amming er prevensjon. Eller så byrjer dei tvile på om amming faktisk fungerer som prevensjon. Her er det viktig å skille mellom, eh, pupp og mens, eller noko slikt.

LAM - laktasjons-amenorremetoden er den naturlege infertiliteten etter ein fødsel. Den skuldast at amming gjer at nivået av prolaktin forblir relativt høgt i kroppen, noko som ikkje berre gjer at mjølk blir produsert, men også at eggløysinga utsettast fordi utskillinga av follikel-stimulerande hormon (FSH) og GnRH blir hemma. Dermed får ein ikkje eggløysing. Korrekt brukt har metoden har ein sikkerheit på 98-99.5% - som faktisk er sikrare enn typisk bruk av både p-piller og minipiller.

Den høge sikkerheiten skuldast at metoden er enkel: hyppig fullamming. Den fungerer altså kun så lenge barnet blir fullamma, barnet må ikkje få noko anna utanom brystmjølk (ikkje vatn, MME, graut, og heller ikkje morsmjølk på flaske - pumping stimulerer dessverre ikkje prolaktinproduksjonen like bra), og amming må skje over heile døgnet inkludert om natta. Mor må heller ikkje ha hatt noko blødning utover renselsa etter fødselen. I tillegg er den ansett som trygg berre dei første 6 månadene etter fødselen. Dess lengre ein går utan menstruasjon, jo større sjansen er for at det skjer ei eggløysing før den.

Utan at eg veit det sikkert (det er jo også vanskeleg å finne ut) så vil eg tru at dei fleste som har brukt amming som prevensjon og blitt gravide har gjort det "feil" (eg har forøvrig samme fordom overfor folk som blir gravide når dei bruker hormonell prevensjon....). Typiske "feil" vil vere at barnet har sove gjennom éi natt (over 6 timar) - ergo ingen nattamming - eller at barnet har fått eitt måltid med flaske ein eller annan gong. Dette hugser ein gjerne ikkje når ein ein månad eller to etterpå finn ut at ein er gravid....på same måte som at ein insisterer på at minipillene alltid var tatt klokka 7:30 før ein dro på jobb. Unntatt den søndagen etter festen, då vart visst klokka nærare 18 før ein hugsa det....

(Eit viktig poeng her er også at effektiviteten av prevensjon målast på gruppenivå, ikkje individnivå. 99% sikker betyr ikkje at du som les dette har 1% sjanse for å bli gravid, men at dersom 1000 av mine lesarar bruker den så vil 10 av dei blir gravide av ein eller annan grunn, medan den beskytter dei andre 990 100%.)

Problemet med LAM er også at ein ikkje veit før etterpå at ein har hatt eggløysing. Heldigvis er det mange som får første mens etter fødselen utan å ha eggløysing først (særleg blant dei som får blødning før 6 månader har gått, og blødninga gir då eit hint om at det kan vere lurt å bruke noko anna for å hindre graviditet), og ganske mange får ikkje "funksjonell eggløysing" før etter fleire sykler. Men ved å bryte eitt av vilkåra for LAM som effektiv prevensjon éin gong kan ein altså få eggløysing sjølv om ein held fram å fullamme hyppig i tida etterpå - det er dessverre ikkje slik at ein kan seie "ups" og så prøve gjere det godt att etterpå.

Altså: bruker du amming som prevensjon etter fødselen, så vit kordan det fungerer, og sørg for at du gjer det på den måten. Gjer du ikkje det: bruk noko anna (gjerne kondom eller noko anna ikkje-hormonelt, sidan alle hormonelle preventiver kan påvirke mjølkeproduksjon og mjølkesmak).

LAM er ein svært viktig prevensjonsmetode i u-land, der det å ha godt opphald mellom graviditetar og fødsler er bra for mors helse, for barnas helse og for befolkningsutviklinga og alt knytta til det. Ved å fullamme vil kvinner få minst 15 månader mellom fødslane sine, og i praksis (for heile befolkninga under eitt) meir sidan effektiviteten gradvis går ned frå 99% etter 6 månader. Kvinner som ikkje ammer får ofte eggløysing 3-4 veker etter fødselen, og kan dermed blir gravide mykje raskare.

I mitt tilfelle vart eg altså gravid lenge etter at LAM er ein effektiv prevensjon, rundt 18 månader etter fødselen viss eg ikkje tel heilt feil. Eg amma då to-tre gonger om dagen, hadde fått att mensen og innimellom var det dagar der Ungen knappast ville ha bryst i det heile teke. Finn tre feil i forhald til korrekt bruk av LAM...:-)

Nokre har problem med å bli gravide, og opplever at amming for dei fungerer som effektiv prevensjon lenge etter 6 månader. Dette er innafor dei naturlege variasjonane, og dersom ein ynskjer blir gravid, men ikkje får det til så raskt som ein ynskjer så kan det vere lurt å kutte litt ned på amminga slik at det blir litt lengre opphald over døgnet.

Når ein først er gravid så har eg ikkje funne forsking som tyder på at amming auker risikoen for spontanabort i nokon del av svangerskapet. Kvinner som tidlegare har hatt fleire spontanabortar eller naturleg (ikkje igangsett) for-tidleg fødsel kan bli råda til å slutte å amme. Under utdrivinga av mjølk skillast det ut oxytocin, som blant anna får glatt muskulatur som musklane rundt mjølkekjertlane og livmora til å trekke seg saman (det gis kunstig dersom ein blør mykje etter fødselen). Hos dei fleste har ikkje dette noko tyding, men bidrar heller til "treninga" før fødselen (noko det same som kynnere, vil eg tru), mens hos nokre få kan det føre til at fødselen sett i gong. Dersom du ikkje har nokon slik "historikk", er det ingenting som tyder på at amming under svangerskapet er farleg. (Merk at åtvaringane i såfall ikkje berre gjeld amming, men også orgasmar, som gir livmorsamantrekkingar på same måte.)

Mot slutten av svangerskapet kan mange kjenne kynnere blant anna under amming, og dersom desse ikkje gir seg kort tid etter amminga så bør ein diskutere med jordmor om ein bør fortsette å amme. Stimulering av brystknoppane er eit kjerringråd mange bruker for å få i gang fødselen, og amming har den same effekten. Men korkje brystknopp-stimulering eller amming "virker" med mindre kroppen er på kanten til å vere fødeklar. I samråd med lege/jordmor kan ein del bli råda til å ikkje amme under graviditeten fordi dei har eit spesielt risikofullt svangerskap. Får du slike råd av helsepersonell så spør korfor, og følg for all del rådet. Men for friske gravide er det ingen grunn til å lytte til "råd" frå venninner og gravidforum om å kutte ut amming under graviditet.

2011-12-12

Min siste time

I dag brukte eg min siste time med fleksibelt uttak av foreldrepermisjon.

I samband med det vil eg gjerne rette ein takk til arbeidsgivaren min for aksept for mykje fleksibilitet, ikkje minst til personalavdelinga som minst seks gonger har hjulpe meg med endring av søknadsskjema med tilhøyrande vedlegg og stadfestingar.

Eg vil òg takke NAV for mange rundar med korrespondanse og mange hyggelege telefonsamtaler. (I motsetnad til mange andre har eg faktisk ikkje noko personleg å klage på. Eg (dvs jobben) har (etter det eg kjenner til) fått det rette beløpet frå dei, og utover nokre rundar med uklarheitar og dårleg ordbruk har dei trass alt klart å behandle søknadene mine korrekt.

No avslutter vi denne runden med samarbeid, og eg gjer meg klar til om nokre månader å starte ein ny runde med nye søknadsskjema, nye reglar og nye veker med permisjon.

Eg mistenkjer at denne bloggen ikkje forblir heilt daud det neste halvåret (eller året) heller.

2011-10-24

Amming og jobbing - det evige ordskiftet

NRK2 har hatt debatt om amming - med dei erfarne ammarane Audun Lysbakken (SV) og Knut Hareide (KrF), flankert av Gro Nylander og Elisabeth Skarsbø Moen.

Debatten dreidde fort inn på amming og jobb. Lysbakken har (i følge Dagbladet, eg har ikkje lese boka hans) skrive at "mors mulighet til å komme raskt tilbake i jobb" er ein grunn til å slutte å amme. Hareide meiner "barneministeren prioriterer produksjon, karriere og arbeidsliv foran barnas beste".

Men korfor blir dette eit spørsmål om amming og jobb? Det er tydeleg at desse mennene ikkje har erfaring med det. Kvinner som vel - for det er for dei aller fleste eit reelt val - å gå tilbake til jobb få månader etter fødselen vil i dei fleste tilfelle fortsette å amme sjølv om dei jobbar (dersom dei amma når dei byrja jobbe, vel å merke). Desse kvinnene har jobbar det er mogleg å kombinere med amming, dei har fridom til å ta ammefri, dei har fleksibilitet til å planlegge arbeidsdagen, -veka og -månaden sin. Det er ikkje denne gruppa som slutter å amme fordi dei går tilbake til jobb. Tvert om, dei tilhøyrer sannsynlegvis den gruppa kvinner som ammer lengst.


Om det er for mykje ammepress er ein eigen diskusjon. Om storkapitalens morsmjølkssubstitutt er like god ernæring som morsmjølk i Noreg er ein annan, og ein tredje er korvidt familien skal få velge heilt fritt kordan det offentleg finansierte godet foreldrepermisjon skal fordelast. Men ingen av dei diskusjonane har noko med korvidt ammande mødre kan gå tilbake til jobb 3 månader etter fødselen, eller korvidt jobbande mødre kan amme. For det kan dei. Begge delar.

2011-10-13

Meir om dokker og lego

Denne barnehageveka har vore litt kort (planleggingsdagar), så vi har ikkje fått samla så mange erfaringar med personalet og dets hang til dokker. Men på måndag var det eg som henta, og trass i at eg hadde hissa meg skikkeleg opp på tur heim og spelt gjennom ein haug scenario i hovudet på bussen, pingla eg nok litt ut. Eg traff den same personen som Mannen hadde snakka med på fredag, og ho stadfesta at Ungen hadde byrja leike med dokker. Ho sa at dei hadde teke henne med bort til dokkekroken og at ho dei fyrste gongene ikkje hadde virka interessert, men så hadde ho plutseleg "teke poenget".

Det var vel fleire ting eg burde spurt om her. Ein ting var om dei pleide ta med ALLE barna til dokkekroken, og om Per og Pål som er på same alder som Ungen også endeleg har byrja med dokkeleik. Eg kunne også fulgt opp med spørsmål om Espens foreldre ville fått beskjed om at Espen endeleg hadde byrja leike med bilar dersom han tidlegare kun hadde villa leike med dokker. Men eg pingla altså ut. Beklager, de som satt klar med popcornet.

(Ein grunn til at eg pingla ut var at den tilsette heller burde bry seg om å lære Lise sjølvforsvar, ettersom ho (eller dokka ho leikte med) as we spoke vart angripe av Espen med ein plastkniv. Neste gong skal eg ta ansvar som fredsskapar sjølv.) (Eg mekler ikkje altså.)

Men det er lyspunkt også. På onsdag var det Mannen som henta, og han kunne etterpå fortelle masse om Ungens leik på lego-rommet, gjenfortald i fargerike ordelag av ein (annan) tilsett i barnehagen.

Om eit par veker skal vi på foreldresamtale med den fyrst omtalde barnehagetilsette. Vi gler oss.

2011-10-07

"Endeleg leiker Ungen med dokker!"

I dag var det Mannen som henta Ungen i barnehagen. Under samtalen med førskulelæraren der fortalde ho gledesstrålande at Ungen endeleg hadde byrja leike med dokker! Dei hadde prøvd å få henne til det lenge, men ho ville ikkje, men i dag, i dag hadde ho endeleg gjort det!

Mannen vart perpleks og visste ikkje heilt kva han skulle seie, og følte dessutan at han kokte litt innvendig (vanlegvis er han veldig roleg og avbalansert) - han kjende vel på seg at dette ikkje var ein "endeleg leiker 18-måndringen din med dokker", men ein "endeleg leiker jenta med dokker".

Altså, vi har ingenting imot at Ungen leiker med dokker. Både rolleleik og omsorgsleiker er naturlege og viktige leikar for småbarn. Men at nokon skal prøve å presse jenta inn i ein kjønnsstereotypisk rolle viss ho heller vil leike med bilar og traktorar, det skal eg ha meg fråbede.

Ærleg talt hadde eg ikkje trudd dei ville fortelle oss at dei prøver få henne til å leike med dokker og "jenteleiker" to dagar etter ein aldri så liten raudstrømpetirade om barnehagens fargeprosjekt på foreldremøte. Og på måndag er det Mamma som skal hente...

2011-04-28

Arbeidsmiljølova om ammefri - klar og tydeleg?

I ein diskusjon nyleg var det nokon som nemnde at Arbeidsmiljølova er litt uklar på dette med retten til ammefri, og vedkomande tolka lovas §12-8 som at ei kunne ta så mykje ammefri ein trong dersom ein reiste til og frå barnet for å amme eller fekk det bragt til seg, men at det var avgrensa til 1 time pr dag om ein tok ammefri i form av avkorta dag.

§12-8 seier Kvinne som ammer sitt barn kan kreve den fri hun av den grunn trenger. Fritiden kan for eksempel tas ut i minst en halv time to ganger daglig eller som redusert arbeidstid med inntil én time hver dag. 

Vanlegvis kan ein visst vise til forarbeida til loven, i dette tilfellet NOU 2004:5, for å sjå kva som faktisk er intensjonen til ein lovparagraf, og forarbeida vert så vidt eg veit òg rekna som rettskjelder i domstolane, dvs at domstolen vil bruke forarbeida (som er ei administrativ utgreiing til lovgjevarane) til å avgjere skuld og straff.

Når det gjeld §12-8 er dette derimot litt vanskeleg. I forarbeida (der loven er omtalt som §11-8, det vart tydelegvis lagt til noko tidlegare i lova som dytta resten utover) står det "Bestemmelsen i sjette ledd om ammefri erstatter arbeidsmiljøloven § 33 og skal fortolkes på samme måte."

Arbeidsmiljølovens (eller Lov om arbeidervern, som den heitte) er oppheva, men sa  i §33 "Kvinne som ammer sitt barn kan kreve den fritid hun av den grunn trenger og minst 1/2 time 2 ganger daglig, eller hun kan kreve arbeidstida redusert med inntil 1 time pr. dag." - altså akkurat det same, om du ser bort frå grammatikken.

Forarbeida til denne lova har eg ikkje klart å finne, dei finst sannsynlegvis ikkje på nett ettersom dei kom rundt 1976 (som rett nok er etter at internett kom, men...).

Problemet her er andre del av leddet. I første del står det at ein kan den fritida ein har behov for, og ferdig med det (skulle man tru). Så kjem dei med konkrete døme på kordan ein kan ta ut fritida (det er i seg sjølv litt sært å gjere i ein lov, synes eg, det høyrer vel meir heime i ei forskrift?), og her spriker døma litt: det første seier minst 30 minutt to gonger om dagen (men altså gjerne meir, så lenge ein ikkje tek kortare pausar enn 30 minutt), medan det siste dømet spesifiserer at arbeidstida kan reduserast med inntil 1 time pr dag.

Akkura kva dei meiner er jo ikkje så greitt å forstå, ei gjetting kan jo vere at dersom mor reiser heim til kvar amming eller får barnet bragt til seg, så ho bruke minst ein halv time kvar gong og kan då gjenta dette så mange gonger ho vil. Dersom mor derimot kjem seint eller går tidleg, kan ho ikkje gjere dette meir enn 1 time pr dag.
 

Er det kanskje nokon som kan hjelpe meg med forarbeida til 1977-lova om arbeidervern? :-)




(Arbeidsmiljølova inneheld minstekravet til ammefri, og ein tariffavtale som omtaler ammefri vil (normalt) overstyre lova (eg seier "normalt", ettersom arbeidsmiljølova (sannsynlegvis) vil gjelde att dersom tariffavtalen avgrenser retten til ulønna fri).)

2011-03-01

Retten til ammefri

I følge Arbeidsmiljølovens §12-4 har kvinner som ammer rett på fri ein time om dagen til amming. Diverre er det ikkje lovfesta at dette er med løn, men i det offentlege er det tariffesta to timar lønna ammefri, og det er òg mange private verksemder som gir ammefri med løn. Min eigen arbeidsplass (privat) gir to timar betalt ammefri. Ammefri kan brukast til å amme barnet på jobb (eller reise heim og gjere det), til å pumpe eller til å forkorte arbeidsdagen. Ammehjelpen har òg ein oversikt over retten til ammefri.

Av 2,3 millionar lønstakarar i Noreg er det omlag 800.000 i offentleg sektor og ca 1,5 millionar i privat sektor. Alle i offentleg sektor har ordningar med betalt ammefri, medan dette gjeld ca 45% i privat sektor. Totalt vil dette seie at omlag 65% av arbeidstakarane arbeider i verksemder med betalt ammefri, og sidan mange av desse er kvinnedominerte vil det seie at ein enno større andel kvinner faktisk har betalt ammefri. Det er verdt å merke seg at verksemda som regel må vere del av ein tariffavtale for at dette skal vere gjeldande. Eit viktig punkt er at det innan hotell- og restaurantbransjen og reiseliv ikkje er inngått tariffavtaler som gir rett til betalt ammefri. (Alle tal i dette avsnittet kjem frå Høring om rett til under omsorgspermisjon ved fødsel, adopsjon og under ammefri.,s. 13 ff)

Mange synes det er vanskeleg å få brukt ammepausen. Ofte synast det "umogleg" å kombinere med jobben, eller kolleger og sjef er vanskelege. Det er heilt sikkert ein del typar jobbar der det er vanskeleg å kome seint, gå tidleg eller ta ein halvtime pause midt på dagen. Men ofte handlar det om tilrettelegging, om at arbeidsgjevar, arbeidstakar og kolleger tilpassar seg - og at ein tør seie frå kva ein ynskjer og korfor. Det føles kanskje litt intimt å fortelle sjefen at du skal tilbringe ein halvtime med å pumpe mjølk, men det må faktisk til viss du skal få gjort det. Du kan (som regel) ikkje forvente at du skal kunne snike deg unna ein time om dagen heilt utan å fortelle kva du driv på med.

Men kanskje viktigast av alt - og dette er det lett å gløymde der ein sitt i barseltåka og tenker skrekkscenario om ammepausen om eit halvt år: For dei fleste er det ikkje snakk om ein lang periode med tilrettelegging. Let's face it, det er ikkje snakk om fullamming av to-åringar her. I følge Spedkost - 12 måneder 2007 ammer 46% når barnet er 1 år. I snitt amma kvinnene 3,5 gonger om dagen då.

Avhengig av når ein går tilbake til jobb, er det for det fleste sannsynlegvis snakk om ammefri i 2-4 månader. I tillegg er det gjerne ikkje snakk om så lange pausar heller. Ungen er som regel oppe omtrent når mor skal på jobb, så det går greitt å amme før ho går, og kanskje kome ein halvtimes tid seinare på jobb. Kanskje vil ein gå litt tidlegare for å rekke ettermiddagsamminga, eller kanskje bruke ein halvtime på å pumpe (mjølka kan forøvrig brukast i graut også, så det er ikkje bortkasta sjølv om ungen ikkje vil ha flaske eller (tut)kopp med mjølk).

Og barnet endrer seg fort. Den eine veke kan det insistere på bryst til alle måltider, den neste er det plutseleg nok med frokost og kvelds. Arbeidsgivar treng iallfall ikkje vere bekymra for at det skal vere behov for ammefri fram til skulestart! Kanskje må du heller kome litt småbeskjemma og si at all planlegginga var til ingen nytte - no har ungen bestemt seg for at kveldspupp får vere nok, så du treng ingen ammefri lell...

Dette kan ein òg forklare kolleger. Det er kanskje tungvindt med ammefri, men det er trass alt snakk om ein avgrensa periode - og viss alternativet er at ein ikkje er på jobb, er det vel greiare å vere der ein time mindre enn vanleg?

Jada, det er heilt klart yrke og arbeidsplassar der det er svært vanskeleg å kombinere arbeid og ammefri, men sjølv der det er vanskeleg, er det ikkje umogleg. Kordan det går å vere gravid i bedrifta gir vel eit ganske bra bilete av kordan det går å ha ammefri - dei færraste klarer å yte 100% når dei nærmer seg slutten av ein graviditet, særleg ikkje viss dei jobber i ei verksemd der det av praktiske grunnar er "umogleg" å ha ammefri. Ser ein at dette kjem til å bli veldig vanskeleg så går det faktisk an å planlegge litt - t.d. ta permisjon med 80% løn og vere heime i 46 veker (og 10 veker til far); med ferie i tillegg blir dette nesten eit år og det er plutseleg mindre sannsynleg med amming fleire gonger i løpet av arbeidsdagen når ein er tilbake på jobb.

Og sjølv om det kanskje er tungvindt at ein skal ha ammefri - er det ikkje andre delar av småbarnslivet som er MEIR tungvindt for arbeidsgivar og kolleger? 1-2 timar kortare arbeidstid eller pause på avtalte tidspunkt i løpet av dagen er det trass alt mogleg å planlegge rundt - kva skjer når arbeidstakaren ringer og seier du er heime med sjukt barnehagebarn (sjølv barn som ammast blir sjuke...) eller har fått omgangssjuke sjølv? Ein sender jo ikkje sjuke barn i barnehagen fordi det er tungvindt for arbeidsgiver at mor eller far er heime med det...

Noreg har ei av verdas aller beste ordningar for ammefri, der ein stor andel av arbeidstakarane får lønna ammefri i minst eit år. Men det hjelper ikkje med gode ordningar viss vi ikkje tør bruke dei. Det blir for veikt å ikkje ta den fritida du har rett på til å amme fordi det er så synd på kollegene dine, fordi sjefen er dum eller fordi du ikkje tør be om ammefri. "De e itjnå som kjæm tå sæ sjøl", sang Vømmøl spellemannslagi si tid, og dette gjeld retten din til å amme eller gi morsmjølk til ungen din også.

2011-01-16

Den slemme mammaen har blitt ammehjelper!

Jaja, då har eg blitt godkjend som ammehjelper hos Ammehjelpen. Kven skulle trudd det for 8-9 månader sidan? :-) (Då var eg ikkje ein gong kvalifisert. Kravet er at ein må ha amma, og det hadde eg ikkje då.) Men som nokon sa på eit forum - det er eit fåtal som har ein heilt uproblematisk ammestart, og det er sjelden dei som blir ammehjelpere.

Men korfor gjer eg dette? Motivasjonen min er vel todelt. Det eine er at eg ivrer for at alle som VIL amme skal få den hjelpa dei treng til det. I løpet av det siste året har eg sett veldig mange som ser ut til å ha god kunnskap om amming og barseltid, men så dukker det plutseleg opp eit hôl, dei snubler i det og så er det slutt på amminga. Eg skulle ynskje fleire av dei hadde fått hjelp når dei trong det, og håper å kunne bidra med mitt. I tillegg har eg erfaring med pumping som eg håper å få brukt, og ikkje minst har eg etablert amming av "eldre" (11 veker) barn, eit emne eg aldri klarte å finne noko informasjon om då eg trong det.

Den andre delen av motivasjonen min er den akademiske. Eg las mykje om amming før og etter fødselen, litteratur over heile spekteret frå enkle brosjyrer til artiklar i medisinske tidsskrift. Eg hadde nok kunnskap over gjennomsnittet då Ada vart født, og i månadene etterpå fekk enno meir kunnskap og kunne vel nesten gå for å vere litt nerdete. Som akademikar vil eg gjerne ha papir på at eg kan dette, så då passa det jo fint å bli ammehjelper :-) ("Papirkravet" er ikkje veldig høgt, men eg har iallfall vist at eg har gode kunnskaper om amming og ammerettleiing.)

Så om du skulle lure på noko om amming, eller kjenne nokon som lurer på noko, så er det berre å ta kontakt. Og skulle eg bli for valdsam i min iver etter å fremje amming så er det lov å seie frå. Det er trass alt ikkje politihøgskulen eg har tatt.

2010-12-30

Kordan gjekk det med amme-eventyret?

Det slo meg i dag at eg ikkje kan kome på (eller finne) å ha skrive noko om kordan det eigentleg gjekk med amminga av ungen. Ho ville altså ikkje ammast. Eg tilbragte difor dei neste månadene med å pumpe og gje på flaske. Funka greitt, det. Etter nesten 3 månader ombestemte ungen seg. Pupp var tingen.

Deretter fulgte ein ganske tøff månad (juni) der eg sjonglerte med amming, pumping, flaskemating med morsmjølk og erstatning, og tilhøyrande flaskevask. Amminga tok minst ein halvtime kvar gong, som regel 15-20 minutt på kvar side. Så fylte eg henne opp med flaske med utpumpa mjølk etterpå. Deretter løp eg til pumpa for å få ut resten, det tok som regel 10-15 minutt, slik at ho kunne få dette på flaske til neste måltid. Innimellom her burde ho få ny bleie og litt kos (vugging av vippestol med foten medan ein pumper funker greitt. Men det kjem mindre mjølk viss ungen ikkje er nøgd og byrjer skrike i staden.), og som ekstrabonus kunne eg drikke kaffe, spise frukost og lunsj, kome meg på butikken, ta ein klesvask eller sogar ha besøk. Å gå på besøk utgjekk stort sett - fullpumpande mødre er definitivt ikkje sosiale vesen, og det hjelper ikkje å vere halvpumpande og amme i tillegg.

Å la ungen drive sjølvregulering og få mat - anten frå flaske eller pupp - heilt når ho sjølv ville, utgjekk. Dei fyrste par vekene gjekk med til å lære seg sugeteknikk og å trene sugemusklane. Ho kunne nok ikkje få i seg nok mat til å ernære ein 3 månader gamal unge rett frå brystet i desse vekene, flaske måtte til. Sidan ho (sannsynlegvis) ikkje dia effektivt nok til å tømme brystet, vart heller ikkje produksjonen stimulert nok frå henne, så eg måtte pumpe for å oppretthalde den. For å få tid til alt - og for å kunne ha mjølk i brystet når ho faktisk skulle die frå det - var løysinga å halde oss til det same 3-timers-skjemaet som då ho kun fekk flaske: mat kvar 3. time frå i 7-tima om morran, og så sov ho frå 19 til 7, så då pumpa eg 1-2 gonger før leggetid og ein gong i løpet av natta. Den lange nattesøvnen var ein viktig grunn til dette - eg var ikkje innstilt på å miste den, og ville faktisk heller kutte ut amminga viss det trongst.

Eit par-tre veker etter at amminga starta dro vi på hytta. Det vart ein så utruleg mykje enklare tur enn det kunne vore. Vi kunne stoppe kor som helst og gi henne mat, utan tanke for bensinstasjonar, kordan vi skulle få varma flaska eller kor nedkjølt vi klarte oppbevare den utpumpa mjølka fram til den skulle brukast. Hytta har ikkje innlagt vatn eller straum, vi henter vatn og frakter i kanner frå ca 3-400m unna og har eit 12V solcelleanlegg. Ikkje den idelle staden for ein pumpe&flaske-ferie, med andre ord. Amminga hjalp ein del på dette, kan man si, sjølv om eg pumpa eit par gonger i døgnet og vi gav flaske om kvelden. Ikkje minst var det praktisk å kunne slenge ut ein pupp viss ungen våkna utanom dei faste tidene sine og ville ha mat. På dette tidspunktet hadde eg bestemt meg for å kutte ut flaskene og pumpinga etter amming, og lot henne heller die så ofte og lenge ho ville, og gav ei stor flaske MME før amming ved leggetid. Så pumpa eg på kvelden og natta.

Ho la ikkje så bra på seg då, faktisk ikkje i det heile tatt, dei neste fire vekene. Men ho virka glad og nøgd, og hadde greitt med våte bleier, så eg bestemte meg for at eg ikkje skulle bli bekymra eller la meg bekymre. Helsesøster maste ein del meir og sa at eg kunne (men ho sa ikkje måtte) gi flaske i tillegg, men eg holdt på mitt og insisterte på at ho sannsynlegvis hadde vore overfôra i starten og difor ligget på 85-percentilen i staden for på den 50., som ho etterkvart endte opp på. Eg orka ikkje styre med flasker attåt matinga og bestemte meg heller for å prøve med reine ammemåltider og ei flaske om kvelden fram til etter ferieturen (som varte til midt i juli).

Ved veiinga i slutten av juli hadde ho endeleg byrja legge på seg att, ein heilt grei gjennomsnittleg oppgang sidan forrige veiing, og eg kunne endeleg puste letta ut og konstatere at strategien min hadde fungert - eg var endeleg i stand til å amme ungen min utan å gå frå vettet.

Eit par veker seinare byrja eg jobbe att - på fulltid ei veke av slengen, så ei veke fri. Arbeidsgivaren min er generelt veldig grei, og gir 2 timar lønna ammefri om dagen. Eg brukte den til å amme om morgonen utan å måtte bruker vekkerklokke på ungen, samt til å pumpe i løpet av dagen. Ungen fekk pumpemjølka samt frysermjølk dagen etter, og inntil ho var ca 5.5 månader pumpa eg òg om kvelden som ho kunne få neste dag.

Fast føde introduserte vi rundt 4.5 månader. Det tok ei stund før ho spiste såpass mykje at det fortrengte noko særleg morsmjølk, ut frå oversikten over kva ho åt ser det ut som ho var rundt 7 månader då nedgangen i mjølkeinntaket vart markant. No er ho omtrent 9.5 månader, spiser 4 måltid fast føde og ammast minst 3 gonger om dagen. Dersom eg ikkje er heime, drikk ho som regel 150ml morsmjølk frå flaske i løpet av arbeidsdagen, er eg heime blir det pupp.

Frå ho var rundt 6 månader nattamma eg. Ja, du las rett, eg starta med det då. Det fungerte fint ei stund, det er faktisk ikkje veldig forstyrrande å stå opp og amme 15-20 minutt om natta. Det vart derimot meir forstyrrande og mindre funksjonelt då det vart 3-4 gonger om natta - og det i tillegg var ein form for bingo om ungen ville sove etter amminga eller om ho ville bærast, kosast med eller ligge i vår seng. Når heile ammestunden dreier seg om å tenke på om ho vil sovne fort etterpå, var det ikkje særleg gøy. Det endte med at eg stort sett tok henne over i vår seng, men den er ikkje stor nok for tre og ingen av oss sov særleg godt. I starten av desember var Mannen på 8.5-månaders kontroll hos helsesøster og fekk råd om nattavvenning.

Som sagt så gjort. Eg la meg på gjesterommet og fekk mi fyrste natts søvn på veldig lenge. Mannen var oppe og gav Ada smokk 3-4 gonger i løpet av natta, og med unntak av ein times tid rett etter leggetid gjekk det i grunnen veldig smertefritt. Neste natt la han seg kl 21 og våkna kl 5 - av meg som kom snikande fordi det var så kaldt på gjesterommet. Den tredje natta sov vi begge i samme seng - frå 23 til 7. Ting kan tyde på at nattamminga for ungens del var mykje kos og lite næringsbehov...

Konklusjonen no rundt nyttår er at amminga går alldeles strålande, og det er ingen grunn til å kutte den ut enno, så lenge ho framleis vil ha mjølka servert sånn.

2010-12-12

Langtidsamming her og der.

Ammehjelpens blogg Fulle mugger skriv om langtidsamming. Kva som er "lenge" er diskutabelt, i Noreg er det 46% som ammer når barnet er eit år, så gjennomsnittsbabyen blir ikkje amma så lenge - og dermed er det kanskje lenge å halde på eit år, då? Bloggaren Nicki Bradley påstår at gjennomsnittleg ammelengde på verdsbasis er 4.5 år.

Eg synes 4.5 år var lenge. Eg har ikkje mange vekttal i statistikk, men eg har nok til å vite litt om kordan ein rekner ut gjennomsnitt. Vanlegvis er det to ulike tal som brukast når lekfolk snakkar om gjennomsnitt. Aritmetisk gjennomsnitt finn ein ved å summere alle verdiane og dele på antalet verdiar, medan medianen er den midterste verdien når verdiane er sortert.

Nicki Bradley oppgir ingen kjelde for påstanda om at gjennomsnittleg ammesluttalder er 4.5 år. Visstnok finst det ingen slik kjelde - det er ingen som har undersøkt dette på verdsbasis og funne gode tal for det.

Men viss ein antar at gjennomsnittet er 4.5 år (54 månader) vil det seie at halvparten av dei ti barna må ammast i meir enn 4.5 år viss vi seier at gjennomsnittet er medianen, eller at dersom 4 av dei ammast til dei er 1 år så må dei andre 6 i snitt ammast til dei er litt over 6 år. No kan ein jo lett innvende at eg ikkje veit mykje om amming i andre delar av verda enn Europa og USA, og det stemmer forsåvidt. Men eg har aldri sett ungar som ser ut til å vere rundt 6 år bli amma i nokon som helst setting nokon plass. Dersom dette var normen i andre delar av verda, trur eg faktisk eg hadde fått det med meg - om ikkje anna anekdotisk.

I følge UNICEF blir 75% av verdas barn amma ved 1-årsalderen, og 50% når dei er to år.

Det er Asia og i-landa som drar opp dette talet. Ammestatusen i Afrika er diverre begredeleg. Større grad av amming ville hatt svært stor innverknad på barnedaudelegheiten, UNICEF meiner optimal amming av barn under to år ville ha ført til 1.4 millionar færre daudsfall blant barn under 5 år (i 2009 døydde ca 8.1 millionar barn under 5 år).

Kina er eit stort land, med omlag 1/5 av verdas befolkning. Det er imidlertid vanskeleg å finne statistikk for dette landet, og tala for dei ulike provinsane varierer veldig. Generelt kan ein seie at ammefrekvensen i Kina er låg, til tider svært låg. På 50-talet var det mellom 80 og 95% som vart amma, medan på 70- og 80-talet var det i somme provinsar så lite som 13% som nokon gong vart amma! På 90-talet auka amminga heldigvis, og i 1993 var det i Beijing 60% som fekk morsmjølk den fyrste veka og 25.8% som var amma ved 4 månader. Same år vart 94% amma i Shihezi-provinsen, 77.5% etter 6 månader (9.2% vart fullamma ved 6 månader). I fylgje UNICEF vert 15% framleis amma ved 2 årsalderen. Sidan statistikken er så dårleg og den som finst er lite representativ for landet som sådan, er Kina ofte ikkje med på verdsfemnade statistikk.

Det nest mest folkerike landet i verda er India. India er eit land med stort sett bra ammefrekvens.
46% er fullamma ved 6 månader. 88% er amma i 1 år, 66% i to år (2000). Median ammelengde i 2005 var oppgitt til over 24 månader - i Jharkhand-provinsen så lenge som 34.8 månader - nesten 3 år. (Merk at tala her er frå to ulike undersøkingar, i 2000 og 2005, så dei samsvarer ikkje heilt.)

I India vert altså halvparten av alle barn framleis amma når dei er to år. Kva fordeling det er på ammelengda veit eg ikkje, men ammekurven fram til 2 år kan tyde på at den er relativt lineær. (Skulestartalderen i India er så vidt eg veit 5 år, så de fleste er vel avvent til då.)

Her er data for dei 7 mest folkerike landa i verda:
LandFullamming ved 6 mnd1 år2 årMedian (mnd)
Kina (19%)--15%-
India (17%)46%88%66%24.8
USA (4.5%) 13.6% 22%--
Indonesia (3.45%)32.4%80%50%20.7
Brasil (2.77%)39.8%33%17% 9.4
Pakistan (2.49%)37.1%79%54.9% 18.9
Nigeria (2.3%)13.1%85.4%32.3% 18.1

6 av desse landa (unntatt Kina) utgjer ca 1/3 av verdas befolkning. Ut frå ammestatistikken for dei ulike landa blir tilsaman 84% av barna her amma til dei er minst 1 år, og omlag 55% til dei er 2 år. Median ammelengde blir 21 månader. (Alle tal er rekna ut på bakgrunn av dei landa som hadde slik statistikk.)

Eg skal ikkje påstå at desse landa er representative for heile verda. Tala varierer svært mykje mellom dei, og den einaste grunnen til å kikke på statistikk for akkurat dei var at dei var dei største, slik at eg potensielt dekka ein større del av befolkninga. Merk òg at eg ikkje har sett på talet barn i desse landa - men eg trur det ville auka ammeandelen enno meir om eg vekta i forhald til det, sidan India har ei yngre befolkning enn t.d. USA.

Derimot vil eg påstå at desse landa har større andel amming enn verdsgjennomsnittet. I fylgje UNICEF er det berre
28 utviklingsland der 50% eller meir av barn under 5 månader er fullamma (merkeleg nok inkluderer dei Kina blant desse, sjølv om Kina ikkje er med i statistikken for Asia pga manglande data.). 37% av barn under 5 månader i u-land er fullamma, men statistikken blir dratt kraftig opp av asiatiske land, som har omlag dobbelt så høg andel fullamming som vest- og Sentral-Afrika. Noko amming er det likevel mange som får til: 75% av verdas barn er amma ved 1 år, 50% ved 2 år.

Eit hyggeleg unntak i Sentral-Afrika er Rwanda: over 95% er fullamma i starten, og 80% fullammast ved 5-6 mnd alder. Samanlikna med småbarnsdaudelegheiten i nabolandet Burundi, der 10% av barna fekk morsmjølk og "anna væske" og ytterlegare 10% fekk kun vatn i tillegg til morsmjølk, kan det sjå ut som amminga i Rwanda har hatt ein effekt (toppen i 1995 for Rwanda sin del samanfell med ein veldig blodig del av konflikten mellom tutsiar og hutuar).

Omlag 15% av verdas befolkning bur i utvikla land eller i-land, og altså 85% i utviklingsland. Dersom gjennomsnittleg ammetid i i-land er 12 månader og gjennomsnittet i u-land er 61 månader, vil snittet på verdsbasis bli 4.5 år (54 månader). Dette forutset eit veldig høgt snitt i u-land, og som statistikken viser er det ikkje sannsynleg at så mange barn vert amma så lenge.

Journal of Nutrition seier at i utviklingsland, der dei relative føremonene ved optimal spebarnsernæring er størst, blir mindre enn halvparten av barn under 4 månader fullamma. Median varigheit for amming er 18 månader. På global basis er det estimert at 85% av mødrene ikkje held seg til tilrådingane om amming [ fullamming i 6 månader, amming i 2år]. I Noreg kan vi kanskje snakke om ammepress, men i dei fleste land er det snakk om auka overleving. Når vatnet ditt kjem frå ei elv 5 km unna og du må sanke ved heile dagen for å kunne koke middag, er ikkje morsmjølkerstatning eit spesielt bra alternativ for ungen din. Bur du i Noreg er det - når vi samanliknar med tilhøva for ein stor del av verdas befolkning - hipp som happ. Det skremmer meg når eg les at 50% av nyfødte i Sierra Leone faktisk får vatn i tillegg til morsmjølk. (Det er mogleg det er fordommar, men eg har ikkje stor tru på vasskvaliteten der. Eller mogleiken til å koke alt vatn i minst fem minutt.)

Men kor kjem så påstanda om at gjennomsnittleg ammelengde i verda er 4.5 år frå? Sannsynlegvis botner den i mistolking av artikkelen A Natural Age of Weaning av Katherine Dettwyler som har oversikt over naturleg avvenningsalder for ein del andre dyr enn mennesket, med forslag til kva den tilsvarande alderen for mennesket ville ha vore - basert på fødselsvekt, svangerskapslengde, vaksenvekt, levealder osv. Alderen i dei opplista artiklane varierer mellom 2.5 og 7 år - og snittet her blir omtrent 4.5 år. (Takk til the lactivist som satte meg på sporet av dette.)

"One often hears that the worldwide average age of weaning is 4.2 years, but this figure is neither accurate nor meaningful. A survey of 64 "traditional" studies done prior to the 1940s showed a median duration of breastfeeding of about 2.8 years, but with some societies breastfeeding for much shorter, and some for much longer. It is meaningless, statistically, to speak of an average age of weaning worldwide, as so many children never nurse at all, or their mothers give up in the first few days, or at six weeks when they go back to work. It is true that there are still many societies in the world where children are routinely breastfed until the age of four or five years or older, and even in the United States, some children are nursed for this long and longer. In societies where children are allowed to nurse "as long as they want" they usually self-wean, with no arguments or emotional trauma, between 3 and 4 years of age."

Så konklusjonen min er at det er ei myte av den globale gjennomsnittslengda for amming er 4.5 år, og at det ikkje finst nokon statistikk som fortel kva som faktisk er gjennomsnittleg - aritmetisk eller median - lengde på ammeperioden for verda sett under eitt. Det er ingen tvil om at det er vanleg å amme mykje lengre enn vi gjer i Noreg i store delar av verda. For folkehelsa i desse landa er det ingen tvil om at det er veldig bra - og at det er betre dess lengre fleire ammer. For mødre og barn i Noreg har det nok ganske lite å seie om ein ammer i eitt eller tre år - men ingen av delane er feil.

Edit: Etter at dette innlegget vart skrive, vart blogginnlegget eg lenka til også endra (til det betre!). Eg har difor endra litt på teksten i starten av mitt innlegg.

2010-12-03

Fedrekvote og amming

Fedrekvoten dras gjerne fram som ein  trussel mot amminga i Noreg. Det virker jo logisk at mindre tid heime for mor fører til mindre amming.

I 1993 var foreldrepermisjonen 42 veker, derav 4 veker fedrekvote og 9 veker (3 veker før termin og 6 veker etter fødsel) forbeholdt mor. Utover 2000-talet kom det gradvise auker i permisjonslengda etterkvart som fedrekvoten vart lengre, fram til vi frå 2011 har 47 veker foreldrepermisjon, med 12 veker til far. Utvidinga i 2009 var den første forlenginga av fedrekvoten som gjekk på bekostning av fellesdelen - før denne kom fars reserverte veker som ei forlenging av foreldrepengepermisjonen. Totalt er 3 veker av fedrekvoten kome frå fellesdelen (2 i 2009 og 1 i 2011), dei øvrige er forlengingar av den totale permisjonstida.

Det er gjort fleire store undersøkingar på spebarnskosthald. Dei største og breiaste i Noreg er Spedkost-undersøkingane, der mødre er spurt  om barnets kosthald på forskjellig alder. Dette er ei undersøking basert på vitskaplege metoder, bla. med anonyme spørreskjema. Det er altså ikkje helsesøster eller andre personar mor kjenner som spør, og det er heller ikkje ein intervjusituasjon (intervju er ein anerkjend vitskapleg metode, berre så det er klart). Det er difor sannsynleg at mor svarer sannferdig og ikkje føler ho må glorifisere situasjonen t.d. ved å svare positivt på spørsmål om amming sjølv om det ikkje er sant.

I Spedkost 12 måneder (2007) var det 46% som framleis amma ungen ved 1-årsalder. Sett i lys av at WHO tilrår amming i 2 år, og norske helsestyresmakter tilrår minst 1 år er dette relativt lågt. Enkelte hevdar då at det er viktig at mor får lang permisjon for å halde fram amminga.

Ser vi på 1999-utgåva av Spedkostundersøkinga var ammefrekvensen for 1-åringar 36% - den har altså auka med nesten 30% (eller 10 prosentpoeng) frå 1999 til 2007.

I 1999 var permisjonen 42 veker, derav 4 veker til far - med andre ord var 2 veker meir tilgjengelege for  mor enn i dag. Det ser altså ikkje ut til å vere nokon direkte samanheng mellom amming, ammefrekvens og ammemengde på den eine sida, og lengda på mors permisjon på den andre.

Så kva er det som får mødre til å slutte å amme?

I følge 2007-utgåva av Spedkost 12 måneder oppgav 2/3 av dei som slutta å amme før 1 år  at barnet ikkje ville (over halvparten av desse), at dei hadde for lite mjølk og at mor ikkje ynskte det lenger sjølv. I forhald til 1999-undersøkinga er grunnane dei samme, men rekkefølga er interessant nok endra. I 1999 var det omtrent like mange (36% vs 35% i 2007) som oppgav at barnet ikkje ville ammes. Den nest vanlegaste grunnen i 1999 var at man ikke ville amme lenger (21%), med "for lite melk" (9%) på tredjeplass. Desse to faktorane har bytta plass i 2007, med høvesvis 19% som har for lite mjølk og 9% som ikkje ville amme lenger. Dette kan tyde på at det no er større forventingar om at mor skal amme lenger - kall det ammepress om du vil.

Kun 6% oppgav i 2007 "mor byrjer å arbeide/studere" som viktigaste grunn til å slutte å amme (8% har dette som nest viktigaste grunn). I 1999 vart dette oppgitt som viktigaste grunn av 9% (og like mange har det som nest viktigaste grunn), så det kan kanskje tyde på at det er lettare å kombinere arbeid og amming i dag enn for ti år sidan. 28% av kvinnene i 2007-undersøkinga arbeider fulltid når barnet er 12 månader, ti prosentpoeng høgare enn fulltidsyrkesdeltakinga i 1999. Totalt var 55% i jobb eller utdanning når barnet var 12 månader i 2007, mot 48% i 1999. Før fødselen var over 90% i jobb eller utdanning i begge undersøkingane.

Det ser altså ikkje ut til å vere nokon direkte samanheng mellom lengda på den delen av permisjonen som mor kan ta og ammefrekvensen. Auka ammefrekvens kan heller ikkje forklarast med lågare yrkesdeltaking og større andel heimeverande mødre - trenden er den motsette.

Kva som så er grunnen - eller grunnane - til at fleire mødre ammer lengre, veit eg ikkje. Det kan vere at informasjonen om amming er betre, at det er meir fokus på langvarig amming. Det kan vere at forventinga om amming er sterkare enn før, det er mindre lett å gripe til flaska. Det kan vere betre aksept for amming og tiltrettelegging for amming i arbeidslivet. Eg har ikkje funne informasjon om når lønna ammefri vart avtalefesta i dei store tariffavtalene, det kan ha skjedd i denne perioden. Men eg trur iallfall ikkje at ein skal vere veldig bekymra for at ammefrekvensen skal gå ned fordi om fedrekvota blir utvida til 14 veker.

2010-11-30

Slem mamma.

Mamma sitt og drikk juleøl og skriv ammehjelperoppgåve.  Slem mamma.

I dag: vi fyller ut NAV-skjema.

Da var det på'n igjen med NAV-søknad. Denne gong er det det nye skjemaet for "Utsettelse eller gradert uttak av foreldrepenger (fleksibelt uttak) - NAV 14-16.05" som skal til pers (eventuelt er det eg som skal til pers).

Problem #1: Det finst inga rettleiing til skjemaet. Eg klarer heller ikkje finne noko rundskriv som omhandlar det nye skjemaet.

Problem #2: Fleksibelt uttak vil seie at ein tek mindre enn 100% permisjon over ein gitt tidsperiode, t.d. 25% i 4 månader i staden for 100% i éin månad. Då må ein oppgi tidsperiode og permisjonsandel. Men samstundes skal ikkje summen av arbeidstid og permisjonstid bli over 100%, så då ville det vere logisk at ein òg måtte oppgi stillingsandel i perioden sånn for å vise at ein er bevisst akkurat det? (Det er ikkje gitt at eg skal jobbe 75% sjølv om eg har 25% permisjon heller.)

På den annen side er det nok ikkje gjeve at NAV er logiske. Samtalen med dei (det går i det minste kjapt å ringe dei - dei tek telefonen etter eit par ring, og gir i det minste ja/nei-svar, sjølv om eg ikkje ville stolt på det dersom det var ein samtale som gjekk konkret på søknaden min.) var av typen "Goddag NAV!" "Økseskaft!" "Nei, hostesaft." "Hosteskaft!"

Men eg trur konklusjonen vert at eg i punkt 10 i skjemaet fyller inn permisjonsprosenten og perioden skal skal ha den, og let det vere med det. Det er mogleg det er tryggast å legge til ein kommentar om at meininga er å ha 25% permisjon i fire månader i kommentarfeltet i neste punkt også...

Eg ynskjer meg ein fleksibel permisjonskalkulator til jul.

2010-11-26

Likelønnsmeldinga

På sin siste arbeidsdag før han går ut i foreldrepermisjon la Audun Lysbakken fram Likelønnsmeldinga. Der går han inn for ei tredeling av foreldrepermisjonen, med like lang periode reservert for mor og far og ein periode til fri fordeling som i dag.

Trass i at dette ytterlegare innskrenker familiens sjølvråderett er dette ei endring eg ynskjer velkomen. Det sikrer både mødre og fedre minst tre månader heime med barnet sitt, og ikkje minst markerer det at det er både ei fedrekvote og ei  mødrekvote, i tillegg til ein fellesdel - det er ikkje fedrekvote og så resten til mor.

I tillegg går Regjeringa inn for ein time lønna ammefri inntil barnet er 1 år - diverre betalt av arbeidsgivar. Det er eit steg framover i forhald til i dag, der dette er regulert av tariffavtalar og ikkje er allmengyldig, men eg er redd for at det at arbeidsgivar skal betale vil føre til at mange blir pressa til å la vere å bruke ammefritida si. Samstundes ser eg òg dei byråkratiske problema med å la NAV refundere desse utgiftene - det dreier seg ikkje om ein veldig lang periode, den gjeld absolutt ikkje alle og det vil veldig ofte vere stor skilnad i kor mykje ammefri mor faktisk tek i den første og den siste av dei 4 månadene det i dei fleste tilfella vil vere snakk om. Eg ser med gru for meg skjemaet for å søke refusjon av desse utgiftene...

Eit ubetinga riktig forslag i meldinga er at det skal vurderast om fedre som har opptent rett til foreldrepengar skal få fedrekvote sjølv om mor ikkje har rett på foreldrepengar. Eg meiner dette er eit mykje viktigare tiltak enn utvida fedrekvote, sidan det sikrer alle barn rett til tid heime med far. Eg er spent på kva som kjem ut av denne vurderinga, om det faktisk blir noko konkret eller om det blir med praten. Regjeringa ser ut til å vil gjere mange vurderingar av kva grupper fedre som skal ha rett til dette, det ser ut som det er primært fedre der mødrene ikkje aktivt har vald å vere heime som skal prioriterast. Det er skuffande. Er det mindre viktig for eit barn å ha sin (arbeidande) far heime fordi mor ikkje har lyst til å gå ut i jobb?