Fedrekvoten dras gjerne fram som ein trussel mot amminga i Noreg. Det virker jo logisk at mindre tid heime for mor fører til mindre amming.
I 1993 var foreldrepermisjonen 42 veker, derav 4 veker fedrekvote og 9 veker (3 veker før termin og 6 veker etter fødsel) forbeholdt mor. Utover 2000-talet kom det gradvise auker i permisjonslengda etterkvart som fedrekvoten vart lengre, fram til vi frå 2011 har 47 veker foreldrepermisjon, med 12 veker til far. Utvidinga i 2009 var den første forlenginga av fedrekvoten som gjekk på bekostning av fellesdelen - før denne kom fars reserverte veker som ei forlenging av foreldrepengepermisjonen. Totalt er 3 veker av fedrekvoten kome frå fellesdelen (2 i 2009 og 1 i 2011), dei øvrige er forlengingar av den totale permisjonstida.
Det er gjort fleire store undersøkingar på spebarnskosthald. Dei største og breiaste i Noreg er Spedkost-undersøkingane, der mødre er spurt om barnets kosthald på forskjellig alder. Dette er ei undersøking basert på vitskaplege metoder, bla. med anonyme spørreskjema. Det er altså ikkje helsesøster eller andre personar mor kjenner som spør, og det er heller ikkje ein intervjusituasjon (intervju er ein anerkjend vitskapleg metode, berre så det er klart). Det er difor sannsynleg at mor svarer sannferdig og ikkje føler ho må glorifisere situasjonen t.d. ved å svare positivt på spørsmål om amming sjølv om det ikkje er sant.
I Spedkost 12 måneder (2007) var det 46% som framleis amma ungen ved 1-årsalder. Sett i lys av at WHO tilrår amming i 2 år, og norske helsestyresmakter tilrår minst 1 år er dette relativt lågt. Enkelte hevdar då at det er viktig at mor får lang permisjon for å halde fram amminga.
Ser vi på 1999-utgåva av Spedkostundersøkinga var ammefrekvensen for 1-åringar 36% - den har altså auka med nesten 30% (eller 10 prosentpoeng) frå 1999 til 2007.
I 1999 var permisjonen 42 veker, derav 4 veker til far - med andre ord var 2 veker meir tilgjengelege for mor enn i dag. Det ser altså ikkje ut til å vere nokon direkte samanheng mellom amming, ammefrekvens og ammemengde på den eine sida, og lengda på mors permisjon på den andre.
Så kva er det som får mødre til å slutte å amme?
I følge 2007-utgåva av Spedkost 12 måneder oppgav 2/3 av dei som slutta å amme før 1 år at barnet ikkje ville (over halvparten av desse), at dei hadde for lite mjølk og at mor ikkje ynskte det lenger sjølv. I forhald til 1999-undersøkinga er grunnane dei samme, men rekkefølga er interessant nok endra. I 1999 var det omtrent like mange (36% vs 35% i 2007) som oppgav at barnet ikkje ville ammes. Den nest vanlegaste grunnen i 1999 var at man ikke ville amme lenger (21%), med "for lite melk" (9%) på tredjeplass. Desse to faktorane har bytta plass i 2007, med høvesvis 19% som har for lite mjølk og 9% som ikkje ville amme lenger. Dette kan tyde på at det no er større forventingar om at mor skal amme lenger - kall det ammepress om du vil.
Kun 6% oppgav i 2007 "mor byrjer å arbeide/studere" som viktigaste grunn til å slutte å amme (8% har dette som nest viktigaste grunn). I 1999 vart dette oppgitt som viktigaste grunn av 9% (og like mange har det som nest viktigaste grunn), så det kan kanskje tyde på at det er lettare å kombinere arbeid og amming i dag enn for ti år sidan. 28% av kvinnene i 2007-undersøkinga arbeider fulltid når barnet er 12 månader, ti prosentpoeng høgare enn fulltidsyrkesdeltakinga i 1999. Totalt var 55% i jobb eller utdanning når barnet var 12 månader i 2007, mot 48% i 1999. Før fødselen var over 90% i jobb eller utdanning i begge undersøkingane.
Det ser altså ikkje ut til å vere nokon direkte samanheng mellom lengda på den delen av permisjonen som mor kan ta og ammefrekvensen. Auka ammefrekvens kan heller ikkje forklarast med lågare yrkesdeltaking og større andel heimeverande mødre - trenden er den motsette.
Kva som så er grunnen - eller grunnane - til at fleire mødre ammer lengre, veit eg ikkje. Det kan vere at informasjonen om amming er betre, at det er meir fokus på langvarig amming. Det kan vere at forventinga om amming er sterkare enn før, det er mindre lett å gripe til flaska. Det kan vere betre aksept for amming og tiltrettelegging for amming i arbeidslivet. Eg har ikkje funne informasjon om når lønna ammefri vart avtalefesta i dei store tariffavtalene, det kan ha skjedd i denne perioden. Men eg trur iallfall ikkje at ein skal vere veldig bekymra for at ammefrekvensen skal gå ned fordi om fedrekvota blir utvida til 14 veker.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
http://www.sonjas-stoffskifteforum.info/showthread.php?t=10301
SvarSlettAlling er ikke så liketil... Hvem vet hva man da forer barnet med.