2010-01-19

Du som les dette synes kanskje ikkje er virkar så slem. Well, be afraid, be very afraid, *mwahhahaha*!

Ideen til namnet på bloggen kom i grunnen etter at eg tidlegare i vinter posta eit innlegg på eit eller anna forum for vordande mødre om fordelinga av foreldrepermisjonen. Dei fleste innleggsskrivarane skulle dele permisjonen med fedrekvoten til far (gjerne med litt gråt og tænders gnidsel, for far hadde så viktig jobb, arbeidsgivar så negativ eller fars løn så høg) og resten til mor (altså 10 veker til far og 36 (eller 46, viss dei tok 80% løn).

Unntaket såg ut til å vere meg og Mannen. Vi deler med 18 veker til meg og 28 til han.

Dette vart motteke med vantru av mange. Ein del syntes det var snilt av meg å gi han s mykje, eller meinte eg var heldig som hadde ein mann som ville vere heime så lenge (eg veit jo eg er heldig med Mannen, sånn generelt).

Det som tok kaka og verkeleg fekk meg til å føle meg slem var ho som spurte korfor eg ville ha barn, når eg ikkje ville vere heime med dei.

Eg vart svar skuldig. Ikkje fordi eg ikkje visste svaret, men fordi spørsmålet var så langt utanfor banen eg speler på at det føltes som bortkasta energi å løpe etter ballen.

Men dette er altså haldningar ein kan bli møtt med  i 2010, dessverre trur eg ikkje denne innleggskrivaren er den einaste som meiner permisjonen er mors eineveldige rettigheit og nærast eit mål på kor høgt du elskar barna dine. Og noko av bakgrunnen for at eg meiner det er til barnas beste å "tvinge" far til barnerommet for nokre veker.

3 kommentarer:

  1. Det er litt i samme bane som modern opplevde for 30 år siden. Hun fikk en gutt etter to jenter. Det synes hun var litt fint slik at det ikke bare ble jenter. Reaksjonene var blant annet: "Nei, du kan ikke mene det! Det er jo jenter vi må være glad for å få..."

    Ikke hør på alt som kommer fra "mafia'n". Moren blir ofte hjemme fordi hun trenger tid til å komme seg etter fødeselen og fordi det er hun som tilfeldigvis bærer på maten. Men det er da faen ikke sånn man _må_ gjøre det sånn.

    Fortsett å provosere, Magni. Samfunnet trenger det :)

    SvarSlett
  2. Hørhør. Jeg har et vennepar som har delt 50/50. Med den første gutten var HAN hjemme et år, med den andre gutten var HUN hjemme et år.

    Det kommer vel ikke som noen overraskelse, men mer som en oppfyllelse av klisjeer at HAN er lærer med husstellsfag og HUN jobber innen IT. Uten at det sier noe nevneverdig om verken femininitet eller maskulinitet hos dem.

    Jeg synes vi trenger flere slike veivisere. (Og Egalias Døtre i pensum på ungdomsskolen.)

    SvarSlett
  3. Egalias døtre som pensum, heilt klart. Og "Jentene gjør opprør" av Ebba Haslund.

    Å skrive om konsekvensane for kvinner på arbeidsmarknaden at menn tar meir permisjon står på lista. Likedan har eg tenkt å finne ut meir om kva typar familiar som deler permisjonen litt meir likt (og ulikt?) og om dette har betydd noko for seinare fordeling av husarbeid, og for skilsmisserate. Det er mange faktorar her (bla. at dess eldre far er, dess meir permisjon tek han, samtidig som par som får barn seint har lågare skilsmisserate - mulig høna og egget-problematikk.)

    hovelsj: Eit anna poeng er at sjølv om mor treng tid på å kome seg etter fødselen, så trur eg det er visse grenser for kor lenge ho faktisk treng det. Viss mor ikkje er i stand til å jobbe 6 mnd etter fødsel, burde ho kanskje oppsøke medisinsk hjelp? Dvs, det burde ikkje vere eit argument for at mor skal ha lang permisjon, meiner eg - der kan man bruke andre argument.

    SvarSlett