2011-10-07

"Endeleg leiker Ungen med dokker!"

I dag var det Mannen som henta Ungen i barnehagen. Under samtalen med førskulelæraren der fortalde ho gledesstrålande at Ungen endeleg hadde byrja leike med dokker! Dei hadde prøvd å få henne til det lenge, men ho ville ikkje, men i dag, i dag hadde ho endeleg gjort det!

Mannen vart perpleks og visste ikkje heilt kva han skulle seie, og følte dessutan at han kokte litt innvendig (vanlegvis er han veldig roleg og avbalansert) - han kjende vel på seg at dette ikkje var ein "endeleg leiker 18-måndringen din med dokker", men ein "endeleg leiker jenta med dokker".

Altså, vi har ingenting imot at Ungen leiker med dokker. Både rolleleik og omsorgsleiker er naturlege og viktige leikar for småbarn. Men at nokon skal prøve å presse jenta inn i ein kjønnsstereotypisk rolle viss ho heller vil leike med bilar og traktorar, det skal eg ha meg fråbede.

Ærleg talt hadde eg ikkje trudd dei ville fortelle oss at dei prøver få henne til å leike med dokker og "jenteleiker" to dagar etter ein aldri så liten raudstrømpetirade om barnehagens fargeprosjekt på foreldremøte. Og på måndag er det Mamma som skal hente...

2011-04-28

Arbeidsmiljølova om ammefri - klar og tydeleg?

I ein diskusjon nyleg var det nokon som nemnde at Arbeidsmiljølova er litt uklar på dette med retten til ammefri, og vedkomande tolka lovas §12-8 som at ei kunne ta så mykje ammefri ein trong dersom ein reiste til og frå barnet for å amme eller fekk det bragt til seg, men at det var avgrensa til 1 time pr dag om ein tok ammefri i form av avkorta dag.

§12-8 seier Kvinne som ammer sitt barn kan kreve den fri hun av den grunn trenger. Fritiden kan for eksempel tas ut i minst en halv time to ganger daglig eller som redusert arbeidstid med inntil én time hver dag. 

Vanlegvis kan ein visst vise til forarbeida til loven, i dette tilfellet NOU 2004:5, for å sjå kva som faktisk er intensjonen til ein lovparagraf, og forarbeida vert så vidt eg veit òg rekna som rettskjelder i domstolane, dvs at domstolen vil bruke forarbeida (som er ei administrativ utgreiing til lovgjevarane) til å avgjere skuld og straff.

Når det gjeld §12-8 er dette derimot litt vanskeleg. I forarbeida (der loven er omtalt som §11-8, det vart tydelegvis lagt til noko tidlegare i lova som dytta resten utover) står det "Bestemmelsen i sjette ledd om ammefri erstatter arbeidsmiljøloven § 33 og skal fortolkes på samme måte."

Arbeidsmiljølovens (eller Lov om arbeidervern, som den heitte) er oppheva, men sa  i §33 "Kvinne som ammer sitt barn kan kreve den fritid hun av den grunn trenger og minst 1/2 time 2 ganger daglig, eller hun kan kreve arbeidstida redusert med inntil 1 time pr. dag." - altså akkurat det same, om du ser bort frå grammatikken.

Forarbeida til denne lova har eg ikkje klart å finne, dei finst sannsynlegvis ikkje på nett ettersom dei kom rundt 1976 (som rett nok er etter at internett kom, men...).

Problemet her er andre del av leddet. I første del står det at ein kan den fritida ein har behov for, og ferdig med det (skulle man tru). Så kjem dei med konkrete døme på kordan ein kan ta ut fritida (det er i seg sjølv litt sært å gjere i ein lov, synes eg, det høyrer vel meir heime i ei forskrift?), og her spriker døma litt: det første seier minst 30 minutt to gonger om dagen (men altså gjerne meir, så lenge ein ikkje tek kortare pausar enn 30 minutt), medan det siste dømet spesifiserer at arbeidstida kan reduserast med inntil 1 time pr dag.

Akkura kva dei meiner er jo ikkje så greitt å forstå, ei gjetting kan jo vere at dersom mor reiser heim til kvar amming eller får barnet bragt til seg, så ho bruke minst ein halv time kvar gong og kan då gjenta dette så mange gonger ho vil. Dersom mor derimot kjem seint eller går tidleg, kan ho ikkje gjere dette meir enn 1 time pr dag.
 

Er det kanskje nokon som kan hjelpe meg med forarbeida til 1977-lova om arbeidervern? :-)




(Arbeidsmiljølova inneheld minstekravet til ammefri, og ein tariffavtale som omtaler ammefri vil (normalt) overstyre lova (eg seier "normalt", ettersom arbeidsmiljølova (sannsynlegvis) vil gjelde att dersom tariffavtalen avgrenser retten til ulønna fri).)

2011-03-01

Retten til ammefri

I følge Arbeidsmiljølovens §12-4 har kvinner som ammer rett på fri ein time om dagen til amming. Diverre er det ikkje lovfesta at dette er med løn, men i det offentlege er det tariffesta to timar lønna ammefri, og det er òg mange private verksemder som gir ammefri med løn. Min eigen arbeidsplass (privat) gir to timar betalt ammefri. Ammefri kan brukast til å amme barnet på jobb (eller reise heim og gjere det), til å pumpe eller til å forkorte arbeidsdagen. Ammehjelpen har òg ein oversikt over retten til ammefri.

Av 2,3 millionar lønstakarar i Noreg er det omlag 800.000 i offentleg sektor og ca 1,5 millionar i privat sektor. Alle i offentleg sektor har ordningar med betalt ammefri, medan dette gjeld ca 45% i privat sektor. Totalt vil dette seie at omlag 65% av arbeidstakarane arbeider i verksemder med betalt ammefri, og sidan mange av desse er kvinnedominerte vil det seie at ein enno større andel kvinner faktisk har betalt ammefri. Det er verdt å merke seg at verksemda som regel må vere del av ein tariffavtale for at dette skal vere gjeldande. Eit viktig punkt er at det innan hotell- og restaurantbransjen og reiseliv ikkje er inngått tariffavtaler som gir rett til betalt ammefri. (Alle tal i dette avsnittet kjem frå Høring om rett til under omsorgspermisjon ved fødsel, adopsjon og under ammefri.,s. 13 ff)

Mange synes det er vanskeleg å få brukt ammepausen. Ofte synast det "umogleg" å kombinere med jobben, eller kolleger og sjef er vanskelege. Det er heilt sikkert ein del typar jobbar der det er vanskeleg å kome seint, gå tidleg eller ta ein halvtime pause midt på dagen. Men ofte handlar det om tilrettelegging, om at arbeidsgjevar, arbeidstakar og kolleger tilpassar seg - og at ein tør seie frå kva ein ynskjer og korfor. Det føles kanskje litt intimt å fortelle sjefen at du skal tilbringe ein halvtime med å pumpe mjølk, men det må faktisk til viss du skal få gjort det. Du kan (som regel) ikkje forvente at du skal kunne snike deg unna ein time om dagen heilt utan å fortelle kva du driv på med.

Men kanskje viktigast av alt - og dette er det lett å gløymde der ein sitt i barseltåka og tenker skrekkscenario om ammepausen om eit halvt år: For dei fleste er det ikkje snakk om ein lang periode med tilrettelegging. Let's face it, det er ikkje snakk om fullamming av to-åringar her. I følge Spedkost - 12 måneder 2007 ammer 46% når barnet er 1 år. I snitt amma kvinnene 3,5 gonger om dagen då.

Avhengig av når ein går tilbake til jobb, er det for det fleste sannsynlegvis snakk om ammefri i 2-4 månader. I tillegg er det gjerne ikkje snakk om så lange pausar heller. Ungen er som regel oppe omtrent når mor skal på jobb, så det går greitt å amme før ho går, og kanskje kome ein halvtimes tid seinare på jobb. Kanskje vil ein gå litt tidlegare for å rekke ettermiddagsamminga, eller kanskje bruke ein halvtime på å pumpe (mjølka kan forøvrig brukast i graut også, så det er ikkje bortkasta sjølv om ungen ikkje vil ha flaske eller (tut)kopp med mjølk).

Og barnet endrer seg fort. Den eine veke kan det insistere på bryst til alle måltider, den neste er det plutseleg nok med frokost og kvelds. Arbeidsgivar treng iallfall ikkje vere bekymra for at det skal vere behov for ammefri fram til skulestart! Kanskje må du heller kome litt småbeskjemma og si at all planlegginga var til ingen nytte - no har ungen bestemt seg for at kveldspupp får vere nok, så du treng ingen ammefri lell...

Dette kan ein òg forklare kolleger. Det er kanskje tungvindt med ammefri, men det er trass alt snakk om ein avgrensa periode - og viss alternativet er at ein ikkje er på jobb, er det vel greiare å vere der ein time mindre enn vanleg?

Jada, det er heilt klart yrke og arbeidsplassar der det er svært vanskeleg å kombinere arbeid og ammefri, men sjølv der det er vanskeleg, er det ikkje umogleg. Kordan det går å vere gravid i bedrifta gir vel eit ganske bra bilete av kordan det går å ha ammefri - dei færraste klarer å yte 100% når dei nærmer seg slutten av ein graviditet, særleg ikkje viss dei jobber i ei verksemd der det av praktiske grunnar er "umogleg" å ha ammefri. Ser ein at dette kjem til å bli veldig vanskeleg så går det faktisk an å planlegge litt - t.d. ta permisjon med 80% løn og vere heime i 46 veker (og 10 veker til far); med ferie i tillegg blir dette nesten eit år og det er plutseleg mindre sannsynleg med amming fleire gonger i løpet av arbeidsdagen når ein er tilbake på jobb.

Og sjølv om det kanskje er tungvindt at ein skal ha ammefri - er det ikkje andre delar av småbarnslivet som er MEIR tungvindt for arbeidsgivar og kolleger? 1-2 timar kortare arbeidstid eller pause på avtalte tidspunkt i løpet av dagen er det trass alt mogleg å planlegge rundt - kva skjer når arbeidstakaren ringer og seier du er heime med sjukt barnehagebarn (sjølv barn som ammast blir sjuke...) eller har fått omgangssjuke sjølv? Ein sender jo ikkje sjuke barn i barnehagen fordi det er tungvindt for arbeidsgiver at mor eller far er heime med det...

Noreg har ei av verdas aller beste ordningar for ammefri, der ein stor andel av arbeidstakarane får lønna ammefri i minst eit år. Men det hjelper ikkje med gode ordningar viss vi ikkje tør bruke dei. Det blir for veikt å ikkje ta den fritida du har rett på til å amme fordi det er så synd på kollegene dine, fordi sjefen er dum eller fordi du ikkje tør be om ammefri. "De e itjnå som kjæm tå sæ sjøl", sang Vømmøl spellemannslagi si tid, og dette gjeld retten din til å amme eller gi morsmjølk til ungen din også.

2011-01-16

Den slemme mammaen har blitt ammehjelper!

Jaja, då har eg blitt godkjend som ammehjelper hos Ammehjelpen. Kven skulle trudd det for 8-9 månader sidan? :-) (Då var eg ikkje ein gong kvalifisert. Kravet er at ein må ha amma, og det hadde eg ikkje då.) Men som nokon sa på eit forum - det er eit fåtal som har ein heilt uproblematisk ammestart, og det er sjelden dei som blir ammehjelpere.

Men korfor gjer eg dette? Motivasjonen min er vel todelt. Det eine er at eg ivrer for at alle som VIL amme skal få den hjelpa dei treng til det. I løpet av det siste året har eg sett veldig mange som ser ut til å ha god kunnskap om amming og barseltid, men så dukker det plutseleg opp eit hôl, dei snubler i det og så er det slutt på amminga. Eg skulle ynskje fleire av dei hadde fått hjelp når dei trong det, og håper å kunne bidra med mitt. I tillegg har eg erfaring med pumping som eg håper å få brukt, og ikkje minst har eg etablert amming av "eldre" (11 veker) barn, eit emne eg aldri klarte å finne noko informasjon om då eg trong det.

Den andre delen av motivasjonen min er den akademiske. Eg las mykje om amming før og etter fødselen, litteratur over heile spekteret frå enkle brosjyrer til artiklar i medisinske tidsskrift. Eg hadde nok kunnskap over gjennomsnittet då Ada vart født, og i månadene etterpå fekk enno meir kunnskap og kunne vel nesten gå for å vere litt nerdete. Som akademikar vil eg gjerne ha papir på at eg kan dette, så då passa det jo fint å bli ammehjelper :-) ("Papirkravet" er ikkje veldig høgt, men eg har iallfall vist at eg har gode kunnskaper om amming og ammerettleiing.)

Så om du skulle lure på noko om amming, eller kjenne nokon som lurer på noko, så er det berre å ta kontakt. Og skulle eg bli for valdsam i min iver etter å fremje amming så er det lov å seie frå. Det er trass alt ikkje politihøgskulen eg har tatt.

2010-12-30

Kordan gjekk det med amme-eventyret?

Det slo meg i dag at eg ikkje kan kome på (eller finne) å ha skrive noko om kordan det eigentleg gjekk med amminga av ungen. Ho ville altså ikkje ammast. Eg tilbragte difor dei neste månadene med å pumpe og gje på flaske. Funka greitt, det. Etter nesten 3 månader ombestemte ungen seg. Pupp var tingen.

Deretter fulgte ein ganske tøff månad (juni) der eg sjonglerte med amming, pumping, flaskemating med morsmjølk og erstatning, og tilhøyrande flaskevask. Amminga tok minst ein halvtime kvar gong, som regel 15-20 minutt på kvar side. Så fylte eg henne opp med flaske med utpumpa mjølk etterpå. Deretter løp eg til pumpa for å få ut resten, det tok som regel 10-15 minutt, slik at ho kunne få dette på flaske til neste måltid. Innimellom her burde ho få ny bleie og litt kos (vugging av vippestol med foten medan ein pumper funker greitt. Men det kjem mindre mjølk viss ungen ikkje er nøgd og byrjer skrike i staden.), og som ekstrabonus kunne eg drikke kaffe, spise frukost og lunsj, kome meg på butikken, ta ein klesvask eller sogar ha besøk. Å gå på besøk utgjekk stort sett - fullpumpande mødre er definitivt ikkje sosiale vesen, og det hjelper ikkje å vere halvpumpande og amme i tillegg.

Å la ungen drive sjølvregulering og få mat - anten frå flaske eller pupp - heilt når ho sjølv ville, utgjekk. Dei fyrste par vekene gjekk med til å lære seg sugeteknikk og å trene sugemusklane. Ho kunne nok ikkje få i seg nok mat til å ernære ein 3 månader gamal unge rett frå brystet i desse vekene, flaske måtte til. Sidan ho (sannsynlegvis) ikkje dia effektivt nok til å tømme brystet, vart heller ikkje produksjonen stimulert nok frå henne, så eg måtte pumpe for å oppretthalde den. For å få tid til alt - og for å kunne ha mjølk i brystet når ho faktisk skulle die frå det - var løysinga å halde oss til det same 3-timers-skjemaet som då ho kun fekk flaske: mat kvar 3. time frå i 7-tima om morran, og så sov ho frå 19 til 7, så då pumpa eg 1-2 gonger før leggetid og ein gong i løpet av natta. Den lange nattesøvnen var ein viktig grunn til dette - eg var ikkje innstilt på å miste den, og ville faktisk heller kutte ut amminga viss det trongst.

Eit par-tre veker etter at amminga starta dro vi på hytta. Det vart ein så utruleg mykje enklare tur enn det kunne vore. Vi kunne stoppe kor som helst og gi henne mat, utan tanke for bensinstasjonar, kordan vi skulle få varma flaska eller kor nedkjølt vi klarte oppbevare den utpumpa mjølka fram til den skulle brukast. Hytta har ikkje innlagt vatn eller straum, vi henter vatn og frakter i kanner frå ca 3-400m unna og har eit 12V solcelleanlegg. Ikkje den idelle staden for ein pumpe&flaske-ferie, med andre ord. Amminga hjalp ein del på dette, kan man si, sjølv om eg pumpa eit par gonger i døgnet og vi gav flaske om kvelden. Ikkje minst var det praktisk å kunne slenge ut ein pupp viss ungen våkna utanom dei faste tidene sine og ville ha mat. På dette tidspunktet hadde eg bestemt meg for å kutte ut flaskene og pumpinga etter amming, og lot henne heller die så ofte og lenge ho ville, og gav ei stor flaske MME før amming ved leggetid. Så pumpa eg på kvelden og natta.

Ho la ikkje så bra på seg då, faktisk ikkje i det heile tatt, dei neste fire vekene. Men ho virka glad og nøgd, og hadde greitt med våte bleier, så eg bestemte meg for at eg ikkje skulle bli bekymra eller la meg bekymre. Helsesøster maste ein del meir og sa at eg kunne (men ho sa ikkje måtte) gi flaske i tillegg, men eg holdt på mitt og insisterte på at ho sannsynlegvis hadde vore overfôra i starten og difor ligget på 85-percentilen i staden for på den 50., som ho etterkvart endte opp på. Eg orka ikkje styre med flasker attåt matinga og bestemte meg heller for å prøve med reine ammemåltider og ei flaske om kvelden fram til etter ferieturen (som varte til midt i juli).

Ved veiinga i slutten av juli hadde ho endeleg byrja legge på seg att, ein heilt grei gjennomsnittleg oppgang sidan forrige veiing, og eg kunne endeleg puste letta ut og konstatere at strategien min hadde fungert - eg var endeleg i stand til å amme ungen min utan å gå frå vettet.

Eit par veker seinare byrja eg jobbe att - på fulltid ei veke av slengen, så ei veke fri. Arbeidsgivaren min er generelt veldig grei, og gir 2 timar lønna ammefri om dagen. Eg brukte den til å amme om morgonen utan å måtte bruker vekkerklokke på ungen, samt til å pumpe i løpet av dagen. Ungen fekk pumpemjølka samt frysermjølk dagen etter, og inntil ho var ca 5.5 månader pumpa eg òg om kvelden som ho kunne få neste dag.

Fast føde introduserte vi rundt 4.5 månader. Det tok ei stund før ho spiste såpass mykje at det fortrengte noko særleg morsmjølk, ut frå oversikten over kva ho åt ser det ut som ho var rundt 7 månader då nedgangen i mjølkeinntaket vart markant. No er ho omtrent 9.5 månader, spiser 4 måltid fast føde og ammast minst 3 gonger om dagen. Dersom eg ikkje er heime, drikk ho som regel 150ml morsmjølk frå flaske i løpet av arbeidsdagen, er eg heime blir det pupp.

Frå ho var rundt 6 månader nattamma eg. Ja, du las rett, eg starta med det då. Det fungerte fint ei stund, det er faktisk ikkje veldig forstyrrande å stå opp og amme 15-20 minutt om natta. Det vart derimot meir forstyrrande og mindre funksjonelt då det vart 3-4 gonger om natta - og det i tillegg var ein form for bingo om ungen ville sove etter amminga eller om ho ville bærast, kosast med eller ligge i vår seng. Når heile ammestunden dreier seg om å tenke på om ho vil sovne fort etterpå, var det ikkje særleg gøy. Det endte med at eg stort sett tok henne over i vår seng, men den er ikkje stor nok for tre og ingen av oss sov særleg godt. I starten av desember var Mannen på 8.5-månaders kontroll hos helsesøster og fekk råd om nattavvenning.

Som sagt så gjort. Eg la meg på gjesterommet og fekk mi fyrste natts søvn på veldig lenge. Mannen var oppe og gav Ada smokk 3-4 gonger i løpet av natta, og med unntak av ein times tid rett etter leggetid gjekk det i grunnen veldig smertefritt. Neste natt la han seg kl 21 og våkna kl 5 - av meg som kom snikande fordi det var så kaldt på gjesterommet. Den tredje natta sov vi begge i samme seng - frå 23 til 7. Ting kan tyde på at nattamminga for ungens del var mykje kos og lite næringsbehov...

Konklusjonen no rundt nyttår er at amminga går alldeles strålande, og det er ingen grunn til å kutte den ut enno, så lenge ho framleis vil ha mjølka servert sånn.

2010-12-12

Langtidsamming her og der.

Ammehjelpens blogg Fulle mugger skriv om langtidsamming. Kva som er "lenge" er diskutabelt, i Noreg er det 46% som ammer når barnet er eit år, så gjennomsnittsbabyen blir ikkje amma så lenge - og dermed er det kanskje lenge å halde på eit år, då? Bloggaren Nicki Bradley påstår at gjennomsnittleg ammelengde på verdsbasis er 4.5 år.

Eg synes 4.5 år var lenge. Eg har ikkje mange vekttal i statistikk, men eg har nok til å vite litt om kordan ein rekner ut gjennomsnitt. Vanlegvis er det to ulike tal som brukast når lekfolk snakkar om gjennomsnitt. Aritmetisk gjennomsnitt finn ein ved å summere alle verdiane og dele på antalet verdiar, medan medianen er den midterste verdien når verdiane er sortert.

Nicki Bradley oppgir ingen kjelde for påstanda om at gjennomsnittleg ammesluttalder er 4.5 år. Visstnok finst det ingen slik kjelde - det er ingen som har undersøkt dette på verdsbasis og funne gode tal for det.

Men viss ein antar at gjennomsnittet er 4.5 år (54 månader) vil det seie at halvparten av dei ti barna må ammast i meir enn 4.5 år viss vi seier at gjennomsnittet er medianen, eller at dersom 4 av dei ammast til dei er 1 år så må dei andre 6 i snitt ammast til dei er litt over 6 år. No kan ein jo lett innvende at eg ikkje veit mykje om amming i andre delar av verda enn Europa og USA, og det stemmer forsåvidt. Men eg har aldri sett ungar som ser ut til å vere rundt 6 år bli amma i nokon som helst setting nokon plass. Dersom dette var normen i andre delar av verda, trur eg faktisk eg hadde fått det med meg - om ikkje anna anekdotisk.

I følge UNICEF blir 75% av verdas barn amma ved 1-årsalderen, og 50% når dei er to år.

Det er Asia og i-landa som drar opp dette talet. Ammestatusen i Afrika er diverre begredeleg. Større grad av amming ville hatt svært stor innverknad på barnedaudelegheiten, UNICEF meiner optimal amming av barn under to år ville ha ført til 1.4 millionar færre daudsfall blant barn under 5 år (i 2009 døydde ca 8.1 millionar barn under 5 år).

Kina er eit stort land, med omlag 1/5 av verdas befolkning. Det er imidlertid vanskeleg å finne statistikk for dette landet, og tala for dei ulike provinsane varierer veldig. Generelt kan ein seie at ammefrekvensen i Kina er låg, til tider svært låg. På 50-talet var det mellom 80 og 95% som vart amma, medan på 70- og 80-talet var det i somme provinsar så lite som 13% som nokon gong vart amma! På 90-talet auka amminga heldigvis, og i 1993 var det i Beijing 60% som fekk morsmjølk den fyrste veka og 25.8% som var amma ved 4 månader. Same år vart 94% amma i Shihezi-provinsen, 77.5% etter 6 månader (9.2% vart fullamma ved 6 månader). I fylgje UNICEF vert 15% framleis amma ved 2 årsalderen. Sidan statistikken er så dårleg og den som finst er lite representativ for landet som sådan, er Kina ofte ikkje med på verdsfemnade statistikk.

Det nest mest folkerike landet i verda er India. India er eit land med stort sett bra ammefrekvens.
46% er fullamma ved 6 månader. 88% er amma i 1 år, 66% i to år (2000). Median ammelengde i 2005 var oppgitt til over 24 månader - i Jharkhand-provinsen så lenge som 34.8 månader - nesten 3 år. (Merk at tala her er frå to ulike undersøkingar, i 2000 og 2005, så dei samsvarer ikkje heilt.)

I India vert altså halvparten av alle barn framleis amma når dei er to år. Kva fordeling det er på ammelengda veit eg ikkje, men ammekurven fram til 2 år kan tyde på at den er relativt lineær. (Skulestartalderen i India er så vidt eg veit 5 år, så de fleste er vel avvent til då.)

Her er data for dei 7 mest folkerike landa i verda:
LandFullamming ved 6 mnd1 år2 årMedian (mnd)
Kina (19%)--15%-
India (17%)46%88%66%24.8
USA (4.5%) 13.6% 22%--
Indonesia (3.45%)32.4%80%50%20.7
Brasil (2.77%)39.8%33%17% 9.4
Pakistan (2.49%)37.1%79%54.9% 18.9
Nigeria (2.3%)13.1%85.4%32.3% 18.1

6 av desse landa (unntatt Kina) utgjer ca 1/3 av verdas befolkning. Ut frå ammestatistikken for dei ulike landa blir tilsaman 84% av barna her amma til dei er minst 1 år, og omlag 55% til dei er 2 år. Median ammelengde blir 21 månader. (Alle tal er rekna ut på bakgrunn av dei landa som hadde slik statistikk.)

Eg skal ikkje påstå at desse landa er representative for heile verda. Tala varierer svært mykje mellom dei, og den einaste grunnen til å kikke på statistikk for akkurat dei var at dei var dei største, slik at eg potensielt dekka ein større del av befolkninga. Merk òg at eg ikkje har sett på talet barn i desse landa - men eg trur det ville auka ammeandelen enno meir om eg vekta i forhald til det, sidan India har ei yngre befolkning enn t.d. USA.

Derimot vil eg påstå at desse landa har større andel amming enn verdsgjennomsnittet. I fylgje UNICEF er det berre
28 utviklingsland der 50% eller meir av barn under 5 månader er fullamma (merkeleg nok inkluderer dei Kina blant desse, sjølv om Kina ikkje er med i statistikken for Asia pga manglande data.). 37% av barn under 5 månader i u-land er fullamma, men statistikken blir dratt kraftig opp av asiatiske land, som har omlag dobbelt så høg andel fullamming som vest- og Sentral-Afrika. Noko amming er det likevel mange som får til: 75% av verdas barn er amma ved 1 år, 50% ved 2 år.

Eit hyggeleg unntak i Sentral-Afrika er Rwanda: over 95% er fullamma i starten, og 80% fullammast ved 5-6 mnd alder. Samanlikna med småbarnsdaudelegheiten i nabolandet Burundi, der 10% av barna fekk morsmjølk og "anna væske" og ytterlegare 10% fekk kun vatn i tillegg til morsmjølk, kan det sjå ut som amminga i Rwanda har hatt ein effekt (toppen i 1995 for Rwanda sin del samanfell med ein veldig blodig del av konflikten mellom tutsiar og hutuar).

Omlag 15% av verdas befolkning bur i utvikla land eller i-land, og altså 85% i utviklingsland. Dersom gjennomsnittleg ammetid i i-land er 12 månader og gjennomsnittet i u-land er 61 månader, vil snittet på verdsbasis bli 4.5 år (54 månader). Dette forutset eit veldig høgt snitt i u-land, og som statistikken viser er det ikkje sannsynleg at så mange barn vert amma så lenge.

Journal of Nutrition seier at i utviklingsland, der dei relative føremonene ved optimal spebarnsernæring er størst, blir mindre enn halvparten av barn under 4 månader fullamma. Median varigheit for amming er 18 månader. På global basis er det estimert at 85% av mødrene ikkje held seg til tilrådingane om amming [ fullamming i 6 månader, amming i 2år]. I Noreg kan vi kanskje snakke om ammepress, men i dei fleste land er det snakk om auka overleving. Når vatnet ditt kjem frå ei elv 5 km unna og du må sanke ved heile dagen for å kunne koke middag, er ikkje morsmjølkerstatning eit spesielt bra alternativ for ungen din. Bur du i Noreg er det - når vi samanliknar med tilhøva for ein stor del av verdas befolkning - hipp som happ. Det skremmer meg når eg les at 50% av nyfødte i Sierra Leone faktisk får vatn i tillegg til morsmjølk. (Det er mogleg det er fordommar, men eg har ikkje stor tru på vasskvaliteten der. Eller mogleiken til å koke alt vatn i minst fem minutt.)

Men kor kjem så påstanda om at gjennomsnittleg ammelengde i verda er 4.5 år frå? Sannsynlegvis botner den i mistolking av artikkelen A Natural Age of Weaning av Katherine Dettwyler som har oversikt over naturleg avvenningsalder for ein del andre dyr enn mennesket, med forslag til kva den tilsvarande alderen for mennesket ville ha vore - basert på fødselsvekt, svangerskapslengde, vaksenvekt, levealder osv. Alderen i dei opplista artiklane varierer mellom 2.5 og 7 år - og snittet her blir omtrent 4.5 år. (Takk til the lactivist som satte meg på sporet av dette.)

"One often hears that the worldwide average age of weaning is 4.2 years, but this figure is neither accurate nor meaningful. A survey of 64 "traditional" studies done prior to the 1940s showed a median duration of breastfeeding of about 2.8 years, but with some societies breastfeeding for much shorter, and some for much longer. It is meaningless, statistically, to speak of an average age of weaning worldwide, as so many children never nurse at all, or their mothers give up in the first few days, or at six weeks when they go back to work. It is true that there are still many societies in the world where children are routinely breastfed until the age of four or five years or older, and even in the United States, some children are nursed for this long and longer. In societies where children are allowed to nurse "as long as they want" they usually self-wean, with no arguments or emotional trauma, between 3 and 4 years of age."

Så konklusjonen min er at det er ei myte av den globale gjennomsnittslengda for amming er 4.5 år, og at det ikkje finst nokon statistikk som fortel kva som faktisk er gjennomsnittleg - aritmetisk eller median - lengde på ammeperioden for verda sett under eitt. Det er ingen tvil om at det er vanleg å amme mykje lengre enn vi gjer i Noreg i store delar av verda. For folkehelsa i desse landa er det ingen tvil om at det er veldig bra - og at det er betre dess lengre fleire ammer. For mødre og barn i Noreg har det nok ganske lite å seie om ein ammer i eitt eller tre år - men ingen av delane er feil.

Edit: Etter at dette innlegget vart skrive, vart blogginnlegget eg lenka til også endra (til det betre!). Eg har difor endra litt på teksten i starten av mitt innlegg.

2010-12-03

Fedrekvote og amming

Fedrekvoten dras gjerne fram som ein  trussel mot amminga i Noreg. Det virker jo logisk at mindre tid heime for mor fører til mindre amming.

I 1993 var foreldrepermisjonen 42 veker, derav 4 veker fedrekvote og 9 veker (3 veker før termin og 6 veker etter fødsel) forbeholdt mor. Utover 2000-talet kom det gradvise auker i permisjonslengda etterkvart som fedrekvoten vart lengre, fram til vi frå 2011 har 47 veker foreldrepermisjon, med 12 veker til far. Utvidinga i 2009 var den første forlenginga av fedrekvoten som gjekk på bekostning av fellesdelen - før denne kom fars reserverte veker som ei forlenging av foreldrepengepermisjonen. Totalt er 3 veker av fedrekvoten kome frå fellesdelen (2 i 2009 og 1 i 2011), dei øvrige er forlengingar av den totale permisjonstida.

Det er gjort fleire store undersøkingar på spebarnskosthald. Dei største og breiaste i Noreg er Spedkost-undersøkingane, der mødre er spurt  om barnets kosthald på forskjellig alder. Dette er ei undersøking basert på vitskaplege metoder, bla. med anonyme spørreskjema. Det er altså ikkje helsesøster eller andre personar mor kjenner som spør, og det er heller ikkje ein intervjusituasjon (intervju er ein anerkjend vitskapleg metode, berre så det er klart). Det er difor sannsynleg at mor svarer sannferdig og ikkje føler ho må glorifisere situasjonen t.d. ved å svare positivt på spørsmål om amming sjølv om det ikkje er sant.

I Spedkost 12 måneder (2007) var det 46% som framleis amma ungen ved 1-årsalder. Sett i lys av at WHO tilrår amming i 2 år, og norske helsestyresmakter tilrår minst 1 år er dette relativt lågt. Enkelte hevdar då at det er viktig at mor får lang permisjon for å halde fram amminga.

Ser vi på 1999-utgåva av Spedkostundersøkinga var ammefrekvensen for 1-åringar 36% - den har altså auka med nesten 30% (eller 10 prosentpoeng) frå 1999 til 2007.

I 1999 var permisjonen 42 veker, derav 4 veker til far - med andre ord var 2 veker meir tilgjengelege for  mor enn i dag. Det ser altså ikkje ut til å vere nokon direkte samanheng mellom amming, ammefrekvens og ammemengde på den eine sida, og lengda på mors permisjon på den andre.

Så kva er det som får mødre til å slutte å amme?

I følge 2007-utgåva av Spedkost 12 måneder oppgav 2/3 av dei som slutta å amme før 1 år  at barnet ikkje ville (over halvparten av desse), at dei hadde for lite mjølk og at mor ikkje ynskte det lenger sjølv. I forhald til 1999-undersøkinga er grunnane dei samme, men rekkefølga er interessant nok endra. I 1999 var det omtrent like mange (36% vs 35% i 2007) som oppgav at barnet ikkje ville ammes. Den nest vanlegaste grunnen i 1999 var at man ikke ville amme lenger (21%), med "for lite melk" (9%) på tredjeplass. Desse to faktorane har bytta plass i 2007, med høvesvis 19% som har for lite mjølk og 9% som ikkje ville amme lenger. Dette kan tyde på at det no er større forventingar om at mor skal amme lenger - kall det ammepress om du vil.

Kun 6% oppgav i 2007 "mor byrjer å arbeide/studere" som viktigaste grunn til å slutte å amme (8% har dette som nest viktigaste grunn). I 1999 vart dette oppgitt som viktigaste grunn av 9% (og like mange har det som nest viktigaste grunn), så det kan kanskje tyde på at det er lettare å kombinere arbeid og amming i dag enn for ti år sidan. 28% av kvinnene i 2007-undersøkinga arbeider fulltid når barnet er 12 månader, ti prosentpoeng høgare enn fulltidsyrkesdeltakinga i 1999. Totalt var 55% i jobb eller utdanning når barnet var 12 månader i 2007, mot 48% i 1999. Før fødselen var over 90% i jobb eller utdanning i begge undersøkingane.

Det ser altså ikkje ut til å vere nokon direkte samanheng mellom lengda på den delen av permisjonen som mor kan ta og ammefrekvensen. Auka ammefrekvens kan heller ikkje forklarast med lågare yrkesdeltaking og større andel heimeverande mødre - trenden er den motsette.

Kva som så er grunnen - eller grunnane - til at fleire mødre ammer lengre, veit eg ikkje. Det kan vere at informasjonen om amming er betre, at det er meir fokus på langvarig amming. Det kan vere at forventinga om amming er sterkare enn før, det er mindre lett å gripe til flaska. Det kan vere betre aksept for amming og tiltrettelegging for amming i arbeidslivet. Eg har ikkje funne informasjon om når lønna ammefri vart avtalefesta i dei store tariffavtalene, det kan ha skjedd i denne perioden. Men eg trur iallfall ikkje at ein skal vere veldig bekymra for at ammefrekvensen skal gå ned fordi om fedrekvota blir utvida til 14 veker.

2010-11-30

Slem mamma.

Mamma sitt og drikk juleøl og skriv ammehjelperoppgåve.  Slem mamma.

I dag: vi fyller ut NAV-skjema.

Da var det på'n igjen med NAV-søknad. Denne gong er det det nye skjemaet for "Utsettelse eller gradert uttak av foreldrepenger (fleksibelt uttak) - NAV 14-16.05" som skal til pers (eventuelt er det eg som skal til pers).

Problem #1: Det finst inga rettleiing til skjemaet. Eg klarer heller ikkje finne noko rundskriv som omhandlar det nye skjemaet.

Problem #2: Fleksibelt uttak vil seie at ein tek mindre enn 100% permisjon over ein gitt tidsperiode, t.d. 25% i 4 månader i staden for 100% i éin månad. Då må ein oppgi tidsperiode og permisjonsandel. Men samstundes skal ikkje summen av arbeidstid og permisjonstid bli over 100%, så då ville det vere logisk at ein òg måtte oppgi stillingsandel i perioden sånn for å vise at ein er bevisst akkurat det? (Det er ikkje gitt at eg skal jobbe 75% sjølv om eg har 25% permisjon heller.)

På den annen side er det nok ikkje gjeve at NAV er logiske. Samtalen med dei (det går i det minste kjapt å ringe dei - dei tek telefonen etter eit par ring, og gir i det minste ja/nei-svar, sjølv om eg ikkje ville stolt på det dersom det var ein samtale som gjekk konkret på søknaden min.) var av typen "Goddag NAV!" "Økseskaft!" "Nei, hostesaft." "Hosteskaft!"

Men eg trur konklusjonen vert at eg i punkt 10 i skjemaet fyller inn permisjonsprosenten og perioden skal skal ha den, og let det vere med det. Det er mogleg det er tryggast å legge til ein kommentar om at meininga er å ha 25% permisjon i fire månader i kommentarfeltet i neste punkt også...

Eg ynskjer meg ein fleksibel permisjonskalkulator til jul.

2010-11-26

Likelønnsmeldinga

På sin siste arbeidsdag før han går ut i foreldrepermisjon la Audun Lysbakken fram Likelønnsmeldinga. Der går han inn for ei tredeling av foreldrepermisjonen, med like lang periode reservert for mor og far og ein periode til fri fordeling som i dag.

Trass i at dette ytterlegare innskrenker familiens sjølvråderett er dette ei endring eg ynskjer velkomen. Det sikrer både mødre og fedre minst tre månader heime med barnet sitt, og ikkje minst markerer det at det er både ei fedrekvote og ei  mødrekvote, i tillegg til ein fellesdel - det er ikkje fedrekvote og så resten til mor.

I tillegg går Regjeringa inn for ein time lønna ammefri inntil barnet er 1 år - diverre betalt av arbeidsgivar. Det er eit steg framover i forhald til i dag, der dette er regulert av tariffavtalar og ikkje er allmengyldig, men eg er redd for at det at arbeidsgivar skal betale vil føre til at mange blir pressa til å la vere å bruke ammefritida si. Samstundes ser eg òg dei byråkratiske problema med å la NAV refundere desse utgiftene - det dreier seg ikkje om ein veldig lang periode, den gjeld absolutt ikkje alle og det vil veldig ofte vere stor skilnad i kor mykje ammefri mor faktisk tek i den første og den siste av dei 4 månadene det i dei fleste tilfella vil vere snakk om. Eg ser med gru for meg skjemaet for å søke refusjon av desse utgiftene...

Eit ubetinga riktig forslag i meldinga er at det skal vurderast om fedre som har opptent rett til foreldrepengar skal få fedrekvote sjølv om mor ikkje har rett på foreldrepengar. Eg meiner dette er eit mykje viktigare tiltak enn utvida fedrekvote, sidan det sikrer alle barn rett til tid heime med far. Eg er spent på kva som kjem ut av denne vurderinga, om det faktisk blir noko konkret eller om det blir med praten. Regjeringa ser ut til å vil gjere mange vurderingar av kva grupper fedre som skal ha rett til dette, det ser ut som det er primært fedre der mødrene ikkje aktivt har vald å vere heime som skal prioriterast. Det er skuffande. Er det mindre viktig for eit barn å ha sin (arbeidande) far heime fordi mor ikkje har lyst til å gå ut i jobb?

2010-11-22

Amming og fast føde

Eg blir ganske oppgitt når fedrekvoten dras fram som den store stygge ulven når det gjeld mangelen på fullamming av spebarn. Sist ute var Ammehjelpens blogg Fulle mugger.
"Han er glad for at hans kone ikke hadde melk til barnet, slik at han kunne få delta på lik linje med matingen.
Ikke godt å vite om en skal le eller gråte av et slikt utsagn.  Alle er enige om at det er positivt med fedre som stiller opp og tar seg av babyene sine. Ja, staten har ordnet det slik at fedre har lovbestemt rett til 10 uker (snart 12) permisjon i forbindelse med fødsel og barseltid. Mødre har rett på 6 uker etter fødsel.  En pappa kan faktisk kreve at mor går tilbake i jobb etter 6 uker og ta hele resten av permisjonen selv…"

Ja, så kan vel far det då. Og så? Det er vel rundt 3-4000 menn kvart år som tek vesentleg meir permisjon enn fedrekvoten. Mi gjetning er at desse stort sett er fedre der mor ikkje har rett på foreldrepengar. Eg har aldri høyrd konkrete historiar om at fedre tvinger mor tilbake til jobb 6 veker etter fødsel, for den del ikkje om fedre som har tvunge barnets mor tilbake til jobb 6 veker etter fødsel heller - sjølv om eg tviler litt mindre på at den siste gruppa fedre eksisterer.

Så kan ein diskutere kva "tvang" betyr. Tvinger mor far til å jobbe fordi ho ikkje vil at han skal ha meir enn fedrekvoten? Er det faktisk "tvang" om mor skriv under på at far kan ta meir enn fedrekvoten sjølv om ho eigentleg moglegeins trur ho kan tenke seg å vere heime i 36 veker? Eg har ikkje klart å finne noko i rettskjeldene til kap 14 i Folketrygdlova om kva som skjer viss mor eller far nekter skrive under på skjemaet for foreldrepengar heller.

Eit anna element her er jo at sjølv om det moglegeins har aukande status for far å ta lengre permisjon, så er det sterke forventningar til at mor skal vere heime med ungen òg. Sjølv fekk eg spørsmål på eit gravidforum om korfor eg ville ha barn, når eg skulle ha så lite permisjon? Det er nok lett å tale med to tunger her - og ytre meiningar som passar til foraet når det passer slik.

Men tilbake til det med amming. I følge Spedkost 2008 blir 46% fullamma ved 4 månader og 9% ved 6 månader. Sett i lys av at WHO og norske helsestyresmakter anbefaler fullamming til 6 månader er dette låge tal. Tilrådingane for norske barn er òg at dei bør ammast det første leveråret. 80% får morsmjølk ved 6 månaders alder, 46% får det ved 12 månader (Spedkost - 12 måneder 2007).

Dei fleste nybakte foreldre får heftet Mat for spedbarn på helsestasjonen kort tid etter fødselen. Dette heftet går gjennom kva mat barnet bør få når - stort sett eit informativt og fint hefte (sjølv om eg synes helsepersonell-versjonen av det er meir informativt). I tillegg til å tilrå fullamming til 6 månader, står det "Fra seks måneders alder bør barnet få annen mat i tillegg til morsmelken for å dekke behovet for energi og næringsstoffer. Hvis du og barnet trives med ammingen, kan du gjerne amme utover det første leveåret. Morsmelken er verdifull for barnet også etter at det har fylt ett år." (s 13) I kapitelet om introduksjon av fast føde står det "Morsmelk gis først i måltidet for å opprettholde melkeproduksjonen frem til det tidspunkt du ønsker å trappe ned på ammingen." - og det er det einaste som står om amming etter at fullamminga er over.

Ammehjelpen har ein betre artikkel, dei nemner i det minste korfor ein skal gjere det slik.

Elles har eg ikkje klart finne noko særleg informasjon om amming av større babyar. Eg saknar informasjon om kordan ein best mogleg opprettheld mjlølkeproduksjonen, kor ofte ein treng amme, og i det heile teke kor stor del av kosthaldet morsmjølka skal utgjere. Sånn rundt 7-8 månaders alder byrjer jo ungen bli såpass medvite at ho kan gje beskjed (via fakter, grimaser og lyd) viss ho er tørst eller svolten, så ernæringsmessig går alt antakeleg greitt - ungen vil "be" om anna mat om ho ikkje er nøgd, og ferdig med det. Men kva om barnet ikkje vil drikke av flaske, må ein likevel amme i løpet av dagen? Kva om mor skal på jobb (eller for den del på sjukehuset til ein operasjon som er blitt utsett pga graviditet og amming), kan barnet klare seg utan pupp eller flaske? MÅ ein gje bryst før fast føde, eller går det an å la vere? Gjer det noko om ungen ikkje vil ha pupp til lunsj?

Slike spørsmål er det nok mange som stiller seg, og diverre er det ikkje lett å finne noko godt svar på det - det er mykje synsing, og lite viten. Eg trur diverre at mange blir så usikre at dei vel å gje MME på flaske (viss ungen vil ha flaske, då), eller kutter ut amminga heilt fordi dei blir stressa av å ikkje vite kva delamming som faktisk har noko for seg.

Dette er ikkje eit spørsmål om lengda på permisjonen for mor og far. Dette kan like gjerne oppstå når ungen er 10 månader og det har gått 46 veker av permisjonstida som etter 6 månader (så lenge ungen kun får mjølk er det sjølvsagt ei heilt anna problemstilling).

2010-11-11

Ny månad, nytt skjema

Frå 8. november må mor og far søke NAV om foreldrepengar på kvart sitt skjema. Kjempeflott! Og skjemaet er òg nytt - 6 sider med flytdiagram! Og forklaringar undervegs. Skjemaet ser kort og godt nokre hakk enklare ut enn det forrige, synes eg... Ny rapport fylgjer når vi har fylt ut den nye versjonen for å endre permisjonen nok ein gong når Ada starter i barnehage over nyttår.

2010-09-28

Den slemme mammaen møter snart barnehagen

I går fann eg ut at ei venninne med ein unge som er like gamal som Ada hadde fått barnehageplass. Vi søkte ikkje ein gong i år (her må ein søke på nytt ved nyttår uansett), mest fordi det virka ganske uoppnåeleg. Då eg sjekka rundt årsskiftet i fjor var det 3 ledige plassar for barn under 3 år - på Ranheim. (Dei som veit kor Sverresborg og Ranheim er, skjønner at ein skal vere litt desperat for å synes det er ein kjekk tur kvar morran. Dei som ikkje kjenner lokalgeografien her: det er eit stykke.)

Men no hadde nokon altså fått i går, så eg fekk lett panikk ved tanken på alt vi no gjekk glipp av og beordra Mannen til å søke om plass (han har permisjon for tida og satt på ungens fødselsnummer).

Og tidleg i formiddag kom det epost om at vi har fått barnehageplass! Meepes! Hurra!

Det er frå 1. november. Eg håper barnehagen synes det er ein fortreffeleg ide at vi betaler for full plass i nokre månader før vi byrjer bruke den fullt ut, ettersom eg synes det er for tidleg å sende henne i barnehage heilt då. Sånn rundt 1. januar hadde eg sett for meg at det hadde vore greitt å starte littegranne - så då søkte vi frå 1. desember for å ha litt å gå på. Som barselgruppevenninna mi sa, kven seier nei til mer pæng og mindre jobb? (Men det kan jo hende dei har Reglar.)

Viss nokon har hatt 9-10 månader gamle ungar i barnehage, vil eg gjerne høyre om erfaringane dykkar. (Eg vil helst ikkje høyre noko frå dei som er sjokkert over at eg tenker tanken på barnehage enno eller dei som generelt berre synes det virker tidleg, men ikkje har noko eiga erfaring.)

2010-09-06

Nytt frå NAV

Sidan sist har eg i grunnen ikkje høyrd så mykje frå NAV. Det vil seie, dei har omsider sendt meg svar på klagen eg sendte på formuleringane deira. Dette tok omlag 4 månader frå min klage vart sendt, så om same sekvensielle orden og svartid vert fulgt for andre søknader vi har sendt til NAV dei siste månadene, får vi vel svar på om vi vert innvilga fleksibel permisjon sånn rundt den tida permisjonen vår er over...

Men litt etter at Ada var født fekk eg brev frå NAV med spørsmål om kva konto eg ville ha barnetrygda inn på. Barnetrygd er omtrent den einaste ytinga frå NAV som ein ikkje treng søke om, men når ein ikkje har fått andre ytingar frå NAV direkte inn på konto (arbeidsgivaren min betaler ut sjukepengar og foreldrepengar direkte) før må ein oppgi kontonummer. Så det sendte eg dei same dag som eg fekk brev om det - eg hadde ingen skrivar, så det vart eit godt gamaldags handskrive brev på nøytralt linjeark, med underskrift nedst.

Ei veke seinare kom brevet i retur med ein gullapp med beskjed om at eg måtte sende inn kopi av legitimasjon. Jaha? Det kunne dei vel teke seg tid til å nemne i det to sider lange brevet om innvilga barnetrygd? Eller var dette ein ekstra sjekk dei gjer hos nokre få som får barnetrygd? Den handskrivne gule lappen som satt på det returnerte brevet tyder ikkje akkurat på det, men kven veit? Eg sendte no iallfall inn kopi av førarkortet mitt, saman med eit lengre brev (denne gong skrive på EDB-maskina og skrive ut ved hjelp av ein laserskrivar).

Det står altså ingenting om krav til legitimasjon i tilsagnsbrevet om barnetrygd.
Det er ikkje nemnd på NAV si side om barnetrygd.
Det er ikkje nemnd på NAV si side om vedlegg til søknad om barnetrygd (om ein ikkje får det automatisk).
Eg har ikkje funne noko henvisning til at ein må legge ved kopi av legitimasjon for å få utbetalt ytingar frå NAV.
Det er krav om at kontonummer skal oppgis skriftleg og det skal vere underskrive, men ingen krav om legitimasjon.

Eg antar det kan ha vore litt innskjerpingar i samband med avdekking av trygdesvindel blant rom-folket, og har altså ingen problem med å måtte vise legitimasjon på eit eller anna tidspunkt for å sannsynleggjere ei ein-til-ein-kobling mellom meg og ungen min og vice versa - men i såfall burde dei informere tydelegare om det, og ikkje minst nemne det i brev dei sender ut. Skal dei drive å sende alle brev med kontonummer for barnetrygd i retur er dei iallfall sikra jobb ei stund framover....

Alternativt er dette NAV sitt pinglete forsøk på å ta hemn på meg for kverulering, masing og klaging på formuleringane i breva deira. I såfall er det nesten litt søtt....

2010-09-01

På tampen av agurktida

Livat kan ein ikkje akkurat seie denne bloggen har vore i det siste, og som den hardtarbeidande Tårnfrid eg er så er det ikkje sikkert det blir masse liv utover heller. Eller kanskje det plutseleg blir det, vi får sjå. Eg føler eg burde sagt noko om Gro Nylanders siste utgytingar (eller kanskje vi heller skal kalle det reklame for neste bok sånn på tampen av agurktida), men eg vart så matt av å lese debatten at eg ikkje orka. Så mykje fjas og mas og dill. Eg føler at denne eminente Fagprat-stripa oppsummerer mykje (og forklarer ein heil del).

Eg synes ikkje mor skal tvingast til å vere heime meir enn 6 veker etter fødsel. Desse 6 vekene synes eg forsåvidt òg kunne vere frivillige, sidan det er såpass innarbeidd at mor skal vere heime med barn, men det er medisinske og ikkje sosiale grunnar til denne permisjonen. (Noreg har ikkje ratifisert ILO-konvensjonane om Maternity Protection frå korkje 1952 eller 2000, utan at eg er sikker på kvifor. Nokon som kan finne meir informasjon om dette? Eg har lest om det ein eller annan plass, og meiner det hadde med å gjere at konvensjonen var for streng på område som Noreg meinte det burde vere friare på fordi vi er eit land med godt helsevesen eller noko slikt - medan land med eit mindre utbygd helsevesen trong sterkare beskyttelse av kvinnene gjennom desse konvensjonane.)

Eg er altså veldig for fedrekvoten og for at den skal vere lengre. Eg har ingen problem med å forsvare dette standpunktet samstundes som eg ikkje vil ha større kvote permisjon for mor: det handler om haldningane i samfunnet. Argumentasjonen blir litt parallell til argumentasjonen for kvotering av kvinner til mannsdominerte yrke: det gjev betre opningar for personar med like gode faglege kvalifikasjonar som tidlegare har blitt forbigått på "slump" (eller ved hjelp av gutteklubben greis preferering av like barn). Fedrekvote gjer at fedre slepp å ta kampen med arbeidsgivar for å få lengre tid heime med barna sine. Arbeidsgivar kan rett og slett ikkje seie noko på at dei tek 10 veker, noko mange tidlegare rynka kraftig på nesen av (eller berre sa nei til) sjølv om "alle" kvinner tok "eit år" permisjon. Det låg liksom i korta at ei barnlaus kvinne i fertil alder kom til å bli mamma og vere borte eit år (ganger to eller tre) snart, dermed tok arbeidsgivar anten høgde for det ved tilsetting (gjerne òg i ansvar og oppgåver, og i løn) - eller lot vere å tilsette henne, til fordel for den mannlege søkaren. (Dette har eg vel nemnd eit par gonger før òg.)

Men nok om det. Det eg eigentleg skulle skrive her, var Nylanders historie om ei kvinne som gråtande fortel at ho vert tvunge av barnefaren til å gå tilbake til jobb før ho er klar for det blir trekt fram. For all del, eg tviler ikkje på historia - men eg veit ikkje om det dreier seg om likestilling. Både mor og far må varsle arbeidsgivar om at dei skal ha permisjon, og arbeidsgivar legg gjerne planar for kordan permisjonstida skal løysast: vikar, overføring av arbeidsoppgåver til andre, prosjekt på vent eller andre løysingar. Det er faktisk ikkje berre-berre å kome i dét ein skulle ut i permisjon (eller når ein skulle tilbake) og fortelle at planane er endra, det er to månader til eg skal ha permisjon lell. Nokre arbeidsgivarar seier hurra, men mange gjer slett ikkje det.

Arbeidsmiljølova gjev 4 vekers varslingsplikt ved fråvêr utover 12 veker, og eg vil tru at arbeidsgivar ikkje kan kreve lengre varsling dersom arbeidstakar vil ha endringar i permisjonslengda heller, så rett til endringar har nok arbeidstakar - men eg skjønner godt at ein kvier seg til det. I artikkelen framstillast det som at far hadde lagt sine planar for permisjonstida - underforstått: her skal det pussast opp/drikkast kaffe med kompisar/lesast mange bøker eller kva det no var far skulle gjere. Men kanskje var det like mykje fars arbeidsgivar som hadde lagt planar, og far som ikkje ville gjere det vanskeleg for denne? Kanskje var det ein kamp for å få forståing for den lange permisjonen sin og ikkje så lett å kome rett før tida og si at det ikkje vart slik lell? Og kanskje hadde ikkje mor vore så tydeleg på dette overfor far - men heller betrudd seg til legen sin (Nylander), slik at far trudde alt var bra? Det er nok mykje vi ikkje veit i dette dømet.

I tillegg er det veldig, veldig få fedre som tek så lang permisjon. Det var i 2009 drøyt 4100 fedre som tok meir enn 50 dagar (10 veker) permisjon. Det er dessverre ikkje publisert statistikk som fortel noko meir om fordelinga her - mi gjetning er at ein god del tek eit par veker ekstra, og veldig få tek 27 veker meir enn fedrekvoten. Sannsynlegvis er mange av dei med lange permisjonar fedre til barn der mor ikkje har rett på foreldrepengar, og der far tek (nesten) heile permisjonen medan mor studerer eller jobbar. I desse tilfella er det kanskje ikkje heilt frivillig at mor ikkje er heime lengre, men sånn er no ein gong regelverket - og livet (det er ikkje alltid gjennomførbart med lengre tid utan inntekt eller lengre opphald frå studia). Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet seier det var under 100 kvinner som tok færre enn 14 veker permisjon i 2008, og vi kan vel kanskje legge til grunn at dei fleste av desse gjorde det aldeles friviljug - iallfall i forhald til fars uttak.

2010-06-08

Amming schmamming

For ei stund sidan blogga eg om at amming framstår som lite vitskapleg. No har eg faktisk amma min 11 veker gamle unge i ei uke (jupp!), og amming virker temmeleg vanvittig (og for å vere ærleg, ikkje spesielt praktisk - enno?).

Og, nei, ungen får faktisk ikkje i seg nok mat, uansett kva alle andre seier så har mamma heilt rett i at det vart for lite mat.

Men ho vert amma, det er då absolutt noko. Og mammaen har tru på at når sugeteknikken er på plass (som mammaer gjerne veit, er suging tunge greier) så blir det sikkert nok mat også. Inntil vidare vi halde fram med flaska, etterkvart blir den opprettheldt fordi det er praktisk.

(Skulle nokon snuble over denne bloggen i jakt på informasjon om overgangen frå fullpumping til fullamming av 11 uker gamle ungar, så ta for all del kontakt. For informasjon om det er det ikkje mange som har, og det er ikkje automatisk det samme som å amme ein nyfødt eller å amme ein 11 veker gamal unge med 11 vekers die-erfaring.)

2010-05-26

Back to work!

Jupps, då er eg tilbake på jobb :-) (Ein dag i veka iallfall.) Og det er deileg! Fantastisk! Kun vaksne (iallfall fysisk) menneske på alle kantar. Ingen som hyler. Ingen som skal ha ny bleie (men ikkje veit det sjølv). Ingen som forventer at eg på telepatisk måte skal ordne mat mindre enn 30 sekund etter eller ikkje meir enn 10 minutt før svolten set inn.

At eg innimellom må sette på kaffetraktaren, kan eg leve med.

Pappa synes det er veldig fint å ha ein dag i veka heime med ungen ut juni, og ungen sjølv har naturlegvis ingenting i mot at det er han som er telepat for dagen. - I juli er det fulltids-ferie, og i august og september utvidast jobbing og heimepapping til 50%.

No ser eg fram til nye og informative brev frå NAV sidan vi endrar permisjonen undervegs. Tjohei.

2010-05-08

Oppdatert statistikk frå NAV

NAV har publisert statistikk fram til og med heile 2009, noko som har gått meg hus forbi - med publiseringsdato 2. mars kan eg vel ikkje ein gong skulde på ammeskodde eller at eg hadde det spesielt travelt heller...

Statistikken viser ei auke i talet på menn (opp 8%) som får foreldrepengar. Auka i talet  barn som vert født er på ca 2.1%. Det er altså fleire fedre som bruker retten sin til permisjon og foreldrepengar. I 2009 tok over halvparten av fedrene 6 veker permisjon, medan 17.1% tok meir enn 6 veker. Dette er litt opp frå 2008 (16.5%). Fedrekvoten er auka til 10 veker no, men berre for barn født etter 1. juli 2009. Det kan vere at auka i talet fedre som tek over 6 veker skuldast denne utvidinga, men sannsynlegvis vil ikkje denne vere synleg før i 2010 ettersom det er få som tek fedrekvote før mot slutten av den totale permisjonstida. Auka er likevel (eller nettopp difor?) veldig hyggeleg, sidan det kan tyde på at fleire menn tek av fellesdelen på permisjonen uavhengig av fedrekvota. Generelt er andelen menn med foreldrepengar aukande med alderen; dette reflekterast frå alder ved fødslar, som følger same trend.

Eg synes ikkje auka på 0.6% er imponerande nok til at eg meiner det er på tide å fjerne fedrekvota. Det er framleis veldig lite som tyder på at den jamne far, den jamne mor, den jamne familie og den jamne arbeidsgivar er budd på å si "3 månader permisjon til pappa? Jajamensann, det er no det minste du skal ta!" - utan eit ytre press i form av fedrekvote.

Alt i alt er det ikkje dei store endringane frå forrige statistikk, så endringane går vel kanskje ikkje så fort av seg sjølv som enkelte skal ha det til...

2010-05-07

Høgre vil fjerne fedrekvoten

Høgres landsmøte vedtok i dag at dei vil fjerne fedrekvoten i foreldrepermisjonen.

Det er eit trist vedtak. "Valfridom for familien" vert trekt fram som grunngjevnad. Tidlegare har dei argumentert med at omtrent alle fedre uansett tar permisjon, slik at det ikkje lenger er behov for særskild fedrekvote. Eg skreiv om dette tidlegare i år, og står framleis på det eg skreiv den gongen: det er naivt å tru at like mange fedre vil ta like mykje permisjon om det ikkje er eit element av tvang der. Det har neppe skjedd ei haldningsendring  som har gjort at nesten 70 gonger så mange fedre tok 6 veker permisjon i 2008 i forhald til i 2006. Det skjedde derimot ei regelendring.

Det kan naturlegvis ha skjedd ei haldningsendring i løpet av perioden 2008 til 2010 (statistikken går berre fram til 2008), men eg tillet meg å vere skeptisk til det. Derimot har det nok ein gong skjedd ei regelendring, denne gong i form av ei utviding frå 6 til 10 veker fedrekvote, så det forbauser meg ikkje om Høgre om eit par år nok ein gong trekk fram den plutselege haldningsendringa blant norske familiar. Eller revolusjon, som eg ville kalt det - det er kanskje ikkje eit stuereint ord i Høgrefamilien.

Eit hjartesukk til slutt: i staden for å drive å hoppe eit par steg tilbake, kan ikkje Høgre heller forbetre foreldrepermisjonsordning - og nøye seg med å jobbe for sjølvstendig oppteningsrett for far  (sjølv om eg som vanleg er veldig i tvil om kva dei meiner med dette og om dei faktisk veit at far har rett på foreldrepengar sjølv om ikkje mor har det). Dette vil gi fleire tusen barn rett til å ha far heime i 10 veker også om mor ikkje jobber eller studerer. Er ikkje dét viktigare enn å kjempe for noko som minner mistenkjeleg om ein kampanje for å få fleire mødre til å vere lengre heime?

2010-05-03

Samtale med helsesøster

I dag var vi på helsestasjonen til 6-vekers-kontroll. Alt vel, kontrollen bestått.

Ada søv frå ca 20:30 til 5-6. Då får ho mat og søv 2-3 timar til. Når vi først står opp, tar det fortvekk eit par timar frå mor er ute av senga via dusj og klær og tannpuss og Ada-vasking-og-påkledning til frukost og ikkje minst kaffe er inntatt.

Eg: dagen går jo ganske fort når vi ikkje er skikkeleg oppe før i ti-elleve-tida.
Helsesøster: så det blir ikkje nokon trilletur før tolv-ett?
Eg: Nei, det blir nok ikkje det.

Sånn kan man også si det.