2011-03-01

Retten til ammefri

I følge Arbeidsmiljølovens §12-4 har kvinner som ammer rett på fri ein time om dagen til amming. Diverre er det ikkje lovfesta at dette er med løn, men i det offentlege er det tariffesta to timar lønna ammefri, og det er òg mange private verksemder som gir ammefri med løn. Min eigen arbeidsplass (privat) gir to timar betalt ammefri. Ammefri kan brukast til å amme barnet på jobb (eller reise heim og gjere det), til å pumpe eller til å forkorte arbeidsdagen. Ammehjelpen har òg ein oversikt over retten til ammefri.

Av 2,3 millionar lønstakarar i Noreg er det omlag 800.000 i offentleg sektor og ca 1,5 millionar i privat sektor. Alle i offentleg sektor har ordningar med betalt ammefri, medan dette gjeld ca 45% i privat sektor. Totalt vil dette seie at omlag 65% av arbeidstakarane arbeider i verksemder med betalt ammefri, og sidan mange av desse er kvinnedominerte vil det seie at ein enno større andel kvinner faktisk har betalt ammefri. Det er verdt å merke seg at verksemda som regel må vere del av ein tariffavtale for at dette skal vere gjeldande. Eit viktig punkt er at det innan hotell- og restaurantbransjen og reiseliv ikkje er inngått tariffavtaler som gir rett til betalt ammefri. (Alle tal i dette avsnittet kjem frå Høring om rett til under omsorgspermisjon ved fødsel, adopsjon og under ammefri.,s. 13 ff)

Mange synes det er vanskeleg å få brukt ammepausen. Ofte synast det "umogleg" å kombinere med jobben, eller kolleger og sjef er vanskelege. Det er heilt sikkert ein del typar jobbar der det er vanskeleg å kome seint, gå tidleg eller ta ein halvtime pause midt på dagen. Men ofte handlar det om tilrettelegging, om at arbeidsgjevar, arbeidstakar og kolleger tilpassar seg - og at ein tør seie frå kva ein ynskjer og korfor. Det føles kanskje litt intimt å fortelle sjefen at du skal tilbringe ein halvtime med å pumpe mjølk, men det må faktisk til viss du skal få gjort det. Du kan (som regel) ikkje forvente at du skal kunne snike deg unna ein time om dagen heilt utan å fortelle kva du driv på med.

Men kanskje viktigast av alt - og dette er det lett å gløymde der ein sitt i barseltåka og tenker skrekkscenario om ammepausen om eit halvt år: For dei fleste er det ikkje snakk om ein lang periode med tilrettelegging. Let's face it, det er ikkje snakk om fullamming av to-åringar her. I følge Spedkost - 12 måneder 2007 ammer 46% når barnet er 1 år. I snitt amma kvinnene 3,5 gonger om dagen då.

Avhengig av når ein går tilbake til jobb, er det for det fleste sannsynlegvis snakk om ammefri i 2-4 månader. I tillegg er det gjerne ikkje snakk om så lange pausar heller. Ungen er som regel oppe omtrent når mor skal på jobb, så det går greitt å amme før ho går, og kanskje kome ein halvtimes tid seinare på jobb. Kanskje vil ein gå litt tidlegare for å rekke ettermiddagsamminga, eller kanskje bruke ein halvtime på å pumpe (mjølka kan forøvrig brukast i graut også, så det er ikkje bortkasta sjølv om ungen ikkje vil ha flaske eller (tut)kopp med mjølk).

Og barnet endrer seg fort. Den eine veke kan det insistere på bryst til alle måltider, den neste er det plutseleg nok med frokost og kvelds. Arbeidsgivar treng iallfall ikkje vere bekymra for at det skal vere behov for ammefri fram til skulestart! Kanskje må du heller kome litt småbeskjemma og si at all planlegginga var til ingen nytte - no har ungen bestemt seg for at kveldspupp får vere nok, så du treng ingen ammefri lell...

Dette kan ein òg forklare kolleger. Det er kanskje tungvindt med ammefri, men det er trass alt snakk om ein avgrensa periode - og viss alternativet er at ein ikkje er på jobb, er det vel greiare å vere der ein time mindre enn vanleg?

Jada, det er heilt klart yrke og arbeidsplassar der det er svært vanskeleg å kombinere arbeid og ammefri, men sjølv der det er vanskeleg, er det ikkje umogleg. Kordan det går å vere gravid i bedrifta gir vel eit ganske bra bilete av kordan det går å ha ammefri - dei færraste klarer å yte 100% når dei nærmer seg slutten av ein graviditet, særleg ikkje viss dei jobber i ei verksemd der det av praktiske grunnar er "umogleg" å ha ammefri. Ser ein at dette kjem til å bli veldig vanskeleg så går det faktisk an å planlegge litt - t.d. ta permisjon med 80% løn og vere heime i 46 veker (og 10 veker til far); med ferie i tillegg blir dette nesten eit år og det er plutseleg mindre sannsynleg med amming fleire gonger i løpet av arbeidsdagen når ein er tilbake på jobb.

Og sjølv om det kanskje er tungvindt at ein skal ha ammefri - er det ikkje andre delar av småbarnslivet som er MEIR tungvindt for arbeidsgivar og kolleger? 1-2 timar kortare arbeidstid eller pause på avtalte tidspunkt i løpet av dagen er det trass alt mogleg å planlegge rundt - kva skjer når arbeidstakaren ringer og seier du er heime med sjukt barnehagebarn (sjølv barn som ammast blir sjuke...) eller har fått omgangssjuke sjølv? Ein sender jo ikkje sjuke barn i barnehagen fordi det er tungvindt for arbeidsgiver at mor eller far er heime med det...

Noreg har ei av verdas aller beste ordningar for ammefri, der ein stor andel av arbeidstakarane får lønna ammefri i minst eit år. Men det hjelper ikkje med gode ordningar viss vi ikkje tør bruke dei. Det blir for veikt å ikkje ta den fritida du har rett på til å amme fordi det er så synd på kollegene dine, fordi sjefen er dum eller fordi du ikkje tør be om ammefri. "De e itjnå som kjæm tå sæ sjøl", sang Vømmøl spellemannslagi si tid, og dette gjeld retten din til å amme eller gi morsmjølk til ungen din også.

7 kommentarer:

  1. Jeg brukte ammefri med begge guttene mine. Var spesielt gull verdt med minstemann som var heller vrien i matveien.

    Tror faktisk jeg hadde ammefri i seks eller sju måneder med ham. Men siste to månedene var det nok bare snakk om maks en time.

    Var heldigvis aldri noe problem for min del med noen av sjefene jeg hadde da (staten :)

    SvarSlett
  2. Eg trur du er eit unntak som trong ammefri så lenge :-) Og det skulle jo berre mangle at du brukte retten din til det når du hadde behov for det - du har RETT på det, arbeidsgiver har å legge rette for det, og det er i grunnen det.

    SvarSlett
  3. Er så glad for akkurat dette:) For det gjør starten på jobbingen mindre tung i august (som det gjelder for meg). Så de har bare å tilrettelegge for jeg vet å stå for det som er rett. Selv om det kan være noe vanskeligere i mitt yrke (sykepleier).

    Takk for supert tips i forhold til frø! Forresten, hvilke tomatplanter har du vært mest heldig med?

    SvarSlett
  4. Det er synd det er så vanskeleg å tilrettelegge for sjukepleiere - ein skulle jo tru sjukehuset hadde ein del erfaring med det. Ikkje at erfaring nødvendigvis gjer det enklare å orde ammefri, men dei burde jo eigentleg ha ordningar og retningslinjer klare som er praktiske for areidsgivar. Men sjukepleiere er vel som vanleg for snille og står ikkje på krava ;-)
    Uninett har jo (som forventa) vore strålande flinke, Hildegunn og eg fekk utvida ammepausen frå 1 til 2 timar i fjor også.

    Vi har ikkje bestilt tomatfrø frå impecta, men eg vil tru du kan få råd om du sender dei ein mail og spør. Eller berre bestill ein haug og sjå kva som veks - det er jo så billeg! Eg satser på raudbeter, rosenkål, salat, agurk og rabarbra i år, Mannen har bestilt ein del blomsterfrø.

    SvarSlett
  5. Takk for godt svar, jeg skal bestille i vei. Vi sykepleiere er ikke flinke til å stå på krava nei, vi orker ikke noe styr vettu. Men jeg skal ha ammefri, det er sikkert!

    SvarSlett
  6. Då er du lagt til :-). Nynorsk-magniar må ein ta vare på. Denne her i tillegg bursdag 8. mars...kjekkaste dagen.

    God helg!

    SvarSlett
  7. Åh, fin bursdag! Det var då eg (fyrst) hadde termin med oppkalt-etter-verdas-fyrste-programmerar-Ada :)

    SvarSlett